Magasinet Meir, 2020

Page 24

LEVE | OPPLEVE | STUDERE

Starta sin eigen draumearbeidsplass TEKST PER STRAUME FOTO SIMON SJØKVIST

Etter å ha vore utanbygdes og prøvd både student- og yrkeslivet, fann Atle Remmereit studiet og miljøet som kompletterte han som filmskapar i Volda. I dag driv han sitt eige produksjonsselskap med stor suksess i heimbygda. Frå Volda driv han Oclin, saman med medeigar Chris-Håvard Berge, som held til i Oslo. Duoen vart kjend som studentar ved Høgskulen i Volda, der begge studerte medieproduksjon. Frå å starte i det små har dei no klart å bygge opp ei bedrift som går godt og lønnar tre tilsette. Det har ikkje stått på kundar med tøffe og unike utfordringar for duoen bak Oclin. Dei har levert film- og strøymeteneste til blant anna Color Line, Klypa, Ulvang, Ulstein, Hurtigruten, Kari Traa, Tussa og Bocuse dÓr.

byrået Splay i Oslo. Saman reiser Berge og Remmereit landet rundt og utfører oppdrag. Nyleg har dei tilsett Torstein Lund Sperstad, også han medieproduksjonsstudent frå Høgskulen i Volda, som blei ferdig med bacheloren no i vår. – Her er mykje å gjere på Sunnmøre med eit aktivt næringsliv som har behov for våre tenester. Når vi i tillegg kan vere fleksible med reising til oppdrag, har vi ikkje hatt problem med å få ting til å gå rundt, forklarar Remmereit.

AKTIVT MILJØ Det heile tok til som ein sped start under studietida i Volda. – Eg starta som einskildpersonføretak då eg begynte å studere. Oclin kjennest litt som ei utvikling av det. No fungerer det godt å drive eit produksjonsselskap i Volda. Det er miljø for å drive med det, og fleire å samarbeide med. Vi har tatt fleire steg vidare sidan vi var studentar, seier Remmereit og nemner Marius Beck Dahle, Ranglefant, Tyler og Einy Sparks som samarbeidsaktørar.

SKAFFA NETTVERK I VOLDA Han er svært takksam for studietida han hadde i Volda, all praksisen det gav han og ikkje minst erfaringa og kunnskapen som han og Berge dreg stor nytte av i dag.  – Studiet fungerte godt for min del –  heile studietida i Volda var ei fin og lærerik reise. Vi hadde mykje samhandling med andre studium. Eg var veldig aktiv i X2 Festivalen, student-tv, Rokken, revy, radio og så bortetter – alt dette var kjempegod øving og ikkje minst sosialt. Mange av dei eg jobbar for og med i dag, møtte eg som frivillig som student.

Kompanjongen Berge har kontor lokalisert saman med det anerkjende kommunikasjons­

SPANANDE LIVE-PROSJEKT Vinteren 2020 lanserte dei marknadsførings­

24

MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA

filmen «Opne kort» for Høgskulen i Volda. Den var ein oppfølgar til ein film om Høgskulen i Volda sin eigen kortstokk, der ein nærmagikar fekk ungdom på utdanningsmesser til å måpe av triksa sine. Filmane føyer seg inn i rekka av samarbeidsprosjekt mellom høgskulen og Oclin – det starta med Campus Live i 2016. – Campus Live blei en suksess. Vi laga ei sending på Facebook der vi tok med potensi­elle studentar og andre nysgjerrige frå flyplassen og til campus ved Høgskulen i Volda. Sjåarane fekk ei omvising i alle hus på høgskulen, sjå ulike fasilitetar og møte studentar og tilsette. Undervegs kunne folk sende inn spørsmål, og no ligg sendinga på YouTube for dei som er nysgjerrige. Liknande prosjektet har vi blåst liv i no i koronakrisa for andre kundar. Vi leverer blant anna strøymeteneste til produksjonsselskap som er ute på opptak. I staden for at alle er med på innspelinga, strøymer vi det heim til folk. Det går mykje i strøyming om dagen, fortel Atle Remmereit. Oclin står også bak suksessen med filmportrett av tidlegare Volda-studentar som no er å finne i spanande jobbar landet over. Remmereit og Berge har reist rundt om i Noreg og portrettert opp mot 50 studentar som har fått god nytte av utdanninga si frå Volda.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.