7 minute read

Dativ

Mang ein nordmann som har eller har hatt tysk på skulen, har eit forhold til kasus. Då eg tok til å lære tysk i åttande klasse, var nok forholdet mitt til kasus nøytralt, på grensa mot negativt. Det var mest fordi eg ikkje skjønte det. No har eg vorte gramatikknerd, og kasus er noko av det eg synest er aller mest interessant. I denne teksta skal eg greie ut om kva kasus er (mest nominativ, akkusativ og dativ, ikkje genitiv), og kvifor dativ er favorittkasusen min, med store innslag av inntrøndsk dialektologi.

Sidan denne teksta er meint for alle, uansett om dei har høyrt om kasus eller ikkje, tenkte eg å begynne med eit snøggkurs i kasus. Eg skal prøve å halde det på eit grunnleggjande nivå, og forklare godt. På moderne skriftleg norsk er det mest ordstillinga som bestemmer den grammatiske funksjonen til orda i ei setning. Om eg til dømes seier «bonden ser kua», er det kua som blir sett av bonden, ikkje omvend. Det er rekkjefølgja orda står i, som fortel oss kva funksjon setningsledda har.

Advertisement

Kasus er ein grammatisk kategori som kan kode denne informasjonen inn i bøyinga av setningsledd, mest substantiv. I språk med levande kasusbruk er det såleis ei friare ordstilling, sidan det ikkje berre er ordstillinga som fortel om funksjon.

«Der Bauer sieht die Kuh» er den same setninga på tysk. Her fortel artikkelen der at substantivet Bauer er subjektet i setninga. Om ein byter om på substantiva i den norske setninga, får me «kua ser bonden», og setninga får eit anna meiningsinnhald; no er det kua som ser bonden.

Om ein gjer det same på tysk, får me «die Kuh sieht der Bauer». Det står framleis «der Bauer» med nominativsartikkelen der, som fortel oss at det framleis er bonden som er subjektet. Det er framleis bonden som ser kua. Om me vil gjera om på det, må me nytte akkusativsforma av der, som er den. Då blir setninga «die Kuh sieht den Bauer». At bonde står i akkusativ, fortel oss at det no er det direkte objektet i setninga, og ho tyder no at det er kua som ser bonden. (Grunnen til at hokjønnsartikkelen die ikkje endrar seg, er at nominativs- og akkusativsforma av die er like.)

Både norsk og tysk har opphav i det same urspråket: urgermansk. Det bør difor ikkje vera overraskande at me i norsk også har restar av eit kasussystem. I norrønt var kasus ein svært viktig grammatisk kategori. Kasusane i norrønt var dei same som dei er i tysk i dag: nominativ, akkusativ, dativ og genitiv. Eg har fortalt kort om nominativ og akkusativ i praksis på tysk. Her er dei same døma på norrønt: norrønt Bóndinn sér kúna. / Kúna sér bóndinn nynorsk Bonden ser kua. norrønt Kýrin sér bóndann. / Bóndann sér kýrin. nynorsk Kua ser bonden.

Setningane før og etter skråstrekane tyder det same. Dette er døme på at setningsfunksjonen er koda i substantivbøyinga: kasus. I tida mellom norrønt og nynorsk har me mest mista kasusbøying av substantiv, unnateke i personlege pronomen, som gjer at det er friare ordstilling i norsk når det er eit personleg pronomen involvert: «eg ser kua» og «kua ser eg» har same meiningsinnhald, og ein må nytte akkusativforma meg for å fortelja at det skal vera objektet: «kua ser meg».

I tillegg kan preposisjonar styre kva kasus eit substantiv står i. Det tyder at ein bøyer eit substantiv i bestemde kasus etter kva preposisjon dei har føre seg. Eit døme på nynorsk på dette er setninga «hen leitar etter deg», der preposisjonen etter gjer at pronomenet du får forma deg.

Men kva med den mystiske kasusen dativ (også kalla sidefall)? I både tysk og norrønt står alltid det indirekte objektet i dativ: norrønt Ek gef bóndanum hringinn. tysk Ich gebe dem Bauer den Ring. nynorsk Eg.NOMINATIV gjev bonden.DATIV ringen.AKKUSATIV. ‘Eg gjev ringen til bonden.’ akkusativ dativ inntrøndsk Æ sætt mæ på ¹gølvet. Æ sett på ²gølvi. nynorsk Eg set meg på golvet. Eg sit (allereie) på golvet.

I tillegg vart dativ nytta ved bestemde preposisjonar. Ved andre preposisjonar veksla dativ og akkusativ, slik at ein nytta akkusativ i nokre høve, og dativ i andre, såkalla vekselpreposisjonar. Tyskleksa kjenner jo mange til: an, auf, hinter, in, neben, über, unter, vor und zwischen. Dei (om lag) tilsvarande norrøne orda var også vekselpronomen.

Det verkar kanskje ikkje som at dativ finst i det heile på norsk – mange høyrer jo fyrst om det når dei har tysk! Og sanninga er jo at dei aller fleste skandinaviske dialekter og varietetar har mista kasusbøying. Men i norske dialekter har dativen vore seigliva. Ifølgje Skjekkeland (1997) finn me tradisjonelt dativ i eit samanhengjande område fra Solør, Hedmarka, Toten, Land, Hallingdal, Ytre Sogn og nordover til Sør-Helgeland, i tillegg til i Øvre Setesdal, på Voss og inst i Sogn.

Fyrst ein liten anekdote: Mor mi kjem ifrå Mære, ved Sparbu, i Inntrøndelag. Der hadde dei nynorsk som opplæringsspråk. Ho flytta til Osen i Uttrøndelag då ho gjekk på barneskulen, der ho stod på for å få lærebøkene sine på nynorsk, sjølv om opplæringsspråket der var bokmål. Dette visste ikkje eg før lenge etter eg sjølv vart glad i nynorsk!

Ho har ikkje dativ i dialekta si, men oldemor hadde, og mormor har framleis restar av dativ. Eg vil difor vidare nytte døme på dativ frå inntrøndsk, med utgangspunkt i boka Sparbu-maalet, skriven av Karl Braset og utgjeven av SmiO i 1903. Då var dativ «i full livande bruk».

I døma vidare i denne teksta nyttar eg ikkje fonetisk transkribsjon, men ei tilnærma normalisert dialektattgjeving, som vonleg er lett å lesa og forstå. Eg nyttar ¹ og ² for tonelag 1 og 2. Du finn mykje informasjon om tonelag på verdsveven, om du vil lesa meir om dette. «Nynorsk med dativ» er nynorsk med dativ slik Ivar Aasen nytta det.

Døme på dativ i indirekte objekt: inntrøndsk nynorsk nynorsk m/dativ nominativ eintal ¹Gutn åt mat. Guten åt mat. nominativ fleirtal ²Gutan åt mat. Gutane åt mat. dativ eintal Hannj ga ¹guta mat. Han gav mat til guten. Han gav gute mat. dativ fleirtal Hannj ga ²gutåm mat. Han gav mat til gutane. Han gav gutom mat.

(Merk at ¹guta (dativ eintal av ¹gutn) blir uttala med tonelag 1, liksom ¹gutn, ikkje som ²guta, fleirtal av gut.)

Her ser me at dativ i eintal gjer at hankjønnsord får a-ending i staden for n-ending. Det ser altså ut som at ordet blir til eit hokjønnsord i dativ. Hokjønnsord blir ofte sjåande ut som hankjønnsord i dativ: ¹bøgdn. I svake hokjønnsord blir det litt annleis: vis ‘(ei) vise’ får forma ²visån i dativ eintal (lydleg likt ²visån ‘(alle) visene’). Forma i dativ fleirtal er ²visåm. Dativ fleirtal får ganske konsekvent åm-ending på inntrøndsk. Andre dialekter kan ha -om, -o eller -å her. Merk at det berre er levande dativ i bestemd form, ikkje ubestemd. Dativ i ubestemd form finst det mange restar av i norsk, noko eg kjem attende til mot slutten av teksta.

Nett som norrønt og tysk har også inntrøndsk vekselpreposisjonar.

Interessant her er også at det er tonelagsskilnad på dativ av inkjekjønnsord: ¹gølvet, men ²gølvi. Dette er ulikt hokjønns- og hankjønnsord, som held på tonelag 1 i dativ.

Og for å jamføre med språka eg skreiv om tidlegare, med inntrøndsk: inkjekjønn akkusativ dativ norrønt Ek geng undir takit. Ek geng undir takinu. tysk Ich gehe unter das Dach. Ich gehe unter dem Dach. inntrøndsk Æ går ponnj ¹takjet. Æ går ponnj ²takji. nynorsk Eg går (bort) under taket. Eg er (allereie) under taket og går. nynorsk m/dativ Eg gjeng under taket. Eg gjeng under take.

Det finst òg mange preposisjonar som berre styrer dativ: tå ‘av’, åt, ætti ‘etter’, frå, ferr ‘for’, med, mylljåm ‘mellom’ og mot inntrøndsk Æ e med ’n Berit. Æ går mylljåm husåm. nynorsk Eg er med ho Berit. Eg går mellom husa.

’n er dativform av hu, tilsv. ‘henne’. Her også kan det kan verke som om namnet har bytt kjønn. Mange som har dativ i dialekta si, tenkjer på det som eit kjønnsbyte: I dativ blir hokjønn til hankjønn og omvend. I dativ blir guten til guta, bygda til bygden, ’a til ’n, og i

Informasjonsgrafikk: Reddit: u/jkvatterholm: https://www.reddit.com/user/jkvatterholm/ (John Kristian Audunarson Vatterholm) fleire dialekter blir ’n til ’o. I inntrøndsk er ’åm dativform av hannj, tilsv. ‘honom’. I inntrøndsk kan altså ikkje dativ av han bli forveksla med hokjønnspronomenet hu/’a). Det er ein grei hugseregel, men det er altså berre lydlege likskapar og artige samantreff som har gjort at det har vorte slik i mange dialekter, ikkje ein regel om at dei byter grammatisk kjønn i dativ.

Det er ikkje berre setningsfunksjon og preposisjonar som kan styre kasus. Verb kan også gjera det. Til dømes verbet hjølp ‘hjelpe’: «Du må hjølp gutåm!» I tillegg styrer eit fåtal adjektiv dativ: «Hu e lik ’åm». Også stadnamn blir bøygde i kasus. Skogn/Skogna, Feskvikja/Feskvikjen.

Eit dialekttrekk ved trøndske dialekter er substantivisk bruk av adjektiv, som i «itj ta lihlhåmmårn, men storin», ‘ikkje ta den vesle hammaren, men den store’. Saman med dativ kan det bli slik:: «Hi du mat åt ²smååm?» ‘Har du mat til dei småe?’

Som nemnt gav Ivar Aasen rom til dativ i landsmålet. Dette er forståeleg for dei som kjenner til tankane bak det nye språket – eit fullkomme og heilskapleg språk med plass til alle dialektene. Eg er diverre ikkje stø nok i dativ slik han såg ut i nynorsken, elles hadde eg nok nytta det i denne teksta. Aasen nytta sjølv mykje dativ i poesi, til dømes i våre kjære gamle Fjell i Syningom. Mange av dei tidlege prosaforfattarane etter han nytta òg dativ, til liks med vekebladet «Fedraheimen» (Skulerud 1939).

Dativ er diverre døyande i dei fleste norske dialektene. Men me finn mange restar av det, spesielt i dei tidlegare dativrike dialektene. Ein kjem til å ha restar av det i dialektord og -uttrykk i lang tid. Mange stadnamn er også eigentleg stivna dativformer: Førde (av fjord), Hauge og Haugom (av haug), Berge (av berg), Torpo (av torp). Bygda Geilo i Hallingdal er opphavleg dativform av Geiladn (geilane), og Otta har dativforma Ottun. Mange stadnamn som sluttar på -om o.l., er stivna dativformer, men ikkje alle – mange er restar av ordet ‘heim’. I tillegg finst det flust av restar av dativ i nynorsken, mellom anna i minsto, av garde, i svevne, i tide, i live og av huse Til stede er ein rest av dativ i bokmålet, medan nynorsken har til stades – ein rest av genitiv. Andre døme på stivna genitiv er til sengs, til sjøs, til dømes, til havs og til dess. Her er det preposisjonen til som har styrt genitiv. Men dette kan kanskje nokon andre skrive om?

Kva om dativ hadde enda opp med å bli nytta utbreitt i nynorsken? Det hadde nok ikkje gjort nynorsken så mykje lettare å lære seg, men då hadde det jo vorte for oss å lære oss tysk etter det, for ikkje å snakke om færøysk, islandsk og norrønt! Har du ein yndlingskasus?

Litteraturliste

Braset, K. (1903). Sparbu-maalet. Studentmållaget i Oslo.

Haugen, O. E. (2001). Grunnbok i norrønt språk (4. utg.). Gyldendal Akademisk.

Skjekkeland, M. (1997). Dei norske dialektane: tradisjonelle særdrag i jamføring med skrift måla. Høyskoleforlaget.

Skulerud, O. (1939): Om dativ av namnord i nynorsk. I: Heidersskrift til Gustav Indrebø 1939. Lunde.

This article is from: