14 minute read
Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule
Dagens Alvera, den gamle futegarden der husmorskulen heldt til. Fotograf: Arlen Bidne
Av Kjerstin Risnes Litt aust for Lavik sentrum ligg det staselege hovudhuset på den tidlegare futegarden Alværa, ein treffstad for embetsfolk og kondisjonerte. Men huset har også ei anna og mindre glamorøs, men ikkje mindre viktig historie som Lavik kommunale husmorskule i over 30 år.
Advertisement
Om arkivet etter Lavik kommunale husmorskule I magasina og på biblioteket vårt finn vi fleire spor etter denne, for mange, ukjende husmorskulen der over 600 jenter fekk si opplæring i husstell og husmoryrket i perioden 1922 – 1956. Vi finn ulike arbeidsbøker som fortel korleis det daglege arbeidet var organisert, kva elevane lærde, elevbøkene «Bondejenta» og «Kjøkenskrivaren» der jentene skreiv små historier som vart lese opp i sosiale samanhengar, kjøkkenrekneskap, vitnemål, gruppebilete av elevane, korrespondanse, bygningsteikningar etc. For den som dukkar ned i kjeldene, vil dei kunne finne mykje interessant stoff om ein skule som var tidstypisk som kvinneutdanning, og som i tillegg hadde sitt å stri med dei 34 åra han var i drift. Vår vesle artikkel vil berre gje eit glimt av denne skulehistoria.
Husmorskular som strategi for å løyse «kvinneproblemet» og utvikle landbruket Den fyrste offentlege humorskulen i landet og fylket vart oppretta i 1877 i Holmedal i dåverande Ytre Holmedal kommune. Bakgrunnen var at det store omskiftet i landbruket gjekk for tregt her i vest. Faktorar som fattigdom, små og oppdelte bruk, kombinasjonsbruk der kvinnene i lange periodar hadde eineansvar for garden, mangel på tid og overskot til å endre på driftsformene var viktige svar på problematikken, men mange peika på kvinna som ein bremsekloss i reformarbeidet, som også handla om kosthald, reinsemd og helse.
Ein komité samansett av dei tre amtmennene i Søndre- og Nordre Bergenhus og Romsdal meinte at kvinna gjennom hennar sterke stilling i landbruket, spesielt på Vestlandet, måtte reformerast og opplysast. For å få bukt med uvilje, fordommar og manglande kunnskap måtte dei få utdanning til liks med mennene, men innan for kvinnas ansvarsområde. Skulane skulle ha teoretiske fag som ein del av allmenndanninga, men fyrst og fremst vere praktisk retta. Det var såleis ikkje noko nyskapande ideologisk syn som låg bak opprettinga av husmorskulane eller jenteskulen i Holmedal. Kvinnene skulle få si utdanning i tråd med det borgarlege idealet om kvar i samfunnsordninga kvinna høyrde til, og det var i heimen.
Dei fylkeskommunale husmorskulane Amtstinget i Nordre Bergenhus var fyrst ute. Dei tok ballen om å opprette ein jenteskule, etter innspel frå folkehøgskulestyrar Jakob Sverdrup i Sogndal, og slik vart Jenteskulen i Holmedal, seinare på Svanøy, i Kroken og til sist på Hafslo, etablert. Jenteskulen i Holmedal sådde den fyrste spira til undervisning utover grunnskulen for jenter, og i 1912 kom husmorskulen i Stryn til. Etter andre verdskrig, i 1947, kom også Førde med på det fylkeskommunal laget. No var fylket dekt gjennom desse tre skulane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, og dei gjekk seinare inn i dei vidaregåande skulane i fylket, om enn med eit anna innhald og med andre mål enn at elevane skulle bli gode husmødrer og gode bondekvinner.
Vevkurset som vart inngangen til Lavik kommunale husmorskule. Når nye tiltak skal setjast i verk, er det som regel ei eldsjel som står bak. I Lavik var denne eldsjela bonde og agronom Mons A. Ringereide. I 1911 skipa han Lavik hushaldslag, som hadde som føremål å gje unge kvinner opplæring i husstell, matstell på heimleg grunnlag, sying og veving . Laget hadde 327 medlemmer, og i ein kommune med omlag 1000 innbyggjarar i 1910-20 må dette seiast å vere eit stort lag. Som samfunnsengasjert bonde og agronom var det såleis naturleg at Ringereide såg verdien av at kvinnene i distriktet skulle få opplæring og utdanning som kunne føre bygdene framover. Ringereide var også kommunepolitikar, og då det i kommunestyrebolken 1917-1920 vart vedteke at det kvart 3.år skulle skipast til husstellkurs, er det rimeleg å trua at han hadde ein finger med i spelet.
I 1921 var det tillyst eit vevkurs gjennom hushaldslaget. Kurset var populært, og det melde seg langt fleire enn det var plass til. Det vart då bestemt at dei som ville ta hushaldskurset som framhaldsskule skulle få føreretten til vevkurset. Jentene takka ja, og eigaren av Alværa leide ut huset. Vel røynde lærarkrefter vart henta inn då Malene Sandved, den fyrste styraren ved Stryn husmorskule, fekk styraransvaret og dottera Kristina vart
Glade jenter frå husmorskulen i Alvera i 1936-1937. Elevane her er Gunda Stigedal, Jenny Rysjedal, Hjørdis Risnes, Ragna Hellebø. Skulen varde i 6 mnd. og tok til om hausten. Det var 21 elevar i kullet. Lærarinnene var veldig strenge, men det gjekk for å vere ein god skule. Fotograf: ukjend
Fotografiet viser elevane frå årskullet 1939-40 og lærarane deira. Jentene har stasa seg opp i like, tidsrette «Bondepikedrakter», og nokre har pynta seg ekstra med brosje og sølje. I bakarste rekkje frå venstre mot høgre: Rollaug Ness, Solveig Øksland, Fredlaug Osland, Birgit Råe, Margit Otterskred, Ragna Molde. Rekkja i midten frå venstre: Hansine Solås, Gyda Finnebotn, Lilly Aven, Aslaug Skau, Mary Bøe, Nora Larsen, Inga Stang, Jensine Dalland, Anlaug Ringstad, Agnes Svarthumle. Fremste rekkja frå venstre: Amalie Skottholm, Gunnhild Oppedal, Ragna Nøstdal, Anna Ringstad, Laura Hidle, Alma Nilsen, Hilde Søgnen, Åslaug Skjerdal. Fotograf: Næss & Co, Sogndal
tilsett som handarbeidslærar. Mons A. Ringereide, som no også var blitt ordførar, 1920-1925, vart gjennom denne kursperioden overtydd om at ein husmorskule måtte vere liv laga som eit permanent tilbod for jentene frå denne del av fylket. Dette vart starten på husmorskulen, og ikkje minst Ringereide si personlege kampsak både i kommunestyret og fylkestinget. Ein vanskeleg start i ei vanskeleg tid På landsbasis hadde husmorskulane stor vekst i perioden 1908-1921. Men då den økonomiske nedgangen sette inn i 1922 stogga framveksten av skulane. Dette hindra ikkje Ringereide i trua på ein slik skule, og han kom då med framlegg om å skipe Lavik kommunale husmorskule. Det var
rimelegvis ikkje alle i kommunestyret som såg positivt på dette initiativet i denne vanskelege tida, noko røystetalet også viste. Kan hende mindretalet tykte denne skuleetableringa skjedde litt hals over hovud ?
« (…)Etter eit hardt basketak i heradsstyret 3.mars 1922 vart det med 9 mot 7 røyster vedteke at det skulle skipast ein fast husmorskule», seier Ringereide sjølv i Soga åt Lavik husmorskule 1922-1940. Basketaket kjem ikkje fram i kommunestyreprotokollen for 1921 -1929. Der kan vi berre lese at «Heradsstyret tek på seg ¼ av utlegget til husmorskulen og søkjer fylket om halvdelen av distriktstilskotet. «
Det var så søkt om statstilskot, noko dei fekk, og kommunestyret oppnemnde så styre for husmorskulen: Alise Ringereide og Brita Lavik, med Maria Hellebø og Gjertru Værholm som vara vart valde. Husmorskulane låg i denne tida under Landbruksdepartementet, som oppnemnde ordførar Ringereide som sin representant, med lensmann Husabø som vara.
Då kommunen sa ja til den kommunale husmorskulen, rekna dei med tilskot frå fylkeskommunen og søkte fylkestinget om å få dekt halvparten av kommunen sine utlegg. Men der hadde dei forrekna seg. Korkje fylkesmannen, fylkets husmorskulestyre eller fleirtalet i landbruksnemnda var positive til å støtte skulen økonomisk. Landbruksnemnda sa det slik: « Nemndi er klar over at arbeidsopplæringi no i disse tider bør koma på høgd med aandsopplæringi og at i landet vert arbeidt for tvungne kommunale husmorskular. Skulen vil difor mogeleg faa rett til studnad; men som saki no ligg til kan nemdi for i aar ikkje tilraa noko fylkestilskot.» Ringereide sat sjølv i landbruksnemnda og var sjølvsagt svært skuffa over å ikkje ha nådd fram med synet sitt og søknaden frå kommunen.
Kommunen måtte no inn med meir midlar enn tenkt og då det skulle løyvast pengar til utstyr, vart det bråk, i følgje Ringereide sjølv. Stemninga var opphissa, og i soga til skulen skriv Ringereide at han vart skulda for å
Eldsjela og etableraren Ringereide arbeidde hardt for å få bygt ny skule. Han tilbaud tomt og teikna også utkast til skulen.
Her er familien Ringereide på gjesting i doktorgarden saman med familien sin. Truleg sit dei i bestestova til dr. Trædal og studerer juleposten. Mons A. Ringereide sit som nummer fem frå venstre. Alice Ringereide, nr 4 frå venstre, var med i det fyrste styret for skulen. Ho var jordmora i bygda. Datering 1910-12. Fotograf : Ludvik Trædal.
ikkje vere tilrekneleg som sette i gong eit slikt vitlaust tiltak som denne skulen, medan andre påstod at han stod så hardt på for skulen berre for å kunne eta god mat. Lensmann Husabø, varamannen i styret, som var i kommunestyret denne dagen, tilbaud då 100 kr av eiga setlebok å kjøpe utstyr for, og dette vart godteke av kommunestyret. Dei sjølve la då også inn ein sum på fleire tusen til innkjøp av utstyr som vart dekt gjennom kontaktmedelen i kommunekassa, for enno var den kommunale økonomien bra. Det vart også samla inn møblar og utstyr på bygda, og dei klarte å skrape i hop nok til å få skulen klar.
Nye økonomiske utfordringar Dei økonomiske problema i denne førebuingstida ville ingen ende ta. Huseigaren ville ha ei årsleige på kr 1000 og garanti på denne summen i fem år, om det vart skuledrift eller ikkje. Dette skulle vere vederlag for dei investeringane han måtte gjere for å setje i stand huset til skulebruk. Kommunestyret fann dette vel
Elevane måtte lære seg hushaldsøkonomi, og når middagen skulle planleggjast var det viktig å finne ut kva dagens middag ville koste per person.
drygt i og med at alt var så uvist, og skulen skulle inn i sitt fyrste driftsår. Ordføraren tinga med huseigaren, som ikkje ville trekkje kravet, og kommunestyret hadde ikkje noko anna val enn å gå med på kravet om skulen skulle kunne starte opp. Dette vedtaket vart gjort utanom sakslista i kommunestyret 22.10.1922, og mot to røyster. Dette ureglementerte vedtaket skulle i ettertid føre til vanskar for Ringereide og dermed skulen.
Når leigekontrakten no var på plass, kunne det lysast etter elevar, og 26 jenter søkte på 16 plassar. Med så bra søkjartal utvida dei straks elevplassane til 20 og auka opp skuletida frå tre til fem månader. Det melde seg svært godt med søkjarar både til styrarstillinga og den faste stillinga som handarbeidslærar. Styret tilsette velkvalifiserte Gjertrud Bruseth som styrar og Ragna Nøstdal, ei sers kvalifisert kvinne som handarbeidslærar. Men då Ragna Nøstdal hadde skrive søknaden sin på bokmål, bestemte kommunestyret at all opplæring skulle skje på landsmål. Slik sikra dei seg mot «språkfusk», som Ringereide kalla det. Skulen kunne no starte opp om enn på noko usikker grunn.
Personleg redningsaksjon Ringereide og skulen hadde sine motstandarar, ikkje berre i fylkeskommunen, men også i kommunestyret. Kva den lokale striden hadde sitt opphav i, den ekstra økonomiske børa for kommunen i ei vanskelege tid, motstand mot yrkesutdanning for kvinner generelt eller personlege motsetnader,
Elevane skulle lære å lage ulike typar mat og kan hende denne vesle kokeboka til Henriette Schønberg Erken som kom ut i 1922 også var i bruk ved skulen?
er det vanskeleg å seie noko om, men strid var eit kjenneteikn i mange år. Eit betent punkt var leigekontrakten med huseigaren. Saka vart klaga inn for Justisdepartementet, og klagarane fekk medhald. Saka måtte opp til ny avgjerd, og no var det kome nye folk inn i kommunestyret. Motstandarane fekk fleirtal for å få saka utsett og då ho til sist kom opp 06.07.1923, sette den nye ordføraren, Johannes Instefjord, fram forslag om å forkaste leigekontrakten, seie opp lærarane og leggje ned skulen. For å hindre at dette skulle skje, gjekk ordføraren personleg inn for å betale husleiga av eiga lomme, og skulen vart redda. Det vart ikkje siste gongen ordføraren og hans allierte måtte gje personlege økonomiske garantiar for å redde «skulen sin».
Striden for fylkeskommunale midlar Fylkeskommunen hadde avslått søknaden om tilskot fyrste året, men Ringereide og styret gav ikkje opp. Dei argumenterte for at søknadane synte at det var behov for skulen og ikkje minst at svært mange av jentene frå ytre Sogn tidlegare hadde måtte reise andre stader for å få opplæringa. Det vart også lagt vekt på innhaldet i undervisninga. I Lavik kunne opplæringa skje på heimleg grunn der ein tok utgangspunkt i det som var kjent og dei levekåra jentene frå ytre Sogn skulle tilbake til.
I 1923 kom dei igjen med ny søknad der dei primært ynskte at skulen skulle bli fylkeskommunal og sidestillast med dei to andre husmorskulane, eller få tilskot på linje med desse. Skepsisen til denne nykomlingen var stor, og den økonomiske stoda til fylkeskommunen var ikkje god. Denne gongen fekk dei dekt 1/8 del av dei utgiftene dei fekk tilskot til.
Det går ikkje direkte fram av ordskiftet i fylkestingsforhandlingane kva som var årsaka til at dei lenge var så motvillige til yte tilskot på line med dei to andre skulane, men konkurranse om elevane var truleg eitt av argumenta, spesielt skulen i Kroken. Redsla for å få faste nye utgifter inn på budsjettet var nok ei anna sak, den geografiske plasseringa vart eitt argument og kanskje var det mange som ikkje var overtydde om kvaliteten på skulen. Fylkesskulestyret gav skulen gode skussmål, men meinte at sidan kommunen sjølv hadde sett i gong med denne skulen, fekk dei ta mesteparten av kostnadane. Ringereide godtok ikkje dette argumentet og viste til at Mindresundet jordbruksskule også var kommunal, men fekk fullt fylkeskommunalt tilskot likevel.
Til sist gav likevel arbeidet til Ringereide og hans politiske meiningsfeller resultat. I 1927 «kapitulerte» fylkesmannen. «(...)at jeg finder det urimelig i lengden at lægge hindringer i veien for denne skoles utvikling. Det synes efter sitt gode ry og den økende søgning at ha livets ret, saa den fortener at stilles paa like fot med fylkets andre husmorskoler. Når der er trang til en saadan fagskole i Ytre Sogn bør ikke snevre hensyn som f.eks til dens rent geografiske beliggenhed tillægges saadan vekt, at man derfor gjør tilværelsen vanskelig.»
Vedtaket var samrøystes og framtida så lys ut. Staten betalte 3/4 parten av utgiftene og fylket resten. Fylkesmannen Christensen, som før hadde vore skeptisk til skulen, ordna det også slik at elevane fekk reise gratis til og frå skulen med Fylkesbaatane. Skulen heitte Lavik kommunale husmorskule så lenge han var i drift, men i realiteten var han ikkje lenger kommunal anna enn i namnet. Frå byggeplanar til nedlegging. Bygningane på Alværa var gamle og lite tenelege alt då dei starta skulen, og betre vart det ikkje. Romma var små og dette gjorde arbeidet tungvindt. Bygningane var i tillegg freda så det var umogeleg å få gjort endringar. Styret var klar over tilhøva, og med Ringereide i spissen vart det oppretta byggjefond og samla inn midlar med tanke på nybygg. Slik gjekk det ikkje. Det kan sjå ut til at personleg usemje mellom Johannes Instefjord, som overtok som ordførar etter Ringereide, og Ringereide var ei viktig årsak til at nybygginga vart skipla. Gang på gang var byggjesaka og lokaliseringa av den nye skulen oppe i heradsstyret gjennom storparten av 1930-talet utan at dei kom fram til noko resultat.
Etter krigen vart det på nytt blese liv i tanken om nybygg då fylkestinget i 1946 vedtok grunnplanen for husstellopplæringa i fylket. Der vart det slått fast at det skulle vere ein skule for Indre Sogn i Kroken, ein for Ytre Sogn og dei ytre kommunane elles i Lavik, ein for Sunnfjord i Førde og ein for Nordfjord i Stryn. Det var stor etterspurnad etter slike skuleplassar, og framtida såg no lys ut for skulen i Lavik. Kommunen skulle leggje fram ein plan for ein tidshøveleg skule i Lavik innan 1947, men det klarte ikkje kommunestyret. Likevel vedtok fylkestinget at dei ville satse på Lavik. Dei ville overta drifta av Lavik husmorskule den dagen kommunen kunne leggje fram skøyte på tomta. Dei batt seg til å byggje skule på denne tomta innan seks år frå den dagen det var ordna med skøyte.
Det skøytet kom aldri. Tomtespørsmålet vart igjen heitt tema, og valet fall denne gongen på prestegarden, som var eigd av staten. Men departementet ville ikkje selje. Kommunen kunne få leige prestegarden i 99 år, på vilkår. Dette tilbodet og vilkåra kunne ikkje fylkesutvalet godta, og dei kjende seg ikkje lenger bundne av det vedtaket dei hadde gjort i 1947. Arbeidet med å finne tomt fortsette, men utan resultat. Skulen hadde ikkje val, dei måtte fortsette så godt dei kunne i dei lite eigna bygningane på Alværa. Sjølv om søknaden til skulen var god i mange år og lærarkreftene likeeins, vart dei til sist «utkonkurrerte» av dei nybygde skulane elles i fylket.
Våren 1956 gjekk det siste kullet ut av Lavik kommunale husmorskule, og 18.08.1958 kunne Firda Folkeblad melde at det vart halde auksjon over utstyret ved husmorskulen i Lavik. 34 års skuledrift var definitivt over.
Kjelder og litteratur: Arkivet etter Lavik kommunale husmorskule Sogn og Fjordane fylkestingsforhandlingar: 1922, 1923, 1925, 1927, 1946, 1959 Møtebok for Lavik kommunestyre 1921 -1929 Mons A. Ringereide. Soga åt Lavik Husmorskule 1922 til 1940. Sogns Avis trykkeri. 1940 Husstellskolenes historie i Norge: