![](https://assets.isu.pub/document-structure/230223145435-6b6c5d8c63ca5fe99e06b443cbef64de/v1/058f554ada687612e4e86895f9841c5e.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
1 minute read
Bibel
from Mål og Makt 2022 – 1
by Mål og Makt
I 1921 gav Studentmållaget i Oslo ut den fyrste omsetjinga av heile Bibelen til nynorsk, Fyrebilsbibelen Hundreårsjubiléet vart feira i 2021, men no ynskjer skriftstyret i Mål og Makt at også sjølve tidsskriftet til Studentmållaget i Oslo gjev plass til feiring av ein viktig del av soga vår. Difor blir tema for neste utgåve av Mål og Makt Bibel.
Vi tek i mot alle manus og illustrasjonar til vurdering. Vi ynskjer spesielt manus og illustrasjonar som tek utgangspunkt i temaet Bibel.
Advertisement
Tekstfrist er 7. mars 2023
Send spørsmål, manus og filer til malogmakt@malogmakt.no
Mål og Makt
Mål og Makt er tidsskriftet til Studentmållaget i Oslo (SmiO). Tidsskriftet kom først ut i 1934, og gav ut seks nummer, men det vart med det. I 1971 starta SmiO på ny tidsskrift, Sentrum og periferi. Året etter vart namnet endra til Mål og Makt. Sidan har det kome fast med fleire nummer i året. Mål og Makt skal trykkje artiklar om målsak og nynorsk, og om andre kultur- og ålmenpolitiske spørsmål. Tidsskriftet er laga for og av studentar, men håpar å vekke interessa til mange andre. I 2023 kjem Mål og Makt med tre nummer (april, august og desember).
Studentmållaget i Oslo
Studentmållaget i Oslo er eit lokallag i Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Laget organiserer studentar busett i Oslo. I sine første leveår var SmiO ei drivkraft i å opne for nynorsk på univeristetet. Laget har sidan vore ein viktig aktør for å fremje nynorsk i akademia. I 1961 var Studentmållaget i Oslo ein pådrivar for å få starta Noregs Student- og Elevmållag (seinare Norsk Målungdom). I dag er laget leia av Jonas Økland og har rundt 200 medlemmar. Alle medlemmane får Mål og Makt gratis i posten.
Bli medlem av Studentmållaget i Oslo gjennom nettsidene til Norsk Målungdom. www.malungdom.no
Skriv for Mål og Makt
Mål og Makt er alltid ute etter skribentar, diktarar, kulturnytarar, illustratørar og fotografar. Send oss ein tekst, det vere ei meining, ein artikkel, eit essay, ei film- eller bokmelding, eit dikt, ein illustrasjon eller ein fotoserie. Mål og Makt skal vere eit tidsskrift som er fint å bla i og godt å lese. Skriftstyret vurderer alt som blir tilsendt. Om eit bidrag går til trykk går det også gjennom tilbakemeldingsrundar. Dette gjev skribentane gode høve til å utvikle seg.
Send bidrag eller ønske til vår e-post, malogmakt@malogmakt.no.
Vi set pris på alle attendemeldingar.