Kjelda nr. 2 2016

Page 40

Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Elsa Horne fekk Flora kommune sin kulturpris 17. mai i år for den store innsatsen ho gjer for å bevare og gjere tilgjengeleg fotoarkivet etter faren og Florøfotografen Malvin Horne. Foto: Dag Nesbø Frøyen.

Elsa Horne heidra med kulturpris Av Elin Østevik

Elsa Horne vart tildelt Flora kommune sin kulturpris for 2016. Prisen har ho fått for arbeidet ho gjer med å bevare og gjere tilgjengeleg fotoarkivet etter Florø-fotografen Malvin Horne. Horne-arkivet Malvin Horne (1904-1962), frå Svortevik i Naustdal kommune, tok over 25.000 bilete i løpet av sine 33 år som fotograf. Det er eit rikt fotografisk materiale Malvin Horne etterlét seg – her er bilete både frå arbeidsliv, fritid, sosiale hendingar og mykje anna, så vel som klassiske atelierportrett. Hornearkivet er ei viktig kjelde til livet på kysten, også i nasjonal samanheng. I det nasjonale registeret over norske fotografar og fotografiske samlingar vert det blant anna poengtert at Horne-arkivet truleg er den største og viktigaste kjelda til bilete frå storsildfisket på 1950-talet. Horne-arkivet er i dag deponert hos Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

40

Eldsjela Elsa Og dette viktig kjeldematerialet er det altså at Elsa Horne gjer ein utrøytteleg innsats for å bevare og gjere tilgjengeleg for alle interesserte. Elsa, som er dotter til fotograf Malvin Horne, pakkar om og klargjer materiale til digitalisering, og ho registrerer opplysningar til fotografia i fylkesarkivet sin fotobase. Til dette arbeidet har Elsa også rekruttert seg fleire medhjelparar som saman har lagt ned ein stor dugnadsinnsats. Fylkesarkivet på si side syter for at materialet vert digitalisert i tråd med arkivfaglege standarar, og sikrar også at originalmaterialet er trygt oppbevart i klimaregulert fotomagasin. Flora kommune har også vore ein viktig bidragsyter til dette arbeidet gjennom den prosjektstøtta dei har ytt til Horne-arkivet. Horne på nett Per i dag er vel 10.000 fotografi frå Horne-arkivet pakka om, digitalisert, registrert og gjort tilgjengeleg på nett. Mykje godt historisk materiale frå Flora kommune er dermed tilgjengeleg for ålmenta. Men som fotograf hadde Malvin Horne eit større nedslagsfelt

Elsa Horne saman med dugnadsgjengen frå Bremanger som har pakka om dei kring 4000 Bremanger-bileta som no skal digitaliserast. Frå venstre: Reidun Torvanger Solberg, Margret Frøyen, Elsa Horne og Marit Ryland Strand. Foto: Elin Østevik

enn berre Flora kommune. Også folk frå nabokommunane reiste til Florø for å la seg fotografere av Malvin Horne. I desse dagar går startskotet for å digitalisere og registrere om lag 4000 av Malvin Horne sine Bremangerbilete. Arbeidet er støtta av Bremanger kommune. Bileta frå Bremanger vil bli tilgjengeleg i fylkesarkivet sin fotobase etter kvart som dei vert digitalisert.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.