Kjelda nr. 2 2016

Page 31

Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting Av Kristian Solvang Ein blaksetbygdar, randabygdar, eller kanskje jølstring? Foto: Alexander Mayrhofer. Datering: 2004.(CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia. org/w/index.php?curid=300110)

Eg skal i denne artikkelen kaste eit spesiell sideblikk til uttrykk som indirekte har noko med stadnamn å gjere. I fagspråket snakkar vi om innbyggjarnemningar som blir brukt i overført tyding. La oss gå rett på sak: Ein gong eg møtte stadnamngranskaren Ola Stemshaug, «spurde han radt kvar eg var ifrå». «Eg kjem ifrå Stryn, frå ei lita bygd som heiter Blakset, men der har vel ikkje du vore? «Jau, der er eg kjend», sa han, «du veit vel at folk på Nordfjordeid seier «blaksetbygdar» når dei får ein stygg fisk i sjøen?» «Nei, men eg veit at innvikarane seier det. Men i bygda vår kallar vi dei «randabygdarar.» I Flora kalla dei stygge fiskar «jølstringar» (marulk eller svartekjette). Ola Stemshaug gav i 2002 ut ei bok om denne språkbruken: «Norske innbyggjar­nemningar i overført tyding». Her finn vi mykje interessant. Eg har gjort eit lite utdrag av den. Slike «utnamn» er det nesten alltid folk i grannebygda som lagar, og det går helst ut over innbyggjarane i små bygder i utkantane. Dette har nok skjedd til alle tider, og vi treng vel ikkje ta det opp som mobbing eller hets, det er meir som ein godmodig spøk. På Svalbard seier dei «sunnmøring» om ein maskin som grev til seg kol, i min oppvekst var «sunn­ møring» ein råkøyrar. På Nordmøre

vart eit grådig og sta kvinnfolk kalla ei «sunnmøre». Ein «trondhjemmer» er ein akevittdram, ein «mjøndøling» ein spesiell drink. Ein drink av vodka og moltelikør heiter i Hammerfest ein «finn». Og medan vi held oss til temaet; ei «misværtaus» er namn på ei lommelerke (Misvær i Nordland). I Troms kallar dei ei kvass og kraftig vindbyge for «branddaling». Dei må ha hatt mange møringar der, for i Tromsø kallar dei fuglen teiste «ålesundar». Heime på Møre skrytte dei av seg sjølv i «å gå branddaling» - å gå ned ein båtleider med ryggen vendt mot leideren. Stormåsen vart kalla «vesteråling». Måsefuglen vart i Jostedalen kalla «gopning» (bygda Gaupne ved fjorden) Landkrabbane, som ikkje var van med sjøen, kalla dei «opplending» på Nordmøre og «setesdøl» i Kristiansand. På Nordmøre sa dei «å ro bøverdaling» når dei løfte årane høgt når dei ror. Bergensarane sette namnet «haugesundar» på dei som klappa på feil plass på konsertane. Men fiskarane kalla fisken breiflabb «bergensar». På Utsira kalla dei fisken brosme «tysværjente» (Tysvær i Rogaland).

Her i fylket fekk bl.a. «jølstringar» gjennomgå, i Flora brukte dei dette namnet om ein person som var tungnem, ein molbo. Same namnet brukte dei på ein utgoten, mager laks. Ytst i Førdefjorden brukte dei uttrykket «få ein dalsfjording i halsen» (klump eller spyttklyse). I Trondheim heitte det «å få en sjørdaleng i hæsj’n» (Stjørdal), men i Lærdal fekk dei «ein sunnfjording i halsen». Late og dorske personar vart i Askvoll kalla «døl» og «døle». Ein som ikkje oppfattar alt med det same, ein intellektuell «treg-ost», vart i Telemark kalla «årdøl». På Toten brukar dei ordet «torping» om «eit menneske som har eitt auge, og det sit midt i skallen» (Torpa). Då er det motsett med «grimsting», ein person som er sjøltrygg og ikkje er redd for å stikke seg ut (Grimstad på Sunnmøre). Å «danse brekking» er når mannen legg begge armane rundt kvinna og plasserer hendene litt for langt ned mot baken. Uttrykket kjem frå Røros. Den som gjekk med open buksesmekk, vart i Romsdal kalla ein «fjærli-kar» (Fjærlia), og i Skjåk og Lom kalla dei insektet stankelbein «geirangsmann». Ein «grungedøl» gjekk med korte langbukser som berre gjekk til midt på leggen. Det verste er vel at dei på Hareid brukte ordet «liabygdar» om ein diger mannsskit (det gamle namnet på Hjørungavåg). I Agder brukte dei «rogalending» i tydinga: drittsekk, utriveleg person. Før i tida hadde vi knapper i broka; datt knappane ut, var gode råd dyre. Her i fjorden snakka dei om ein «ålfotar», som er ein spikar som ein i naudstilfelle set inn som knapp i buksa. Sette dei inn ein trepinne, kalla dei det for ein «surnadaling» eller ein «bøverdaling». Ein tverrsnur på ein hesjestreng kalla dei i Nord-Trøndelag for ein «namsosing». Heime hos meg sa vi «ein revelort».

31


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.