1 minute read

Nynorsk fagspråkpris

Next Article
Dativ

Dativ

I byrjinga av mai tok Håvard Tangen frå Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo kontakt med Norsk Målungdom. Saman med Syn og Segn freista dei å organisere ei skrivetevling for nynorskbrukarar under 30, og som medarrangør ønskte dei å ha med NMU. Føremålet med tevlinga var å fremje nynorsk fagspråk mellom unge og løfte fram unge sakprosaskribentar.

Reglane for tevlinga var rimeleg enkle. Kvar tevlar skulle levere ein fagartikkel på mellom fem og ti sider, skriven på nynorsk, om eit valfritt tema. Det kom inn 19 bidrag til tevlinga, og desse tok føre seg alt frå litteratur og filosofi til rettsvitskap og matematikk. Ein må kunne seie at målet om å stimulere til nynorsk fagspråk og sakprosa, på tvers av dei akademiske disiplinane, fakulteta og institutta, er oppfylt!

Advertisement

Mellom dei innkomne bidraga, valde ein jury beståande av Diandra Drarvik frå NMU, Astrid Dypvik frå Syn og Segn og Ole Kristian abstraksjonar.Denmodernekunstenerveldigopptattavabstraksjonar.Nedanforserme eirealistiskteikningaveinkatt,elleriallefalleitforsøkpåålagaeirealistiskteikning aveinkattmedeyeliner:

Grønneng frå Skuleboknemndi ut tre bidrag som nådde heilt til topps. På grunnlag av kunnskap, kvalitet, formidling og engasjement vurderte dei tekstane og enda til sist med tekstane til Kamma Tyse, Marit Ping Bersås og Jógvan Helge Gardar.

I denne utgåva av Mål og Makt presenterer me dei tre vinnarbidraga, og du kan sjølv få sjå korleis pallen speglar vidda i ung nynorsk sakprosa på dei følgjande sidene.

Forutan heider, ære og publikasjon i Mål og Makt, vanka òg pengepremiar. Førsteprisen var på 14 000 kroner, andreprisen på 12 000 kroner og tredjeprisen på 10 000 kroner. Me gratulerer vinnarane, og me oppmodar dykk om å lese bidraga sjølve og fordjupe dykk i matematiske abstraksjonar, historisk-biografiske litterære analysar og rettslingvistiske oppgjer med jusutdanninga.

God lesing!

Derettersermeeiabstraktteikningaveinkatt:

KAMMA TYSE

This article is from: