169
2018 - 1
48. ĂĽrgangen
2
Mål og Makt 2018 – 1
BLADSTYRAR Ingeborg Storesund Nes
OPPLAG 500
I SKRIFTSTYRET Ingeborg Storesund Nes Vemund Olav Aukrust Mathias Louis Sørbø
UTGJEVAR Studentmållaget i Oslo. Forfattarane står sjølve ansvarlege for innhaldet i artiklane.
ILLUSTRATØRAR Elfi Fei-Yin Liew Maria Buch Øystein Skjæveland
ISSN 0332-7744
BLADBUNAD Geir Egil Eiksund Odin Hørthe Omdal OMBREKKING Ingeborg Storesund Nes Mathias Louis Sørbø Vemund Olav Aukrust KORREKTUR Vegard Storsul Opdahl Sindre Seim Gulbrandsen Jorunn Simonsen Thingnes Kine Gjertrud Svori Eline Bjørke SLUTTKORREKTUR Ingeborg Storesund Nes Vemund Olav Aukrust Mathias Louis Sørbø
MÅL OG MAKT OG STUDENTMÅLLAGET I OSLO Lilletorget 1 0184 Oslo EPOST malogmakt@malogmakt.no INTERNETT smio.no malogmakt.no ÅRSTINGING Tre nummer, kr 200 For 2018 vart det berre gitt ut eitt nummer LYSINGAR 2500 kroner for éi side KONTONUMMER 3450 35 12671
PRENTEVERK Haakon Arnesen AS
3
KORT OM BIDRAGSYTARANE
INGEBORG STORESUND NES (f. 1996) Studerer informatikk og økonomi ved UiO. Liker: klementiner, målungdom og å gå tur langs Akerselva. Liker ikkje: kulde utan snø. MAI LENE HÆÅK (f. 1996) 22 år, jærbu og statsvitskapstudent på UiO. Liker politikk, strikking, nynorsk og blåbærpai. VEMUND OLAV AUKRUST (f. 1996) Frå Bøverdalen i Lom. Etter å ha vorte danna ute ved Høgskulen i Volda, freistar han som skulert uteliggjar tilværet som båtbuar ved sidan av kyrkjemusikkstudiet i hovudstaden. ROBIN LEANDER WULLUM (f. 1998) Robin Leander Wullum frå Trondheim er 20 år og byta til nynorsk som hovudmål i niande klasse. Dei tek tverrfaglege kjønsstudium på Universitetet i Oslo, og sit som økonomiansvarleg i Skeiv Ungdom sitt sentralstyre. Favorittfargen deira er gul, og på fritida jobbar dei som spansktolk. MATHIAS LOUIS SØRBØ (f. 1998) Kyrkjemusikkstudent frå Volda med ein spesiell kjærleik for Bach, mellomalderfilosofi og nynorsk. Sjølverklært altmogleg-nerd, men er faktisk ikkje spesielt god i realfag. Eller sjakk. Kan til gjengjeld bake kake. ØYSTEIN SKJÆVELAND (f. 1968) Bur i Kvinnherad i Sunnhordland, der han rører iskrem som han sel under namnet Isrosa og held høner.
LIVE ANDREA SULHEIM (f. 1990) Kjem frå Lom og studerer for tida «Master i praktiske mediefag» med dokumentarfotografi som hovudfag ved Høgskulen i Volda. Ho har jobba på Leirvassbu i Jotunheimen sidan 2007 og er mykje på tur i området. Bileta er eit utval av favoritturane hennar, som ho håpar kan inspirere. KJELL ANDREAS ODDEKALV (f. 1985) Kjell Andreas Oddekalv er nok best kjend frå rapgruppa Sinsenfist, under alter egoet "Dr. Kjell". Dette tilnamnet ser ut til å vere ein sjølvoppfyllande profeti, ettersom Kjell Andreas no arbeidar som doktorgradsstipendiat på RITMO på UiO. I tillegg til å vere forskar, gitarist og gangsta på heiltid er Kjell Andreas over middels oppteken av mat, vin og fisking. JON OLAV (f. 1995) Jon Olav er ein artist frå Sunnmøre som har for vane å ytre meiningane sine. Det siste halvåret har han vore aktuell med debutplata si Ung poesi, som byr på refleksjonar frå det unge sinnet til artisten sjølv. ASSAD NASIR (f. 1985) Er norsk- og samfunnsfaglærar på Mailand vidaregåande skule, og forfattar av boka Kunsten å være pakkis.
INNHALDSLISTE
7 LEIAR Ingeborg Storesund Nes 8 DEN HEILT ALMINNELEGE ANNLEISHEITA Mai Lene Fløysvik 11 EINAR GELIUS: FRÅ BY- TIL BYGDEPREST Vemund Olav Aukrust 17 KUNSTEN Å VERE USYNLEG Robin Leander Wullum 20 HEILAG ANNLEISHEIT Mathias Louis Sørbø 23 BOKMELDING: TINGEN MED FINGEN Øystein Skjæveland 25 NOVELLE: DET HAN IKKJE VISSTE Mathias Louis Sørbø 27 FOTOGRAFEN Live Andrea Sulheim 33 MASTEROPPGÅVA: Kjell Andreas Oddekalv 42 FAVORITTEN Jon Olav 44 DIKTET Assad Nasir
5
Mål og Makt 2018 – 1
6
Mål og Makt 2018 – 1
LEIAR
av INGEBORG STORESUND NES
Tema for dette bladet er å vere annleis. Dei fleste har nok kjent seg annleis ein gong eller to. Nokre gonger er det fint, som når ein skil seg ut for å ha gjort noko bra, men andre gonger kan det vere vanskeleg eller einsamt. Som nynorskbrukar er det ein sjanse for at ein vil kjenne seg annleis frå tid til anna. Difor er det viktig at vi har organisasjonar som Norsk Målungdom og Noregs Mållag kor ein slepp å vere den som skil seg ut, og som kjempar for at det ikkje skal vere vanskeleg å vere nynorskbrukar i Noreg. Som målungdom i Osloskulen kunne eg kjenne meg litt annleis. Men eg gjekk på ein skule med eit miljø som tillét folk å vere litt annleis, og der dei fleste hadde ganske gode haldningar til nynorsk og målungdommen. Dessutan trur eg veldig på at dei aller fleste som tenker seg litt om, vil lande på at det å vere ein målungdom verken er særleg negativt eller kontroversielt. Det burde i alle fall ikkje vere det. I tillegg har eg aldri, ved å vere ein målungdom, opplevd at samfunnet ikkje aksepterer meg som person. Det kan vere tungt og er noko Robin skriv om i teksten «Kunsten å vere usynleg». Eg trur det er viktig å lese og lære om folk som er annleis eller i mindretal, slik at vi kan vere med på å gjere det å vere annleis mindre vanskeleg og einsamt. Andre tekstar dokker kan lese i bladet er mellom anna eit intervju med ein litt annleis prest, ei annleis bokmelding, og ein tekst om korleis det er å vere kristen i eit sekularisert samfunn. Vi i skriftstyret håper dokker liker bladet. God lesnad!
7
av MAI LENE FLØYSVIK HÆÅK
Den heilt alminnelege annleisheita Eigentleg handlar det ikkje om å vere annleis, men om å vere mest mogleg unik i eit hav av like personar. Sommaren 2017 las eg Everything I never told you (Norsk: Alt jeg ikke sa) av Celeste Ng. Ei bok som først såg ut til å vere ein vanleg krim som tok sikte på å løyse ei forsvinning, viste seg etter kvart å romme langt meir enn det. Romanen tar opp kva som skjer når du på eine sida møter forventingar om å passe inn og på andre sida møter forventningar om å vere noko ekstraordinært. Lydia, hovudpersonen i boka, endar til slutt opp med å ikkje klare nokon av delane: Ikkje klarer ho å møte forventningane til faren om å passe inn som den einaste i klassen med orientalsk utsjånad. Ikkje klarer ho å møte forventningane til mora om få toppkarakterar og å utmerke seg fagleg.
8
Sjølv om romanen føregår i Ohio i 1977 er tematikken høgaktuell i Noreg i 2018. Kor mange ungdommar prøver vel ikkje å både passe inn og skilje seg ut? På den eine sida opplever ungdommar eit press om å ha dei riktige tinga for å passe inn. Det har vore slik i mange år. Då syskenbarnet mitt fekk sin første mobil for omtrent ti år sidan, vart gleda snart snudd til skuffelse då ho oppdaga at alle andre på skulen hadde Sony Ericsson medan ho hadde Nokia. Nokia var ikkje godt nok. I fleire år har det blitt rapportert om auka kjøpepress blant ungdom og elevar som kjem på skulen med luksusvesker som kostar opptil fleire tusen. Alt for å passe inn i gjengen. I sosiale media ser me bloggarar og såkalla «influencarar» skrive:
Mål og Makt 2018 – 1
«Mange har spurt meg om kor eg har kjøpt denne måte å vere litt mindre lik på. kjolen» eller «Mange har spurt meg om kva filter Då eg var omkring ti år las eg Anne fra Bjørkely eg nyttar på bileta mine». Jaget etter å passe inn og for første gong, suksessboka skriven av Lucy M. ha det same som andre er der heile tida. Montgomery som i fjor vår fekk nytt liv gjennom På den andre sida er det eit press om å skilje seg Netflix-serien Anne With an E. Alle som har lese ut, gjere noko ekstraordinært og ikkje vere ein i bøkene om Anne Shirley eller sett filmane eller TVmengda. For kven vil vel vere ei serien veit at ho er spesiell. grå mus som ikkje utmerkar Ho er annleis. Det er ikkje seg på noko område? Svaret er For kven vil vel vere ei grå ei «skilje-seg-ut-når-dunok at mange hadde vore mus som ikkje utmerkar seg på søker-jobb»-annleisheit. tilfredse med det, men presset noko område? Svaret er nok at Det er ein ekte måte å vere om å utmerke seg er stort. Kor mange hadde vore tilfredse med annleis på. Anne er seg mange gonger har me ikkje sett det, men presset om å utmerke sjølv, på godt og vondt. Litt overskrifta: «Slik skil du deg ut seg er stort. tankelaus, litt for god til å i mengda når du søker jobb»? drøyme seg bort, litt for Presset om å utmerke seg på god til å dele opp personar denne måten handlar ikkje så mykje om å vere annleis etter om dei er «beslekta sjeler» eller ikkje. På den som å skilje seg ut blant fleire like personar. Kva er andre sida er ho smart, vittig og har ei evne til å seie eigentleg skilnaden mellom motebloggen som ligg i frå om urett. Ho er engasjert, livleg og fantasifull. øvst på topplista og motebloggen som ligg som tjue Ho er seg sjølv fullt ut, og difor er ho annleis. eller førtiåtte på topplista? Mest sannsynleg liten Anne Shirley viser at å vere annleis ikkje bortsett frå at bloggaren øvst på lista har funne ein nødvendigvis handlar om å skilje seg ut, men om å
9
Foto: Matheus Bertelli/pexels.com
vere seg sjølv fullt ut. Som samfunn har me ein tendens Til sjuande og sist er det kanskje orda til forfattaren til å hylle annleisheita når ho kjem i form av sterke og lyrikaren Jan Magnus Bruheim som treffer best kvifor idrettsprestasjonar eller eit sjusifra tal på avspelingar annleisheit og mangfald er viktig: på Spotify. Den heilt alminnelege annleisheita derimot, den som kjem i form av at nokre ikkje følger straumen, at dei bryt med normer og konvensjonar, at ikkje alle «Om alle tre var like har behov for å passe inn i form av dyre vesker eller og alle blomar blå og alle riktig mobiltelefon - den hyllar me ikkje like mykje. Har fuglar svarte og alle dyra grå, du lese Snorres Kongesagaer før du var ti år? Sært. det trur eg ville gjera Unngår du å ete kjøtt og køyre bil for å redde kloden? oss meir enn vondt å sjå» Du er fanatisk. Står du for politisk «ukorrekte» meiningar? Illiberalt.
10
Mål og Makt 2018 – 1
av VEMUND OLAV AUKRUST
Einar Gelius: Frå by- til bygdeprest Ein hustrig haustkveld i hovudstaden tek eg ein telefon til Einar Gelius, soknepresten i Lom. Eg undrast på korleis det var for ein etter kvart noko omstridd prest i Oslo å koma til ei lita fjellbygd. Korleis var det å skulla ha nynorsk som hovudmål i arbeidet? Kva tykkjer han er annleis frå å vera prest i byen? – Korleis opplevde du overgangen frå Vålerenga til Lom? Har du vore prest i nokonnynorskkommune før du kom til Lom?
– No er det slik at eg ikkje kom rett frå Vålerenga til Lom, eg hadde einpause frå prestegjerninga på to–treår der eg budde på Sørlandet og dreiv som sjølvstendig næringsdrivande. Eg starta prestekarrierenminfor mange år sidan i Innherred i Trøndelag, der eg budde og var prest i ni år. Det minner jo på sett og vis mykje om NordGudbrandsdalen; det var ikkje dei heilt store tilhøva der heller. Å koma ut av byen og til bygda var slik sett ikkje så ukjentfor meg, ettersom eg hadde budd i ei typisk norsk bygd før. Frå Trøndelag er eg òg vand med å ha både liturgi og salmesong på nynorsk.
– Trivst du i BygdeNoreg?
– Ja, eg trivst eigentleg både i byen og på bygda, men eg må jo til Oslo av og til når eg bur i Lom. Eg har born og barneborn som bur i Oslo-området, og så har eg hus på Sørlandet, så det er fleire ting som gjer at eg trekkjer sørover av og til. – I Lom utgjer høgfjellet ein viktig del av både naturen så vel som kulturen. Trivst du til fjells, til dømes på Prestsetra som høyrer til prestegarden?
– Eg har vore ein del på Prestsetra, ja, det er ein veldig flott og triveleg stad. Det er ikkje mange prestar som har si eiga prestehytte! Eg har vakse opp ved havet og sjøen, så for meg er dette ei ny
11
Einar Gelius (fødd 1959 i Arendal):
Blir beskriven som Noregs mest profilerte prest, med over 30 års erfaring som prest i Den norske kyrkja. Han tok teologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1985 og var prest i Trøndelag i ni år før han kom til Vålerenga der han var sokneprest frå 1995 til 2011. Gelius leverte oppseiinga der i 2010, mellom anna etter å ha vekt oppsikt med boka Sex i Bibelen (2010). Sidan 2014 har han vore sokneprest i Lom i Nord-Gudbrandsdalen og driv i tillegg til prestegjerninga føredragsverksemd. Gelius er kjend som ein ivrig samfunnsdebattant og har skrive fleire bøker og kronikkar. Ved sida av å ha delteke i fleire fjernsyns- og radioprogram har han mellom anna hatt sitt eige radioprogram på P4 i over ti år, «Gelius og hvermann». https://www.seminarpartner.no/person/einar-gelius/
verd, det å bu så langt oppi fjellet. Det er jo spektakulært, det òg, å sjå heile Jotunheimen, så eg har vorte svært glad i fjellet! Men eg må ned til Sørlandet innimellom for å sjå havet. Eg har nok ei større dragning mot havet og sjøen frå yttersida av kysten enn til fjellet, men eg er jo heldig som får litt av båe delar. – I Lom er det kanskje noko færre kyrkjegjengarar enn det var hjå deg i Oslo. Slit du innimellom med å motivere deg sjølv til å laga ei ny preike til kvar sundag?
– Det bur jo noko færre folk her enn i Oslo, så oppslutnaden varierer litt. Men dette varierer stort i byen òg, alt ettersom kva type messe det er. Likevel kan du seia at folkekyrkja – dei kyrkjelege tradisjonane – står svært sterkt i Lom. Og det ser ein på oppslutnaden om kyrkjelege handlingar som konfirmasjon, dåp og gravferd, som har meir eller mindre 100 prosent oppslutnad! Sjølv om eg no har vore prest i 30 år, er det støtt ei
12
utfordring i å tolke ei gamal bibeltekst inn i vår tid og kontekst, som vi jo skal gjera. Og denne utfordringa har ein uansett, uavhengig av kvar ein er. Folk er folk, same om dei bur i storbyen eller på bygda, og når det gjeld jobben min som prest, så gjer eg jo akkurat det same her som eg gjorde på Vålerenga. Eg døyper folk, konfirmerer folk, gravlegg folk, har samtalar med folk i sjelesorg og så bortetter. Det er meir dei sosiale og kulturelle tilhøva som er annleis frå byen til bygda. – Vil du setja ord på nokre skilnader du har merka deg?
– Her er det meir stabilitet og kontinuitet. I byen er det mykje meir inn- og utflytting, heile tida variasjon. Her står nok tradisjonane sterkare enn i byen, fordi ein i byen har mange fleire impulsar og alternativ enn ein har på bygda. Det er jo ikkje nett den store inn-og utflyttinga i Lom kommune, så framtida blir på eit vis meir føreseieleg, og arbeidet har meir kontinuitet over seg her enn det hadde på Vålerenga, der det heile tida er inn-og utflytting. I
Mål og Makt 2018 – 1
Foto: Hans Erik Kjosbakken/Fjuken
Lom veit ein at dei folka ein har møtt her, som regel blir buande. – Somme meiner kanskje at nynorsken kling vakkert og poetisk, velpassande for høgtidsstemte høve (til dømes når det gjeld fleire av fedrelandssalmane på 17. mai), men korleis stiller du deg til «kvardagsnynorskbruken»?
– Ja, det høyrer eg mange seia, og eg kan nok vera samd i at det er eit vakkert liturgisk språk i kyrkja! Men så har du samstundes somme gonger det – og det har eg møtt her i Lom òg – at det kan vera meir unaturleg med nynorsk, til dømes når vi syng salmen «O bli hos meg». Her oppe vil mange at vi heller skal syngja «O bli hos meg» enn «Å ver hjå
meg» – den nynorske teksta blir unaturleg for nokon ettersom dei er så vande med å høyre «O bli hos meg». Det er einviktig nyanse at ikkje nødvendigvis alt blir penare og meir vakkert på nynorsk, det er ikkje alt på nynorsk som lyder like bra. – No som vi nærmar oss jol, er det ein del jolesongar som kanskje har litt ulikt innhald på nynorsk og bokmål, slik som «Glade jol». Har du nokon personlege preferansar når det gjeld salmesongspråk?
– Det er klart at eg i utgangspunktet er mest vand med bokmål, men no som eg bur i Lom, er eg òg vorten vand med dei nynorske salmetekstene. Men
13
som dei seier her oppe: «Det kvittar litt!» [«Det spelar inga rolle», red.merk.]. Det «kvittar» om jolesalmane er på nynorsk eller bokmål, men no som eg er her og har nynorsk som kyrkjespråk, er det naturleg at vi då òg syng den nynorske teksta. – Har du vorte påverka av dialekta i Lom, eg har inntrykk av at du har snappa opp nokre ord og uttrykk?
– Ja, eg har jo budd så mange stader, så eg er svært påverka. Då eg budde i Trøndelag, fanga eg opp mange lokale ord og vendingar, og det har eg nok gjort her òg. Men eg legg ikkje medvite om dialekta når eg skal halde preike – ho held eg på mitt vanlege bokmål, som fell meg naturleg. Når eg derimot skriv meldingar, brev eller pratar med folk, så kan det vera at eg nyttar både nynorsk og bokmål om einannan, og har nokre dialektord innimellom. Når eg treffer folk på butikken, så spør eg «Korleis gjeng det med deg?» og ikkje «Hvordan har du det?», og då får eg jo svar. – Jau, for du er flink til å vera ute blant folk?
– Ja, eg likar no å vera ute blant folk. Skal du vera prest, så må du jo engasjere deg i folk og folks liv. Som prest er du oppi folk heile tida, du møter folk anten du vil eller ikkje, sidan du har ein jobb som gjer at du må møte menneske i både glede og sorg. Skal du ha ein slik type jobb, må du vera glad i folk, og du må omgåast med folk.
14
– Du tykkjer altså ikkje at det til tider blir for smått oppi dalom?
– Det er stor skilnad på vinter og sumar: No på vinterstid er det svært stille og roleg, men om våren og sumaren er det meir liv, for då er det mykje meir folk. Det er ikkje berre typisk for Lom, men typisk for mange slike små bygdesamfunn er at det er ganske stilleståande på eit vis. Ein er gjerne skeptisk til endring og til nye ting – det skal helst vera slik det alltid har vore. Der har du igjen dette med tradisjonane: Folk er svært opptekne av tradisjonane, og der blir det litt slik at skal ein endre på ting, så skal ein helst bruke lang tid på å vurdere, filosofere og tenkje gjennom det før ein kanskje kjem fram til ei avgjerd! Og det tykkjer eg er litt typisk – alt tek veldig lang tid. Og det er jo litt uvantog keisamt for oss som er vande med at ting skjer fort, og at vi berre må ta nokre avgjerder av og til. Eg trur dette er litt typisk for Bygde-Noreg, at det tek lang tid. Det er klart det er viktig å ta avgjerder som er grundig og vel gjennomtenkte, men viss det tek år og dag før ein kjem fram til ei avgjerd, så kan ein risikere at toget har gått, og då står ein att på stasjonen. Det er jo alarmerande for Lom at folketalet stuper dramatisk og arbeidsplassane forsvinn. Og kva gjer ein med det? Det undrar meg at ein sit her og stadig vekk ropar etter fleire pengar frå staten. Men det nyttar jo ikkje det heller – ein er nøydd til å gjera nokre grep som kommune sjølv, òg! Ein må tenkje kreativt, ikkje sant. Det er jo veldig interessant at Lom kommune har som slagord og visjon å vera «gjestfri
Mål og Makt 2018 – 1
og nyskapande». Gjestfri er ein jo her på mange måtar, det ser ein jo her på sumarstid, men «nyskapande»? Det kan eg ikkje akkurat seia å ha sett så mykje til på dei fire åra eg har budd her. – Du har jo vore framme i media i ein del samanhengar, og vart nok sett på som kontroversiell etter at du gav ut boka Sex i Bibelen i 2010, men ser du på deg sjølv som ein «annleis prest» på noko vis?
– Eg nok har vore litt annleis på den måten at eg ikkje har vore redd for å seia meininga mi. Eg har eit veldig engasjement, og det er det jo ikkje alle som toler. Dermed har det vorte ein del diskusjon og debatt kring både meg og tenesta mi på grunn av at eg har vore engasjert og tydeleg nokre gonger. Både tydeleg og synleg, og det er det jo ikkje alle som likar. Men det eg har opplevd gjennom 30 år som prest, er at eg støtt har fått veldig mykje støtte frå folk på grasrota – og det har vore utruleg triveleg!
Foto: Mathias Jørgensen/VG 15
Eg set stor pris på det å få oppmuntrande attendemeldingar frå folk, så får eg då heller tola litt kritikk elles. – Du er kjend som ein ihuga Vålerengatilhengar og har mellom anna hatt VIFflagget vaiande over prestegarden. Er fotball og kyrkje ein god kombinasjon?
– Det står vel i skrifta òg, det om ei sunn sjel i ein sunn lekam. Eg trur det berre er triveleg og viktig at ein som prest har andre interesser enn dei som er knytte til arbeidet. Då eg budde på Vålerenga i 16 år, var idrett og fotball ein viktig del, og då var det naturleg for meg å engasjere meg i det. Og så er det jo òg mange interessante likskapstrekk mellom fotballen og det religiøse: Du har sjølve fotballarenaen, som er som ei kyrkje. Du har dette med fargane: Fotballag har ulike fargar, og det har vi jo òg i kyrkja i form av liturgiske fargar. Du har til og med tal på draktene, og dette med talmystikk er òg viktig i den kristne religiøse samanhengen. Du har fotballsongane – mange tilhengarsongar som ljomar på tribunen – nett som vi syng salmar i
16
kyrkja. Du har dommaren som på sett og vis spring rundt der med drakta si, og du har presten i prestekjolen sin. Det er eigentleg svært mange interessante likskapar mellom fotballen og det religiøse og kyrkjelege. Det byrjar å kveldast, så vi blæs av denne omgangen – eg takkar så mykje for praten og legg på røyret. Gelius tok opp ei utfordring som kanskje finst fleire stader i Bygde-Noreg: Korleis kan ein hevde medvitet over tradisjonane – som har noko over seg som er «annleis» frå det «normale i dag», trass i at grensene mellom «annleis» og «normal» saktens ikkje lenger er så klare – utan at tradisjonsmedvitet går over i stillstand og motvilje mot endring? Forfattaren og filosofen Henry David Thoreau, som var talsmann for friluftslivet på 1800-talet og såleis òg var ein «annleis kar», står bak fylgjande ord: «Dersom ein mann ikkje går i same takt som alle andre, kjem det kanskje av at han høyrer ein annan trommeslagar. Lat han vandre i takt med den musikken han høyrer (...)» (Thoreau: Livet i skogene / Walden, 1884).
Mål og Makt 2018 – 1
av ROBIN LEANDER WULLUM
Kunsten å vere usynleg Mange av oss skulle gjerne hatt superkrefter, og det å kunne vere usynleg er noko dei fleste kunne ynskje seg. I dagleglivet er det dessverre ikkje veldig praktisk. Det finst eit breitt spekter av kjønnsidentitetar, på same måte som det finst eit breitt spekter av variasjonar i biologisk kjønn. Sjølv om du berre lærte om dei biologiske kjønna mann og kvinne i naturfagstimane, tyder ikkje det at det ikkje finst eit større mangfald. Det er mange av oss som har ein kjønnsidentitet som heilt eller delvis ikkje svarar til det kjønnet me vart tildelt ved fødsel. Korleis folk definerer si kjønnsidentitet er veldig individuelt. For nokon tyder det at dei ikkje har ein definert kjønnsidentitet, at dei identifiserer seg som både mann og kvinne, eller at dei har ein kjønnsidentitet som er noko heilt anna og totalt uavhengig frå det binære kjønnssystemet. Mange av oss føretrekk at me vert omtalte med kjønnsnøytralt språk, medan nokon av oss har ikkje noko imot å verte snakka om med «tradisjonelt feminint» eller «tradisjonelt maskulint» språk. For å vere på den sikre sida, er
det alltid lurt å spørje på tomannshand om kva pronomen og skildrande ord personen er komfortabel med. Det er likevel sånn at det ikkje alltid passar seg å spørje kva pronomen nokon føretrekk, i dei tilfella er det lurt å bruke noko kjønnsnøytralt fram til ein får annabeskjed. I Noreg er dei mest brukte kjønnsnøytrale pronomena «dei», «hen» og «hin». Nokon bruker berre eit sett pronomen, andre bruker fleire. Normene i samfunnet har ein påverknad på alt me gjer. Cisnorma er basert på tanken om at det berre finst to kjønn, at dei er gjensidig utelukkande kategoriar, og at alle skal identifisere seg med det kjønnet ein vart tildelt ved fødsel. Heteronorma legg grunnlaget for korleis ein skal oppføre seg som anten mann eller kvinne, og legg grunnlaget for forventninga om at menn og kvinner skal verte tiltrekte av kvarandre. Det kan vere vanskeleg å vere seg sjølv i eit samfunn der ein konstant vert
17
Illustrasjon: Maria Buch
18
Mül og Makt 2018 – 1
fortalt at ein ikkje eksisterer. Normene samfunnet har for kjønnsuttrykk gjer at dei av oss som bryt med kjønsnormene ofte opplever sosiale sanksjonar. Dei av oss som ikkje tydeleg følgjer kjønnsnormene for utsjånad møter ofte problem når offentlege rom blir kjønnsdelte. Det gjer at nokon av oss unngår nokre aktivitetar eller plassar fordi me veit dei ikkje er tilrettelagde for eksistensen vår, og dei kan opplevast som ukomfortable eller utrygge. For dei av oss som ikkje tydeleg ser ut som anten menn eller kvinner, og som ikkje identifiserer oss med nokon av dei alternativa, er det ofte ikkje noko godt alternativ. Få plassar har kjønnsnøytrale toalett eller garderobar, og det gjer at mange aktiviteter og rom ikkje er tilgjengelege for oss, akkurat som om me ikkje hadde eksistert. Offentlege rom er ikkje laga for oss, og difor vert me hypersynlege når me først skal bruke dei. I Noreg har me to juridiske kjønnskategoriar, og av dei fem siste tala i personnummeret ditt seier det tredje sifferet om det juridiske kjønnet ditt er mann ellerkvinne. 1. juli 2016 tredde Lov om endring av juridisk kjønn i kraft i Noreg. Ho mogleggjer endring av juridisk kjønn frå «mann» til «kvinne» eller omvendt, utan krav om fysiske inngrep eller diagnosar. Men sjølv med denne lova får ikkje dei av oss som korkje er menn eller kvinner ha et juridisk kjønn som speilar vår
identitet. For mange av oss er mangelen på juridisk erkjenning utfordrande. Offentlege dokument har berre to boksar ein kan krysse av i, og ingen av dei passer. Skeiv Ungdom hadde i desember 2017 ein underskriftskampanje for erkjenning av eit tredje juridisk kjønn, som fekk 2691 underskrifter. Oppslutninga viser at juridisk erkjenning er naudsynt, og at mange ikkje lenger vil vere usynlege. Kravet om eit tredje juridisk kjønnsalternativ handlar ikkje om å gje særrettar ein liten gruppe i samfunnet. Det handlar om å gje alle lik rett til å ha eit juridisk kjønn som stemmer overeins med sin eigen identitet. Skeiv Ungdom jobbar for kvar einskild person sin fridom til å vere seg sjølv, uavhengig av kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og seksualitet. Me meiner at tvungen kjønnskategorisering er skadeleg og avgrensande, og at alle må få moglegheit til å utforske og utvikle si eiga kjønnsidentitet og -uttrykk utan å møte sanksjonar eller diskriminering. Det å vere ikkje-binær er som om den superkrafta til å vere usynleg alltid funkar motsett av korleis den eigentleg skal. Usynleg i statens auge, alt for synleg når ein skal bruke eit offentleg toalett.
19
av MATHIAS LOUIS SØRBØ
Heilag annleisheit Som kristen kan ein av og til oppleve at ein lever litt annleis enn det som blir sett på som normalt i samfunnet. Dette er noko som har prega dei kristne sidan starten, då dei skilde seg tydeleg ut frå både jødar og frå grekarar og romarar. I dag er kanskje det å avstå frå alkohol og fri sex typiske måtar ein del kristne skil seg spesielt ut på. Kva får nokon kristne til å frivillig avstå frå verdslege gode? Det er lett å tenkje seg at ein slik fromheit kan grunnast i eit håp om løn i etterlivet, eller frykt for straff. Og dette har utan tvil vore viktig for mange. Men sjølv om etterlivet definitivt er ein del av den kristne læra, er det ikkje nødvendigvis det viktigaste. Heilt frå mellomalderen av har dette fått eit stort fokus, men det kristne håpet handlar òg om noko heilt anna. Den store visjonen som går gjennom heile den bibelske forteljinga er nemleg den om sameininga av
20
himmelen og jorda – om å la Guds rike kome til jorda, som vi ber i Fader vår. Sagt på ein enkel måte trur vi kristne at vi har eit oppdrag om å jobbe mot ei forvandla verd. Vi trur at vondskapen i verda heng saman med at verda har vendt seg bort frå Gud, som er godheita sjølv. Når ein vender seg bort ifrå det gode endar ein opp med det vonde, som om vi vender oss vekk ifrå lyset og går inn i mørket. Nettopp dette biletet brukar Jesus når han kallar
Mål og Makt 2018 – 1
seg verdas lys, og på same måte tenkjer vi kristne brukt om ein guddomleg og vilkårslaus kjærleik. at vi skal reflektere Jesu lys i ei mørk verd. Det som skal kjenneteikne dei kristne er eigentleg Om ein skal vere eit lys i mørket må ein nettopp dette, ein kjærleik utan krav eller nødvendigvis skilje seg ut. Korleis dette ser ut kan føresetnadar. Det er vi nok altfor dårlege på. kanskje vere vanskelegare å vite. Store delar av det Så lurer de kanskje på etter all denne forklaringa, nye testamentet handlar om nettopp korleis kristne kvifor vel enkelte kristne å avstå frå enkelte godar, skal leve, og det som kanskje er uventa for mange som til dømes å drikke, om det ikkje er noko forbod er at det i liten grad er snakk om eit sett med reglar. mot det? Det er sjølvsagt varierande frå person til I staden ser vi lister med dydar, ein slags gode person kva som er grunnen til det, og noko av det eigenskapar, som ein skal kan handle om det som allereie streve mot. Dette er til dømes er nemnt. Det kan til dømes audmjukskap, tolmod, [...] men det handlar òg vere ein måte å utøve sjølvdisiplin og glede (ja, om ein tredje ting; sjølvdisiplin på, og for nokre glede!). Nemleg kva som er det er det kanskje enklare å ikkje Men aller mest snakk er ultimate målet med drikke i det heile tatt enn å det om kjærleik. Eit enkelt handlingane våre. drikke med måte. For andre søk i nettbibelen viser at det kan det vere for å tydeleg ta er 117 ulike stadar i det nye avstand frå ein usunn testamentet som brukar ordet kjærleik, og ein får drikkekultur i samfunnet vårt. Begge desse enda fleire treff på verbet å elske. Jesus seier til grunnane er gode og viktige, men det handlar òg disiplane sine under det siste måltidet at «På det om ein tredje ting; Nemleg kva som er det ultimate skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har målet med handlingane våre. kjærleik til kvarandre» (Joh 13,35). Ordet som blir Ein som prøver å svare på dette spørsmålet frå brukt for kjærleik her er på gresk agape, og blir eit kristent perspektiv er mellomalderfilosofen
21
Mål og Makt 2018 – 1
Thomas Aquinas. Han lagar ei liste over kva som verkar for mange kristne ikkje som ei freisting, kan vere det ultimate målet vårt, og den er like men som noko tomt og meiningslaust. Dette betyr relevant i dag. Han forklarar at det ikkje kan vere ikkje at kristne ikkje kan kose seg med gode ting, pengar eller makt, for begge desse er berre middel også i form av alkohol, men fokuset er kanskje som vi kan bruke til å få noko godt (eller vondt). ein litt annan stad. Vi trur det finst større glede Det som er vanlegare å enn den ein får av alkohol, tenke er kanskje at nyting pengar, mat og andre er målet vårt. Aquinas Det som er vanlegare å materielle godar. hevdar derimot at det tenke er kanskje at nyting Alt dette kan verke berre er ein konsekvens av er målet vårt. Aquinas framand og rart. Og dersom noko godt og ikkje noko hevdar derimot at det berre ein trur at kristendommen godt i seg sjølv. I boka si er ein konsekvens av noko berre er tull, så kan det om Aquinas summerer godt og ikkje noko godt i verke merkeleg og kanskje Edward Feser det opp slik: seg sjølv. til og med tåpeleg å leve ut «Our ultimate end can ifrå ein kristen tankegang. only possibly be Det er heller ikkje noko mål something ‘which lulls the appetite altogether’, for oss å tvinge andre til å leve på same måten beyond which nothing more could be desired, and som vi gjer. Men dersom ein trur kristendommen thus something absolutely perfect. And ‘this is to er sann, så gir det også meining å leve ulikt det ei be found’, Aquinas concludes ‘not in any creature, ikkje-kristen verd gjer. Ei slags heilag annleisheit, but in God alone’» kan du seie. Når Gud er målet ein søker er det ikkje alle nytingar som er like freistande. Fyll og festing
22
Mål og Makt 2018 – 1
av Ø YSTEIN S JÆVELAND
Bokmelding:
Tingen med fingen Ein gong i blant kjem det ei bok som verkeleg set seg fast i minnet. Ei bok der du hugsar lange avsnitt ordrett, der du finn gullkorn du kan dra fram i selskapslivet og i julebrev. Ei bok som er så velskriven, spanande og oppslukande at du gløymer alt anna og les boka frå perm tilperm. Gjerne fleire gongar. Dette er nok ikkje ei slik bok. Dette er derimot ei bok som hiv seg på trenden med å skriva om kroppsdelar med rim i tittelen (tenk på Sjarmen med tarmen, Hjernen er stjernen og Gleden med skjeden). Men om du er ørlite skeptisk til forlagsbransjen sin vilje til å klemma denne rimsitronen endå litt meir, så kan du godt leggja uviljen til sides. For det er faktisk mykje å seia om fingen, gjerne meir enn dei fleste tenkjer på til dagleg. Fingen har festa seg i språket vårt og kulturen vår – tenkt berre på Guds finger i taket på det sixtinske kapellet i Roma. Me snakkar om å ha ein finger
med i spelet, å vera klåfingra, å syna ein åtvarande peikefinger, å vera fingernem, og somme likar å visa fingen til andre. Dei som har greie på slikt seier at fingrane våre er noko av det som har gjort oss menneske til det me er. Særleg det at me har tomlar som står mot resten av fingrane slik at me kan gripa om ting. Det har gjort oss i stand til å laga verktøy, veva klede, byggja syklar og symaskinar. Og denne teknologien har me bygd så langt ut at me i dag snakkar om at me er i ein digital tidsalder. Og sjølve dette ordet har også med fingeren å gjera – digitus
23
Illustrasjon: Øystein Skjæveland
er det latinske ordet for finger. Har det å gjera med å telja på fingrane, tru? Dette går forfattaren nærare inn på i boka. Tingen med fingen ser altså på fingrane våre både med historiske, anatomiske, kulturelle og språklege briller og meir til. Boka er rikt illustrert av fingrar av alle slag, frå urtida og fram til i dag. På pressekonferansen for boka (der det vart servert fingermat) la forlaget fram planane for dei neste titlane i serien av kroppsbøker: Stoda for tåa, Strevet med skrevet, Smaken av kjaken, Gleda med knea, Æra av blæra og Dumpa av rumpa. Som ei avslutning er samle-bandet Toppen med kroppen planlagt i tide til
24
julesalet 2019. Forlaget har funne ut at konseptet er så vellukka at det også kan utvidast til ymse kvardagsutstyr, interiør og husbunad. Difor er desse titlane også venta med det fyrste: Greia med skeia, Det store med bordet, Fortrylla av hylla og Neppe på teppet. Tingen med fingen. Av Sinbad G. Opedal. Paddehatt forlag 2018. 123 sider (innbunden). Med illustrasjonar i fargar.
Mål og Makt 2018 – 1
NOVELLE
av MATHIAS LOUIS SØRBØ
Det han ikkje visste Han hadde i grunnen aldri kjent seg einsam. Han hadde det godt i eige selskap, og dessutan var han jo saman med folk ganske mykje. Nesten kvar dag, faktisk. Han var berre ikkje typen som inviterte folk heim til seg på middag eller kaffi. Hadde ikkje behov for slikt. Ein samtale under lunsjen eller i gangen heldt lenge. Han hadde aldri kjent seg verkeleg einsam. Før i natt. Eigentleg starta det kanskje tidligare på dagen. Då han tok T-bana heim frå skulen, og det allereie var blitt mørkt. Då han sat midt mellom travle, ukjende folk som helst ikkje ville vere der, og han såg ut vindauget i haustmørkeret og såg ei verd han ikkje kjente seg som ein del av. Han såg spegelbiletet av alle dei andre på banen. Mannen med kvitt skjegg som las ei krøllete avis, dei to kollegaane som ikkje la frå seg jobben før dei var gått av banen, og alle dei som gjorde omgjevnadane usynlege for seg sjølve ved hjelp av mobilen. Men seg sjølv såg han berre ein vag skugge av. Og det verka ikkje som om nokon andre merka at han var der heller. Kanskje starta det allereie om morgonen. Då han vakna klokka seks utan grunn, sliten av manglande søvn, men utan evne til å sovne igjen. Då han låg fredlaus og snudde seg i senga utan å lage ein lyd. Lyset frå morgonen hadde allereie begynt å trenge gjennom sprekka i rullegardina og var som ein ubeden gjest på den tronge hybelen. Men han vart aldri sur, berre låg tolmodig og venta til alarmen ringde, vel vitande om at søvnen no var øydelagd. Kanskje starta det allereie på måndagen, då ein medstudent spurde om det gjekk bra, og han svarte
25
ja, for han visste ikkje kva anna ein kunne svare. Det finst liksom berre eitt svar på det spørsmålet. Og dessutan gjekk det vel ganske bra? Når han tenkte etter, kom han ikkje på noko som gjekk spesielt dårleg i alle fall. Og dermed vart ikkje den samtalen heller spesielt lang. Uansett kva tid denne einsemda sneik seg inn hjartet hans, var det først no han skjønte det. Eller det gjorde han vel eigentleg ikkje, men at noko var galt, skjønte han. Og han klarte liksom ikkje å finne roa uansett kor hardt han prøvde. Verken skulearbeid, seriar eller musikk fungerte. Han kjende seg like distansert frå sine omgjevnadar uansett. Ikkje klarte han å legge seg til å sove heller. For å kvitte seg med uroa i kroppen bestemte han seg til slutt for å gå ein tur ut. Det var ein fin turveg i grunnen, gjennom ein open, smal lauvskog, opplyst av skeive stållykter med litt for lang avstand mellom. Grusvegen var full av små hol laga av spreidde regnbyer og gulbrun av fallne lauv. Vegen gjekk langs ei elv som på våte dagar kunne vere svært stri. Han kom til å tenkte på ho som vart tatt av straumen akkurat her for mange år sidan. Ho vart funnen to dagar seinare langs elvebredda lenger sør av eit frivillig leitemannskap. Alle moglege venar og kjende hadde hjelpt til i søket. Det var no han kom på at han kanskje skulle ringe nokon. Kanskje det trass alt ville hjelpe å snakke med nokon? Han måtte vel innrømme at det var ei løysing han nesten aldri hadde prøvd før. Han bladde gjennom kontaktlista, som forresten var mykje lenger enn han tenkte ho var, for å kome til den einaste nære venen han hadde – i alle fall den einaste han kjende det nesten var naturleg å ringe til i ein slik situasjon – og etter litt nøling, og ei kraftig auke i puls, tok han valet om å ringe til venen sin. Venen svarte ikkje. Og det var heller ikkje så rart. Klokka var trass alt snart tre om natta, og han kunne nesten kjenne torsdagens tunge steg i brisen frå aust. Det han ikkje visste, var at ho som stod over venen i kontaktlista, låg vaken denne natta og tenkte nettopp på han. At ho hadde venta så lenge på at han skulle ta kontakt, at ho hadde svart han i kva situasjon som helst. Heller ikkje visste han at ho kunne kurere hans einsemd. Det fann han aldri ut. Det han ikkje visste, var at han som stod under venen på kontaktlista, den same studenten som han hadde møtt i gangen på skulen på måndag, hadde tatt telefonen om han ringde. Han visste ikkje at denne medstudenten hadde lurt på om alt faktisk var bra. At han faktisk hadde tenkt litt på han i det siste. Det fann han aldri ut. Det han ikkje visste var at også eg ville tatt telefonen om han ringde. Det var mykje han ikkje visste. Mykje han aldri fann ut. Men det han ikkje visste, hadde han ikkje godt av.
26
FOTOGRAFEN Live Andrea Sulheim
Solnedgang på Bøverbrean
27
Bukkeholstraversen i sommarvarmen
28
Mül og Makt 2018 – 1
FOTOGRAFEN Live Andrea Sulheim
På veg mot Veslbreatinden over Hurrbrean med nysnø i lufta
29
FOTOGRAFEN Live Andrea Sulheim
Skagsnebb via Hurrbrean
30
Mål og Makt 2018 – 1
God stemning pĂĽ fortoppen til Stetinden ein pĂĽskedag
31
Visbreatinden, med Kyrkja bak til høgre
Live Andrea Sulheim legg også ut bilete frå turar med ujamne mellomrom på Instagram: @live_andrea
32
Mål og Makt 2018 – 1
MASTEROPPGÅVA
av KJELL ANDREAS ODDEKALV
Betre flows enn Akerelva Rappmusikk har for lengst vorte mainstream. Radiolistene og festivalprogramma fyllest opp med rappartistar, og den gjennomsnittlege tenåring drøymer gjerne heller om å verte som Drake eller Lil Pump (eller Arif eller Cezinando) enn å verte den neste store pop- eller countrystjerna. Men sjølv om denne musikkretninga har vorte ei av dei aller mest populære på verdsbasis, har brorparten av forsking og akademiske skriveri om hiphop og rapp stort sett teke for seg anten tekstane eller kulturfenomenet og i langt mindre grad musikken. For meg er det derimot musikken som er det klart mest spanande. BEAT, RAPP OG FLOW
Grovt sett kan ein seie at det i rappmusikk er to tydelege musikalske element: beaten og
rappen. Beaten er det musikalske bakteppet som rapparen rappar over, og rappen er sjølve vokalutøvinga. Ein snakkar også ofte om fleire tydeleg separate aspekt ved rapping, sjølv om desse i mindre grad er formaliserte, og omgrepa vert gjerne brukte noko upresist. Paul Edwards nyttar rapparane sine eigne ord i den ganske geniale boka How to Rap ... (2009) og deler rapping grovt inn i content (det tekstlege innhaldet), delivery (stemmebruk, ekspressivitet, tonehøgd osb.) og det eg ville studere nærmare: flow. Det er ikkje heilt ukontroversielt å skulle lage ein fornuftig akademisk definisjon av dette omgrepet, og eg går i detalj om kvifor eg vel å definere det slik eg gjer i masteroppgåva mi (og om lesaren vert alvorleg provosert, så send gjerne hat-mail etter å ha lese drøftingane der). Kort forklart definerer eg
33
flow som «rytmen og dei rytmiske strukturane i orda og rima i eit avgrensa stykke rappmusikk». For å ikkje gape over for mykje valde eg også å snevre inn kva flows eg ville analysere, til eit utval norske rapparar som har halde på i lang tid, og eg enda opp med problemstillinga: «Kva musikalske strukturar kjenneteiknar norskspråklege rappflows? Og
Med «musikalske strukturar» siktar eg altså først og fremst til ting ein kan sjå i eit notebilete. Eg drøftar ganske mykje omkring ulike metodar for å studere rapp-flows i oppgåva, men eg kom eigentleg fram til at det er lettare for dei som ikkje er notekunnige, å lære seg grunnleggjande rytmisk notasjon (det er mykje lettare enn ein trur!) enn å skulle nytte mindre presise notasjonssystem eller å
34
korleis kan dette analyserast?» Om det førre avsnittet ikkje gjorde at ein vart så mykje klokare på kva eg eigentleg gjorde, kan eg kanskje vise det litt tydelegare med eit døme. Denne figuren er henta frå eitt av analysekapitla i masteroppgåva mi og viser fire takter (og fire linjer) frå Gatas Parlamentlåten «Stem Gatas Parlament».
finne opp noko anna. I tillegg til notasjon nytta eg altså understrekingar og boksar i ulike fargar til å peike på ulike fenomen. I akkurat dette dømet ser ein til dømes tydeleg enderimsstrukturen, der hovudrima er markerte med høvesvis raud og blå understreking. Utan å skulle gå i detalj på kva dei er for noko, viser også figuren til spesifikke rytmiske detaljar, der den grøne boksen viser
Mål og Makt 2018 – 1
«off-beat-frasering», og dei oransje boksane (og aksentane over notane) viser «verbalt trykk». Den ivrige, notekunnige lesar bit seg kanskje merke i frasebogane også (dei bøygde linjene under notane), som viser den asymmetriske frasestrukturen i desse taktene (forenkla sagt kjem rimordet «organer» tidlegare enn forventa). I store trekk er det også dette heile oppgåva mi går ut på: ulike rytmiske fenomen, symmetri (og særleg fråvær av symmetri) og rim. Å SKILDRE EIN FLOW
Eg gjekk altså i gang med å svare på den siste delen av problemstillinga først. Korleis analyserer ein eigentleg flows? Mange av dei rytmiske detaljane og fenomena som er definerande element i ein rapp-flow, er dei same vi finn i mykje annan groove-basert musikk, som til dømes funk og soul, og her har det vore skrive ein del tidlegare (boka Presence and Pleasure (2006) av Anne Danielsen er sjølve «læreboka»). De skal få prøve eit døme. Offbeat-frasering, der dei rytmiske markeringane kjem mellom pulsslaga i musikken, er noko som går att for å skape rytmisk variasjon. Prøv å trampe ei jamn 4/4-takt (du kan telje 1-2-3-4 i sakte tempo først, og så trampar du den same takta). Så kan du vokalisere sekstandedelane ved å seie «ta-ka-ta-ka» på kvart taktslag (så ei heil takt vert «ta-ka-ta-ka ta-ka-ta-ka ta-ka-taka ta-ka-ta-ka»). Så markerer du trykklette sekstandedelar ved å leggje ekstra trykk på
«ka»-stavingane. Det er ganske vanskeleg! Du kan freiste å trampe kvar åttandedel (alle «ta»stavingane) for å få det til. For å skjøne og forklare korleis rapparar skapar slike intrikate rytmiske markeringar i flowane sine, kan ein freiste å nytte ord i staden for tøysestavingar. I den same jamne sekstandedelsrytmen der du sa «ta-ka-ta-ka», seier du i staden «rapping er faktisk ganske vanskeleg». Plutseleg markerer du «automatisk» trykklette sekstandedelar, sidan fleire av orda har trykktunge stavingar som landar på «feil stad» i rytmen (både «faktisk», «ganske» og «vanskeleg» har den trykktunge stavinga på ein trykklett sekstandedel). Denne måten å skape rytmisk variasjon på kallar eg «verbalt trykk», eit omgrep eg henta frå den noko meir populærvitskaplege bloggaren Martin Connor, som driv nettstaden rapanalysis.com (og ein finn ei differensiering av ulike typar verbalt trykk i lingvistikken). Den same måten å frasere på finn ein overalt i jassmusikk, til dømes, men rapparar får den fram ved hjelp av språket. Dette tykkjer eg er knallkult! Det er heller ikkje berre ordlyden og verbalt trykk som gjer at orda i ein rapp-flow skapar ganske sofistikerte rytmiske markeringar. Eitt av dei viktigaste elementa i rapp er jo riming, og som lyttar oppfattar ein rimande stavingar som ekstra trykktunge. Når ein rimande staving skapar rytmisk trykk på uventa stadar, kallar eg det «poetisk trykk» (igjen henta frå Connor,
35
som kallar det poetic accents). Dette er også eit veldig sentralt konsept for rytmisk variasjon i flows. Prøv å seie «den uendeleg forfengelege engelen digga Mengele og klatra bønnestengelen ut av fengselet» i ein jamn rytme. Dei rimande stavingane får automatisk ekstra trykk, men ikkje naudsynleg gjennom at du legg ekstra vekt på dei i måten du seier dei på. Ein får altså rytmisk trykk både gjennom korleis ord har sitt eige naturlege trykk (verbalt trykk), og gjennom å plassere ord som rimar, såpass nært kvarandre i tid at ein oppfattar rima (poetisk trykk). Når ein i tillegg står heilt fritt til å rappe med dei rytmiske figurane ein vil, har ein veldig mange ulike faktorar som pregar den overordna rytmiske karakteren i ein rapp-flow. KORLEIS RIMAR RAPPARAR?
Noko eg måtte vurdere kor mykje eg skulle gå inn på, var korleis rapparar rimar. Kva som rimar og ikkje rimar, er nemleg eit kapittel for seg sjølv innanfor rappmusikken. I ein rytmisk strukturanalyse av flows er det mykje viktigare at noko rimar, enn kva type rim det er snakk om, men det har seg eingong slik at frekvensen av rim pregar rytmikken i ein flow. Kva type rim som blir nytta, og korleis rapparen nyttar dei, kan fort ha veldig stor påverknad på kor hyppig det «går an» å rime. Den alminnelege oppfatninga av kva som rimar, er for oss
36
rapparar ytst antikvert. Det ein kjenner som «reine rim» (flat–mat, barsk–karsk, svele–dele, fine–grine osb.), er nemleg berre éin av fleire typar rim. Det er etter kvart langt vanlegare å høyre ulike assonansrim enn dei tradisjonelle reine rima. Assonans er når nokre lydar i orda er like, medan andre lydar er ulike (om nokon poetar les: I oppgåva mi nyttar eg «assonansrim» berre om vokalisk assonans, så ikkje vert forvirra). Noko av det som gjer at assonansrim er så nyttig og utbreidd hjå rapparar, er at ein mykje lettare kan rime fleire stavingar og lage samansette rim som strekkjer seg over fleire ord. Ein kan til dømes ha tre rim med tre rimande stavingar i «fisketur er ikkje kult når det er bikkjesurt». Her er det ein kombinasjon av reine rim og assonans. «-iske» rimar assonantisk med «ikkje» og «bikkje», som rimar reint, og «-tur», «kult» og «-surt» rimar assonantisk (eller reint i nokre dialektar). STRUKTURELLE KONVENSJONAR
Tradisjonelt er eit rappvers bygd opp av 16 takter, men det er ikkje uvanleg med andre lengder, som 8, 12, 24 eller 32 takter. I dei aller fleste musikksjangrar er det periodar på fire og fire takter som byggjer opp dei større strukturane, og i rappmusikk og andre groovebaserte sjangrar er det nesten heilt konsekvent. Både i Edwards (2009) sine intervju med
Mål og Makt 2018 – 1
rapparar og i diskursen i rappmiljøet eg sjølv er ein del av, er det ikkje sjeldan at rapparar omtalar vers som «ein 16-taktar» eller berre «ein 16», og denne konvensjonen sit djupt forankra i sjangeren som heilskap. Innanfor denne strukturen er det også heilt tydelege konvensjonar, og noko av det som i størst grad skapar variasjon mellom dei ulike flowane eg analyserte, er korleis og i kor stor grad desse konvensjonane vert utfordra eller brotne. Det aller vanlegaste er ein parrimstruktur, lik den ein kjenner frå mykje tradisjonell dikting. To og to linjer, som stort sett er på éi takt kvar, vert knytte saman med eit enderim. Mange flows følgjer denne strukturen heilt konsekvent, og det er vanleg å sjå heile vers som består av åtte tydelege linjepar. Vidare vil ein del rapparar, til dømes ved hjelp av kreative assonansrim, halde på det same rimet i meir enn berre eitt linjepar. Nokre flowar får kanskje
ein symmetrisk struktur som 4 + 4 + 4 + 4 eller 4 + 2 + 2 + 4 + 2 + 2 (eller andre kombinasjonar av totakts- og firetaktsgrupperingar), medan andre vil halde på det same rimet så lenge som mogleg. Ein finn også døme på at flows bryt med partalssymmetrien og held rim over tre eller fem takter, eller kanskje til og med rimar fleire gongar innanfor éi takt utan å knyte denne takta saman med den påfølgjande. Eg fann ut at det var naudsynt å skilje mellom slike strukturelt definerande rim og andre rim som opptrer innimellom desse. I den følgjande figuren (frå analysen min av Side Brok sin «Ein likandes kar») ser ein det mest strukturelt signifikante rimet (som eg kallar for «hovudrim») markert med raud understreking, medan det andre tydelege rimet, som har mindre strukturell signifikans, er markert med blå understreking (dette kallar eg for eit «sekundært rim»).
37
Plasseringa av rimande stavingar er også veldig viktig for strukturen i ein flow. Det aller vanlegaste, særleg i ein parrimstruktur, er at den rimande stavinga eller dei rimande stavingane landar på firaren i takten. Det er stor skilnad mellom ulike rapparar og ulike flows i kor stor grad dette vert gjort. Eg skriv mykje om symmetri og asymmetri innanfor dei overordna strukturelle rammene i rappflows i oppgåva mi, og noko av det eg tykkjer er aller mest spanande i analysar av flows, er å sjå på i kor stor grad ulike rapparar utfordrar dei konvensjonelle strukturane med å strekkje linjene sine utover taktrammene og elles bryte med symmetrien innanfor 4-, 8- eller 16taktsgrupper. TRE ULIKE RAPPARAR, TRE ULIKE STILAR
For å få eit fornuftig utval med norskspråklege flows å analysere valde eg tidleg i prosessen å plukke ut tre ulike rapparar som har halde på i lang tid. Dermed kunne eg sjå på korleis flowane deira har utvikla seg i over ei lengre tidsperiode, og om det var tydelege fellestrekk mellom rapparane i korleis flowane deira eventuelt hadde endra seg. Eg valde også tre artistar med ulike dialektar, i tilfelle eg oppdaga nokre trekk som potensielt kunne tilskrivast særeigenheiter i dialektane, om eg skulle ende med å gjere noka oppfølgingsforsking. Eg valde
38
Elling Borgersrud frå Gatas Parlament (Oslodialekt), sidan han er ein av pionerane innan det å rappe på norsk i Noreg. Frå Bergen valde eg Lars Vaular, og den siste «dialekt-rapparen» eg plukka ut, er den eg sjølv kjente musikken til best: Runar Gudnason frå Side Brok (frå Hovdebygda i Ørsta kommune – sjølv har eg vakse opp i nabokommunen Volda). Eitt problem med omgrepet «flow» er at det i dagleg bruk ofte vert nytta ganske upresist. Det er vanleg å bruke omgrepet også om det eg kallar ein rappar sin «flow-stil». Så der nokre kanskje ville ha sagt «Lars Vaular sin flow», så snakkar dei om det eg heller ville formulert som «Lars Vaular sin flow-stil» eller «det som er typisk for flowane til Lars Vaular». Desse omgrepsdefinisjonane greier eg ut om i oppgåva mi, men hovudpoenget er at ein spesifikk flow er eit heilt konkret stykke musikk, medan ulike person- eller stiltypiske trekk er ein flow-stil. Ein artist har til dømes altså ikkje «ein typisk trap-flow», men artisten kan ha laga og/eller framført ein. Kvar av dei tre rapparane eg studerte i detalj, har spelt inn veldig mange vers med veldig mange ulike typar flows. Eg freista å trekkje fram dei eg tykte var representative for utøvaren sin stil og/eller var tydelege døme på konkrete flowdefinerande konsept.
Mål og Makt 2018 – 1
ELLING BORGERSRUD
Som den einaste originalmedlemmen av Gatas Parlament som framleis er aktiv, var han eit naturleg første analyseobjekt. I og med at han byrja rappkarrieren så tidleg som i 1994 (den første flowen i analysedelen av oppgåva mi er frå 1996) og framleis gir ut ny musikk den dag i dag, vart analysen av flowane hans eit innblikk i ein rappar si utvikling frå ung og uerfaren til superveteran. Det vart tydeleg at nokre typiske persontrekk var ganske konsekvente gjennom heile produksjonen hans. Stort sett har flowane hans ein symmetrisk linjeparstruktur der rytmiske variasjonar hovudsakleg vert skapte av verbalt trykk innanfor jamne straumar med sekstandedelar (dette skapar mellom anna kryssrytmiske tendensar, der ein i kortare periodar får ei oppleving at to «konkurrerande» pulsar i musikken). Det er likevel klåre utviklingslinjer å sjå frå dei eldste til dei nyaste flowane hans. Særleg ser ein ei endring i kva type rim han nyttar, og med fleire assonansrim vert det også ein dramatisk auke i rimfrekvensen. I tillegg er det ein tendens til at nyare flows held lenger på kvart hovudrim og gjerne koplar saman fire og fire takter i staden for to og to. Borgersrud er eit godt døme på ein rappar som har meistra den
Elling Borgersrud. Foto: Benjamin Backofen
takter i staden for to og to. Borgersrud er eit godt døme på ein rappar som har meistra den klassiske grunnstrukturen i ein rap-flow, og han underbyggjer ofte symmetrien i ein «16taktar» ved å ha ein kontrasterande rytmisk gest på dei stadane som viser den overordna rytmiske strukturen: I takt 8 (midt i verset) og i takt 16 (den siste takta). Han nyttar dei
39
naturlege trykka i orda og rima (verbalt og Vaular heller tvingar orda til å gjere som han poetisk trykk) for å skape rytmisk variasjon vil, og han har det eg vil kalle ein «mekanistisk» innanfor ganske strenge strukturelle rammer. flow-stil, som er veldig teknisk utstudert. LARS VAULAR
Der Borgersrud har ein stil som underbyggjer den naturlege symmetrien i eit rappvers, er Lars Vaular på mange måtar den rake motsetnaden. Det kan til tider sjå ut som om Vaular freistar å finne ut i kor stor grad det går an å bryte med dei strukturelle rammene rundt taktene utan at det vert kaotisk. Han strekkjer frasane sine over fleire takter, og dei er gjerne veldig irregulære i lengd. For å likevel få ei oppleving av kontinuitet og ein slags struktur i det asymmetriske har han nokre tydelege strategiar som går igjen i flowane. Som regel byrjar han kvar flow med nokre linjer som er meir strukturelt konvensjonelle, som for å etablere at det finst nokre sedvanlege strukturelle rammer som han skal vise at ein ikkje treng å halde seg til. Han nyttar ein høg rimfrekvens der det oftast er eitt samansett hovudrim (fleire rimande stavingar) i ein lang periode utan nokon utstrakt bruk av sekundære rim ved sidan av. Desse hovudrima er gjerne irregulært plasserte, men han forsterkar dei ofte ved å nytte ein lik rytmefigur på dei rimande stavingane. Der Borgersrud utnyttar taktrammer og ordlyd for å få fram «naturlege» rytmiske variasjonar, er det nærmast som om
40
Runar Gudnason. Foto: Tord Lejon
RUNAR GUDNASON
Sistemann ut kan seiast å forfekte ein struktur som minner meir om Borgersrud enn Vaular. Runar Gudnason nyttar stort sett symmetriske parrimstrukturar (i alle høve i første del av
Mål og Makt 2018 – 1
produksjonen sin, han varierer meir med asymmetriske frasar på seinare utgivingar), men han har ein del tydelege persontrekk som skil seg frå dei to andre rapparane i analysen min. Han nyttar ofte ei gradvis rimutvikling, der eitt rimpar skil seg litt frå det førre og igjen rimar delvis på neste. Han nyttar mange sekundære rim, og gjerne «svakare» rimtypar som alliterasjon (og konsonantisk assonans), framlydsrim og identiske rim for å ha ein høg rimfrekvens. Rytmisk varierer han mykje. Særleg er det ein utstrekt bruk av sekstandedelssynkopar, som er heilt tydelege musikalske val og ikkje eit resultat av verbalt eller poetisk trykk. På sett og vis kan ein seie at der flowane til Borgersrud kan samanliknast med korleis ein trommeslagar tenkjer, er Gudnason kanskje heller som ein saksofonist.
FANN EG UT NOKO?
Ja og tja. Målet mitt var først og fremst å utvikle ein fornuftig metode for å analysere rapp-flows. Det meiner eg at eg fekk til. Denne metoden nytta eg til å gjere ein del «katalogiseringsarbeid», og fann ut ein del om typiske trekk hjå tre verkelege mastadontar på det norske rapp-panteonet. Men i hovudsak står eg att med mange spanande spørsmål eg ikkje kan anna enn å spekulere i. Kor mykje er personidentitet, og kor mykje er almenngyldig? Kva er representativt for all rapp? Det er vanskeleg å seie, men no har eg i alle høve verktøyet på plass til å kunne gi betre svar. (No er eg også så heldig at eg arbeider med å finne fleire spørsmål og eitt og anna svar i min nye jobb som stipendiat på RITMO Senter for tverrfagleg forsking på rytme, tid og rørsle på Universitetet i Oslo. Kjekt for meg, det!)
Danielsen, A. (2006). Presence and Pleasure. Middletown, CT: Wesleyan University Press Edwards, P. (2009). How to Rap: The Art and Science ofthe Hip-Hop MC. Chicago, IL: Chicago Review Press
41
FAVORITTEN
av JON OLAV
Mr. Robot Eg skal skrive litt om ein serie som fenger meg på ein måte ingen anna serie har klart før. Ein serie som skil seg ut i det overflatiske Netflix-havet. Mr. Robot er ein serie av Sam Esmail med Rami Malek i hovudrolla. Malekspelar den psykotiske hackaren Elliot, som har eit mål om å velte det største selskapet i verda, E Corp, ved hjelp av hacking. I store delar av serien bryt Elliot den tredje veggen og inviterer oss inn i det delvis geniale og delvis fortapte sinnet sitt. Dette gir ein fantastisk frustrerande vri på historieforteljinga. Det gir også følelsen av at dutidvis er med i deira univers. Serien er mørk og ein kan aldri heilt føresjå kva som kjem til å skje. Det eg kanskje likar best med denne serien, er stemninga han set. Samhandlinga mellom karakteren Elliot, omverda hans og musikken, gir ein konstant mørk følelse. Litt som om at det
42
alltid er noko som er gale. Ekstremt fengande. Den siste serien eg har sett som har fanga meg på same måte, er Twin Peaks, min eigentlege favorittserie. Men eg må innrømme at Twin Peaks må av og til ta til takke med ein andreplass mot Mr. Robot. Noko anna eg liker veldig godt med serien, er at den er høgst dagsaktuell. Den har eit stort fokus på teknologi og dei har samarbeida tettmed fagkyndige folk for å få det så realistisk som mogleg. Den tek også for seg samarbeid mellom verdsmakter og gir eit lite spark til det latterlige presidentvalet i USA. Samtidig verkar serien som ein framtidsspådom om noko som like godt kan skje allereie i morgon som ti år fram i tid. Alt i alt, ein ”ti av ti”-serie som eg anbefaler alle å sjå. Den einaste kritikken eg har å gi, er at den taper seg litt i tredje sesong, slik mange seriar gjer. Eg håper berre dei har vit nok til å gi seg i tide.
Mål og Makt 2018 – 1
43
DIKTET
av ASSAD NASIR
Annleis Sola skin gjennom glaset og blendar tankane mine her eg sit ved kjøkkenbordet og ser på greinene på treet på utsida av eit anna glas som små armar stive av kulde eller rigor mortis og tomromma mellom dei som ein gong var fylt av grøne blad som strekte seg etter varmen frå sola slik eit andlet som ikkje har sett ho på fleire månader lukkar augo, smiler av seg sjølv og hjartet slepper rota som held alt tilbake. Alt blei annleis den dagen ho gjekk ut døra, men forlét meg ikkje, i staden kom ho heim att med eit anna smil, ei anna lukt, eit anna andlet, og romma mellom oss blir like daude som romma mellom dei berre greinene på den grå bjørka utanfor glaset eg visste ikkje kom til å skyte knoppar til våren. I ramma av glaset der livet finst i dag, var også i går, og dagen før der att. Men kva som er att, veit ingen, og verda er annleis både her inne og der ute.
44
45
Mål og Makt 2018 – 1
46
Mål og Makt 2018 – 1
MÅL OG MAKT Mål og Makt er tidsskriftet til Studentmållaget i Oslo (SmiO). Mål og Makt kjem normalt sett med tre hefte i året, og bladet får stønad av Kulturstyret i Velferdstinget i Oslo og Akershus. STUDENTMÅLLAGET I OSLO Studentmållaget i Oslo er eit lokallag av Norsk Målungdom og Noregs Mållag på Universitetet i Oslo og Høgskulen i Oslo og Akershus. Me arbeider for å få fleire til å skriva nynorsk, og for å tryggja rettane til dei studentane som alt skriv nynorsk. SmiO vart skipa i 1900 og har omkring 200 medlemar. Desse får Mål og Makt gratis i posten. VIL DU SKRIVA FOR MÅL OG MAKT? Me vil gjerne ha fleire skribentar. For at tekstane skal verta so gode som mogleg, plar me ha fleire runder med tekstkritikk på kvar tekst. Dette gjev skribentane gode høve til å utvikla seg. Me garanterer ikkje trykking av alt som kjem inn. Gå inn på heimesida vår eller send oss ein epost til malogmakt@malogmakt.no Me set pris på alle attendemeldingar! VIL DU TINGA MÅL OG MAKT? For 200 kr får du, eller ein du synst fortener det, tre nummer i året tilsendt i posten. Send ein epost til malogmakt@malogmakt.no
Gje bort Mål og Makt i gåve!
Gje bort ei årstinging på Mål og Makt. Gå inn på nettsida vår: http://malogmakt.no Mål og Makt er eit tidsskrift proppa fullt av målsak, politikk, kulturbitar og anna kjekt.
47
Attende til: Mål og Makt Lilletorget 1 0184 Oslo
48
Mål og Makt 2018 – 1