Kjelda nr. 2 2016

Page 45

Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Dyr for domstolen Av Per Olav Bøyum

I arkivet etter Sigrid Tang finst det ein konvolutt med påskrifta «dyrestraff». Innhaldet er ein illustrasjon som viser ein gris som vart offentleg avretta i den franske byen Falaise i 1386. Det høyrest mest ut som eit agurknyhende, dette at eit svin vert dømt til døden. Men i europeisk historie er praksisen med å stille dyr for retten godt dokumentert. Eit eksempel er ei sak frå ein landsby i den franske regionen Burgund, der ein fem år gammal gut i 1457 vart funnen drepen. Kort tid etter arresterte påtalemakta dei mistenkte – ei purke og dei seks grisungane hennar. Under rettssaka kom det fram at det var grisemor som stod bak ugjerninga. Ungane vart frifunne, då det ikkje kunne provast at dei hadde vore delaktige i drapet. Purka vart dømt til døden og seinare hengt. Dyrerettssakene følgde ofte vanleg prosedyre med omsyn til rettargang og domfelling. Dei mistenkte vart sette i arrest og fekk oppnemnt forsvarar. Men fleire av sakene førte med seg spesielle utfordringar. Ved eitt høve, då ein olm okse vart dømt til henging, tok det to dagar å få bygd ein galge til beistet. Det var slett ikkje enklare å handtere dei små dyra. Innbyggjarane i landsbyen Saint-Julien-de-Maurienne melde på 1500-talet ein insektsverm som hadde herja stygt på vinmarkene. Dei små krypa fekk oppnemnt ein gløgg forsvarar. Han argumenterte for at klientane hans ikkje hadde gjort noko gale. Snarare tvert om. Dei hadde handla etter ei guddommeleg befaling. Stod det ikkje i Bibelen at alle skapningar skulle vere fruktbare og bli mange? (1. Mosebok 1:22) Mot dette klåre guds­ ordet kom ikkje landsbybuarane opp med gode motargument, men dei foreslo at insekta skulle få tildelt eit jordstykke ved sida av vinmarkene, der dei kunne ete seg mette og øksle. Den første dokumenterte rettssaka mot

Illustrasjon frå ”Chambers Book of Days” som visstnok skal vise rettssaka mot purka som i 1457 tok livet av ein fem år gammal gut i Frankrike (Biletet henta frå Wikipedia).

eit dyr er frå 1266. Fenomenet oppstod i Nord-Frankrike, og spreidde seg seinare til andre europiske land. Desse sakene må vel vere det beste beviset på at fortida er eit framand land? Trudde verkeleg folk i mellomalderen og tidleg nytid at dyr kunne skilje mellom rett og gale, og såleis vere ansvarlege for handlingane sine?

Kjelder og litteratur SFF-89213 Tang, Sigrid W. Oldridge, Darren: Strange histories : the trial of the pig, the walking dead, and other matters of fact from the medieval and Renaissance worlds. London : Routledge, 2007 Salmonsens konversationsleksikon : dyrestraffe og dyreprocesser Wikipedia : animal trial

Den engelske historikaren Darren Oldridge meiner at dette ikkje var tilfellet. Dyr kunne til ein viss grad bli vurdert som rasjonelle, men det var ikkje vanleg å sjå på dei som fullt ut moralsk ansvarlege vesen. Dels var fenomenet grunna i eit kristent syn på forholdet mellom menneska og naturen. Nokre teologar forsvarte rettssakene ut frå bibelordet om at mennesket skulle råde over dyra (1. Mosebok 1:28). Når ein gris drap eller skada eit menneske, var dette eit brot på ein guddommeleg orden som måtte rettast opp. At dyret ikkje var i stand til å vurdere sine eigne handlingar var irrelevant. I tillegg til å gjenreise eit gudgjeve hierarki i naturen, fungerte rettssakene som ei påminning til folk om at brotsverk ville bli hardt straffa, likesælt kven som stod bak. Det var òg ei åtvaring til eigarane om å passe betre på dyra sine.

Eit svin som vert offentleg avretta i den franske byen Falaise i 1386

45


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.