Kjelda nr. 2 2016

Page 22

Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Dagens Alvera, den gamle futegarden der husmorskulen heldt til. Fotograf: Arlen Bidne

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule. Av Kjerstin Risnes

Litt aust for Lavik sentrum ligg det staselege hovudhuset på den tidlegare futegarden Alværa, ein treffstad for embetsfolk og kondisjonerte. Men huset har også ei anna og mindre glamorøs, men ikkje mindre viktig historie som Lavik kommunale husmorskule i over 30 år. Om arkivet etter Lavik kommunale husmorskule I magasina og på biblioteket vårt finn vi fleire spor etter denne, for mange, ukjende husmorskulen der over 600 jenter fekk si opplæring i husstell og husmoryrket i perioden 1922 – 1956. Vi finn ulike arbeidsbøker som fortel korleis det daglege arbeidet var organisert, kva elevane lærde, elevbøkene «Bondejenta» og «Kjøkenskrivaren» der jentene skreiv små historier som vart lese opp i sosiale samanhengar, kjøkkenrekneskap, vitnemål, gruppebilete av elevane, korrespondanse, bygningsteikningar etc. For den som dukkar ned i kjeldene, vil dei kunne finne mykje interessant stoff om ein skule som var tidstypisk 22

som kvinne­utdanning, og som i tillegg hadde sitt å stri med dei 34 åra han var i drift. Vår vesle artikkel vil berre gje eit glimt av denne skulehistoria. Husmorskular som strategi for å løyse «kvinneproblemet» og utvikle landbruket Den fyrste offentlege humorskulen i landet og fylket vart oppretta i 1877 i Holmedal i dåverande Ytre Holmedal kommune. Bakgrunnen var at det store omskiftet i landbruket gjekk for tregt her i vest. Faktorar som fattigdom, små og oppdelte bruk, kombinasjonsbruk der kvinnene i lange periodar hadde eineansvar for garden, mangel på tid og overskot til å endre på driftsformene var viktige svar på problematikken,

men mange peika på kvinna som ein bremsekloss i reformarbeidet, som også handla om kosthald, reinsemd og helse. Ein komité samansett av dei tre amtmennene i Søndre- og Nordre Bergenhus og Romsdal meinte at kvinna gjennom hennar sterke stilling i landbruket, spesielt på Vestlandet, måtte reformerast og opplysast. For å få bukt med uvilje, fordommar og manglande kunnskap måtte dei få ­utdanning til liks med mennene, men innan for kvinnas ansvarsområde. Skulane skulle ha teoretiske fag som ein del av allmenndanninga, men fyrst og fremst vere praktisk retta. Det var såleis ikkje noko nyskapande ideologisk syn som låg bak opprettinga av husmorskulane eller jenteskulen i Holmedal. Kvinnene skulle få si ­utdanning i tråd med det borgarlege idealet om kvar i samfunnsordninga kvinna høyrde til, og det var i heimen.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.