6 minute read

Automatisering av arbeid – moglegheit eller trugsel?

Automatisering vert ofte sett på som ein trugsel for arbeidet grunna tankar om bortfall av arbeidsplassar. Samstundes er automatisering ogso sett på som framtida, noko som kan gjera oss mindre avhengige av å arbeida. I denne teksten skal eg taka for meg nettopp desse to motseiingane (eller paradokset) mellom automatisering som trugsel og automatisering som moglegheit. Eg vil drøfta denne problemstillinga i kontekst av arbeidet som ei «skaparkraft» i sosialt liv.

Skribent: Stefan S. M. H. Ogedengbe Masterstudent i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen

Advertisement

Inspirerande verk om arbeid1 Litteraturen om arbeid har eit enormt spenn innan samfunnsvitskapen. Her kan ein lesa om alt frå Karl Marx sin eviggrøne kritikk av kapitalismen og arbeidsforhold til Arlie Hochschild’s verk om kommersialisering av kjensle i sørvisyrke. Vidare, vil eg taka for meg eit fåtal verk som eg synst er interessante i det siktemål å sjå på nokre av dei sentrale tematikkane som går igjen i arbeidslitteraturen i dag.

Til dømes det klassiske samfunnsfilosofiske boka til Hannah Arendt (2012) Vita Vitae: Det virksomme liv haustar stadig relevans i dag som ein kritikk av lønsarbeidet og det kapitalistiske samfunnet. Boka til Arendt er på mange måtar ei fortsetjing av Marx sin kritikk, men ho tek kritikken eit steg vidare. Arendt meiner nemleg at det moderne lønsarbeidet fjernar fokus frå ting som burde vera, i fylgje henne, viktigare i livet. Her peiker ho mot politisk deltaking som meir meiningsfylt enn det å berre arbeida for kroner. Forklart på ein annan måte so meiner Arendt at arbeidet naudsynt og nyttig – men berre til eit visst punkt. For Arendt er mange samfunn i dag fylt med «verksame vesen» som fyrst og fremst arbeidar for løn som endeleg mål i seg sjølv. Ho meiner at ein heller bør arbeida for større sosiale og politiske mål og meiningar. Løn som mål i seg sjølv meiner ho forvitrar samfunnet og lèt moralen forfalla.

Sosiolog Richard Sennett stør seg ogso på kritikk av moderne lønsarbeid i sine to bøker: Det fleksible mennesket: personlige konsekvenser av å jobbe under den nye kapitalismen og The Craftsman (eller Håndværkeren på dansk viss ein føretrekkjer skandinavisk). I desse bøkene tek Sennett opp temaet korleis den moderne arbeidsmarknaden skapar brot og hol i livshistorier, og gjer det vanskeleg å finna tilfredsstilling og kontinuitet i arbeidet. Han skriv at «handverkaren» frå fortida som dyrkar virket sitt fritt utan påverknad frå dei stressande, urettferdige og upersonlege arbeidsvilkåra mange møter på i dag. Verka til Sennett føyer seg til lista over verk som kritiserer kva nyliberalismen gjer med einskildmenneske på det personlege plan og kva konsekvensar dette får.

I antropologiske kretsar er nok likevel den relativt nyutgjevne boka til David Graeber Bullshit Jobs det som er i elden om dagen. Kva er so «bullshit jobs» tenkjer ein med ein gong. Bullshit jobs er i fylgje Graeber jobbar utan sosial verdi enkelt forklart. Slike jobbar bidreg i liten grad til sosial verdiskaping i samfunnet som heilskap. Slike jobbar finn ein ofte innanfor konsulentverksemd, telefonsal, marknadsføring og so vidare. Med andre ord: hadde desse jobbane forsvunne, ville vi sannsynlegvis ikkje merka noko særleg til det. Graeber forklarer det slik i eit intervju (Illing 2019):

“Bullshit jobs are jobs which even the person doing the job can’t really justify the existence of, but they have to pretend that there’s some reason for it to exist. That’s the bullshit element. A lot of people confuse bullshit jobs and shit jobs, but they’re not the same thing. Bad jobs are bad because they’re hard or they have terrible conditions or the pay sucks, but often these jobs are very useful. In fact, in our society, often the more useful the work is, the less they pay you. Whereas bullshit jobs are often highly respected and pay well but are completely pointless, and the people doing them know this.”

1 Det finst ein god del kjende akademikarar (antropologar og anna) som har skrive om arbeid i ulike omfang. I norsk samanheng er kanskje den mest kjende sosiologiske studien Arbeiderkollektivet som er skriven ein gong på 60-talet om sosial organisasjon blant fabrikkarbeidarar. Dette er ein særs viktig studie som gjer eit djupdykk inn i kollektiviseringsprosessar på arbeidsplassen og korleis arbeidarar samhandlar. Denne boka har soleis vore eit slags referansepunkt i norsk arbeidslivsforsking. I norsk samanheng er derimot ein personleg favoritt verka til antropolog Hanne Müller som skriv om arbeidets fenomenologi og tileigning av taus kunnskap.

Altso er det er naturleg å ville bidraga til samfunnet, og desse stillingane – som i grunn ikkje er nyttige - avheng av konstant rettferdiggjering for at dei i det heile teke skal kunne halda fram eksistensen sin. Eit poeng eg hentar frå Graeber er difor på lik linje med det blant anna Castel (1996) meiner, at arbeid handlar om eller bør handla om høve til å føle seg og gjera seg nyttig for verda. Gjennom denne korte litteraturgjennomgangen har eg notert nokre av dei verka eg personleg synst er interessante i arbeidslitteraturen. Desse verka kritiserer i stor grad arbeid i kontekst av nyliberalisme/kapitalisme og dei problemstillinga som so oppstår. På ei anna side, stadfestar dei ogso den sentrale rolla til arbeid i menneskelivet. Det er denne rolla eg vil gå litt meir inn på no.

Skaparkraft i arbeidet Mykje av den litteraturen eg har kjapt gått gjennom, til dømes arbeida til Arendt, Sennett og Graeber, er opptekne av kva arbeidet tilfører samfunnet og fylgjeleg kva rolle arbeidet speler i det sosiale livet både individuelt og kollektivt. I desse verka har arbeidet ei sentral rolle i å skapa dette sosiale livet. Det er ein reiskap som menneske nyttar flittig for å oppnå livsmåla sine og å finna plassen sin i verda (få kjøpt bustad, reisa ut i verda osv.). Vi kan difor seia at arbeidet innehar ei slags skapande makt eller kraft. Det er nettopp her, når denne makta kjem til syne, at problemet med automatisering, hovudtema i teksten, kjem på bana. For kva skjer viss moglegheita til å taka opp arbeid forsvinn?

Automatisering på godt og vondt Automatisering2 er ein av de viktigaste endringsprosessane i det moderne arbeidslivet (sjå t.d. Héry 2018). Automatisering kan føra med seg permanent bortfall av faste arbeidsplassar viss ikkje staten regulerer arbeidet på ein annan. Desse reguleringane kan til dømes vera 6-timars arbeidsdag, borgarløn og mål om nullvekstøkonomi for å nå klimamål (færre arbeidsplassar vil sannsynlegvis verte skapte). Betre og smartare kunstig intelligens vert stadig utvikla og maskiner kan utfylla fleire og fleire oppgåver samanlikna med før. Automatisering har soleis høve til å radikalt endra arbeidskvardagen vår. Det store spørsmålet er korleis dette vil påverka arbeidet som ein skapande reiskap.

I Noreg er satsinga at «alle skal arbeida» og flest mogleg skal ha fast tilsetting. For å enno kunne vere «nyttige» for verda (Castel 1996) må staten difor garantera meiningsfylt virke for alle statsborgarar sjølv om det vært færre arbeidsplassar. Her er det rom for store samfunnsfilosofiske endringar som kan endra kva arbeidet er for noko og kva som skal vera målet vårt med arbeidet. Arbeidet kan gå frå å vera dominert av fokus på løn og fortsetjinga av forbrukarsamfunnet, til å retta seg mot større tema - litt slikt som Arendt (2012) talar for. Her er det store moglegheiter om høgare grad av politisk deltaking og nye meiningshorisontar viss arbeidstida vert redusert og automatisering i større grad realisert i framtida. Noko må ein jo bruka tida si på.

“Automatisering har soleis høve til å radikalt endra arbeidskvardagen vår.”

Illustrasjon: Håkon Asheim

This article is from: