Ei SK ord AP bo SF k fr O å RL AG ET N KU N
Leik med bokstavar og ord er artig! Mi første blå ordbok – Nynorsk gir alle barn i førskulealderen ei morosam innføring i alfabet og lesing.
Mi første blå ordbok – Nynorsk
Nynorsk
Nynorsk
Mi første blå ordbok – Nynorsk inneheld over 300 oppslagsord, og utvalet er kvalitetssikra av pedagogar i grunnskulen. Til kvart einaste ord høyrer ein flott og fargerik illustrasjon av Inger Landsem. Teikningane gjer at boka kan fungere som ei spennande peikebok så vel som barnas første møte med ei norsk ordbok. Oppdag den spennande verda i dei blå ordbøkene!
ISBN: 978-82-573-2064-5
9
788257 320645
Norskut vikla bok
– til beste for barnet!
Mi første blå
ordbok Nynorsk illustrasjonar Inger Landsem
KUNNSKAPSFORLAGET
Innhald
A B C D E F 6
13
12
16
4
17
MN O P Q R 36
39
45
40
46
42
© Kunnskapsforlaget H. Aschehoug Co. (W. Nygaard) A/S og Gyldendal ASA, Oslo 2009
Denne ordboka er ein tittel i same serie som Mi første blå ordbok Engelsk-nynorsk, Min første blå ordbok Bokmål (tidl. Norsk) og Min første blå ordbok Engelsk – bokmål (tidl. norsk). Denne serien byggjer på Oxford First Illustrated Dictionary frå Oxford University Press. Prosjektet har fått støtte til omsetjinga frå Norsk kulturråd.
Omsetjing: Janne Olden Illustrasjonar: Inger Landsem Fagkonsulent: Torill Strand Prosjektleiar: Bodil Aurstad Markedssjef: Anne Jorunn Skogøy
ISBN: 978-82-573-2064-5 Kunnskapsforlaget tek gjerne i mot forslag som kan vere til nytte i det vidare arbeidet med denne ordboka.
Redaksjon: Monica Kaasa, Anne Stuhaug, Bodil Aurstad, Kirsten Halvorsen
Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller i strid med avtalar om kopiering gjorde med Kopinor (www.kopinor.no). Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatnings- og straffeansvar.
Design: Lise Mosveen Omslagsdesign: SKIN DID IT! Grafisk ansvarleg: Ove Olsen Trykk og innbinding: AIT Otta Trykt i Noreg
www.kunnskapsforlaget.no
2
Ss syltetøy
symje
syngje
Syltetøy smakar søtt. Det er laga av bær eller frukt. Du kan ha syltetøy på maten.
Å symje er å bevege seg i vatnet utan å stå på botnen.
Du kan syngje ein song.
søle
søppel
sår
Når du søler, sprutar du noko utover.
Søppel er noko du kastar.
Eit sår er eit hòl i huda på kroppen.
54
A B C D E F G H I J K L M N O P QR S
T
UVWXYZÆØÅ
01234 56789 tal
tallerken
tann
Du treng tal for å telje og rekne.
Ein tallerken er til å ha mat på.
Ei tann er til å bite og tyggje med. Du har tenner i munnen.
tape
tog
tom
Tape er til å lime med.
Du kan reise med toget. Toget går på skjener.
Ein tom ting har ikkje noko inni.
55
Tt tomat
traktor
tre
Ein tomat er ei grønsak. Tomaten er raud.
Ein traktor er ei sterk maskin. Han har store hjul bak.
Eit tre er ei stor plante. Treet har stamme og greiner.
trene
trille
tromme
Å trene er å bruke kroppen slik at han blir sterk.
Runde ting kan trille. Ballen trillar ned bakken.
Ei tromme er ein slags boks til å slå på. Ei tromme er eit musikkinstrument.
56
Tt trøyste
trøytt
TV
Å trøyste er å vere snill mot ein som er lei seg.
Når du er trøytt, vil du sove.
Du kan sjå filmar og spele spel på TV-en.
tøffel
tørst
tåke
Ein tøffel er ein mjuk sko. Tøflar brukar vi inne i hus.
Når du er tørst, vil du drikke. Babyen er tørst.
Når det er tåke ute, er det vanskeleg å sjå. Tåke gjer verda grå.
57
ABCDEFGHIJKLMNOPQRST
U
VWXYZÆØÅ
UHU UHU
UHU UHU
UHU
UHU
ugle
ullteppe
Ei ugle er ein fugl som søv om dagen.
Eit ullteppe er varmt og godt.
under
uniform
ut
Babyen sit under bordet.
Uniformer er like klede for menneske som gjer same ting. Dei som spelar i korps, har uniform.
Når du går ut, sluttar du å vere inne. Jenta slepp ut katten.
58
V
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTU
WXYZÆØÅ
vaffel
varm
vase
Ein vaffel er ei kake. Vaffelen blir steikt i vaffeljarn.
Når noko er veldig varmt, kan du brenne deg på det. Kaffen er varm.
Du kan setje blomar i ein vase.
vask
vatn
ved
Du vaskar hendene dine i vasken.
Du kan drikke vatn og bade i vatn. Sjøar og elver er vatn.
Gutane sit ved sida av kvarandre.
59
Vv G A D N Å M G A D S TY G A D S N G O A D S R O T G A D E FR G A D R U A L G A D N SØ veke I ei veke er det sju dagar. Mandag • Tysdag • Onsdag • Torsdag • Fredag • Laurdag • Søndag
Vv veg
vekse
ven
På vegen kan bilane køyre.
Den som er liten, kan vekse og bli stor. Blomane veks om våren og sommaren.
Ein ven er ein du likar å leike med.
vind
vindauge
vottar
Vind er luft som rører seg.
Eit hus har vindauge. Vindauge er laga av glas.
Vottar er klede til å ha på hendene.
61