1 minute read

Leiaren

Next Article
Bidragsytarane

Bidragsytarane

Norsk fagspråk er i krise. Norsk tapar terreng på dei fleste område i universitets- og høgskulesektoren, skriv Språkrådet i Språkstatus 2021. For nynorsk står utfordringane i kø i den akademiske verda. Det kan verke som engelsk er sektoren si framtid. Heldigvis ropar mange nei.

Språklova seier i si første setning at norsk skal vere det samfunnsberande språket i Noreg, som kan nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnet. Universitetsog høgskulelova slår fast at universitet og høgskular skal vedlikehalde og utvikle norsk fagspråk. Lovverket er ikkje uklart, dei norske språka skal leve og blomstre i sektoren. Likevel har det vore lite som minner om vår for norsk språk i universitets- og høgskuleverda. Men, som Songen om folkemålet seier – etter vinter kjem stendig ein vår.

Advertisement

For Mål og Makt er språket grunnlaget. Det faste som alltid har vore der og alltid skal vere der. Uansett kven som har røkta dette bladet eller kva meiningar bladet har trykt, har nynorsk stått som bautaen. Mål og Makt er tidsskriftet som tek språket seriøst, ideologisk og motkulturelt. Vi har sidan 70-talet hatt gleda av å publisere hundrevis av fagartiklar på nynorsk. Det er vårt evige bidrag inn i det norske fagspråkarbeidet.

Ei syster av Mål og Makt, Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo, sette sumaren 2022 i gang ein skrivekonkurranse for nynorsk fagspråk. I dette nummeret har vi gleda av å trykke dei tre tekstane som fekk første-, andre- og tredjeplass. Dei viser fram kor sterkt og godt fagformidling er på norsk, spesielt nynorsk. Dei er uttrykk for det levande nynorske fagspråket.

Sist utgåve av Mål og Makt kom i slutten av 2020. To år etterpå er vi tilbake og akkurat der vi skal vere. Den største plassen i skriftet er gitt til fagspråket, men denne utgåva tek ein også gjennom spekteret i kulturen rundt nynorsk.

Leiar i Norsk Målungdom, Tobias Christensen Eikeland, skriv om sin favoritt. Favoritten er ingenting anna enn kasusforma dativ, til glede for både komande og gamle grammatikk-elskarar. I 2021 feira Norsk Målungdom 60 år. Under festmiddagen på Det Norske Teatret heldt Ola E. Bø kåseri for samlinga, som ein no kan lese frå side 10. Den opprørske målungdommen dirrar i orda, og er ei feiring av det som må vere den største samfunnsendringa Norsk Målungdom står bak.

Fagspråkpris-tekstane dykkar ned i nye farvatn. Kamma Tyse tek oss med på ei matematisk reise, og vidare kan ein i artikkelen til Marit Ping Bersås gå i barneskoa til Bjørnstjerne Bjørnson, medan Jógvan Helge Gardar set rettsspråket under lupa. I sterk kontrast stiller Fotografen med ein stemningsrapport frå nynorskfestivalen Norsk Countrytreff på Breim.

Med det seier vi i skriftstyret oss godt nøgde med det vanskelege comeback-nummeret. Her får du eit nynorsk studenttidsskrift krydra med både alvor, ideologi og motkultur.

This article is from: