Kjelda nr. 2 2016

Page 41

Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

Vegvisar til krigsminne på Ramsøy i Gudvangen. Foto: Kjell-Ragnar Berge

Frå 1. oktober 2016 er Kjell-Ragnar Berge engasjert av Fylkesarkivet i ei 20% prosjektstilling med formål å utarbeide eit mest mulig komplett oversyn over alle krigsminne i fylket. Vidare skal det skrivast nye artiklar til Kulturhistorisk leksikon, og saman med allereie eksisterande artiklar skal desse brukast i ein krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane. I første rekkje er det tale om krigsminne som tyske militære støttepunkt det framleis er spor av i landskapet, men også andre objekt eller krigshendingar er aktuelle.

mellom anna i Kulturhistorisk leksikon under Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Framleis står det att arbeid med registrering av krigsminne, og informasjonen kan gjerast endå meir tilgjengeleg.

Tekstane skal knytast til kart, og med nye tekniske løysingar er tanken at informasjonen lett skal kunne hentast fram frå nettet anten ein sit heime, eller er ute på tur. I eit slikt oversyn vil ein også kunne sjå kva for krigsminne som er tilrettelagde for besøkjande. Oversynet kan også vere til hjelp når ein skal vurdere kva for krigsminne som bør takast vare på i framtida.

Prosjektleiaren tek gjerne imot tips om krigsminne som bør registrerast og eventuelt omtalast i ein artikkel: Kjell-Ragnar.Berge@sfj.no Kjell-Ragnar Berge er ein røynd krigshistorikar. Han har mellom anna skrive bøkene

• «Fronten er kysten!» - oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45 (1995/1999) • «Regiment 193» - fra Tyskland til Vestlandet langs norskekysten til Ishavsfronten 1940-1945 (2015) • «Kystfort i kamp!» - Batterie Egersund i kamp med Royal Navy 1944-45 (2016). Han var dessutan medforfattar på boka «Krigsår» - Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945 (2005). I tillegg har Kjell-Ragnar skrive mange artiklar i Kulturhistorisk leksikon.

Kulturminne vert definert som alle spor etter menneskeleg verksemd. I følgje denne definisjonen er alt som er laga av menneske eit kulturminne, også krigsminne som ein tysk bunker frå den andre verdskrigen. Men det betyr ikkje at alt er verneverdig. Fylkeskommunen må gjere eit val om kva kulturminne vi har i Sogn og Fjordane som har ein slik verdi at dei skal takast vare på for framtida. I fleire kommunar i fylket vårt er krigsminne tekne med i dei lokale kulturminneplanane. Informasjon om krigsminne finn ein på internett,

Frå eit guidekurs på Tangane arrangert av Tongane Velforeining i mars 2004. Berge heldt førelesing og var omvisar under kurset. På dette tidlegare tyske kystfortet på Rugsundøy i ytre Nordfjord er det sett opp tre informasjonsskilt. På grunn av historie og plassering er dette kystfortet eit av dei mest verneverdige krigsminna vi har i Sogn og Fjordane. Foto: Alf-Haakon Harlem 41


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.