Mål og Makt 2022 – 1

Page 1

Mål og Makt

no. 175 51. årgangen 2022 - 1

Skriftstyret

Frida Pernille Mikkelsen

Olav Wixøe Svela

Rebekka Hugøy Hovland

Ulrik Vikestad Thorsen

Bladbunad

Frida Pernille Mikkelsen

Korrektur

Olav Wixøe Svela

Frida Pernille Mikkelsen

Prenteverk

Asker Print AS

Utgjevar

Studentmållaget i Oslo

Issn 0332-7744

Årstinging

Tre nummer, 200 kroner

Lysingar 2500 kroner for éi side

Nettside malogmakt.no

Adresse Mål og Makt Lilletorget 1 0184 Oslo

E-post malogmakt@malogmakt.no

Info

Nummeret vart ferdigstilt i 2022, men gjekk til trykk og utsending i 2023.

8 Leiar Frida Pernille Mikkelsen

10 Til Norsk Målungdom då dei runda 60 år Ola E. Bø

16 Fotografen Christine Maria Mikalsen

20 Favoritten Tobias Christensen Eikeland

27 Nynorsk fagspråkpris

28 Frå pluss og minus til matematisk abstrasksjon Kamma Tyse

36 «Her vokste mine inntrykk» Marit Ping Bersås

42 Den språklege rettstryggleiken

Jógvan
49 Neste nummer 50 Om utgjevar
Helge Gardar
Innhald

Bidragsytarane

Ola E. Bø (f. 1948)

Frå Sauda. Tok utdanninga si ved Universitetet i Bergen. Har arbeidd som journalist og dramaturg. Var leiar i Noregs Mållag frå 1984 til 1986. Frå 1991 til 2018 var han språkleg vegleiar ved Det Norske Teatret.

Tobias Christensen Eikeland (f. 2000)

Frå Oslo. Er leiar i Norsk Målungdom. Meir interessert i språk enn dei felste og student. Han har studert ymse emne sidan 2019, mellom anna nordisk, tysk, økonomi og IT.

Christine Maria Mikalsen (f. 1997)

Frå Vevring. Bur i Førde i Sunnfjord. Jobbar i dag som assistent i Førde kommune. Instagram: @christiinemariia

Kamma Tyse (f. 2001)

Frå Stord. 1. plass, Nynorsk fagspråkpris.

Marit Ping Bersås (f. 2000)

Frå ein gard midt mellom Nordmøre og Romsdal. 2. plass, Nynorsk fagspråkpris.

Jógvan Helge Gardar (f. 1997)

Frå Oslo. 3. plass, Nynorsk fagspråkpris.

Leiaren

Norsk fagspråk er i krise. Norsk tapar terreng på dei fleste område i universitets- og høgskulesektoren, skriv Språkrådet i Språkstatus 2021. For nynorsk står utfordringane i kø i den akademiske verda. Det kan verke som engelsk er sektoren si framtid. Heldigvis ropar mange nei.

Språklova seier i si første setning at norsk skal vere det samfunnsberande språket i Noreg, som kan nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnet. Universitetsog høgskulelova slår fast at universitet og høgskular skal vedlikehalde og utvikle norsk fagspråk. Lovverket er ikkje uklart, dei norske språka skal leve og blomstre i sektoren. Likevel har det vore lite som minner om vår for norsk språk i universitets- og høgskuleverda. Men, som Songen om folkemålet seier – etter vinter kjem stendig ein vår.

For Mål og Makt er språket grunnlaget. Det faste som alltid har vore der og alltid skal vere der. Uansett kven som har røkta dette bladet eller kva meiningar bladet har trykt, har nynorsk stått som bautaen. Mål og Makt er tidsskriftet som tek språket seriøst, ideologisk og motkulturelt. Vi har sidan 70-talet hatt gleda av å publisere hundrevis av fagartiklar på nynorsk. Det er vårt evige bidrag inn i det norske fagspråkarbeidet.

Ei syster av Mål og Makt, Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo, sette sumaren 2022 i gang ein skrivekonkurranse for nynorsk fagspråk. I dette nummeret har vi gleda av å trykke dei tre tekstane som fekk første-, andre- og tredjeplass. Dei viser fram kor sterkt og godt fagformidling er på norsk, spesielt nynorsk. Dei er uttrykk for det levande nynorske fagspråket.

Sist utgåve av Mål og Makt kom i slutten av 2020. To år etterpå er vi tilbake og akkurat der vi skal vere. Den største plassen i skriftet er gitt til fagspråket, men denne utgåva tek ein også gjennom spekteret i kulturen rundt nynorsk.

Leiar i Norsk Målungdom, Tobias Christensen Eikeland, skriv om sin favoritt. Favoritten er ingenting anna enn kasusforma dativ, til glede for både komande og gamle grammatikk-elskarar. I 2021 feira Norsk Målungdom 60 år. Under festmiddagen på Det Norske Teatret heldt Ola E. Bø kåseri for samlinga, som ein no kan lese frå side 10. Den opprørske målungdommen dirrar i orda, og er ei feiring av det som må vere den største samfunnsendringa Norsk Målungdom står bak.

Fagspråkpris-tekstane dykkar ned i nye farvatn. Kamma Tyse tek oss med på ei matematisk reise, og vidare kan ein i artikkelen til Marit Ping Bersås gå i barneskoa til Bjørnstjerne Bjørnson, medan Jógvan Helge Gardar set rettsspråket under lupa. I sterk kontrast stiller Fotografen med ein stemningsrapport frå nynorskfestivalen Norsk Countrytreff på Breim.

Med det seier vi i skriftstyret oss godt nøgde med det vanskelege comeback-nummeret. Her får du eit nynorsk studenttidsskrift krydra med både alvor, ideologi og motkultur.

Side 8 Mål og Makt 2022 – 1
Side 9
1970-talet 1980-talet 2000-talet 1990-talet 2020-talet 2010-talet

Til Norsk Målungdom då dei runda 60 år

I desse dagar feirar me òg eit anna jubileum. Det er 50 år sidan dei store læremiddelaksjonane, då over 30 000 elevar over heile landet aksjonerte for den soleklare retten til å få læremiddel på sitt eige språk. Aksjonane vart samordna av ein gjeng målungdommar frå ein kontorpult på Studentsenteret i Bergen.

«Det er ingenting som gjer meg så forbanna, som å høyra dialektane våre bli krenkte og latterleggjort, enten av velkledd kunnskapsløyse eller av velmeint reinsingsiver».

Nesten heilt ordrett etter målungdommen

Ivar Andreas Aasen, som i 1836, 22 år gammal, ytrar seg om den norske språksituasjonen under overskrifta «Om vort skriftsprog». Det er berre språktonen som er litt modernisert, for å kunna passera som målungdom av i dag. Av ein eller annan grunn kom ikkje Aasens skriftstykke på trykk før i 1909, i tidsskriftet Syn og Segn.

Aasen går her rett på sak og beint inn i den emosjonelle kjerna i målsaka. Dei sterke banda til almuesproget, folkemålet, dialektane er det språklege og politiske grunnlaget for målreisinga. Haldningar til folkemålet er òg grunnlaget for det språklege bakstrevet, for den norske språkstriden i det heile tatt. I periodar har den nasjonale bryst-

klangen vore plagsamt hol og høgstemt, og då det gamle hærropet frå 1920-talet, «Nynorsk som einaste riksmål i landet» vart relansert, og det politiske frimureriet var på sitt verste, fekk det som fortent påskrifta «Olsok-Stalinisme».

Men midt på 70-talet vart det klekt ut eit anna slagord i målungdomsmiljøet i Bergen, etter mi meining det mest columbi av dei egga målungdommen har vorpe. «Tal dialekt, skriv nynorsk,» ofte filt ned til det meir uhøgtidelege «Snakk dialekt – skriv nynorsk». Ved sida av å visa så presist tilbake til Aasen, skapte og skaper det enno diskusjon og motstand, også i målrørsla, ja særleg der. Seinast i Klassekampens språkspalte for berre veker sidan. Nokre avsporingar rundt dette slagordet blir derfor mi helsing og feiring av NMU, eller NSEM, Noregs Student og Elevmållag, som det heitte då eg var på mitt første årsmøte. Det kan ha vore i 1971, og i alle fall var det på Landbrukshøgskulen på Ås. Tal dialekt, skriv nynorsk! Vil målungdommen redusera nynorsken til berre skriftspråket?, Er det nok å berre opna kjeften og sleppa tatlet på seg, som det heiter på mine kantar. Bekymringa er sjølvsagt eit uttrykk for det såre saknet av eit utbreidd, normert, fasttømra og korrekt nynorsk talemål.

Side 10 Mål og Makt 2022 – 1
OLA E. BØ Kåseri frå jubilumsmiddag for Norsk Målungdom 27. november 2021 på Det Norske Teatret

Det er den draumen me ber på

At me ein gong skal bli samde om

Eit nynorsk talemål

Eit heilnorsk tungemål

Eit normalt, normert og kultivert talemål

Eit mål som kan måla seg med det danskrøtte riksmål,

At Dagsnytt skal dyrka det,

At prestane skal preika det

At til og med Dagsrevyen skal fiksa det

At me ein gong skal ja,ja,ja….. nok no!

Me har ikkje offisielt normerte talemål i Noreg. Men den uofisielle, og såkalla moderate, munnlege bokmålsnormalen er sanneleg reell nok, sjølv om lingvistane ikkje blir einige om kva dei skal kalla han, dialekt eller normaltalemål. Nokre viktige sosiale kriterium er i alle fall oppfylte, at det er ein skriftnær språkvariant, og ein variant ein gjerne skifter til fordi han har høg status. Han breier seg som ringar i vatn, med Oslo vest som episenter. I taletrengte medium og i teateret er det rikeleg med døme på slike språkovergangar. Språkvarianten har òg solid ryggdekning i skriftlege medium. Noregs største og mektigaste avis, Aftenposten, har det til og med som uttalt språkpolitikk å retta alt bokmål til avisas eige konservative språk, også alt innsendt stoff, frå korte lesarinnlegg til essay og kronikkar, utan at innsendarane blir spurde eller varsla. På denne måten viskar dei ut språkkløyvinga i bokmålet, som særleg kjem til uttrykk i talemålsnære hokjønnsformer som endar på den ufyseleg munnopne vokalen a, slik også fortidsformer som hoppa, dansa, retta og forfalska gjer det. At Aftenposten har valt seg den same A, i ei lett forfina, gotifisert utgåve, som varemerke for danningsprosjektet sitt, må ein kunna tilskriva den styrande ironien som gjerne råkar ugjerningar. Denne riksmålseksessen er

Side 11

nærmast ein kopi av foreldreaksjonanes retting av skulebøker på 1950-talet, og er like klassetypisk som den engelske revejakta. Avisa er sjølvsagt fullt på det reine med at ho viskar ut ei språkleg markering av politisk ståstad, som det er ein lang tradisjon for i norsk skriftkultur. Dette språkpolitiske grepet er velkjent og misbrukt i både aviser, tidsskrift og forlag under namnet «enhetlig språk». Er det noko ein verkeleg skulle sky som pesten i ein språkkultur, så merkt av språklege motsetningar og språkleg mangfald, som vår, så er det eit «enhetlig språk».

Aftenspråket er ein skrikande kontrast til det rike tilfanget folk har etterlate seg som namn på vassdrag, myrar og høgdedrag i den Nordmarka avisa i helgebilaga lovprisar som Oslos vakraste eventyr og største turistattraksjon. Berre høyr og sjå: Det er brenna, brua og bua, bukta, elva, enga, flaka, fløyta, flåta, hella, hytta, høgda og koia, lia, løkka, mana, myra, slåtta, stua, støa, sætra, tjønna, vika og øya så langt auga rekk.

sirlege, svartbrende bokstavar i gråbeisa treverk, forkynner vegen til Daltyven. Kven er denne rette-djevelen. Skiforeningen, som eg årleg betaler for å halda løypene i stand? Kan dei vera truande til å setja seg opp mot både kartverk, namneskikk og folkeskikk. Gadd vita om språktjuven òg har mot til å prøva seg på den vesle pytten litt lenger aust, mellom Nordre Djupdalstjern og Strekan, som ber det ærlege namnet Fiskeløysa?

Det må vera ei grense for kor mykje ein ikkje skal bry seg om kva som skjer med bokmålet.

Men i Aftenposten arbeider rettemaskina blindt og maskinelt, boka blir til boken, man blir kastet på gaten og det hjelper ikkje å slenga med leppa, det blir uansett retta til leppen. Ikkje eingong Det Norske Akademis Ordbok finn litterære døme på «å slenge med leppen»

Me blir tvinga tilbake til fremtiden. Og det er som kjent heilt uproblematisk å gå frå stillinga som kulturredaktør for denne språkundertrykkinga til administrerande direktør for det frie ord. Og uansett kor gale det er, så kjem Noregs Mållag med blomar.

Daltjuven heiter eit vatn nokre kilometer vest for Harestua og jernbanesporet gjennom Hadelandsåsane. Det er eit vatn som stikk av med heile dalen. Daltjuven, eit fantastisk namn! Men no har nokon gjort seg til tjuv for å retta på namnet! Ein eller annan har, over løypeskiltet til Daltjuven, hengt opp eit ganske nytt sykkelskilt som, med

Det må vera ei grese for kor mykje ein ikkje skal bry seg om kva som skjer med bokmålet. Og ingen må innbilla seg at den tilbakeskodande utviklinga i bokmålet fører til framgang for nynorsken. Det er tvert om slik at målrørsla bør støtta alt talemålsnært språkarbeid. Me har eit skriftmålsnært nynorsk

Side 12 Mål og Makt 2022 – 1

normaltalemål som blir nytta i ulike samanhengar, helst med tydeleg dialektfarging, (som når eg prøver å lesa opp frå manuset mitt), men det er ikkje det nynorske talemålet; det mest normale nynorske talemålet er og blir dialektane, grunnlaget for det nynorske skriftspråket. Det er det som mest grunnleggande skil det frå det andre språket. Den normerte nynorsktalen er grei å støtta seg til og fin til sin bruk, det er ein del av den nynorske verktøykassa, og det bør prioriterast i radio og fjernsyn, først og fremst fordi det er klart og greitt og fordi det støttar og styrker det nynorske prosjektet. Men nynorsktalen har ingen kartreferansar, slik riksmålet har det. Det blei ikkje den klangen av VestTelemarks snø og granskog som mange hadde drøymt om. Me har heldigvis heller ingen nynorsk vestkant med høg status, sjølv om det vart gjort forsøk på nynorsk fortetting på Øvre Smestad, der Bondeungdomslaget i mellomkrigstida hadde eit eige byggefelt dei kalla Heimegrendi, på folkemunne, Lefsebyen.

Men me har dei ubereknelege dialektane, ei rik språkleg kjelde som me kan ausa av, men ikkje heilt klarer å forlika oss om. Eg synest til dømes at det er det noko umusikalsk over sutringa når dyktige medarbeidarar ber om å få nytta dialekten sin som nyheitsspråk. Eg frydar meg over USAkorrespondenten frå Johaug-land som fortel oss kess og kerr, og sportsjournalisten frå Lom som står imot vedvarande press både innafor og utafor 16-meteren, både før og etter kvila, og held målet reint. Nynorsk tale i etermedia er eit rekrutterings-

spørsmål ikkje eit moralspørsmål. Det reklamefinansierte TV2 har til dømes fleire nynorskanker enn NRK, sjølv om det blir utdanna dyktige nynorskfolk.

Me har heldigvis ikkje ei uttaleordbok for det norske scenespråket, slik ein til dømes har det i det store tyske språkområdet. Theodor Siebs´ Deutsche Bühnenaussprache – Hochsprache som har kome ut i 13 opplag sidan 1920, etter årevis med diskusjonar. Målføregranskaren Andreas Bjørkum uttalte seg slik i ein normeringsdiskusjon på Det Norske Teatret: «Kven skulle då bestemma om det skal heita korn, konn, kodn, kødn, kønn eller kåden». Sjølve normeringgrunnlaget for det nynorske skriftspråket motset seg på ein måte ei talemålsnormert einsretting, me burde kanskje hatt 4-5 ulike normalar, slik Jon Fosse høgt-tenkte ein gong dette vart diskutert.

I boka Drømmefabrikken, som kom ut i 2013, til 60-årsmarkeringa for Teaterhøgskolen, siterer Vetle Lid Larsen far sin, skodespelaren Lars Andreas Larsen, frå Melbu i Vesterålen, som kom inn på skulen i 1956: «Jeg for min del er ikke så lite stolt av at jeg helt har overvunnet dialektpreget i mitt sprog». (Intervju med Rogaland Avis)

Det er ikkje noko meir spesielt ved denne utsegna, enn at ho nokså presist uttrykker det som lenge, og i storparten av Teaterhøgskolens historie, har vore målet med det viktige og høgt prioriterte fagemnet Språkovergang. Det er eit emne som er ukjent i skodespelarutdanninga i resten av Europa. For å bli skodespelar i Noreg har ein måtta til-

Side 13

passa seg språket på Nationaltheatret, eit «dannet østnorsk», som igjen har blitt bestemmande for scenespråket i resten av landet. Det er eit sosialt markert språk, uforeinleg med kunstnarleg fridom, men i samsvar med vanlege språkfordommar og førestillingar om kva som er danna og korrekt. Det er dette språket ein rektor på skulen for berre få år sidan kalla eit riksgyldig språk. Riksgyldig språk! I eit språkkløyvd land som godkjenner bruk av dialekt i dei fleste samanhengar, (eg løyser sikringa på min pistol.)

Men dette kom

òg til å påverka språket på Det Norske Teatret (DNT). Bokstavtru nynorsk med austnorsk tone, vokalkvalitetar og diftongar frå dannet østnorsk. Altså eit nynorsk talemål der Riksmålet legg viktige premissar. Det er nok dette som er blitt kalla Stortingsgatenynorsk. Hildegun Riise frå Strandebarm i Hardanger, som begynte på DNT midt på 1980talet, fortel at ikkje eingong vestnorsk dialektbakgrunn var velkomme.

bruk av dialekt og nynorsk scenespråk i mange år, og når rollelistene blir slått opp, blir det no tydeleg markert om det er nynorsk med eigen dialektklang og/eller opning for ulike dialektar.

Scenespråket må ikkje plagast med å vera eit føredøme for korrekt og danna språk, [...] Det er i sin natur eit ulydig språk.

No blir det også meldt om språkleg kaos på Nationaltheatret. Det var på høg tid, og eg helsar det velkomme. Scenespråket må ikkje plagast med å vera eit føredøme for korrekt og danna språk, slik den konservative 1800-tals filosofen Monrad og den like konservative diktaren André Bjerke gjerne ville ha det. Det er i sin natur eit ulydig språk, noko den italienske teatermannen og Nobelprisvinnaren Dario Fo la stor vekt på. Opprøraren Henrik Wergeland var tidleg ute, han harselerte over temaet alt i 1830, i farsen Harlequin Virtous, der den norske helten Erling, som har forkledd seg som klovnen Harlequin, blir skjelt ut av to danske schønnånder; «(…) denne Arlechino er en raa Karl herfra. Han taler jo ikke det nye bedre Sprog, det moderne, det dansk-norske, det offentlige Theaters Sprog, det som Landet skal lære af Skuespillerne»

Eg arbeidde bortimot 30 år på Det Norske Teatret, og har det siste tiåret vore ansvarleg for at nynorsken igjen står på timeplanen på Teaterhøgskolen. Eg kallar det nynorsk styrketrening. På DNT har det vore ein kontinuerleg diskusjon om

(Eg har førebudd eit lite fest-stunt og delt ut eit dikt av Olav H. Hauge) Hauge, som eg alt har radbrekt, var ikkje berre begeistra for slagordet Tal dialekt, skriv nynorsk, og gav beskjed om det. Men då kulturredaksjonen i NRK P2, i samarbeid

Side 14 Mål og Makt 2022 – 1

med Samlaget, fekk Hauge til å lesa inn 97 dikt til utgjevinga Mange års røynsle med pil og boge, i januar 1988, i hans 80. år, fekk me høve til å «kikka han nærare i korta».

Han skreiv som han hadde lært på skulen, t.d. um, men las om, burt/bort, jentone/jentene, plommone/plommene, tuvor/tuver, hovudet/hove, so/så og yver/øve, «Så når eg siktar på deg, siktar eg litt øve», sume/some, tume/tome, vita/veta og ofte blir r i presens ikkje uttalt. Nokså konsekvent blir preposisjonen til uttalt te.

Diktet Fjellblokka kallar dei meg òg (Glør i oska), går rett og slett opp i liminga, for ikkje å seia riminga, om ein ikkje tar omsyn til dette.

Så på mange måtar vil eg halda fram Olav H. Hauge som eit føredøme når det gjeld å bruka sin eigen dialekt til å få liv i nynorsken, berre høyr/ sjå.

Fjellblokka kallar dei meg òg

Musøyra heiter/heite eg, fjellmo for sume/some og her i høgfjellet høyrer/høyre eg til/te, ei ørliti selje på berre ein tume/tome men endå eit tre, det minste av alle, segjer/seie Linné.

Kulden er hard her Og vinden strid, her kan ein kje stå med kruna vid

og susa som askar og almar i lid,ein lyt gjera seg liten og krjupa på kne, det er mykje å vita/veta at du er/e til/te og at geiter og smale

vil knuspa din ved,meg leitar dei etter/ette mil etter/ette mil, sogningen

kallar meg smil.

Fotografen

Side 16 Mål og Makt 2022 – 1
Christine Maria Mikalsen | @christiinemariia
Side 17
Side 18 Mål og Makt 2022 – 1

Fotografen

Side 19
Christine Maria Mikalsen | @christiinemariia

Favoritten

TOBIAS C. EIKELAND

Dativ

Mang ein nordmann som har eller har hatt tysk på skulen, har eit forhold til kasus. Då eg tok til å lære tysk i åttande klasse, var nok forholdet mitt til kasus nøytralt, på grensa mot negativt. Det var mest fordi eg ikkje skjønte det. No har eg vorte gramatikknerd, og kasus er noko av det eg synest er aller mest interessant. I denne teksta skal eg greie ut om kva kasus er (mest nominativ, akkusativ og dativ, ikkje genitiv), og kvifor dativ er favorittkasusen min, med store innslag av inntrøndsk dialektologi.

Sidan denne teksta er meint for alle, uansett om dei har høyrt om kasus eller ikkje, tenkte eg å begynne med eit snøggkurs i kasus. Eg skal prøve å halde det på eit grunnleggjande nivå, og forklare godt. På moderne skriftleg norsk er det mest ordstillinga som bestemmer den grammatiske funksjonen til orda i ei setning. Om eg til dømes seier «bonden ser kua», er det kua som blir sett av bonden, ikkje omvend. Det er rekkjefølgja orda står i, som fortel oss kva funksjon setningsledda har.

Kasus er ein grammatisk kategori som kan kode denne informasjonen inn i bøyinga av setningsledd, mest substantiv. I språk med levande kasusbruk er det såleis ei friare ordstilling, sidan det ikkje berre er ordstillinga som fortel om funksjon.

«Der Bauer sieht die Kuh» er den same setninga på tysk. Her fortel artikkelen der at substantivet Bauer er subjektet i setninga. Om ein byter om på substantiva i den norske setninga, får me «kua ser bonden», og setninga får eit anna meiningsinnhald; no er det kua som ser bonden.

Om ein gjer det same på tysk, får me «die Kuh sieht

der Bauer». Det står framleis «der Bauer» med nominativsartikkelen der, som fortel oss at det framleis er bonden som er subjektet. Det er framleis bonden som ser kua. Om me vil gjera om på det, må me nytte akkusativsforma av der, som er den. Då blir setninga «die Kuh sieht den Bauer». At bonde står i akkusativ, fortel oss at det no er det direkte objektet i setninga, og ho tyder no at det er kua som ser bonden. (Grunnen til at hokjønnsartikkelen die ikkje endrar seg, er at nominativs- og akkusativsforma av die er like.)

Både norsk og tysk har opphav i det same urspråket: urgermansk. Det bør difor ikkje vera overraskande at me i norsk også har restar av eit kasussystem. I norrønt var kasus ein svært viktig grammatisk kategori. Kasusane i norrønt var dei same som dei er i tysk i dag: nominativ, akkusativ, dativ og genitiv. Eg har fortalt kort om nominativ og akkusativ i praksis på tysk. Her er dei same døma på norrønt:

norrønt Bóndinn sér kúna. / Kúna sér bóndinn nynorsk Bonden ser kua.

norrønt Kýrin sér bóndann. / Bóndann sér kýrin. nynorsk Kua ser bonden.

Setningane før og etter skråstrekane tyder det same. Dette er døme på at setningsfunksjonen er koda i substantivbøyinga: kasus. I tida mellom norrønt og nynorsk har me mest mista kasusbøying av substantiv, unnateke i personlege pronomen, som

Side 20 Mål og Makt 2022 – 1
Ei lita utgreiing om dativ og inntrøndsk

gjer at det er friare ordstilling i norsk når det er eit personleg pronomen involvert: «eg ser kua» og «kua ser eg» har same meiningsinnhald, og ein må nytte akkusativforma meg for å fortelja at det skal vera objektet: «kua ser meg».

I tillegg kan preposisjonar styre kva kasus eit substantiv står i. Det tyder at ein bøyer eit substantiv i bestemde kasus etter kva preposisjon dei har føre seg. Eit døme på nynorsk på dette er setninga «hen leitar etter deg», der preposisjonen etter gjer at pronomenet du får forma deg.

Men kva med den mystiske kasusen dativ (også kalla sidefall)? I både tysk og norrønt står alltid det indirekte objektet i dativ:

norrønt Ek gef bóndanum hringinn. tysk Ich gebe dem Bauer den Ring. nynorsk Eg.NOMINATIV gjev bonden.DATIV ringen.AKKUSATIV. ‘Eg gjev ringen til bonden.’

I tillegg vart dativ nytta ved bestemde preposisjonar. Ved andre preposisjonar veksla dativ og akkusativ, slik at ein nytta akkusativ i nokre høve, og dativ i andre, såkalla vekselpreposisjonar. Tyskleksa kjenner jo mange til: an, auf, hinter, in, neben, über, unter, vor und zwischen. Dei (om lag) tilsvarande norrøne orda var også vekselpronomen.

Det verkar kanskje ikkje som at dativ finst i det heile på norsk – mange høyrer jo fyrst om det når dei har tysk! Og sanninga er jo at dei aller fleste skandinaviske dialekter og varietetar har mista kasusbøying. Men i norske dialekter har dativen vore seigliva. Ifølgje Skjekkeland (1997) finn me tradisjonelt dativ i eit samanhengjande område fra Solør, Hedmarka, Toten, Land, Hallingdal, Ytre Sogn og nordover til Sør-Helgeland, i tillegg til i Øvre Setesdal, på Voss og inst i Sogn.

Fyrst ein liten anekdote: Mor mi kjem ifrå Mære, ved Sparbu, i Inntrøndelag. Der hadde dei nynorsk som opplæringsspråk. Ho flytta til Osen i Uttrøndelag då ho gjekk på barneskulen, der ho stod på for å få lærebøkene sine på nynorsk, sjølv om opplæringsspråket der var bokmål. Dette visste ikkje eg før lenge etter eg sjølv vart glad i nynorsk!

Side 21

Ho har ikkje dativ i dialekta si, men oldemor hadde, og mormor har framleis restar av dativ. Eg vil difor vidare nytte døme på dativ frå inntrøndsk, med utgangspunkt i boka Sparbu-maalet, skriven av Karl Braset og utgjeven av SmiO i 1903. Då var dativ «i full livande bruk».

I døma vidare i denne teksta nyttar eg ikkje fonetisk transkribsjon, men ei tilnærma normalisert dialektattgjeving, som vonleg er lett å lesa og forstå. Eg nyttar ¹ og ² for tonelag 1 og 2. Du finn mykje informasjon om tonelag på verdsveven, om du vil lesa meir om dette. «Nynorsk med dativ» er nynorsk med dativ slik Ivar Aasen nytta det.

Døme på dativ i indirekte objekt: inntrøndsk nynorsk nynorsk m/dativ nominativ eintal ¹Gutn åt mat. Guten åt mat. nominativ fleirtal ²Gutan åt mat. Gutane åt mat. dativ eintal Hannj ga ¹guta mat. Han gav mat til guten. Han gav gute mat. dativ fleirtal Hannj ga ²gutåm mat. Han gav mat til gutane. Han gav gutom mat.

(Merk at ¹guta (dativ eintal av ¹gutn) blir uttala med tonelag 1, liksom ¹gutn, ikkje som ²guta, fleirtal av gut.)

Her ser me at dativ i eintal gjer at hankjønnsord får a-ending i staden for n-ending. Det ser altså ut som at ordet blir til eit hokjønnsord i dativ. Hokjønnsord blir ofte sjåande ut som hankjønnsord i dativ: ¹bøgdn. I svake hokjønnsord blir det litt annleis: vis ‘(ei) vise’ får forma ²visån i dativ eintal (lydleg likt ²visån ‘(alle) visene’). Forma i dativ fleirtal er ²visåm. Dativ fleirtal får ganske konsekvent åm-ending på inntrøndsk. Andre dialekter kan ha -om, -o eller -å her. Merk at det berre er levande dativ i bestemd form, ikkje ubestemd. Dativ i ubestemd form finst det mange restar av i norsk, noko eg kjem attende til mot slutten av teksta.

Nett som norrønt og tysk har også inntrøndsk vekselpreposisjonar.

akkusativ dativ inntrøndsk Æ sætt mæ på ¹gølvet. Æ sett på ²gølvi. nynorsk Eg set meg på golvet. Eg sit (allereie) på golvet.

Interessant her er også at det er tonelagsskilnad på dativ av inkjekjønnsord: ¹gølvet, men ²gølvi. Dette er ulikt hokjønns- og hankjønnsord, som held på tonelag 1 i dativ.

Og for å jamføre med språka eg skreiv om tidlegare, med inntrøndsk:

inkjekjønn akkusativ dativ

norrønt Ek geng undir takit. Ek geng undir takinu. tysk Ich gehe unter das Dach. Ich gehe unter dem Dach. inntrøndsk Æ går ponnj ¹takjet. Æ går ponnj ²takji. nynorsk Eg går (bort) under taket. Eg er (allereie) under taket og går. nynorsk m/dativ Eg gjeng under taket. Eg gjeng under take.

Det finst òg mange preposisjonar som berre styrer dativ: tå ‘av’, åt, ætti ‘etter’, frå, ferr ‘for’, med, mylljåm ‘mellom’ og mot

inntrøndsk Æ e med ’n Berit. Æ går mylljåm husåm. nynorsk Eg er med ho Berit. Eg går mellom husa.

’n er dativform av hu, tilsv. ‘henne’. Her også kan det kan verke som om namnet har bytt kjønn. Mange som har dativ i dialekta si, tenkjer på det som eit kjønnsbyte: I dativ blir hokjønn til hankjønn og omvend. I dativ blir guten til guta, bygda til bygden, ’a til ’n, og i

Side 22 Mål og Makt 2022 – 1

Informasjonsgrafikk: Reddit: u/jkvatterholm: https://www.reddit.com/user/jkvatterholm/ (John Kristian Audunarson Vatterholm)

Side 23

fleire dialekter blir ’n til ’o. I inntrøndsk er ’åm dativform av hannj, tilsv. ‘honom’. I inntrøndsk kan altså ikkje dativ av han bli forveksla med hokjønnspronomenet hu/’a). Det er ein grei hugseregel, men det er altså berre lydlege likskapar og artige samantreff som har gjort at det har vorte slik i mange dialekter, ikkje ein regel om at dei byter grammatisk kjønn i dativ.

Det er ikkje berre setningsfunksjon og preposisjonar som kan styre kasus. Verb kan også gjera det. Til dømes verbet hjølp ‘hjelpe’: «Du må hjølp gutåm!» I tillegg styrer eit fåtal adjektiv dativ: «Hu e lik ’åm». Også stadnamn blir bøygde i kasus. Skogn/Skogna, Feskvikja/Feskvikjen.

Eit dialekttrekk ved trøndske dialekter er substantivisk bruk av adjektiv, som i «itj ta lihlhåmmårn, men storin», ‘ikkje ta den vesle hammaren, men den store’. Saman med dativ kan det bli slik:: «Hi du mat åt ²smååm?» ‘Har du mat til dei småe?’

Som nemnt gav Ivar Aasen rom til dativ i landsmålet. Dette er forståeleg for dei som kjenner til tankane bak det nye språket – eit fullkomme og heilskapleg språk med plass til alle dialektene. Eg er diverre ikkje stø nok i dativ slik han såg ut i nynorsken, elles hadde eg nok nytta det i denne teksta. Aasen nytta sjølv mykje dativ i poesi, til dømes i våre kjære gamle Fjell i Syningom. Mange av dei tidlege prosaforfattarane etter han nytta òg dativ, til liks med vekebladet «Fedraheimen» (Skulerud 1939).

Dativ er diverre døyande i dei fleste norske

dialektene. Men me finn mange restar av det, spesielt i dei tidlegare dativrike dialektene. Ein kjem til å ha restar av det i dialektord og -uttrykk i lang tid. Mange stadnamn er også eigentleg stivna dativformer: Førde (av fjord), Hauge og Haugom (av haug), Berge (av berg), Torpo (av torp). Bygda Geilo i Hallingdal er opphavleg dativform av Geiladn (geilane), og Otta har dativforma Ottun. Mange stadnamn som sluttar på -om o.l., er stivna dativformer, men ikkje alle – mange er restar av ordet ‘heim’. I tillegg finst det flust av restar av dativ i nynorsken, mellom anna i minsto, av garde, i svevne, i tide, i live og av huse Til stede er ein rest av dativ i bokmålet, medan nynorsken har til stades – ein rest av genitiv. Andre døme på stivna genitiv er til sengs, til sjøs, til dømes, til havs og til dess. Her er det preposisjonen til som har styrt genitiv. Men dette kan kanskje nokon andre skrive om?

Kva om dativ hadde enda opp med å bli nytta utbreitt i nynorsken? Det hadde nok ikkje gjort nynorsken så mykje lettare å lære seg, men då hadde det jo vorte for oss å lære oss tysk etter det, for ikkje å snakke om færøysk, islandsk og norrønt! Har du ein yndlingskasus?

Side 24 Mål og Makt 2022 – 1

Litteraturliste

Braset, K. (1903). Sparbu-maalet. Studentmållaget i Oslo.

Haugen, O. E. (2001). Grunnbok i norrønt språk (4. utg.). Gyldendal Akademisk.

Skjekkeland, M. (1997). Dei norske dialektane: tradisjonelle særdrag i jamføring med skrift måla. Høyskoleforlaget.

Skulerud, O. (1939): Om dativ av namnord i nynorsk. I: Heidersskrift til Gustav Indrebø 1939. Lunde.

Nynorsk fagspråkpris

I byrjinga av mai tok Håvard Tangen frå Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo kontakt med Norsk Målungdom. Saman med Syn og Segn freista dei å organisere ei skrivetevling for nynorskbrukarar under 30, og som medarrangør ønskte dei å ha med NMU. Føremålet med tevlinga var å fremje nynorsk fagspråk mellom unge og løfte fram unge sakprosaskribentar.

Reglane for tevlinga var rimeleg enkle. Kvar tevlar skulle levere ein fagartikkel på mellom fem og ti sider, skriven på nynorsk, om eit valfritt tema. Det kom inn 19 bidrag til tevlinga, og desse tok føre seg alt frå litteratur og filosofi til rettsvitskap og matematikk. Ein må kunne seie at målet om å stimulere til nynorsk fagspråk og sakprosa, på tvers av dei akademiske disiplinane, fakulteta og institutta, er oppfylt!

Mellom dei innkomne bidraga, valde ein jury beståande av Diandra Drarvik frå NMU, Astrid Dypvik frå Syn og Segn og Ole Kristian

Grønneng frå Skuleboknemndi ut tre bidrag som nådde heilt til topps. På grunnlag av kunnskap, kvalitet, formidling og engasjement vurderte dei tekstane og enda til sist med tekstane til Kamma Tyse, Marit Ping Bersås og Jógvan Helge Gardar.

I denne utgåva av Mål og Makt presenterer me dei tre vinnarbidraga, og du kan sjølv få sjå korleis pallen speglar vidda i ung nynorsk sakprosa på dei følgjande sidene.

Forutan heider, ære og publikasjon i Mål og Makt, vanka òg pengepremiar. Førsteprisen var på 14 000 kroner, andreprisen på 12 000 kroner og tredjeprisen på 10 000 kroner. Me gratulerer vinnarane, og me oppmodar dykk om å lese bidraga sjølve og fordjupe dykk i matematiske abstraksjonar, historisk-biografiske litterære analysar og rettslingvistiske oppgjer med jusutdanninga.

God lesing!

Side 27

abstraksjonar.Denmodernekunstenerveldigopptattavabstraksjonar.Nedanforserme

eirealistiskteikningaveinkatt,elleriallefalleitforsøkpåålagaeirealistiskteikning

aveinkattmedeyeliner:

Derettersermeeiabstraktteikningaveinkatt:

KAMMA TYSE

Frå pluss og minus til matematisk abstraksjon

Fråplussogminustilmatematiskabstraksjon

Kanlesarensjåatteikningaovanforskalførestillaeinkatt?Merkelegnokkunneegtent millionvispådenneteikningaomeghaddehattdeirettekontaktanepåkunstamarknaden. Heldigvisfinstdeteitstegmidtimellomdetåteiknarealistiskogdetåteiknatull.Her hareggjortendåeitforsøkpååteiknaeinabstraktkatt:

tane på kunstmarknaden. Heldigvis finst det eit steg midt imellom det å teikna realistisk og det å teikna tull. Her har eg gjort endå eit forsøk på å teikna ein abstrakt katt:

Abstraksjonkanverasomangt.Orderabstraksjonar,talerabstraksjonarogtankarer abstraksjonar.Denmodernekunstenerveldigopptattavabstraksjonar.Nedanforserme eirealistiskteikningaveinkatt,elleriallefalleitforsøkpåålagaeirealistiskteikning aveinkattmedeyeliner:

Abstraksjonkanverasomangt.Orderabstraksjonar,talerabstraksjonarogtankarer abstraksjonar.Denmodernekunstenerveldigopptattavabstraksjonar.Nedanforserme eirealistiskteikningaveinkatt,elleriallefalleitforsøkpåålagaeirealistiskteikning aveinkattmedeyeliner:

Abstraksjon kan vera so mangt. Ord er abstraksjonar, tal er abstraksjonar og tankar er abstraksjonar. Den moderne kunsten er veldig opptatt av abstraksjonar. Nedanfor ser me ei realistisk teikning av ein katt, eller i alle fall eit forsøk på å laga ei realistisk teikning av ein katt med eyeliner:

Derettersermeeiabstraktteikningaveinkatt:

Derettersermeeiabstraktteikningaveinkatt:

Deretter ser me ei abstrakt teikning av ein katt:

1 Teikninga ovanfor er på ingen måte eit realistisk portrett av ein katt, men me ser likevel at det er ein katt ho skal førestilla. Me har brukt abstraksjon til å fanga essensen av katten.

Kan lesaren sjå at teikninga ovanfor skal førestilla ein katt? Merkeleg nok kunne eg tent millionvis på denne teikninga om eg hadde hatt dei rette kontak-

Kanlesarensjåatteikningaovanforskalførestillaeinkatt?Merkelegnokkunneegtent millionvispådenneteikningaomeghaddehattdeirettekontaktanepåkunstamarknaden. Heldigvisfinstdeteitstegmidtimellomdetåteiknarealistiskogdetåteiknatull.Her hareggjortendåeitforsøkpååteiknaeinabstraktkatt:

Kanlesarensjåatteikningaovanforskalførestillaeinkatt?Merkelegnokkunneegtent millionvispådenneteikningaomeghaddehattdeirettekontaktanepåkunstamarknaden. Heldigvisfinstdeteitstegmidtimellomdetåteiknarealistiskogdetåteiknatull.Her hareggjortendåeitforsøkpååteiknaeinabstraktkatt:

Men no er me på villspor. Denne artikkelen skal korkje handla om kattar eller kunst, han skal handla om matematikk. I matematikken er abstraksjon eit av dei kraftigaste verktøya me har. Nett som me fanga essensen av katten i berre nokre få strekar på eit ark, kan me plukka ut essensielle eigenskapar ved dei kjente talsystema våre for å laga abstrakte matematiske system. Dei abstrakte matematiske systema viser seg å vera svært nyttige til å oppdaga nye matematiske samanhengar og til å løysa matematiske problem i den verkelege verda. I denne artikkelen skal me sjå nærmare på kva for ei rolle abstraksjonen spelar i matematikken ved å visa til døme frå fagfeltet «gruppeteori». Gruppeteorien kan vera vanskeleg og

Side 28 Mål og Makt 2022 – 1
1. plassen
Fråplussogminustilmatematiskabstraksjon

teoretisk for dei som ikkje er vane med matematikk, men poenget med artikkelen er ikkje å læra gruppeteori i detalj. Gruppeteorien er berre eit middel for å skjøna kva matematisk abstraksjon er, kvifor det er viktig i matematikken og korleis det kan brukast utanfor matematikken.

Me byrjar med eit døme på matematisk abstraksjon, men då må me fyrst repetera tre velkjente reknereglar:

1. Om me plussar eit tal med null, får me talet sjølv. Til dømes er

0 + 5 = 5 + 0 = 5.

2. Om me tar eit tal minus seg sjølv, får me null. Til dømes er 4 − 4 = 0.

Ein annan måte å seia dette på, er at me får null dersom me plussar eit tal med seg sjølv gonga med minus éin, altso at

4 + (−4) = (−4) + 4 = 0.

3. Om me har eit reknestykke med fleire plussteikn, har det ikkje noko å seia kva for eit plusstykke me reknar ut fyrst. Til dømes er både

(2 + 5) + 1 = 7 + 1 = 8

og

2 + (5 + 1) = 2 + 6 = 8, so me kan sløyfa parantesane og skriva

2 + 5 + 1 = 8.

Ikkje bli fornærma av at me repeterer noko so enkelt som grunnleggande reknereglar. Det kan nemleg vera lurt å ha dei friskt i minne når me skal i gong med å abstrahera! Me skal vidareutvikla dei velkjende tala våre til det abstrakte matematiske systemet me kallar for «ei gruppe», men då må me fyrst finna ut av kva som er essensen i reknereglane. For det fyrste har me eit talsystem. Talsystemet me brukar til vanleg kallar me for dei reelle tala, R, og det er samlinga av alle tala som ligg på tallinja. 2, -5, 3.99 og π er døme på tal i R. Samlinga av alle dei heile tala, altso tala som ikkje har desimalar, kallar me for Z. Dette er tal som -13, 0 og 9. Reknereglane me skreiv opp gjeld både for tala i R og tala i Z. For det andre har me ein rekneoperasjon, pluss (+), som funkar sånn at om ein får to tal, kan ein laga eit nytt tal. Rekneoperasjonen er ein regel for korleis me skal laga det nye talet. Me kan generalisera desse observasjonane ved å ikkje berre sjå på samlingar av tal, men samlingar av kva som helst, og ikkje berre rekna med plussteiknet +, men alle moglege reglar som fortel oss korleis me kan kombinera to ting frå ei samling og få ein ny ting i samlinga. For å bruka eit meir

Side 29

matematisk språk, skal me frå no av kalla ei samling av ting for «ei mengd av element» og ein rekneoperasjon for «ein binæroperasjon». Vidare skal me bruka bokstaven «G» til å representera ei mengd, bokstaven «g» til å representera eit element i mengda «G», og teiknet × til å representera ein binæroperasjon. Eit døme på ei mengd som ikkje har noko med tal å gjera kan vera ein målarpalett med maling i alle fargane i universet. Eit døme på ein binæroperasjon som verkar på denne mengda er å blanda to av målingsfargane på paletten. Om mengda vår heiter G, me har to element i G som heiter g₁ og g₂, og symbolet for binæroperasjonen vår er ×, skriv me g₁ × g₂ for det elementet me får i G når me brukar binæroperasjonen til å kombinera g₁ og g₂. I dømet med målarpaletten har me då at

blå × raud = lilla

No som me har eit matematisk språk for å snakka om mengder og binæroperasjonar, kan me bruka dette til å finna essensen i dei tre reknereglane me skreiv opp. Me førestiller oss at me har ei mengd som heiter G og ein binæroperasjon med teiknet ×. Rekneregel 1 handlar om eit tal, nemleg null, som ikkje endrar på dei andre tala når me plussar dei saman. På matematikkspråket vil dette seia at G inneheld eit element som ikkje påverkar dei andre elementa når me brukar binæroperasjonen × til å kombinera dei. Dermed kan me omskriva rekneregel 1 som

1. Mengda G inneheld eit element e som er sånn at

e × g = g og g × e = g

uansett kva for eit element i G bokstaven g skal representera. Me kallar dette elementet e for identitetselementet til G

Rekneregel 2 seier at uansett kva for eit tal me har, er det mogleg å finna eit anna tal som gjer at me får null dersom me plussar dei saman. Med andre ord, uansett kva for eit element me vel i G, kan me finna eit anna element som gjer at me får identitetselementet når me brukar × til å kombinera dei. Meir formelt skriv me

2. Om me har eit element i G som heiter g₁, kan me finna eit element i G, lat oss kalla det for g₂, som gjer at

g₁ × g₂ = e og g₂ × g₁ = e

Her er e identitetselementet i G. Då seier me at g₂ er «inversen til g₁».

Rekneregel 3 fortel oss at det ikkje har noko å seia kva for eit plussteikn me reknar ut fyrst i eit plusstykke. Altso har det ingenting å seia kva for element me brukar binæroperasjonen × til å kombinera fyrst i eit reknestykke med fleire ×-teikn. Den nye rekneregel 3 blir då

3. Uansett kva for tre element me plukkar frå G, til dømes tre element som heiter g₁, g₂ og g₃, er det sant at

(g₁ × g₂) × g₃ = g₁ × (g₂ × g₃),

so me kan sløyfa parantesane og skriva

g₁ × g₂ × g₃.

Som lesaren kanskje har lagt merke til, er det ikkje sikkert at alle mengder og binæroperasjonar oppfyller dei tre nye reknereglane. Til dømes finst det ingen fargar på målarpaletten som ein kan blanda med dei andre fargane utan å laga ein ny farge. Ja, ein kan blanda blåmåling med blåmåling og, ikkje overraskande, få blåmåling, men om ein blandar blåmålinga med kva som helst annan farge på paletten, får ein ein ny

Side 30 Mål og Makt 2022 – 1

somekansløyfaparantesaneogskriva

Somlesarenkanskjeharlagtmerketil,erdetikkjesikkertatallemengderogbinæroperasjonaroppfyllerdeitrenyereknereglane.Tildømesfinstdetingenfargarpåmalarpaletten someinkanblandameddeiandrefarganeutanålagaeinnyfarge.Ja,einkanblandablåmalingmedblåmanlingog,ikkjeoverraskande,fåblåmaling,menomeinblandar blåmalingamedkvasomhelstannanfargepåpaletten,fåreineinnyfarge.Derforgjeld ikkjerekneregel1idømetmedmalarpaletten.

farge. Derfor gjeld ikkje rekneregel 1 i dømet med målarpaletten.

Dersom ei mengd med ein binæroperasjon faktisk oppfyller reknereglane, kallar me mengda for «ei gruppe». Dei tre reknereglane utgjer altso definisjonen av ei gruppe. Fram til no har me sett at både R og Z er grupper når me brukar plussing som binæroperasjon, medan målingspaletten ikkje er ei gruppe. Lesaren kan sjølv få sjekka at R er ei gruppe når ein brukar gonging · som binæroperasjon, men berre om ein fjernar talet null.

Dersomeimengdmedeinbinæroperasjonfaktiskoppfyllerreknereglane,kallarmemengdafor«eigruppe».Deitrereknereglaneutgjeraltsodefinisjonenaveigruppe.Framtil noharmesettatbåde R og Z ergruppernårmebrukarplussingsombinæroperasjon, medanmalingspalettenikkjeereigruppe.Lesarenkansjølvfåsjekkaat R ereigruppe nåreinbrukargonging sombinæroperasjon,menberreomeinfjernartaletnull.

g1 ∗ g2 ∗ g3

Somlesarenkanskjeharlagtmerketil,erdetikkjesikkertatallemengderogbinæroperasjonaroppfyllerdeitrenyereknereglane.Tildømesfinstdetingenfargarpåmalarpaletten someinkanblandameddeiandrefarganeutanålagaeinnyfarge.Ja,einkanblandablåmalingmedblåmanlingog,ikkjeoverraskande,fåblåmaling,menomeinblandar blåmalingamedkvasomhelstannanfargepåpaletten,fåreineinnyfarge.Derforgjeld ikkjerekneregel1idømetmedmalarpaletten.

Ikkje overraskande skal me laga oss ei gruppe. Me kallar mengda av dei seks rotasjonane og speglingane for «rotasjonssymmetriane på ein trekant», D₃. Som binæroperasjon på D₃ brukar me samansetjing av rotasjonssymmetriane og teiknet ○ Å setja saman rotasjonssymmetriar vil seia å gjera to rotasjonssymmetriar etter kvarandre. Uttrykket u ○ b tyder dermed at me fyrst gjer rotasjon b og deretter spegling u. Som me allereie har sett, er

u ○ b = v.

Deterikkjeberremengderavtalsomkanveragrupper.Herharmeeinlikesidatrekant derkvarthjørneitrekantenharnamnet A, B eller C

Dersomeimengdmedeinbinæroperasjonfaktiskoppfyllerreknereglane,kallarmemengdafor«eigruppe».Deitrereknereglaneutgjeraltsodefinisjonenaveigruppe.Framtil noharmesettatbåde R og Z ergruppernårmebrukarplussingsombinæroperasjon, medanmalingspalettenikkjeereigruppe.Lesarenkansjølvfåsjekkaat R ereigruppe nåreinbrukargonging sombinæroperasjon,menberreomeinfjernartaletnull.

Deterikkjeberremengderavtalsomkanveragrupper.Herharmeeinlikesidatrekant derkvarthjørneitrekantenharnamnet A B eller C

Me undersøker kor mange måtar me kan rotera og spegla trekanten på, utan at me kan sjå at han har flytta seg på arket:

Rotasjon a =Årotera 0◦ Rotasjon b =Årotera 120◦ Rotasjon c =Årotera 240◦ 5

Rotasjon a funkar som eit identitetselement i mengda av rotasjonssymmetriar, so D₃ følgjer rekneregel 1. Om ein klypper trekanten ut av arket og leikar seg litt med han, kan ein sjå med eigne augo at D₃ oppfyller dei to siste reknereglane òg. Dermed utgjer D₃ ei gruppe.

Men kva so? Kva har det å seia at R, Z og

D₃ er grupper? Me lærer ikkje noko nytt om desse mengdene berre ved å setja namn på dei. Gruppedefinisjonen verkar både overkomplisert og meiningslaus. Men som nemnt i innleiinga, har abstraksjon fleire nytteområde. Me byrjar med å sjå på korleis abstraksjon er nyttig for å bygga matematisk forståing.

Ved å bruka gruppedefinisjonen kan me bevisa utanfor all tvil at uansett kva for ei gruppe me har, finst det berre eitt identitetselement i gruppa. Følg nøye med no!

Rotasjon a =Årotera 0◦ Rotasjon b =Årotera 120◦ Rotasjon c =Årotera 240◦

Lat oss seia at både e₁ og e₂ er identitetselement i ei gruppe som heiter G med binæroperasjonen ×, og sjå på reknestykket

e₁ × e₂.

Spegling u =Åspeglaom linjagjennom A Spegling v =Åspeglaom linjagjennom B Spegling w =Åspeglaom linjagjennom C

Merkateinrotasjonellereispeglingikkjeerden trekanten mefårnårmeroterereller speglar,mensjølve handlinga deteråroteraelleråspegla.Merkògatå«spegla»ein trekanterdetsamesomåsnuhanoppnedlangsdenstiplalinja.

Merk at ein rotasjon eller ei spegling ikkje er den trekanten me får når me roterer eller speglar, men sjølve handlinga det er å rotera eller å spegla. Merk òg at å «spegla» ein trekant er det same som å snu han opp ned langs den stipla linja.

Nokonvilkanskjepåpeikaatmeògkanroteratrekanten 360 eller 480 ,elleratmekan gjerarotasjon b ogspegling u etterkvarandre,ogdethardeiheiltretti.Menomein skrivoppkordetbliravhjørne A, B og C nåreingjerdesserotasjonaneogspeglingane, sereinateinfårnettdetsameresultatetsomomeinhaddegjorthøvesvisrotasjon a, rotasjon b ellerspegling v .Derforerdeinyerotasjonaneogspeglinganeoverflødigeidet menoskalbrukadeitil.

Nokon vil kanskje påpeika at me òg kan rotera trekanten 360° eller 480°, eller at me kan gjera rotasjon b og spegling u etter kvarandre, og det har dei heilt rett i. Men om ein skriv opp kor det blir av hjørne

Ikkjeoverraskandeskalmelagaosseigruppe.Mekallarmengdaavdeiseksrotasjonane ogspeglinganefor«rotasjonssymmetrianepåeintrekant», D3 .Sombinæroperasjonpå D3 brukarmesamansetjingavrotasjonssymmetrianeogteiknet ◦.Åsetjasamanrotasjonssymmetriarvilseiaågjeratorotasjonssymmetriaretterkvarandre.Uttrykket u ◦ b tyderdermedatmefyrstgjerrotasjon b ogderetterspegling u.Sommeallereieharsett, er u ◦ b v.

A, B og C når ein gjer desse rotasjonane og speglingane, ser ein at ein får nett det same resultatet som om ein hadde gjort høvesvis rotasjon a, rotasjon b eller spegling v. Derfor er dei nye rotasjonane og speglingane overflødige i det me no skal bruka dei til.

Rotasjon a funkarsomeitidentitetselementimengdaavrotasjonssymmetriar,so D3 følgjerrekneregel1.Omeinklyppertrekantenutavarketogleikarseglittmedhan,kan einsjåmedeigneaugoat D3 oppfyllerdeitosistereknereglaneòg.Dermedutgjer D3 ei gruppe.

Menkvaso?Kvahardetåseiaat R, Z og D3 ergrupper?Melærerikkjenokonyttom

Sidan e₁ og e₂ er identitetselement, seier rekneregel 1 at

e₁ × g = g og g × e₂ = g, uansett kva for eit element i G bokstaven g skal representera. Om g representerer identitetselementet e₂, kan me byta g ut med e₂ i den fyrste likninga og få at

e₁ × e₂ = e₂.

Om g representerer identitetselementet e₁, kan me byta g ut med e₁ i den andre likninga og få at

e₁ × e₂ = e₁.

Frå e₁ × e₂ = e₂ og e₁ × e₂ = e₁ kan me konkludera med at

Side 31
Det er ikkje berre mengder av tal som kan vera grupper. Her har me ein likesida trekant der kvart hjørne i trekanten har namnet A, B eller C. g1 ∗ g2 ∗ g3
Meundersøkerkormangemåtarmekanroteraogspeglatrekantenpå,utanatmekan sjåathanharflyttasegpåarket:
somekansløyfaparantesaneogskriva
Meundersøkerkormangemåtarmekanroteraogspeglatrekantenpå,utanatmekan sjåathanharflyttasegpåarket:

Dermed er alle identitetselementa i G like, som er ein annan måte å seia at gruppa G berre har eitt identitetselement på.

I beviset ovanfor brukte me ingen andre opplysningar enn dei tre reknereglane, og litt logisk tenking, for å visa at det berre finst eitt identitetselement i gruppa G. Derfor må påstanden gjelda for alle gruppene i heile verda! At det berre finst eitt identitetselement verkar openbart for R, Z og D₃, men nett som me viste at ei gruppe berre har eitt identitetselement, kan me visa meir interessante eigenskapar som ikkje alltid er like openberre. Her kjem ein annan påstand me kan bevisa:

raudt,gult,grønt,blåttellerlilla.Trekantgrøn-lilla-rauderdentrekantensomergrøni hjørne A,lillaihjørne B ograudihjørne C ,altso

Me førestiller oss at gruppa G inneheld endeleg mange element og ser på mengda som inneheld alle element på forma g, g × g, g × g × g, g × g × g × g, ..., og so vidare, for èin eller annan g i G Lat oss seia at det er m element i G og at det er n element på forma g, g × g, g × g × g, g × g × g × g, ... .

Då må m : n alltid vil vera eit heiltal, uansett kva for eit element g me vel frå G.

Påstanden er veldig abstrakt og kronglete formulert, so me undersøker kva han vil seia for dømet med rotasjonssymmetriane:

Men samanhengane me har kome fram til er veldig teoretiske og kan verka unyttige for dei som ikkje interesserer seg for matematikk. Derfor skal me no bruka abstraksjon og gruppeteori til å løysa eit praktisk problem. Det mest grunnleggande nytteområdet i heile matematikken, nemleg å telja ting. Me skal fargelegga hjørna A, B og C i ein likesida trekant sånn at kvart hjørne er anten raudt, gult, grønt, blått eller lilla. Trekant grøn-lilla-raud er den trekanten som er grøn i hjørne A, lilla i hjørne B og raud i hjørne C, altso

Sidan ein trekant har tre hjørne og sidan kvart hjørne kan fargeleggast i éin av fem fargar,kan me farga

Sidaneintrekanthartrehjørneogsidankvarthjørnekanfargeleggastiéinavfemfargar, kanmefarga

Ved å leika seg litt med den likesida trekanten, ser ein at mengda som inneheld b, b × b, b × b, b × b × b, ..., som er å gjera rotasjon b mange gongar etter kvarandre, er lik mengda som inneheld rotasjonane a, b og c. Denne mengda inneheld tre element og D₃ inneheld seks element. Som me spådde, får me då at 6 : 3 = 2,

5³ = 125

53 =125

uliketrekantar.Menommeklyppertrekantaneutfråarketsånnatdetermoglegå roteraogspegladei,sermeatsommeavdeifargelagdetrekantaneirøyndaerlike.Til dømesertrekantanegrøn-lilla-raudograud-grøn-lillaéinogsametrekant,sidanmekan gjerarotasjon b påtrekantgrøn-lilla-raudogfåtrekantraud-grøn-lilla.Metaldealtso sommeavtrekantanefleiregongardåmereknaut 53 ,ogfekkderforeitaltforhøgttal.

og som me alle veit, er 2 eit heiltal. Me kan òg gå motsett veg og seia at sidan 6 : 4 = 1.5 ikkje er eit heiltal, veit me heilt sikkert at r, r × r, r × r × r, ..., ikkje utgjer fire ulike rotasjonssymmetriar, uansett kva for ein rotasjonssymmetri bokstaven r representerer i D₃.

Foråfinnautkormangetrekantarmeeigentleghar,trengmeeinmåteåteljapåsom taromsyntilrotasjonarogspeglingar,ogdåmåmeattereingongabstrahera.Vedå brukabrukagruppedefinisjonen,skalmelagaeitabstraktmatematisksystemsomheiter

Gruppedefinisjonen gjer altso at me kan oppdaga samanhengar som gjeld for alle gruppene i heile verda, i staden for å undersøka alle gruppene kvar for seg. Gruppedefinisjonen gjer òg at me ser tydelegare kva som er årsaka til samanhengane. Me kan peika på nøyaktig kva for reknereglar som gjer at eit gitt matematisk system har ein viss eigenskap. Det er ikkje tilfeldig at r, r × r, r × r × r, og so vidare, aldri utgjer fire element i D₃, det lèt seg forklara på eit djupare nivå.

ulike trekantar. Men om me klypper trekantane ut frå arket sånn at det er mogleg å rotera og spegla dei, ser me at somme av dei fargelagde trekantane i røynda er like. Til dømes er trekantane grøn-lillaraud og raud-grøn-lilla éin og same trekant, sidan me kan gjera rotasjon b på trekant grøn-lilla-raud og få trekant raud-grøn-lilla. Me talde altso somme av trekantane fleire gongar då me rekna ut 5³, og fekk derfor eit altfor høgt tal. For å finna ut kor mange trekantar me eigentleg har, treng me ein måte å telja på som tar omsyn til rotasjonar og speglingar, og då må me atter ein gong abstrahera. Ved å bruka bruka gruppedefinisjonen, skal me laga eit abstrakt matematisk system som heiter «ein gruppeverknad». Me går fort og gale gjennom definisjonen av ein gruppeverknad, for sjølv om definisjonen er viktig for at matematikken skal stemma, er han ikkje strengt naudsynt for å skjøna kva gruppeverknadane kan brukast til.

«eingruppeverknad».Megårfortoggalegjennomdefinisjonenaveingruppeverknad, forsjølvomdefinisjonenerviktigforatmatematikkenskalstemma,erhanikkjestrengt naudsyntforåskjønakvagruppeverknadanekanbrukasttil.

Metenkerossatmehareigruppesomheiter G medbinæroperasjonen ∗,ogeimengd somheiter X.Melagarosseinnyrekneoperasjonsomkombinerereitelementfrå eitelementfrå X oggireitnyttelementi X.Mebrukarteiknet ⋆ forrekneoperasjonen.

Me tenker oss at me har ei gruppe som heiter G med binæroperasjonen ×, og ei mengd som heiter X. Me lagar oss ein ny rekneoperasjon som kombinerer eit element frå G med eit element frå X og gir eit nytt element i X. Me brukar teiknet ● for rekneoperasjonen. Når me brukar ● til å kombinera elementet g i G og elementet x i X, skriv me

Nårmebrukar ⋆ tilåkombineraelementet g i G ogelementet x i X,skrivme

Fram til no har me brukt gruppedefinisjonen til å betra den matematiske forståinga vår.

Side 32 Mål og Makt 2022 – 1
g⋆x. Nettsomdåmedefinerteeigruppe,skrivmeoppeilistemedreknereglar:
g ● x. e₁ = e₂.

Nett som då me definerte ei gruppe, skriv me opp ei liste med reknereglar:

1. Uansett kva for eit element x representerer i X, er

e ● x = x,

der e er identitetselementet i G

2. Uansett kva for nokre element g₁ og g₂ representerer i G, og uansett kva for eit element x representerer i X, er det sant at

(g₁ × g₂) ● x = g₁ ● (g₂ ● x).

Dersom ei gruppe G og ei mengd X følger dei to reknereglane ovanfor, seier me at G er «ein gruppeverknad» på X.

No som me veit kva ein gruppeverknad er, kan me koma tilbake til problemet med å telja trekantar. Ver merksam på at teljinga er litt komplisert, men ein treng ikkje å henga med på alle detaljane for å skjøna kvifor dei er nyttige.

Me lèt D₃ vera gruppa vår. Mengda vår er alle dei 125 likesida trekantane me får dersom kvart hjørne kan vera anten raudt, gult, grønt, blått eller lilla, og me ikkje ser på to trekantar som like om me kan rotera eller spegla dei for å få kvarandre. Når me skal vurdera om to trekantar er like eller ulike, tenker me oss altso at dei er limte fast i arket og ikkje kan roterast eller speglast. Me kallar denne mengda for ∆. At ein rotasjonssymmetri r i D₃ verkar på ein trekant T i ∆, vil seia at me brukar r til å rotera eller spegla T for å få ein ny trekant i ∆. Til dømes er

b ● grøn-lilla-raud = raud-grøn-lilla.

Då er D₃ ein gruppeverknad på ∆.

banei ∆,ettersomdetteeralletrekantanemefårommebrukarhøvesvis a,b,c,u,v og w tilåspeglaogroteratrekantengrøn-lilla-raud.

Vedåbrukadeitoreknereglaneidefinisjonenaveingruppeverknad,kanmeutleiaein formel, Burnsideformelen,somfortelossnøyaktigkormangebanarmefårnårgruppa G verkarpåmengda X .Burnsideformelenseierattaletpåbanar, B ,ergittvedlikskapen

Sidan me er interesserte i kor mange trekantar som finst om me faktisk ser på to trekantar som like om me kan rotera eller spegla dei for å få kvarandre, er det ikkje talet på trekantar i ∆ me er ute etter, men talet på banar. Når G er ei gruppe som verkar på mengda X, definerer me «ein bane» som den mengda ein får om ein startar med eit element x i X og lèt alle elementa i G verka på x etter tur. Om g₁, g₂ og g₃ er alle elementa i G, vil då x, g₁ ● x, g₂ ● x og g₃ ● x utgjera ein bane i X. For D₃ og ∆ vil dette seia at grøn-lilla-raud, raud-grøn-lilla, lilla-raud-grøn, grøn-raud-lilla, raud-lilla-grøn og lilla-grøn-raud utgjer ein bane i ∆, ettersom dette er alle trekantane me får om me brukar høvesvis a, b, c, u, v og w til å spegla og rotera trekanten grøn-lilla-raud. Ved å bruka dei to reknereglane i definisjonen av ein gruppeverknad, kan me utleia ein formel, Burnsideformelen, som fortel oss nøyaktig kor mange banar me får når gruppa G verkar på mengda X. Burnsideformelen seier at talet på banar, B, er gitt ved likskapen

MeskalikkjebevisaatBurnsideformelenstemmer,menmeskalsjånærmarepåkvahan seierogbrukahantilåløysateljeproblemetvårt. |G| stårfortaletpåelementi G.Me harallereiesettat |D3 | =6.

Me skal ikkje bevisa at Burnsideformelen stemmer, men me skal sjå nærmare på kva han seier og bruka han til å løysa teljeproblemet vårt. |G| står for talet på element i G. Me har allereie sett at |D₃| = 6.

Xg er mengda som inneheld alle dei elementa i X som ikkje endrar seg når elementet g i G verkar på dei. Med andre ord er Xg mengda av alle dei elementa i X som gjer at likskapen

Xg ermengdasominneheldalledeielementai X somikkjeendrarsegnårelementet g i G verkapådei.Medandreorder Xg mengdaavalledeielementai X somgjerat likskapen

g⋆x = x

ersann.Somlesarenkansjekkasjølv,er

B = 1 |G| (|Xg1 | + |Xg2 | + ... + |Xgn |).

g ● x = x

er sann. Som lesaren kan sjekka sjølv, er u ● blå-gul-gul = blå-gul-gul,

so trekanten blå-gul-gul ligg i mengda ∆u. Meir generelt kan me seia at ∆u inneheld alle dei trekantane i ∆ som har same farge i hjørne B som i hjørne C. Sidan hjørne A ikkje flyttar på seg når me gjer spegling u, har me fem fargeval i A. I B har me òg fem fargeval, men berre om me passar på at C har same farge som B, og då er det berre éin farge å velja i hjørne C. Dermed er det 5 · 5 · 1 = 25 trekantar i ∆u, og me skriv

u| = 25.

På same måte kan me rekna ut at

Då har me alt me treng for å løysa teljeproblemet! Om me set tala me har kome fram til inn i Burnsideformelen, får me at talet på banar i ∆ er

Løysinga på teljeproblemet er altso at me kan fargelegga 35 ulike trekantar. 35 er ikkje eit so veldig høgt tal. Me kunne fint ha talt til 35 ved å teikna alle trekantane eller sjå dei føre oss i hovudet. Men om me hadde hatt fleire enn fem fargar å velja mellom, kanskje 1000 eller 10 000 000 000 fargar, eller om me ikkje hadde hatt ein enkel trekant, men ein 18-kant, eller ein figur med ei form som er vanskeleg å skildra med ord, då trengst det sterkare lut til. Me treng gruppeteorien og Burnsideformelen. Fargelegging av trekantar er i grunn eit oppkonstruert døme, men Burnsideformelen kan brukast i teljeproblem av fleire ulike slag. Me skal ikkje undervurdera krafta som ligg i det å telja ting. Tala er kring oss overalt. Burnsideformelen kan verka rar og umotivert, og det er nesten litt magisk at han funkar. Derfor oppfordrar eg dei av lesarane som har fått eit snev av interesse for gruppeteori i laupet av denne artikkelen, til å ta ein kikk på beviset for formelen. Det er eit spanande bevis som gir djupare innsikt i kvifor gruppedefinisjonen er ein naturleg definisjon å laga og korleis grupper og symmetriar i røynda er to sider av same sak. Det er ikkje til å stikka under ein stol at beviset er vanskeleg og tidkrevande, men det skal vera overkomeleg for dei fleste som har ein god dose med motivasjon. I denne artikkelen har me sett korleis abstraksjon både er ein artig tankeleik og eit nyttig matematisk verktøy. Abstraksjon kan brukast til å skapa ei betre forståing for matematikk, samt hjelpa oss med å løysa problem i den verkelege verda. Matematikken hadde ikkje vore på langt nær like spennande om matematikarane hadde heldt seg til å jobba med det handfaste og konkrete. Tal er i seg

Side 34 Mål og Makt 2022 – 1
|∆
|∆a| = 125, |∆b| = 5, |∆c| = 5, |∆v| = 25 og |∆w| = 25.
B = 1 · (|∆a| + |∆b| + |∆c| + |∆u| + |∆v| + |∆w|) |D₃| = 1 · (125 + 5 + 5 + 25 + 25+ 25) 6 = 35.

Fråplussogminustilmatematiskabstraksjon

Abstraksjonkanverasomangt.Orderabstraksjonar,talerabstraksjonarogtankarer abstraksjonar.Denmodernekunstenerveldigopptattavabstraksjonar.Nedanforserme eirealistiskteikningaveinkatt,elleriallefalleitforsøkpåålagaeirealistiskteikning aveinkattmedeyeliner:

sjølv ein abstraksjon, men me kan strekka oss endå lengre. Me har sett at me kan definera grupper, matematikarane har allereie oppdaga endå meir abstrakte system enn gruppeteorien, og kven veit kor mykje lengre me kan nå. Eg avsluttar med ei teikning av eit fabeldyr som kunne eksistert på jordkloden i eit parallelt univers:

Egavsluttarmedeiteikningaveitfabeldyrsomkunneeksistertpåjordklodenieit paralleltunivers:

Derettersermeeiabstraktteikningaveinkatt:

Kanlesarensjåatteikningaovanforskalførestillaeinkatt?Merkelegnokkunneegtent millionvispådenneteikningaomeghaddehattdeirettekontaktanepåkunstamarknaden.

Heldigvisfinstdeteitstegmidtimellomdetåteiknarealistiskogdetåteiknatull.Her hareggjortendåeitforsøkpååteiknaeinabstraktkatt:

Ein kunstar i det parallelle universet hadde kanskje teikna det følgjande biletet for å fanga essensen av fabeldyret:

Einkunstaridetparallelleuniversethaddekanskjeteiknadetfølgjandebiletetforå fangaessensenavfabeldyret:

Side 35
1

MARIT PING BERSÅS

«Her vokste mine inntrykk»

Bjørnstjerne Bjørnson og Nesset Prestegard

Innleiing

Det kan vere vanskeleg å sjå føre seg kvar ein stor diktarhøvding som Bjørnstjerne Bjørnson tråkka sine barnesko. Han vart fødd 8. desember 1832 på Bjørgan Prestegard i Kvikne og døydde 78 år gamal den 26. april 1910 på eit hotell i Paris. I perioden 1838–53 budde familien Bjørnson på Nesset Prestegard. I laupet av livet fekk Bjørnstjerne utretta mykje godt på fleire frontar, mellom anna politisk og med diktinga. Kva plass vaks Bjørnstjerne opp på, og korleis påverka det livet hans?

Hovuddel

Historisk bakgrunn

Bjørnstjernes oppvekststad Nesset Prestegard ligg inst i Langfjorden i Romsdal. Dette er ein historisk plass, og for å få den historiske konteksten må vi tilbake til siste istid for om lag 10 000 år sida. Nordsjøen var tørt land, kalla «Doggerbank» eller «Doggerland», og folket vandra inn mot kysten av Noreg ettersom det var gode forhold for jakt og fangst. Det var truleg nomadefolk som flytta på seg etter kor dei fann mat. Her i området er det funne spor som er frå desse tidene. I området der prestegarden ligg er det funne fangstminne i fjellet som er frå den siste issmeltinga. Nede ved fjorden, på Prestneset, er det funne restar etter tidleg steinalderbusetting som er om lag 7-8000 år gamle. Eit par kilometer lenger sør, ved nabofjorden Eresfjord, finn vi Buggestranda med fleire helleristningsfelt som er mellom 5-7000 år gamle. På Prestneset er det restar etter vikingraver frå rundt 600-700 e.Kr,

og nokre av dei er framleis synlege i dag. Garden var også sentral i hovudferdselsåra mellom Bjørgvin og Nidaros. Båten var framkomstmiddelet og fjorden var hovudvegen. Frå Bjørgvin segla dei opp til Veøya som ligg lenger ut i Langfjorden. Øya vert kalla «den heilage øya i Romsdalsfjorden» og hadde kyrkje allereie frå rundt 950, medan den offisielle kristninga av Noreg blir rekna frå 1030. Veøya var den største kaupangen i mellomalderen og eit senter for tru, religion og handel. Vidare gjekk turen frå Veøya inn Langfjorden til Nesset Prestegard før dei tok seg over kavlvegen på Tiltereidet til Sunndalsfjorden. Då kunne dei segle trygt heilt opp til Nidaros, og sleppe over havstykket Hustadvika. Dette var ei rute mange tok i samband med pilegrimsferda til Nidarosdomen.

Den første presten me kjenner til, David, busette seg på Nesset Prestegard rundt 1597, og sidan har det vore prestegard her. Familien Bjørnson kom til garden i april 1838, og Peder Bjørnson var sokneprest her til 1853. Eigedomsforholda på denne tida var ulike for dei forskjellige husa, og på denne prestegarden eigde presten hovudbygninga sjølv, medan allmugen, og seinare kommunen, eigde Allmuens Herrestue, Borgstua og til dømes stallen. Frå gamalt av stod det mange hus på prestegarden. I ei åbotstakst frå 1767 er det nemnt om lag 20 hus. I Peder Bjørnson si tid stod åtte av dei husa som utgjer prestegarden i dag. Noko som er spesielt ved Nesset prestegard er at få andre prestegardar i Noreg har bevart så mange hus over så lang tid, og garden er blant dei best bevarte prestegardane i

Side 36 Mål og Makt 2022 – 1
2.
plassen

Møre og Romsdal, truleg òg på landsbasis. I dag er garden eigd og forvalta av Romsdalsmuseet.

Om bygningane

Borgstua var det offentlege rommet på prestegarden og blei reist rundt midten av 1700-talet. Sidan den tid har det blitt rive ned og bygt opp att fleire gonger og tent mange funksjonar. Den var opphaveleg meint som drengestue, men har òg vore brukt til snikkarverkstad, konfirmasjonsundervisning og skule. På loftet i Borgstua budde drengane på garden, og Bjørnstjerne sat nok mykje i lag med dei på kveldstid og høyrde røvarhistorier frå bygda. I motsetnad til Borgstua, var Allmuens Herrestue representasjonshuset på prestegarden. Ein kan kalle det «kongen sitt hus» ettersom det var meint til overnatting for biskopar, andre geistlege og embetsmenn som reiste i kongens ærend da dei kom til soknet. Det var allmugen som eigde huset, og det blei reist rundt 1815–1816. Det var eit staseleg bygg i si tid med store vindauge, høgt under taket og to fulle etasjar, men svært lite i bruk. Då familien Bjørnson kom flyttande, stod herrestua relativt ny og heilt tom. Hovudhuset som stod på garden var i dårleg stand og over hundre år gamalt. Peder Bjørnson hadde ynske om å få bu i herrestua, men det fekk dei ikkje høve til. På den tida var det eit hierarki i samfunnet, der kongen var øvst, og presten fekk ikkje bu i kongen sitt hus. I staden søkte Peder om å låne pengar til å bygge nytt hovudhus til familien. Han fekk lån frå kongen, men måtte i tillegg ut på bygda for å låne meir

pengar. Det nye hovudhuset stod ferdig i 1846, åtte år etter at familien kom til garden. På tunet var det også andre bygningar, mellom anna to stabbur –eit til tiende og eit til presten privat. Elles var det driftsbygningar som fjøs, stall og eldhus.

Bjørnstjerne Bjørnson på Nesset Prestegard

Ein vårdag i april 1835 trekte hesten Blakken vogna der 5 år gamle Bjørnstjerne sat. Turen gjekk frå Kvikne, over Oppdal, ned Sunndalen, med båt over til Eidsøra og hesteskyss til Nesset Prestegard ved Langfjorden. Faren Peder hadde fått prestekall til Nesset, og familien var på flyttefot. I novella med same namn som hesten Blakken skriv Bjørnson mellom anna:

en av de skjønneste gårder i landet, som den ligger der brebarmet mellom to møtende fjorder, med grønt fjell over seg, fossefall og gårder på den motsatte strand, bølgende marker og liv inne i dalbunnen, og utover langs fjorden fjell med nes i nes skytende ut i sjøen og en stor gard ute på hvert, - her på Nessets presegård hvor jeg kunne stå i kvelden og se på solspillet over fjell og fjord, til jeg gråt som om jeg hadde gjort noe ondt, - og hvor jeg på mine ski ned i en eller annen dal plutselig kunne stanse som trollbundet av skjønnhet, av en lengsel som jeg ikke maktet å klare, men som var så stor at jeg ovenpå den høyeste glede følte den dypesteinnestengelse og sorg, - her på Nessets prestegård vokste mine inntrykk [...] (Bjørnson, 1957, s. 362).

Side 37

Synet som møtte den unge guten då han hoppa ut av vogna på prestegarden blir godt skildra i utdraget frå Blakken, og utsikta og omgjevnadane gjorde stort inntrykk på han. Blakken var namnet på hesten som var med dei frå Kvikne og var Bjørnson kjær. Det var hesten som drog tømmeret til nyhuset, og det er fleire forteljingar om «hesten som la bjørnen i bakken». At naturen fekk stor tyding for Bjørnson kjem til syne i diktinga hans. Vi finn mange døme utanom Blakken, og diktet «Det ligger et land» er særleg godt. I eit av versa skildrar han tydeleg omgjevnadane nede på Pestneset, med bautaen og «stensatte hauger», som truleg er vikinggravane ein kan sjå nede ved fjorden.

Tilknytinga til Romsdal og Nesset var sterk, og Bjørnson omtala seg som «romsdøl», sjølv om han ikkje hadde lokal dialekt.

seg som «romsdøl», sjølv om han ikkje hadde lokal dialekt. Oppveksten på prestegarden i den litle bygda sette djupe spor i Bjørnstjerne og påverka diktinga hans gjennom heile livet. Her var han ikkje berre omgitt av storslått natur og flotte omgjevnadar, men også dei som budde der påverka han. Av tenestefolk på garden og anna bygdefolk lærte han den folkelege forteljarmåten og fekk høyre fleire gode historier. Desse historiene blei nok hovudinspirasjonen til bondeforteljingane, mellom andre Synnøve Solbakken (1857), Arne (1859) og En glad gut (1860) (Hannevik, 2022).

Vi sprang ned til fjorden, vi stirrede mod den askegrå bauta, hvor gammel den stod; hun stod der end ældre, sa’ ingen ting; men stensatte hauger lå rundt i ring.

(Bjørnson, 1870, s. 17)

Han uttrykker sin kjærleik for naturen i fleire av dikta sine, mellom anna i «Romsdalen» skriv han «Dette er Romsdalens strie land, nu er jeg hjemme»

(Bjørnson, 1914, s. 164, mi utheving). Tilknytinga til Romsdal og Nesset var sterk, og Bjørnson omtala

Miljøskildringane har fått stor plass i bondeforteljingane, og i forteljinga om Synnøve Solbakken er det som å sjå eit postkort frå nabobygda Eresfjord og garden på Øverås. I forteljinga «Et stygt barndomsminne» skriven i 1889, skildrar Bjørnstjerne ei av dei siste halshoggingane i Romsdal. Han var berre ni år gamal då far hans tok han med på avrettinga, og hendinga må ha gjort inntrykk på guten. Dei første avhøyra blei haldne på prestegarden i borgstua. Saka omhandla ei drepen og stygt såra jente funnen i skogen ved ein av gardane i bygda, Hagbøen. Sonen på garden, Per Hagbø, vart raskt tiltala då det blei kjent at han hadde eit forhold til jenta som blei funnen. Ho var husmannsjente og budde på husmannsplassen, med andre ord var dei av ulik

Side 38 Mål og Makt 2022 – 1

rang. Husmannsplassar låg litt utanfor gardane, og tenestefolket budde her. Jenta døydde på veg til sjukehuset, og Hagbø blei fengsla og seinare avretta ved halshogging. Bjørnson skreiv «Et stygt barndomsminne» femti år etterpå og brukte historia for å kjempe mot dødsstraff og for rettferdig juryordning i rettsvesenet. Sjølv tolka han saka slik at mor til Per var medskyldig og at Hagbø vart utsett for justismord. Ettersom han tenkte av Per var uskyldig dømd, hadde han også ei djup medkjensle med han.

Så var det noen som ba Fadervår, – kanskje var det Per selv, jeg snudde meg bort, – så et hugg som i en stor kålrabi, – jeg så frem og så hodet liggende på bakken som gispede det etter luft. (Bjørnson, 2000, s. 300).

Hendinga sette sterke spor i guten, og gjennom heile livet skulle han gjere det han kunne for å hjelpe dei svake og andre som hadde det vanskeleg. Dette engasjementet kom til også til syne gjennom den politiske aktiviteten hans. Som 11-åring flytta Bjørnson til Molde, og i 1844-1849 var han elev ved Molde middelskule. Hans politiske engasjement slo røter her og hadde sin spede start i «Frihetens tale til Moldenserene». Her kritiserte han moldensarane for å ikkje feire 17. mai, og forlangte det på trykk i lokalavisa – og det fekk han, 15 år gamal. Seinare i livet blei det politiske engasjementet hans ein stor del av han, og han har mellom anna jobba mykje for undertrykte folke-

grupper i Slovakia. I tillegg er han blant dei fremste nasjonsbyggjarane i Noreg, og som mange andre malarar og forfattarar på denne tida hadde også Bjørnson eit ynske om å samle nasjonen. Wergeland var førebiletet hans, og han førte vidare ei line med ei pedagogisk, folkeoppdragande hensikt. Sjølv sa Bjørnstjerne «Jeg vil skrive et nytt og bedre Norge».

Vegen vidare Etter skuletida i Molde var Bjørnson student i Christiania ved Heltberg studentfabrikk saman med mellom andre Henrik Ibsen, Jonas Lie og Aasmund Olavsson Vinje. Bjørnstjerne var eit sentrum i ein venekrins av studentar, men hadde nok like mange uvenar ettersom han var uredd og hadde mange sterke meiningar. Han livnærte seg som kritikar av litteratur og teater, etter kvart som redaktør for eit tidsskrift, samtidig som han deltok i studentpolitikken. Han var aktiv og engasjert, og tida gjekk truleg med til mykje anna enn å studere. Bjørnstjerne fekk ikkje examen artium før i 1854, noko faren likte dårleg og han slutta etter kvart å sende pengar. Bjørnstjerne måtte reise frå Christiania og var heime i Nesset vinteren 1852–53 der han fungerte som huslærar for sine småsysken. Familien Bjørnson budde på Nesset Prestegard til våren 1853. Då fekk Peder prestekall til Søgne, og familien flytta frå Romsdal. Bjørnstjerne var direktør på Det Norske Theater i Bergen frå hausten 1857. Her trefte han Karoline Reimers, og dei gifta seg året etter. Heimen deira blei på Aulestad i Gausdal, ein stor

Side 39
Foto: Johnny Bratseth, Romsdalsmuseet

og flott gard han kjøpte i 1874, mens han budde utanlands. På Aulestad budde Karoline og dei etter kvart seks borna deira, og det var her Bjørnson var «heime» når han var i Noreg. Det politiske engasjementet til Bjørnstjerne gjorde at det fort blei harde frontar heime i Noreg, og han var ofte på kant med folk. På denne måten var han nok lik far sin. I Kvikne hamna Peder på kant med bygdefolket, og det var dårleg stemning i bygda. Bjørgan prestegard var dessutan eit fattig kall – ein avsidesliggjande fjellgard i dårleg stand. Nesset prestegjeld var derfor sett på som eit rikt kall og ein ny start, men heller ikkje her fann Peder seg til rette. Fleire gonger hamna han på kant med folket i bygda, og han var ein streng og pietistisk prest. Mora til Bjørnstjerne blei beskriven som motsettinga av faren, og ho var lys og mild. Som presteson og eldst i syskenflokken, buande i ei lita bygd og med store mål og ambisjonar kjende nok Bjørnstjerne på at Nesset blei for lite. I bondeforteljinga om Arne finn vi ei strofe som kan representere denne undringa og utfartstrongen:

Undrer meg på hva jeg får å se over de høye fjelle?

Øyet møter nok bare sne. Rundt omkring står det grønne tre, ville så gjerne over;tro, når det reisen vover?

(Bjørnson, 1957, s. 204, mi utheving).

Reisa Bjørnstjerne etter kvart gjorde førte han ut av Noreg og over Skandinavias grenser. Bjørnson blei etter kvart ein stor europear, og som mange andre kunstnarar i si tid reiste han mykje rundt. Med reisestipend og diktargasje frå staten fekk han høve til å reise ut i Europa, såkalla kulturelle danningsreiser, der kunstnarar skulle bli inspirerte og produsere kulturbidrag til eit nasjonsbyggjande Noreg. Han hadde fleire lengre utanlandsopphald i Roma, men var også mykje i Tyskland og Frankrike, både aleine og med familien. Heile tida mens han budde i utlandet, var han aktiv i politikken, både der han var og heime i Noreg. Han hadde som tidlegare nemnt sterk tilknyting til Romsdalen, og sjølv etter familien flytta var han fleire gonger på besøk. Han hadde fleire vener og kjende i området, og siste gongen han var på besøk i distriktet var i 1907. Bjørnson fekk slag sumaren 1909 som gjorde han delvis lam, og 26. april året etter sovna han inn på Hotel Wagram i Paris. Diktet «Syng mig hjæm!» blei skrive nokre år tidlegare, i 1891. Her skriv han mellom anna «Syng mig hjæm, hvis I kan, jeg vil dø i mit lan,» (Bjørnson, 1914, s. 196, mi utheving). Med tog og skip blei han frakta tilbake til Noreg, og han fekk ei stor og verdig gravferd på line med dei kongelege. Bjørnson blei gravlagd 3. mai 1910 og kviler i dag i Æreslunden i Vår Frelsers gravlund i Oslo. Diktet illustrer kjærleiken Bjørnson alltid hadde til Noreg, sjølv om han budde mange år i utlandet. Bjørnson sitt liv og virke

Side 40 Mål og Makt 2022 – 1
Foto: Johnny Bratseth, Romsdalsmuseet

kan oppsummerast på mange måtar, og Henrik Ibsen skreiv: «hans liv var hans beste diktning». Bjørnstjerne Bjørnson hadde eit innhaldsrikt liv med mykje aktivitet og engasjement på fleire frontar, og han var både politikar, fredskjempar, nasjonsbyggjar og diktar. Sjølv skreiv han i diktet «Valg», frå 1869:

Jeg velger meg april

I den det gamle faller, i den det ny får feste; det volder litt rabalder, -dog fred er ei det beste, men at man noe vil.

(Bjørnson, 1914, s. 100).

På fleire måtar samlar diktet dei mange trådane i livet til Bjørnson. Då familien kom til Nesset

Prestegard i april 1835 og fekk ein ny start. I det heile kva liv han levde sjølv, med sitt temperament og engasjement politisk og dikterisk.

Avslutning

Nesset Prestegard ved Langfjorden i Romsdal var Bjørnstjerne Bjørnson sin oppvekstsstad. Dette er ein gard med historie heilt tilbake til førre istid, og det finst historiske spor i området. Familien Bjørnson kom flyttande hit i april 1835, og oppveksten på garden har fått stor betydning for Bjørnstjerne, både som menneske og forfattar. Naturen, omgjevnadane,

bygdefolket, historier og forteljingar sette spor i den unge guten. Som han sjølv sa, «Her vokste mine inntrykk».

Kjelder

Bjørnson, B. (1870). Digte og sange. Gyldendal. https://www.nb.no/nbsok/nb/a785ee 071bf21fdc25e6adbbc64f4076?lang=no#7

Bjørnson, B. (1914). Digte og sange (5. utgåve) Gyldendal.https://www.nb.no/nbsok/nb/3 370b2486bcc5a25a25130011c9a874c?lang =no#165

Bjørnson, B. (1957). Bondefortellinger. Gyldendal. https://www.nb.no/nbsok/nb/ef9ddd 477c188acb0167079325cabe9a?lang= no#361

Bjørnson, B. (2000). Et stygt barndomsminne i Fortellinger (s. 292-300). https://www. nb.no/nbsok/nb/30fe9aa8347b15bbbb 170775bc56eb60?index=1#291

Hannevik, Arne. (2022, 29. juni). Bjørnstjerne Bjørnson. I Norsk biografisk leksikon på snl.no. https://nbl.snl.no/Bj%C3% B8rnstjerne_Bj%C3%B8rnson

Jeg velger meg april i Store norske leksikon på snl. no. Henta 13. oktober 2022 frå https://snl.no/Jeg_velger_meg_april

Mardal, M. (2017, 29. mai). Torgslaget. I Store norske leksikon på snl.no https://snl.no/Torgslaget

Side 41

JÓGVAN HELGE GARDAR

Den språklege rettstryggleiken

Du sit på tiltalebenken i ein norsk tingrett, skulda for trugsmål og utpressing. Påtalemakta meiner du har sagt eller skrive noko som bryt med straffeboda i Noreg. Du er ikkje samd, for du meiner at det heller er tale om sjargong i bransjen du jobbar i, talemåtar i målføret ditt, eller at politiet har omsett utsegnene dine feil frå eit anna språk. Korleis skal retten få greie på kva som er korrekt? Desse er situasjonar ein kan råke utfor i det norske rettssystemet, utan at me i dag har gode måtar å løyse dei på. I nokre sakar hentar ein inn «språkekspertar» med ein eller annan bakgrunn i lingvistikken, medan ein ved andre høve berre tek omsyn til tolkinga til politiet eller domstolen sjølv. Båe framgangsmåtane har openbert utfordringar, og kan enkelt gå på akkord med idealet om rettsvisse. Dei siste åra har det vore rørsle på gong for å blåse liv i det rettslingvistiske feltet i Noreg. Universitetet i Søraust-Noreg har oppretta eit studietilbod under leiing av Guro

Nore Fløgstad og

Helene Urdland

vistikken bør få større plass i den norske rettsvitskapen. I alle krokar av fagfeltet kan ein med fordel hente meir kunnskap frå forskinga på språket, det viktigaste verktøyet me har for å etablere ein solid og truverdig rettsstat.

Denne artikkelen skal handle om kva lingvistikken kan tilføre jussen, og korleis ein lyt utforme bruken av rettslingvistikken i utdanning, arbeidslivet og i rettssalen.

Språket i rettsvitskapen

Det verkar korttenkt av rettsvitskapen å rekne med at dei menneska som går ut av jusstudia våre er i stand til å skilje mellom alle nyansane i språket.

Karlsen, det fyrste i landet. Diskusjonen har òg nådd medieoverflata, mellom anna i Morgenbladet. Målet må vere at dette forsøket ikkje blir einsamt, men heller startskotet for eit breiare løft for språket i det norske rettssystemet.

Det er heller ikkje berre i rettssalen at ling-

Rettslingvistikken er på mange måtar eit heilt nytt fag i Noreg. Sjølv om jussen er bygd på språkbruk, oppmodar studiet og arbeidslivet sjeldan til analysar av korleis språket vert brukt. Det finst ingen lingvistisk teori på jusstudia, og utanom den svært ulne formuleringa «naturleg språkbruk», kjem ein vanleg student aldri nærare inn på den utrulege djupna som ligg i språket. La oss fyrst sjå på korleis juristar handsamar språket i rettslege tekstar. Det er eit pragmatisk grep å nytte eit omgrep om daglegtala, men det kjem så altfor ofte til kort. Sjølv i relativt homogene miljø kan det vere vanskeleg å setje fingeren på nøyaktig kva eit ord tyder. Det kan verke sjølvforklårande kva dei fleste orda i juridiske tekstar tyder og overflødig å analysere dei djupare enn ei omtrentleg tolking. Det finst derimot heile fagfelt dedikerte til å kom-

Side 42 Mål og Makt 2022 – 1
3. plassen

plisere nettopp det synet, og det verkar korttenkt av rettsvitskapen å rekne med at dei menneska som går ut av jusstudia våre er i stand til å skilje mellom alle nyansane i språket.

Sjølv om juristane er blant våre høgst utdanna yrkesgrupper, er dei ikkje ekspertar på språk, berre på juss. I tillegg er det ei svært homogen gruppe som kjem ut etter fem år på studiet. Svært mange har arva høgstatusyrke, svært mange høyrer til privilegerte grupper i det norske samfunnet, svært få har minoritetsbakgrunn. Det seier seg sjølv at naturleg daglegtale for denne gruppa er noko heilt anna enn det vil vere for andre lag av folkesetnaden.

... lovtekstane det norske rettssystemet er bygd på, er korkje produsert eller forstått av nokon som har språket som hovudfeltet sitt, endå dei alle er språklege produkt.

Når den juridiske metoden deretter oppmodar rettsbrukaren til å tolke tekstane slik dei vert forstått av gruppene dei er mynta på, er det ikkje merkeleg at det oppstår ein del problem.

Dette er ikkje den einaste situasjonen der juristar handsamar språk, men det er den mest vanlege. Ein annan er ved produksjon av rettslege tekstar. I dei fleste lovutgreiingar er teksten innom mange ulike menneske og fagfelt før han vert vedteken av lovgjevar. Det gjer at sjansen for feil eller upresise formuleringar er mykje lågare enn i rettsbruksprosessen. Likevel vert teksten sjølv sjeldan vurdert av nokon som er ekspert på språket, korkje meir abstrakt eller i tilknytting til forståing

hjå til dømes minoritetsgrupper. Det vil seie at lovtekstane det norske rettssystemet er bygt på korkje er produsert eller forstått av nokon som har språket som hovudfeltet sitt, endå dei alle er språklege produkt. Tanken om at alle meistrar språket, at det er så daglegdags, skapar på denne måten større og større slingringsmonn jo lenger ut i kjeda ein kjem. Dette poenget er enklast å få auge på i dei lovbundne delane av rettsvitskapen, men det er vel så relevant innan ulovfesta rett. Her driv ein rett nok ikkje den same ordlydstolkinga som på lovbunde område, men det er like fullt mogleg å gjere språkbruken meir presis og inkluderande, for å gjere jussen meir tilgjengeleg og forståeleg for alle, og for at juristar skal kunne tolke seg fram til eit mest mogleg rimeleg resultat.

Så lenge ein godtek eit rettssystem basert på språket, er det umogleg å kome heilt unna det vage i ord og formuleringar – det som ligg i språket sjølv. Likevel kan ein i mykje større grad ta høgde for marginane. Det må starte på skulebenken. På jusstudiet vil det seie å nytte meir språkvitskap i opplæringa, og ikkje berre gjennom filosofiundervisinga. Særleg dei semantiske nyansane i språket bør kome betre fram undervegs, slik at studentane vert merksame på alle moglegheitene som ligg i språket, men òg alle mogleghei-

Side 43

tene for å misforstå kvarandre, eller berre snakke rett forbi einannan. Når studentane diskuterer kva som er «naturleg språkbruk» eller «daglegtale», bør det vere ut frå eit godt fagleg fundament, der ein evner å vise til undersøkingar, statistikk eller teori, ikkje berre magekjensla. Å utvikle den juridiske metoden mot meir solide ordlydstolkingar, kan rekneleg vere med på å gjere studentane meir medvitne og sikre på seg sjølve, og gjere jussen meir truverdig for lesarane og folket for elles.

I rettsutviklinga vil det seie å lytte til høyringsrundane i lovarbeidet, og nytte dei relevante instansane i det språklege arbeidet. Sjølv om juriststanden veit korleis ord og omgrep vert nytta i rettsvitskapen og rettskjeldene, er det sentrale prinsippet i Noreg at tekstane skal tolkast ut frå normal daglegtale. Der kan instansar som Språkrådet, Mållaget, Riksmålsforbundet og andre vere viktige å ha med.

Språket i rettargangen

Dei siste åra er det likevel eit anna aspekt av det rettslege språket som har fått mykje merksemd. Rolla språket spelar i rettssaker har vore problematisert ved fleire høve, mellom anna i sakene mot Eirik Jenssen, Laila Bertheussen og nå seinast i gjenopptakinga av saka mot Viggo Kristiansen. Alle desse har språklege element som sentrale bevis, utan at sjølve språket er tilstrekkeleg problematisert, både i rettssalen og i media.

Rettslingvistikk som eige felt fekk eit oppsving med saka om Unabombaren i USA, der

språklege vurderingar av eit skriftleg manifest kunne sende politiet i retning gjerningsmannen. Språklege kjennemerke og spesialitetar var nok til å kople teksten til relevante demografiske faktorar, slik at søket kunne sirklast drastisk inn om ei lita gruppe menneske. Seinare har feltet vorte meir akseptert og fått større plass, særleg i den angloamerikanske sfæren, men òg i Sverige, der Jan Svartvik ved Lunds Universitet var den fyrste til å introdusere omgrepet rettslingvistikk attende i 1968.

På same måte kan ein enkelt sjå føre seg mange andre situasjonar der språkkunnskap kan vere avgjerande, både i straffesaker og andre situasjonar i domstolane. Dei fleste kan kjenne att ei dialekt, men det er ikkje like lett å avgjere alderen eller opphavet bak stemma. Ein språkvitar med ekspertise på slang, sosiolekt og aldersbestemte uttrykk vil enkelt kunne redusere talet på moglege personar drastisk, ofte ned til ei mengd der det ikkje er like vonlaust å gjere fysiske undersøkingar, intervju, osb. Måtar ein uttrykkjer seg på, ord ein vel, tonefall, setningsoppbyggjing, trykk og tonem, alle er moglege identitetsmarkørar som kan vere med på å avsløre alder, kjønn, opphav, klasse og andre trekk. Like eins kan språkvitarar knytte små detaljar til eigenskapar ved personen. Om eit skriftleg dokument vert ført som bevis, kan ein ved hjelp av språkleg analyse avgjere om dokumentet er ekte eller falskt, og om det er skrive av den som utgjev seg for å vere forfattaren. Ein kan òg identifisere mange trekk ved ein falsknar, for ikkje alle vil utføre

Side 44 Mål og Makt 2022 – 1

eit falsum på same måte. Det siste var særleg relevant i saka mot Laila Bertheussen, der sentrale delar av bevismengda var skriftlege dokument med ukjend avsendar.

I artikkelen «Rettslingvistisk praksis i Norge. Et kritisk blikk på behandlingen av språkmaterialet i Bertheussen-saken» trekk Fløgstad og Karlsen fram eit sitat frå aktor i Berteussen-saka. «Man trenger ikke være språkforsker for å se at språket er tilgjort», seier ho, og kan nok ha rett i det. Problemet oppstår når ein treff på beviskravet i strafferetten, og må ha meir enn magekjensle for å kunne dømme nokon.

Dei fleste kan nok sjå på tagginga «RASISIT» og skjønne at det nok er feilstava med vilje, at det ikkje er skrive av nokon som ikkje meistrar språket, men heller av nokon som ikkje meistrar å kamuflere eit falsum. Det ein ikkje kan sjå, er kvifor falsknaren har valt å gjere det på denne måten. Kvifor vel ein slike feilstavingar? Kva fordommar må liggje bak ein tanke om at til dømes innvandrarungdom ville gjort ein slik feil? Kva inntrykk må ein ha av dei? Kvifor veit ein ikkje at innvandrarungdom, om dei ville gjort feil, nok heller hadde gjort andre feil? Berre desse spørsmåla kan gje mange indikatorar på kven som står bak falsumet. Men for å leggje merke til dei treng ein fagfolk på plass

Med større fokus på språket i retten kan me i endå større grad feste lit til avgjerdene i domstolane, og vere endå meir sikre på at alle bevis har fått seie det dei skjuler.

undervegs i prosessen, som ser etter dei rette tinga i materialet, og som får tilgang på relevante tidpunkt. Ein del av den relevante kompetansen eksisterer allereie i dei språkvitskaplege og kriminologiske miljøa i Noreg, og ein kan nok enkelt gjere seg meir nytte av dei ressursane ein alt har. Samstundes er det god grunn til å satse meir på ein, om ikkje stor, i alle fall aktiv stand av rettslingvistar. Det finst fleire måtar å implementere kunnskapen på i rettargangen, men både politiet og domstolane kan nok dra nytte av kunnskapen på fleire punkt i etterforsking og rettssak.

Språket og retten

Det er mange aspekt ein kan kritisere ved den norske rettsvitskapen, men mangelen på språkleg kompetanse må vere blant dei viktigaste. Eit skikkeleg løft må i gang for å auke innsikta hjå studentar, ferdigutdanna juristar, politi og domstolar. Ein del av det kan enkelt gjerast med grep på jusstudia, men mykje treng meir systematisk endring.

Opprettinga av eit eige emne i rettslingvistikk ved Universitetet i Sør-Aust-Noreg er ein god start, og bør fungere som førebilete for fleire andre, kanskje særleg dei tre jussfakulteta i Oslo, Bergen og Tromsø. Eige emne kan vere eit steg på vegen mot å utdanna juristar som kan fylle

Side 45

rolla som ekspertvitne i rettsprosessar der språklege bevis står sentralt. Det kan òg gjere andre partar i rettsprosessane meir medvitne om moglegheitene som finst i å sjå nøyare på språket. Meir utfyllande språkleg arbeid gjennom jusstudiet kan på same måte gjere kvar enkelt jurist meir medviten om korleis språket fungerer, og korleis me kan sikre rettsvisse for alle.

Framover lyt staten, særleg gjennom universiteta, gå i bresjen for rettslingvistikken, for å skape eit meir solid språkleg fundament for lovtekst, rettspraksis og offentleg diskusjon. Med større fokus på språket i retten kan me i endå større grad feste lit til avgjerdene i domstolane, og vere endå meir sikre på at alle bevis har fått seie det dei skjuler.

I denne artikkelen har eg berre skrapa overflata av kva rettslingvistikken kan tilføre rettsvitskapen i Noreg, men det er heilt klårt naudsynt at fleire vert merksame på feltet, og at universiteta driv meir forsking på kva språket kan tilføre jussen. Slik kan ein på sikt vere meir sikker på at språket ein brukar, ikkje blir feiltolka om det nokon gong vert vurdert i ein rettssal.

Bibel

I 1921 gav Studentmållaget i Oslo ut den fyrste omsetjinga av heile Bibelen til nynorsk, Fyrebilsbibelen Hundreårsjubiléet vart feira i 2021, men no ynskjer skriftstyret i Mål og Makt at også sjølve tidsskriftet til Studentmållaget i Oslo gjev plass til feiring av ein viktig del av soga vår. Difor blir tema for neste utgåve av Mål og Makt Bibel.

Vi tek i mot alle manus og illustrasjonar til vurdering. Vi ynskjer spesielt manus og illustrasjonar som tek utgangspunkt i temaet Bibel.

Tekstfrist er 7. mars 2023

Send spørsmål, manus og filer til malogmakt@malogmakt.no

Side 49

Mål og Makt

Mål og Makt er tidsskriftet til Studentmållaget i Oslo (SmiO). Tidsskriftet kom først ut i 1934, og gav ut seks nummer, men det vart med det. I 1971 starta SmiO på ny tidsskrift, Sentrum og periferi. Året etter vart namnet endra til Mål og Makt. Sidan har det kome fast med fleire nummer i året. Mål og Makt skal trykkje artiklar om målsak og nynorsk, og om andre kultur- og ålmenpolitiske spørsmål. Tidsskriftet er laga for og av studentar, men håpar å vekke interessa til mange andre. I 2023 kjem Mål og Makt med tre nummer (april, august og desember).

Studentmållaget i Oslo

Studentmållaget i Oslo er eit lokallag i Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Laget organiserer studentar busett i Oslo. I sine første leveår var SmiO ei drivkraft i å opne for nynorsk på univeristetet. Laget har sidan vore ein viktig aktør for å fremje nynorsk i akademia. I 1961 var Studentmållaget i Oslo ein pådrivar for å få starta Noregs Student- og Elevmållag (seinare Norsk Målungdom). I dag er laget leia av Jonas Økland og har rundt 200 medlemmar. Alle medlemmane får Mål og Makt gratis i posten.

Bli medlem av Studentmållaget i Oslo gjennom nettsidene til Norsk Målungdom. www.malungdom.no

Skriv for Mål og Makt

Mål og Makt er alltid ute etter skribentar, diktarar, kulturnytarar, illustratørar og fotografar. Send oss ein tekst, det vere ei meining, ein artikkel, eit essay, ei film- eller bokmelding, eit dikt, ein illustrasjon eller ein fotoserie. Mål og Makt skal vere eit tidsskrift som er fint å bla i og godt å lese. Skriftstyret vurderer alt som blir tilsendt. Om eit bidrag går til trykk går det også gjennom tilbakemeldingsrundar. Dette gjev skribentane gode høve til å utvikle seg.

Send bidrag eller ønske til vår e-post, malogmakt@malogmakt.no.

Vi set pris på alle attendemeldingar.

Side 50 Mål og Makt 2022 – 1

Attende til: Mål og Makt Lilletorget 1 0184 Oslo

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.