Vente på fuglen

Page 1




Frode Grytten Vente p책 fuglen

Noveller


Š 2014 Kagge Forlag AS Omslagsdesign: Trine + Kim Layout: Dag Brekke | akzidenz as Papir: Print Cream 80 g Boka er satt med: Minion Pro 11,5/13,5 Trykk og innbinding: ScandBook | Falun ISBN: 978-82-489-1462-4 Kagge Forlag AS Stortingsg. 12 0161 Oslo www.kagge.no


ei kvinne, to menn du kjenner historia vel, her kjem ho igjen ei kvinne, to menn du kjenner historia vel, her er ho igjen



Ein dag i livet til nyttårsbarn (22 timar): Skrike. Sove. Ete. Sove. NRK. Sove. NTB. Ete. Sove. TV 2. Drite. Bade. Skrike. Sove. Ete. Sove.

–7–


I drømmen siglar jente (2 md.) ned floder av morsmjølk, babycall slått på, fjell av hekla ull, månen ein diger pupp. Så ser ho fossefallet.

–8–


Nokon har strødd eit lag melis i gata. Litt ut på dagen kan ein sjå fotspora til leikande jenter (3). Ingen djupe tankar, bare litt lykke.

–9–


Dei har ikkje henta gut (3) i barnehagen på eit par veker. Sant å seie, han søler, rotar, grin. Sant å seie, han er ikkje det dei drømte om.

– 10 –


Beina hennar er fulle av skrubbsår og sebraplaster. Munnen hennar er ein lykkelig stad, alltid open for is. Jente (3) er årets lysaste dag.

– 11 –


– Du er henta! ropar dei til Spiderman (4). Karnevalet har tatt alle superkreftene. Heime vil Spiderman ha Nugatti-skive og sjå Sauen Shaun.

– 12 –


Sola stig opp 05:55, mens det er mørkt ute og snøen fell under gatelysa. Sola er fire år i dag, ho vil ha på kjole og ta med is i barnehagen.

– 13 –


Leggetid, så nær jul. Kva ønsker du deg? spør far. Jente (4) tenker, veit at no, ja no gjeld det. Endelig svarar ho: Nesten alt.

– 14 –


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.