2 minute read

Alden, Orkja og Bjørga

Next Article
Besøk frå UWC

Besøk frå UWC

Av Kristian Solvang På kysten i Sunnfjord ligg eit kjent landemerke, Alden. Namnet vert brukt både om øya og fjellet (481 m), men fjellnamnet kom først. Fiskarane har og kalla fjellet Blåmann eller Norskehesten. Fjellet var og er eit viktig landemerke for dei som kjem over havet vestanfrå. Namnet er språkleg i slekt med latin «altus» = høg. Alden tyder då «den høge og ruvande». Same språkrot finn vi i tysk «alt», eng. «old» og latin «adultus», som alle eigentleg betyr «vaksen stor». Substantivet «alder m» og «alde f» = bølgje (Tungalda = «den høie og lang somme Bølgegang i Havsøen» (Aasen). Øynamnet Batalden i Flora er og opphavleg eit fjellnamn (gno: Bataldr). Førsteleddet er substantivet «bate» = bate, gagn, og siktar til at det høge fjellet var til gagn som framifrå seglmerke i leia.I Askvoll ligg øya Aralden (føreleddet ari m = ørn) I Kyrkjebø i Sogn finn vi Digralden, i Aurland Roalden, og på Stadtlandet Varalden. Det siste tyder «åtvararen».

Både bygdenamna Olden og Oldeide på Bremangerlandet kan innehalde same ordet. «Old-» er truleg det same som adj. «ald-» = høg, jfr. kontrastnamnet Lågeide i nærleiken. Neset ut mot havet på Bremangerlandet har namnet Olderveggen. Det ruvar fjellet Veten opp, heile 527 m høg. Fjorden inn til Olden vart ca.1200-1300 skrive «i Aldafirdi» og «Aldi/Alda». Olden Ungdomslag brukte denne namneforma då dei bygde ungdomshuset Aldaheim (1916/1924). Det tidlegare energiselskapet heitte Aldakraft. I Olden finn vi og Alda Camping. Granskarar trur at namnet anten kan tyde «fjorden med bølgjer» eller «innsøkk, trau» (gno: ald-). Namnet er så gått over på bygda. Dalen oppover Olden er temmeleg bein med høge fjell. Kanskje kjem namnet av dei høge fjella her, fleire over 1700-1800 m, som lagar ein trong dal med brear på begge sider? Særleg Sesiliekruna (tidlegare namn Lidanibba) og Gjerdeaksla reiser seg bratt opp frå dalen.

Advertisement

Mellom Jølstravatnet og Dvergsdalsdalen ligg fjellet Orkja (948 m), uttalt /’årkja/. Dette er det norrøne ordet «ork f» (o med kvist) = ark, kiste. Ordet «ark» har i dag to tydingar: papirark eller «utbygg med vindu på hustak» - på tysk «Erker». Ordet går tilbake på latin «arcus,arca» = boge. Frå barnelærdommen vår hugsar vi forteljinga om Noahs ark og Paktarka i Israel (kista der lovtavlene vart oppbevarte). Fjellnamnet Orkja er nok eit samanlikningsnamn. Legg vi litt godvilje til, kan vi vel godta at fjellet ser ut som ei kiste. Det ligg for seg sjølv, er flatt oppå og skrånar bratt ned til alle kantar.

Går du turen over breen frå Befring i Jølster til Fjærland, passerer du fjellet Bjørga (1554 m), velkjent av alle brevandrarar. Ordet minner oss om namna Bjørg, Bjørge, Bjørgen og Bjørgvin. Det gamle namnet på Bergen tyder «enga mellom fjella». Ordet har 2 tydingar: 1) berging og 2) berg, fjell. Den norrøne forma var «bjarg n» med fleirtalsforma «bjorg» (o med kvist), og vart brukt som nemning på framstikkande, høge og bratte berg – også åsryggar. I Jølster finn vi eit godt døme: Bjørgaryggen. Det blir også brukt på mindre formasjonar, slik som Bjørgane på Indre Lunde i Stryn. I Leikanger i Sogn finn vi Bjørgadalen, og i Aurland Bjørganosi. Når det gjeld Bjørga i Leikanger, meinar dei at namnet kjem frå at ei kjerring vart berga frå bjørnen her. (jfr. Tyding 1) Det er ikkje eit fjell, men slåttemark/beite. Skidronninga vår, Marit Bjørgen, med etternamn som skal uttalast /’bjørjen/, kjem frå garden Bjørgen i Midtre Gauldal.

This article is from: