4 minute read

Norske kart på verdstoppen

Norges Geologiske Undersøkelser (NGU) sitt kart «Jan Mayen, Kvartærgeologisk kart» vant den gjevaste prisen på internasjonal konferanse.

Tekst: Terje Midtbø

International Cartographic Conference (ICC) vert arrangert annakvart år. Konferansen samlar gjerne 700 – 1500 deltakarar frå heile verda, alt etter kvar den vert arrangert. Under denne konferansen er det fleire utstillingar, på same måte som ved Geomatikkdagane. I tillegg til ulike firma som presenterer seg, samt Barbara Petchenik’s barnekartkonkurranse, er det ei stor utstilling med ulike kart og kartprodukt. Som på vår nasjonale konferanse røystar konferansedeltakarane på beste kart eller kartprodukt. I tillegg er det ein fagjury som går gjennom heile samlinga. I år vart det delt ut første, andre og tredjepris i 7 ulike klassar. Talet på deltakarar er vist i parantes:

  • Vanlege kart (175)

  • Sjøkart (26)

  • Atlas (34)

  • «Storymaps» (25)

  • Kart til undervisingsbruk (36)

  • Fysiske kartografiske produkt (t.d. globus, taktile kart, 3D relief) (37)

  • Digital kartografiske produkt («online») (31)

Det var i den desidert største og gjevaste klassen Noreg nok ein gong gjekk til topps. Kartet som vann var Norges Geologiske Undersøkelser (NGU) sitt «Jan Mayen, Kvartærgeologisk kart». Arbeidet med kartografien er det Åse Rønningen som har stått i spissen for. I følgje NGU har det vore mange gode diskusjonar om kartografi og data undervegs, mellom Åse, kartforfattarane (geologane) og kollegaer på Geomatikk og IT, før grafisk formgjevar Mads Chalmer Rasmussen kunne leggje siste hand på kartlayouten. Den kvartærgeologiske kartlegginga vart utført av geologane Astrid Lyså, Eiliv Larsen og Asbjørn Hiksdal. NGU sin direktør Kari R. Bostad seier at dette er «en fantastisk utmerkelse, og noe hele NGU kan være stolt av – resultatet av det omfattende arbeidet viser at vi har svært dyktige medarbeidere i alle deler av verdikjeden fra felt til folk». Det er også på sin plass å nemne Polarinstituttet som har laga basiskartet.

Utsnitt av Jan Mayen, Kvartærgeologisk kart. Kartet er utearbeidet av flere aktører i NGU.

Før 2015 var klassen «vanlege kart», det vil seie kart som vanlegvis er reprodusert på papir, delt inn i fleire kategoriar. Men i Rio de Janeiro i 2015 vart alle desse slått saman til ein stor klasse. Utstillinga/konkurransen har altså vore gjennomført 6 gonger med ein stor klasse for vanlege kart. 3 av desse gongene har Noreg gått heilt til topps! Det er ekstraordinært! Både i 2015 i Rio og i 2019 i Tokyo var det eit kart frå Polarinstituttet som tok førsteprisen.

Også før 2015 var det meir ein regel enn eit unnatak at Noreg vann ein eller fleire prisar ved ICC. Men då med utgangspunkt i at det var fleire klassar for våre norske produkt. Kristoffer Kristiansen (tidlegare Kartverket) har i mange år vore ansvarleg for å organisere Noreg sin del av utstillinga. Ein jobb som Øystein Dokken, Kartverket tok over i år. Ei stor takk til dei!

Dei siste åra har Noreg stort sett delteke med vanlege kart og sjøkart. Vi ser også eit potensiale for å delta i andre klassar med norske produkt. Men «online» kartprodukt og «storymaps» bør nok helst tilpassast ei engelsk språkdrakt for å nå fram til eit internasjonalt publikum.

Dei norske prisvinnarane ved ICC har vanlegvis først utmerka seg under kartutstillinga ved Geomatikkdagane. Såleis også årets seierskart, som vann publikumsprisen ved Geomatikkdagane på Sundvollen i 2022. Så dette kan vere ei oppmoding til alle kartprodusentar i Noreg: Å delta på vår nasjonale utstilling kan vere inngangsbilletten til ein internasjonal suksess!

Neste internasjonale utstilling vil finne stad i Vancouver, Canada siste veka i Juli, 2025.

Dei som er interessert kan studere den internasjonale utstillinga 2023 på: https://icc2023.org/index.php/ international-map-exhibition/

BILDE:

Terje Midtbø, Øystein Dokken og Kristoffer J. Kristiansen mottok prisen frå Thomas Schultz, generalsekretær i ICA (nummer to frå høyre) under ICC konferansen i Sør Afrika.

This article is from: