OM
877 km
2
VOLDA KOMMUNE
MØRE OG ROMSDAL FYLKE
350
TILSETTE
STUDENTER
INNBYGGJARAR: 10 500 ORDFØRAR: SØLVI DIMMEN VOLDA.KOMMUNE.NO
1time
VOLDA ER EIN TIME MED FLY FRÅ OSLO. DET GÅR FLEIRE FLY DAGLEG MELLOM VOLDA, OSLO OG BERGEN.
FUN FACTS •
Forkortingar for høgskulen er: HVO/hivolda
•
HVO er sertifisert miljøfyrtårn
•
Direktøren vår er Karen Lomeland Jacobsen
•
Rektoren vår er Johann Roppen
•
Høgskulen har si eiga øy: Yksnøya
•
Vi har eit nynorsksenter
•
Det er potetball i kantina kvar torsdag
•
Høgskulen sin visjon er: Kunnskap for framtida
Miniguide til Høgskulen i Volda Skulen du no skal bli ein del av, har lange tradisjonar. I årevis har fleire av landets beste lærarar og mest kjende mediefolk blitt uteksaminert frå Høgskulen i Volda. Omsorgsfulle sosionomar, dyktige samfunnsplanleggjarar, språkstjerner og historieguruar har gått opp stiane før deg. Kva veit du eigentleg om studiestaden som no skal bli ein del av identiteten din? Her er HVO på 1-2-3! 1. HISTORIA Høgskulen i Volda vart danna for 26 år sida, gjennom samanslåing av Møre og Romsdal distriktshøgskole Volda (DH på folkemunne) og Volda lærarhøgskule. Medan DH vart eta blert for 48 år sidan, har lærarskulen eksistert sidan 1895. Lærarutdanninga i Volda er imidler tid endå eldre, og daterer seg attende til 1861, då som Volda høiere Almueskole med annecteret dannelsesanstalt for Almueskolelærere. Så dette har vi drive med ei stund! 2. AVDELINGANE Høgskulen har fag- og profesjonsstudium inn an lærerutdanning, humanistiske fag, medie fag, samfunnsfag og kulturfag. Desse utgjer dei fire avdelingane våre.
3. HØGSKULEOMRÅDET Campus eller område? Uansett kva det heiter på nynorsk, er det ikkje lange biten å gå frå Kaarstad-huset i vest til Aasen-huset i aust. Vi har også starta bygginga av eit splittert nytt mediebygg, som vil stå klart hausten 2021! Sjølv om det ikkje er store tilhøve, har vi kart du kan laste ned på mobilen. Så er du sikker på å finne fram! (Sjekk ut appen: MazeMap). Sjå også kartet over Volda på side 32-33 for å bli kjent med studiebygda Volda og den nye studentkvardagen din. Meir informasjon om høgskulen finn du her: www.hivolda.no/om
Velkomen til oss!