11 minute read
«Her vokste mine inntrykk»
from Mål og Makt 2022 – 1
by Mål og Makt
Bjørnstjerne Bjørnson og Nesset Prestegard
Innleiing
Advertisement
Det kan vere vanskeleg å sjå føre seg kvar ein stor diktarhøvding som Bjørnstjerne Bjørnson tråkka sine barnesko. Han vart fødd 8. desember 1832 på Bjørgan Prestegard i Kvikne og døydde 78 år gamal den 26. april 1910 på eit hotell i Paris. I perioden 1838–53 budde familien Bjørnson på Nesset Prestegard. I laupet av livet fekk Bjørnstjerne utretta mykje godt på fleire frontar, mellom anna politisk og med diktinga. Kva plass vaks Bjørnstjerne opp på, og korleis påverka det livet hans?
Hovuddel
Historisk bakgrunn
Bjørnstjernes oppvekststad Nesset Prestegard ligg inst i Langfjorden i Romsdal. Dette er ein historisk plass, og for å få den historiske konteksten må vi tilbake til siste istid for om lag 10 000 år sida. Nordsjøen var tørt land, kalla «Doggerbank» eller «Doggerland», og folket vandra inn mot kysten av Noreg ettersom det var gode forhold for jakt og fangst. Det var truleg nomadefolk som flytta på seg etter kor dei fann mat. Her i området er det funne spor som er frå desse tidene. I området der prestegarden ligg er det funne fangstminne i fjellet som er frå den siste issmeltinga. Nede ved fjorden, på Prestneset, er det funne restar etter tidleg steinalderbusetting som er om lag 7-8000 år gamle. Eit par kilometer lenger sør, ved nabofjorden Eresfjord, finn vi Buggestranda med fleire helleristningsfelt som er mellom 5-7000 år gamle. På Prestneset er det restar etter vikingraver frå rundt 600-700 e.Kr, og nokre av dei er framleis synlege i dag. Garden var også sentral i hovudferdselsåra mellom Bjørgvin og Nidaros. Båten var framkomstmiddelet og fjorden var hovudvegen. Frå Bjørgvin segla dei opp til Veøya som ligg lenger ut i Langfjorden. Øya vert kalla «den heilage øya i Romsdalsfjorden» og hadde kyrkje allereie frå rundt 950, medan den offisielle kristninga av Noreg blir rekna frå 1030. Veøya var den største kaupangen i mellomalderen og eit senter for tru, religion og handel. Vidare gjekk turen frå Veøya inn Langfjorden til Nesset Prestegard før dei tok seg over kavlvegen på Tiltereidet til Sunndalsfjorden. Då kunne dei segle trygt heilt opp til Nidaros, og sleppe over havstykket Hustadvika. Dette var ei rute mange tok i samband med pilegrimsferda til Nidarosdomen.
Den første presten me kjenner til, David, busette seg på Nesset Prestegard rundt 1597, og sidan har det vore prestegard her. Familien Bjørnson kom til garden i april 1838, og Peder Bjørnson var sokneprest her til 1853. Eigedomsforholda på denne tida var ulike for dei forskjellige husa, og på denne prestegarden eigde presten hovudbygninga sjølv, medan allmugen, og seinare kommunen, eigde Allmuens Herrestue, Borgstua og til dømes stallen. Frå gamalt av stod det mange hus på prestegarden. I ei åbotstakst frå 1767 er det nemnt om lag 20 hus. I Peder Bjørnson si tid stod åtte av dei husa som utgjer prestegarden i dag. Noko som er spesielt ved Nesset prestegard er at få andre prestegardar i Noreg har bevart så mange hus over så lang tid, og garden er blant dei best bevarte prestegardane i
Møre og Romsdal, truleg òg på landsbasis. I dag er garden eigd og forvalta av Romsdalsmuseet.
Om bygningane
Borgstua var det offentlege rommet på prestegarden og blei reist rundt midten av 1700-talet. Sidan den tid har det blitt rive ned og bygt opp att fleire gonger og tent mange funksjonar. Den var opphaveleg meint som drengestue, men har òg vore brukt til snikkarverkstad, konfirmasjonsundervisning og skule. På loftet i Borgstua budde drengane på garden, og Bjørnstjerne sat nok mykje i lag med dei på kveldstid og høyrde røvarhistorier frå bygda. I motsetnad til Borgstua, var Allmuens Herrestue representasjonshuset på prestegarden. Ein kan kalle det «kongen sitt hus» ettersom det var meint til overnatting for biskopar, andre geistlege og embetsmenn som reiste i kongens ærend da dei kom til soknet. Det var allmugen som eigde huset, og det blei reist rundt 1815–1816. Det var eit staseleg bygg i si tid med store vindauge, høgt under taket og to fulle etasjar, men svært lite i bruk. Då familien Bjørnson kom flyttande, stod herrestua relativt ny og heilt tom. Hovudhuset som stod på garden var i dårleg stand og over hundre år gamalt. Peder Bjørnson hadde ynske om å få bu i herrestua, men det fekk dei ikkje høve til. På den tida var det eit hierarki i samfunnet, der kongen var øvst, og presten fekk ikkje bu i kongen sitt hus. I staden søkte Peder om å låne pengar til å bygge nytt hovudhus til familien. Han fekk lån frå kongen, men måtte i tillegg ut på bygda for å låne meir pengar. Det nye hovudhuset stod ferdig i 1846, åtte år etter at familien kom til garden. På tunet var det også andre bygningar, mellom anna to stabbur –eit til tiende og eit til presten privat. Elles var det driftsbygningar som fjøs, stall og eldhus.
Bjørnstjerne Bjørnson på Nesset Prestegard
Ein vårdag i april 1835 trekte hesten Blakken vogna der 5 år gamle Bjørnstjerne sat. Turen gjekk frå Kvikne, over Oppdal, ned Sunndalen, med båt over til Eidsøra og hesteskyss til Nesset Prestegard ved Langfjorden. Faren Peder hadde fått prestekall til Nesset, og familien var på flyttefot. I novella med same namn som hesten Blakken skriv Bjørnson mellom anna: en av de skjønneste gårder i landet, som den ligger der brebarmet mellom to møtende fjorder, med grønt fjell over seg, fossefall og gårder på den motsatte strand, bølgende marker og liv inne i dalbunnen, og utover langs fjorden fjell med nes i nes skytende ut i sjøen og en stor gard ute på hvert, - her på Nessets presegård hvor jeg kunne stå i kvelden og se på solspillet over fjell og fjord, til jeg gråt som om jeg hadde gjort noe ondt, - og hvor jeg på mine ski ned i en eller annen dal plutselig kunne stanse som trollbundet av skjønnhet, av en lengsel som jeg ikke maktet å klare, men som var så stor at jeg ovenpå den høyeste glede følte den dypesteinnestengelse og sorg, - her på Nessets prestegård vokste mine inntrykk [...] (Bjørnson, 1957, s. 362). seg som «romsdøl», sjølv om han ikkje hadde lokal dialekt. Oppveksten på prestegarden i den litle bygda sette djupe spor i Bjørnstjerne og påverka diktinga hans gjennom heile livet. Her var han ikkje berre omgitt av storslått natur og flotte omgjevnadar, men også dei som budde der påverka han. Av tenestefolk på garden og anna bygdefolk lærte han den folkelege forteljarmåten og fekk høyre fleire gode historier. Desse historiene blei nok hovudinspirasjonen til bondeforteljingane, mellom andre Synnøve Solbakken (1857), Arne (1859) og En glad gut (1860) (Hannevik, 2022).
Synet som møtte den unge guten då han hoppa ut av vogna på prestegarden blir godt skildra i utdraget frå Blakken, og utsikta og omgjevnadane gjorde stort inntrykk på han. Blakken var namnet på hesten som var med dei frå Kvikne og var Bjørnson kjær. Det var hesten som drog tømmeret til nyhuset, og det er fleire forteljingar om «hesten som la bjørnen i bakken». At naturen fekk stor tyding for Bjørnson kjem til syne i diktinga hans. Vi finn mange døme utanom Blakken, og diktet «Det ligger et land» er særleg godt. I eit av versa skildrar han tydeleg omgjevnadane nede på Pestneset, med bautaen og «stensatte hauger», som truleg er vikinggravane ein kan sjå nede ved fjorden.
Tilknytinga til Romsdal og Nesset var sterk, og Bjørnson omtala seg som «romsdøl», sjølv om han ikkje hadde lokal dialekt.
Vi sprang ned til fjorden, vi stirrede mod den askegrå bauta, hvor gammel den stod; hun stod der end ældre, sa’ ingen ting; men stensatte hauger lå rundt i ring.
(Bjørnson, 1870, s. 17)
Han uttrykker sin kjærleik for naturen i fleire av dikta sine, mellom anna i «Romsdalen» skriv han «Dette er Romsdalens strie land, nu er jeg hjemme»
(Bjørnson, 1914, s. 164, mi utheving). Tilknytinga til Romsdal og Nesset var sterk, og Bjørnson omtala
Miljøskildringane har fått stor plass i bondeforteljingane, og i forteljinga om Synnøve Solbakken er det som å sjå eit postkort frå nabobygda Eresfjord og garden på Øverås. I forteljinga «Et stygt barndomsminne» skriven i 1889, skildrar Bjørnstjerne ei av dei siste halshoggingane i Romsdal. Han var berre ni år gamal då far hans tok han med på avrettinga, og hendinga må ha gjort inntrykk på guten. Dei første avhøyra blei haldne på prestegarden i borgstua. Saka omhandla ei drepen og stygt såra jente funnen i skogen ved ein av gardane i bygda, Hagbøen. Sonen på garden, Per Hagbø, vart raskt tiltala då det blei kjent at han hadde eit forhold til jenta som blei funnen. Ho var husmannsjente og budde på husmannsplassen, med andre ord var dei av ulik rang. Husmannsplassar låg litt utanfor gardane, og tenestefolket budde her. Jenta døydde på veg til sjukehuset, og Hagbø blei fengsla og seinare avretta ved halshogging. Bjørnson skreiv «Et stygt barndomsminne» femti år etterpå og brukte historia for å kjempe mot dødsstraff og for rettferdig juryordning i rettsvesenet. Sjølv tolka han saka slik at mor til Per var medskyldig og at Hagbø vart utsett for justismord. Ettersom han tenkte av Per var uskyldig dømd, hadde han også ei djup medkjensle med han.
Så var det noen som ba Fadervår, – kanskje var det Per selv, jeg snudde meg bort, – så et hugg som i en stor kålrabi, – jeg så frem og så hodet liggende på bakken som gispede det etter luft. (Bjørnson, 2000, s. 300).
Hendinga sette sterke spor i guten, og gjennom heile livet skulle han gjere det han kunne for å hjelpe dei svake og andre som hadde det vanskeleg. Dette engasjementet kom til også til syne gjennom den politiske aktiviteten hans. Som 11-åring flytta Bjørnson til Molde, og i 1844-1849 var han elev ved Molde middelskule. Hans politiske engasjement slo røter her og hadde sin spede start i «Frihetens tale til Moldenserene». Her kritiserte han moldensarane for å ikkje feire 17. mai, og forlangte det på trykk i lokalavisa – og det fekk han, 15 år gamal. Seinare i livet blei det politiske engasjementet hans ein stor del av han, og han har mellom anna jobba mykje for undertrykte folke- grupper i Slovakia. I tillegg er han blant dei fremste nasjonsbyggjarane i Noreg, og som mange andre malarar og forfattarar på denne tida hadde også Bjørnson eit ynske om å samle nasjonen. Wergeland var førebiletet hans, og han førte vidare ei line med ei pedagogisk, folkeoppdragande hensikt. Sjølv sa Bjørnstjerne «Jeg vil skrive et nytt og bedre Norge».
Vegen vidare Etter skuletida i Molde var Bjørnson student i Christiania ved Heltberg studentfabrikk saman med mellom andre Henrik Ibsen, Jonas Lie og Aasmund Olavsson Vinje. Bjørnstjerne var eit sentrum i ein venekrins av studentar, men hadde nok like mange uvenar ettersom han var uredd og hadde mange sterke meiningar. Han livnærte seg som kritikar av litteratur og teater, etter kvart som redaktør for eit tidsskrift, samtidig som han deltok i studentpolitikken. Han var aktiv og engasjert, og tida gjekk truleg med til mykje anna enn å studere. Bjørnstjerne fekk ikkje examen artium før i 1854, noko faren likte dårleg og han slutta etter kvart å sende pengar. Bjørnstjerne måtte reise frå Christiania og var heime i Nesset vinteren 1852–53 der han fungerte som huslærar for sine småsysken. Familien Bjørnson budde på Nesset Prestegard til våren 1853. Då fekk Peder prestekall til Søgne, og familien flytta frå Romsdal. Bjørnstjerne var direktør på Det Norske Theater i Bergen frå hausten 1857. Her trefte han Karoline Reimers, og dei gifta seg året etter. Heimen deira blei på Aulestad i Gausdal, ein stor og flott gard han kjøpte i 1874, mens han budde utanlands. På Aulestad budde Karoline og dei etter kvart seks borna deira, og det var her Bjørnson var «heime» når han var i Noreg. Det politiske engasjementet til Bjørnstjerne gjorde at det fort blei harde frontar heime i Noreg, og han var ofte på kant med folk. På denne måten var han nok lik far sin. I Kvikne hamna Peder på kant med bygdefolket, og det var dårleg stemning i bygda. Bjørgan prestegard var dessutan eit fattig kall – ein avsidesliggjande fjellgard i dårleg stand. Nesset prestegjeld var derfor sett på som eit rikt kall og ein ny start, men heller ikkje her fann Peder seg til rette. Fleire gonger hamna han på kant med folket i bygda, og han var ein streng og pietistisk prest. Mora til Bjørnstjerne blei beskriven som motsettinga av faren, og ho var lys og mild. Som presteson og eldst i syskenflokken, buande i ei lita bygd og med store mål og ambisjonar kjende nok Bjørnstjerne på at Nesset blei for lite. I bondeforteljinga om Arne finn vi ei strofe som kan representere denne undringa og utfartstrongen:
Undrer meg på hva jeg får å se over de høye fjelle?
Øyet møter nok bare sne. Rundt omkring står det grønne tre, ville så gjerne over;tro, når det reisen vover?
(Bjørnson, 1957, s. 204, mi utheving).
Reisa Bjørnstjerne etter kvart gjorde førte han ut av Noreg og over Skandinavias grenser. Bjørnson blei etter kvart ein stor europear, og som mange andre kunstnarar i si tid reiste han mykje rundt. Med reisestipend og diktargasje frå staten fekk han høve til å reise ut i Europa, såkalla kulturelle danningsreiser, der kunstnarar skulle bli inspirerte og produsere kulturbidrag til eit nasjonsbyggjande Noreg. Han hadde fleire lengre utanlandsopphald i Roma, men var også mykje i Tyskland og Frankrike, både aleine og med familien. Heile tida mens han budde i utlandet, var han aktiv i politikken, både der han var og heime i Noreg. Han hadde som tidlegare nemnt sterk tilknyting til Romsdalen, og sjølv etter familien flytta var han fleire gonger på besøk. Han hadde fleire vener og kjende i området, og siste gongen han var på besøk i distriktet var i 1907. Bjørnson fekk slag sumaren 1909 som gjorde han delvis lam, og 26. april året etter sovna han inn på Hotel Wagram i Paris. Diktet «Syng mig hjæm!» blei skrive nokre år tidlegare, i 1891. Her skriv han mellom anna «Syng mig hjæm, hvis I kan, jeg vil dø i mit lan,» (Bjørnson, 1914, s. 196, mi utheving). Med tog og skip blei han frakta tilbake til Noreg, og han fekk ei stor og verdig gravferd på line med dei kongelege. Bjørnson blei gravlagd 3. mai 1910 og kviler i dag i Æreslunden i Vår Frelsers gravlund i Oslo. Diktet illustrer kjærleiken Bjørnson alltid hadde til Noreg, sjølv om han budde mange år i utlandet. Bjørnson sitt liv og virke kan oppsummerast på mange måtar, og Henrik Ibsen skreiv: «hans liv var hans beste diktning». Bjørnstjerne Bjørnson hadde eit innhaldsrikt liv med mykje aktivitet og engasjement på fleire frontar, og han var både politikar, fredskjempar, nasjonsbyggjar og diktar. Sjølv skreiv han i diktet «Valg», frå 1869:
Jeg velger meg april
I den det gamle faller, i den det ny får feste; det volder litt rabalder, -dog fred er ei det beste, men at man noe vil.
(Bjørnson, 1914, s. 100).
På fleire måtar samlar diktet dei mange trådane i livet til Bjørnson. Då familien kom til Nesset
Prestegard i april 1835 og fekk ein ny start. I det heile kva liv han levde sjølv, med sitt temperament og engasjement politisk og dikterisk.
Avslutning
Nesset Prestegard ved Langfjorden i Romsdal var Bjørnstjerne Bjørnson sin oppvekstsstad. Dette er ein gard med historie heilt tilbake til førre istid, og det finst historiske spor i området. Familien Bjørnson kom flyttande hit i april 1835, og oppveksten på garden har fått stor betydning for Bjørnstjerne, både som menneske og forfattar. Naturen, omgjevnadane, bygdefolket, historier og forteljingar sette spor i den unge guten. Som han sjølv sa, «Her vokste mine inntrykk».
Kjelder
Bjørnson, B. (1870). Digte og sange. Gyldendal. https://www.nb.no/nbsok/nb/a785ee 071bf21fdc25e6adbbc64f4076?lang=no#7
Bjørnson, B. (1914). Digte og sange (5. utgåve) Gyldendal.https://www.nb.no/nbsok/nb/3 370b2486bcc5a25a25130011c9a874c?lang =no#165
Bjørnson, B. (1957). Bondefortellinger. Gyldendal. https://www.nb.no/nbsok/nb/ef9ddd 477c188acb0167079325cabe9a?lang= no#361
Bjørnson, B. (2000). Et stygt barndomsminne i Fortellinger (s. 292-300). https://www. nb.no/nbsok/nb/30fe9aa8347b15bbbb 170775bc56eb60?index=1#291
Hannevik, Arne. (2022, 29. juni). Bjørnstjerne Bjørnson. I Norsk biografisk leksikon på snl.no. https://nbl.snl.no/Bj%C3% B8rnstjerne_Bj%C3%B8rnson
Jeg velger meg april i Store norske leksikon på snl. no. Henta 13. oktober 2022 frå https://snl.no/Jeg_velger_meg_april
Mardal, M. (2017, 29. mai). Torgslaget. I Store norske leksikon på snl.no https://snl.no/Torgslaget
JÓGVAN HELGE GARDAR