9 minute read

Til Norsk Målungdom då dei runda 60 år

Next Article
Leiaren

Leiaren

I desse dagar feirar me òg eit anna jubileum. Det er 50 år sidan dei store læremiddelaksjonane, då over 30 000 elevar over heile landet aksjonerte for den soleklare retten til å få læremiddel på sitt eige språk. Aksjonane vart samordna av ein gjeng målungdommar frå ein kontorpult på Studentsenteret i Bergen.

«Det er ingenting som gjer meg så forbanna, som å høyra dialektane våre bli krenkte og latterleggjort, enten av velkledd kunnskapsløyse eller av velmeint reinsingsiver».

Advertisement

Nesten heilt ordrett etter målungdommen

Ivar Andreas Aasen, som i 1836, 22 år gammal, ytrar seg om den norske språksituasjonen under overskrifta «Om vort skriftsprog». Det er berre språktonen som er litt modernisert, for å kunna passera som målungdom av i dag. Av ein eller annan grunn kom ikkje Aasens skriftstykke på trykk før i 1909, i tidsskriftet Syn og Segn.

Aasen går her rett på sak og beint inn i den emosjonelle kjerna i målsaka. Dei sterke banda til almuesproget, folkemålet, dialektane er det språklege og politiske grunnlaget for målreisinga. Haldningar til folkemålet er òg grunnlaget for det språklege bakstrevet, for den norske språkstriden i det heile tatt. I periodar har den nasjonale bryst- klangen vore plagsamt hol og høgstemt, og då det gamle hærropet frå 1920-talet, «Nynorsk som einaste riksmål i landet» vart relansert, og det politiske frimureriet var på sitt verste, fekk det som fortent påskrifta «Olsok-Stalinisme».

Men midt på 70-talet vart det klekt ut eit anna slagord i målungdomsmiljøet i Bergen, etter mi meining det mest columbi av dei egga målungdommen har vorpe. «Tal dialekt, skriv nynorsk,» ofte filt ned til det meir uhøgtidelege «Snakk dialekt – skriv nynorsk». Ved sida av å visa så presist tilbake til Aasen, skapte og skaper det enno diskusjon og motstand, også i målrørsla, ja særleg der. Seinast i Klassekampens språkspalte for berre veker sidan. Nokre avsporingar rundt dette slagordet blir derfor mi helsing og feiring av NMU, eller NSEM, Noregs Student og Elevmållag, som det heitte då eg var på mitt første årsmøte. Det kan ha vore i 1971, og i alle fall var det på Landbrukshøgskulen på Ås. Tal dialekt, skriv nynorsk! Vil målungdommen redusera nynorsken til berre skriftspråket?, Er det nok å berre opna kjeften og sleppa tatlet på seg, som det heiter på mine kantar. Bekymringa er sjølvsagt eit uttrykk for det såre saknet av eit utbreidd, normert, fasttømra og korrekt nynorsk talemål.

Det er den draumen me ber på

At me ein gong skal bli samde om

Eit nynorsk talemål

Eit heilnorsk tungemål

Eit normalt, normert og kultivert talemål

Eit mål som kan måla seg med det danskrøtte riksmål,

At Dagsnytt skal dyrka det,

At prestane skal preika det

At til og med Dagsrevyen skal fiksa det

At me ein gong skal ja,ja,ja….. nok no!

Me har ikkje offisielt normerte talemål i Noreg. Men den uofisielle, og såkalla moderate, munnlege bokmålsnormalen er sanneleg reell nok, sjølv om lingvistane ikkje blir einige om kva dei skal kalla han, dialekt eller normaltalemål. Nokre viktige sosiale kriterium er i alle fall oppfylte, at det er ein skriftnær språkvariant, og ein variant ein gjerne skifter til fordi han har høg status. Han breier seg som ringar i vatn, med Oslo vest som episenter. I taletrengte medium og i teateret er det rikeleg med døme på slike språkovergangar. Språkvarianten har òg solid ryggdekning i skriftlege medium. Noregs største og mektigaste avis, Aftenposten, har det til og med som uttalt språkpolitikk å retta alt bokmål til avisas eige konservative språk, også alt innsendt stoff, frå korte lesarinnlegg til essay og kronikkar, utan at innsendarane blir spurde eller varsla. På denne måten viskar dei ut språkkløyvinga i bokmålet, som særleg kjem til uttrykk i talemålsnære hokjønnsformer som endar på den ufyseleg munnopne vokalen a, slik også fortidsformer som hoppa, dansa, retta og forfalska gjer det. At Aftenposten har valt seg den same A, i ei lett forfina, gotifisert utgåve, som varemerke for danningsprosjektet sitt, må ein kunna tilskriva den styrande ironien som gjerne råkar ugjerningar. Denne riksmålseksessen er nærmast ein kopi av foreldreaksjonanes retting av skulebøker på 1950-talet, og er like klassetypisk som den engelske revejakta. Avisa er sjølvsagt fullt på det reine med at ho viskar ut ei språkleg markering av politisk ståstad, som det er ein lang tradisjon for i norsk skriftkultur. Dette språkpolitiske grepet er velkjent og misbrukt i både aviser, tidsskrift og forlag under namnet «enhetlig språk». Er det noko ein verkeleg skulle sky som pesten i ein språkkultur, så merkt av språklege motsetningar og språkleg mangfald, som vår, så er det eit «enhetlig språk». sirlege, svartbrende bokstavar i gråbeisa treverk, forkynner vegen til Daltyven. Kven er denne rette-djevelen. Skiforeningen, som eg årleg betaler for å halda løypene i stand? Kan dei vera truande til å setja seg opp mot både kartverk, namneskikk og folkeskikk. Gadd vita om språktjuven òg har mot til å prøva seg på den vesle pytten litt lenger aust, mellom Nordre Djupdalstjern og Strekan, som ber det ærlege namnet Fiskeløysa?

Aftenspråket er ein skrikande kontrast til det rike tilfanget folk har etterlate seg som namn på vassdrag, myrar og høgdedrag i den Nordmarka avisa i helgebilaga lovprisar som Oslos vakraste eventyr og største turistattraksjon. Berre høyr og sjå: Det er brenna, brua og bua, bukta, elva, enga, flaka, fløyta, flåta, hella, hytta, høgda og koia, lia, løkka, mana, myra, slåtta, stua, støa, sætra, tjønna, vika og øya så langt auga rekk.

Det må vera ei grense for kor mykje ein ikkje skal bry seg om kva som skjer med bokmålet.

Men i Aftenposten arbeider rettemaskina blindt og maskinelt, boka blir til boken, man blir kastet på gaten og det hjelper ikkje å slenga med leppa, det blir uansett retta til leppen. Ikkje eingong Det Norske Akademis Ordbok finn litterære døme på «å slenge med leppen»

Me blir tvinga tilbake til fremtiden. Og det er som kjent heilt uproblematisk å gå frå stillinga som kulturredaktør for denne språkundertrykkinga til administrerande direktør for det frie ord. Og uansett kor gale det er, så kjem Noregs Mållag med blomar.

Daltjuven heiter eit vatn nokre kilometer vest for Harestua og jernbanesporet gjennom Hadelandsåsane. Det er eit vatn som stikk av med heile dalen. Daltjuven, eit fantastisk namn! Men no har nokon gjort seg til tjuv for å retta på namnet! Ein eller annan har, over løypeskiltet til Daltjuven, hengt opp eit ganske nytt sykkelskilt som, med

Det må vera ei grese for kor mykje ein ikkje skal bry seg om kva som skjer med bokmålet. Og ingen må innbilla seg at den tilbakeskodande utviklinga i bokmålet fører til framgang for nynorsken. Det er tvert om slik at målrørsla bør støtta alt talemålsnært språkarbeid. Me har eit skriftmålsnært nynorsk normaltalemål som blir nytta i ulike samanhengar, helst med tydeleg dialektfarging, (som når eg prøver å lesa opp frå manuset mitt), men det er ikkje det nynorske talemålet; det mest normale nynorske talemålet er og blir dialektane, grunnlaget for det nynorske skriftspråket. Det er det som mest grunnleggande skil det frå det andre språket. Den normerte nynorsktalen er grei å støtta seg til og fin til sin bruk, det er ein del av den nynorske verktøykassa, og det bør prioriterast i radio og fjernsyn, først og fremst fordi det er klart og greitt og fordi det støttar og styrker det nynorske prosjektet. Men nynorsktalen har ingen kartreferansar, slik riksmålet har det. Det blei ikkje den klangen av VestTelemarks snø og granskog som mange hadde drøymt om. Me har heldigvis heller ingen nynorsk vestkant med høg status, sjølv om det vart gjort forsøk på nynorsk fortetting på Øvre Smestad, der Bondeungdomslaget i mellomkrigstida hadde eit eige byggefelt dei kalla Heimegrendi, på folkemunne, Lefsebyen.

Men me har dei ubereknelege dialektane, ei rik språkleg kjelde som me kan ausa av, men ikkje heilt klarer å forlika oss om. Eg synest til dømes at det er det noko umusikalsk over sutringa når dyktige medarbeidarar ber om å få nytta dialekten sin som nyheitsspråk. Eg frydar meg over USAkorrespondenten frå Johaug-land som fortel oss kess og kerr, og sportsjournalisten frå Lom som står imot vedvarande press både innafor og utafor 16-meteren, både før og etter kvila, og held målet reint. Nynorsk tale i etermedia er eit rekrutterings- spørsmål ikkje eit moralspørsmål. Det reklamefinansierte TV2 har til dømes fleire nynorskanker enn NRK, sjølv om det blir utdanna dyktige nynorskfolk.

Me har heldigvis ikkje ei uttaleordbok for det norske scenespråket, slik ein til dømes har det i det store tyske språkområdet. Theodor Siebs´ Deutsche Bühnenaussprache – Hochsprache som har kome ut i 13 opplag sidan 1920, etter årevis med diskusjonar. Målføregranskaren Andreas Bjørkum uttalte seg slik i ein normeringsdiskusjon på Det Norske Teatret: «Kven skulle då bestemma om det skal heita korn, konn, kodn, kødn, kønn eller kåden». Sjølve normeringgrunnlaget for det nynorske skriftspråket motset seg på ein måte ei talemålsnormert einsretting, me burde kanskje hatt 4-5 ulike normalar, slik Jon Fosse høgt-tenkte ein gong dette vart diskutert.

I boka Drømmefabrikken, som kom ut i 2013, til 60-årsmarkeringa for Teaterhøgskolen, siterer Vetle Lid Larsen far sin, skodespelaren Lars Andreas Larsen, frå Melbu i Vesterålen, som kom inn på skulen i 1956: «Jeg for min del er ikke så lite stolt av at jeg helt har overvunnet dialektpreget i mitt sprog». (Intervju med Rogaland Avis)

Det er ikkje noko meir spesielt ved denne utsegna, enn at ho nokså presist uttrykker det som lenge, og i storparten av Teaterhøgskolens historie, har vore målet med det viktige og høgt prioriterte fagemnet Språkovergang. Det er eit emne som er ukjent i skodespelarutdanninga i resten av Europa. For å bli skodespelar i Noreg har ein måtta til- passa seg språket på Nationaltheatret, eit «dannet østnorsk», som igjen har blitt bestemmande for scenespråket i resten av landet. Det er eit sosialt markert språk, uforeinleg med kunstnarleg fridom, men i samsvar med vanlege språkfordommar og førestillingar om kva som er danna og korrekt. Det er dette språket ein rektor på skulen for berre få år sidan kalla eit riksgyldig språk. Riksgyldig språk! I eit språkkløyvd land som godkjenner bruk av dialekt i dei fleste samanhengar, (eg løyser sikringa på min pistol.)

Men dette kom òg til å påverka språket på Det Norske Teatret (DNT). Bokstavtru nynorsk med austnorsk tone, vokalkvalitetar og diftongar frå dannet østnorsk. Altså eit nynorsk talemål der Riksmålet legg viktige premissar. Det er nok dette som er blitt kalla Stortingsgatenynorsk. Hildegun Riise frå Strandebarm i Hardanger, som begynte på DNT midt på 1980talet, fortel at ikkje eingong vestnorsk dialektbakgrunn var velkomme. bruk av dialekt og nynorsk scenespråk i mange år, og når rollelistene blir slått opp, blir det no tydeleg markert om det er nynorsk med eigen dialektklang og/eller opning for ulike dialektar.

Scenespråket må ikkje plagast med å vera eit føredøme for korrekt og danna språk, [...] Det er i sin natur eit ulydig språk.

No blir det også meldt om språkleg kaos på Nationaltheatret. Det var på høg tid, og eg helsar det velkomme. Scenespråket må ikkje plagast med å vera eit føredøme for korrekt og danna språk, slik den konservative 1800-tals filosofen Monrad og den like konservative diktaren André Bjerke gjerne ville ha det. Det er i sin natur eit ulydig språk, noko den italienske teatermannen og Nobelprisvinnaren Dario Fo la stor vekt på. Opprøraren Henrik Wergeland var tidleg ute, han harselerte over temaet alt i 1830, i farsen Harlequin Virtous, der den norske helten Erling, som har forkledd seg som klovnen Harlequin, blir skjelt ut av to danske schønnånder; «(…) denne Arlechino er en raa Karl herfra. Han taler jo ikke det nye bedre Sprog, det moderne, det dansk-norske, det offentlige Theaters Sprog, det som Landet skal lære af Skuespillerne»

Eg arbeidde bortimot 30 år på Det Norske Teatret, og har det siste tiåret vore ansvarleg for at nynorsken igjen står på timeplanen på Teaterhøgskolen. Eg kallar det nynorsk styrketrening. På DNT har det vore ein kontinuerleg diskusjon om

(Eg har førebudd eit lite fest-stunt og delt ut eit dikt av Olav H. Hauge) Hauge, som eg alt har radbrekt, var ikkje berre begeistra for slagordet Tal dialekt, skriv nynorsk, og gav beskjed om det. Men då kulturredaksjonen i NRK P2, i samarbeid med Samlaget, fekk Hauge til å lesa inn 97 dikt til utgjevinga Mange års røynsle med pil og boge, i januar 1988, i hans 80. år, fekk me høve til å «kikka han nærare i korta».

Han skreiv som han hadde lært på skulen, t.d. um, men las om, burt/bort, jentone/jentene, plommone/plommene, tuvor/tuver, hovudet/hove, so/så og yver/øve, «Så når eg siktar på deg, siktar eg litt øve», sume/some, tume/tome, vita/veta og ofte blir r i presens ikkje uttalt. Nokså konsekvent blir preposisjonen til uttalt te.

Diktet Fjellblokka kallar dei meg òg (Glør i oska), går rett og slett opp i liminga, for ikkje å seia riminga, om ein ikkje tar omsyn til dette.

Så på mange måtar vil eg halda fram Olav H. Hauge som eit føredøme når det gjeld å bruka sin eigen dialekt til å få liv i nynorsken, berre høyr/ sjå.

Fjellblokka kallar dei meg òg

Musøyra heiter/heite eg, fjellmo for sume/some og her i høgfjellet høyrer/høyre eg til/te, ei ørliti selje på berre ein tume/tome men endå eit tre, det minste av alle, segjer/seie Linné.

Kulden er hard her Og vinden strid, her kan ein kje stå med kruna vid og susa som askar og almar i lid,ein lyt gjera seg liten og krjupa på kne, det er mykje å vita/veta at du er/e til/te og at geiter og smale vil knuspa din ved,meg leitar dei etter/ette mil etter/ette mil, sogningen kallar meg smil.

This article is from: