Kjelda nr. 2 2016

Page 30

Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Alden, Orkja og Bjørga Av Kristian Solvang På kysten i Sunnfjord ligg eit kjent landemerke, Alden. Namnet vert brukt både om øya og fjellet (481 m), men fjellnamnet kom først. Fiskarane har og kalla fjellet Blåmann eller Norskehesten. Fjellet var og er eit viktig landemerke for dei som kjem over havet vestanfrå. Namnet er språkleg i slekt med latin «altus» = høg. Alden tyder då «den høge og ruvande». Same språkrot finn vi i tysk «alt», eng. «old» og latin «adultus», som alle eigentleg betyr «vaksen stor». Substantivet «alder m» og «alde f» = bølgje (Tungalda = «den høie og langsomme Bølgegang i Havsøen» (Aasen). Øynamnet Batalden i Flora er og opphavleg eit fjellnamn (gno: Bataldr). Førsteleddet er substantivet «bate» = bate, gagn, og siktar til at det høge fjellet var til gagn som framifrå seglmerke i leia.I Askvoll ligg øya Aralden (føreleddet ari m = ørn) I Kyrkjebø i Sogn finn vi Digralden, i Aurland Roalden, og på Stadtlandet Varalden. Det siste tyder «åtvararen». Både bygdenamna Olden og Oldeide på Bremangerlandet kan innehalde same ordet. «Old-» er truleg det same som adj. «ald-» = høg, jfr. kontrastnamnet Lågeide i nærleiken. Neset ut mot 30

havet på Bremangerlandet har namnet Olderveggen. Det ruvar fjellet Veten opp, heile 527 m høg. Fjorden inn til Olden vart ca.1200-1300 skrive «i Aldafirdi» og «Aldi/Alda». Olden Ungdomslag brukte denne namneforma då dei bygde ungdomshuset Aldaheim (1916/1924). Det tidlegare energi­ selskapet heitte Aldakraft. I Olden finn vi og Alda Camping. Granskarar trur at namnet anten kan tyde «fjorden med bølgjer» eller «innsøkk, trau» (gno: ald-). Namnet er så gått over på bygda. Dalen oppover Olden er temmeleg bein med høge fjell. Kanskje kjem namnet av dei høge fjella her, fleire over 1700-1800 m, som lagar ein trong dal med brear på begge sider? Særleg Sesiliekruna (­tidlegare namn Lidanibba) og Gjerdeaksla reiser seg bratt opp frå dalen. Mellom Jølstravatnet og Dvergsdalsdalen ligg fjellet Orkja (948 m), uttalt /’årkja/. Dette er det norrøne ordet «ork f» (o med kvist) = ark, kiste. Ordet «ark» har i dag to tydingar: papirark eller «utbygg med vindu på hustak» - på tysk «Erker». Ordet går tilbake på latin «arcus,arca» = boge. Frå barnelærdommen vår hugsar vi forteljinga om Noahs ark og Paktarka i Israel (kista der lovtavlene vart

oppbevarte). Fjellnamnet Orkja er nok eit samanlikningsnamn. Legg vi litt godvilje til, kan vi vel godta at fjellet ser ut som ei kiste. Det ligg for seg sjølv, er flatt oppå og skrånar bratt ned til alle kantar. Går du turen over breen frå Befring i Jølster til Fjærland, passerer du fjellet Bjørga (1554 m), velkjent av alle brevandrarar. Ordet minner oss om namna Bjørg, Bjørge, Bjørgen og Bjørgvin. Det gamle namnet på Bergen tyder «enga mellom fjella». Ordet har 2 tydingar: 1) berging og 2) berg, fjell. Den norrøne forma var «bjarg n» med fleirtalsforma «bjorg» (o med kvist), og vart brukt som nemning på framstikkande, høge og bratte berg – også åsryggar. I Jølster finn vi eit godt døme: Bjørgaryggen. Det blir også brukt på mindre formasjonar, slik som Bjørgane på Indre Lunde i Stryn. I Leikanger i Sogn finn vi Bjørgadalen, og i Aurland Bjørganosi. Når det gjeld Bjørga i Leikanger, meinar dei at namnet kjem frå at ei kjerring vart berga frå bjørnen her. (jfr. Tyding 1) Det er ikkje eit fjell, men slåttemark/beite. Skidronninga vår, Marit Bjørgen, med etternamn som skal uttalast /’bjørjen/, kjem frå garden Bjørgen i Midtre Gauldal.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.