TRYGG STUDENT
Trygg student Tilrettelegging
Har du utfordringar som kan gjere studiedagen litt vanskelegare? Vi vil hjelpe deg med å legge til rette i kvardagen eller i samband med eksamen.
Studentrådgjevar
Treng du nokon å snakke med? Då kan studentrådgjevar ved Student samskipnaden hjelpe deg. Du treng inga avtale, berre kom!
Gratis helsestasjon
Her kan du få rådgiving, teste deg for sjukdommar eller graviditet og få gratis prevensjon.
Studentprest
Som ein del av samtaletilbodet ved Høgskulen i Volda er det etablert ei studentpresteteneste. Student prestane er tilgjengeleg for samtale om ulike sider ved livet.
Studentombod
Studentombodet er ein uavhengig bistands person som kan gje deg som student råd om kva rettar du har i høve til studiesituasjonen din.
18
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
Studenthumanist
Sikresiden.no
Studierettleiing
Sei frå-knappen
Studenthumanisten er ein samtale partnar som du kan gå til om du opplever noko i livet som du synes er vanskelig, og er nokon å tenke saman med om etiske og eksistensielle spørsmål.
Både før du vel utdanning og midt i studiet kan det vere godt å få rettleiing på vegen. Kva kan eg, kva skal eg bli, er denne studieretninga riktig for meg? Her får du hjelp!
Studentsørvis
Vit kva du skal gjere om uhellet er ute, eller ein uønskt situasjon skulle oppstå. Her finn du lokale nødnummer, livsviktig kunnskap og råd om korleis du kan handtere kriser.
Vil du varsle om noko eller ta opp eit tema med nokon andre enn næraste ansvarleg? På nettsidene våre finn du ein enkel måte å varsle på. Du kan også vere anonym om du ønskjer det.
Dette er gjengen som kan hjelpe deg med det meste. Dei sit i førsteetasje på Berte Kanutte-bygget. Er du ikkje på høgskulen, får du hjelp på telefon eller e-post med alt frå studieinnhald til praktisk informasjon.
Psykologisk helseteneste
Studentparlamentet
Studentsamskipnaden
Det øvste organet i student demokratiet ved HVO, og binde leddet mellom studentane og høgskule leiinga. Dei jobbar med ulike velferdstiltak og at alle skal få ei så god studietid som mogleg.
Studentsamskipnaden i Volda har samarbeid med erfarne psykologar, og ventetida er kortare enn i den offentlege helsetenesta.
Studentsamskipnaden er der for deg! Du kan få hjelp med alt frå bustad til kjærleikssorg eller støtte frå helsefondet. www.hivolda.no/studentvelferd