Mål og Makt 2019-01

Page 1

170

2019 – 1 49. årgangen


BLADSTYRAR Mathias Louis Sørbø

PRENTEVERK Asker Print AS

I SKRIFTSTYRET Ingeborg Storesund Nes Vemund Olav Aukrust Mathias Louis Sørbø Siril Borring Låstad

OPPLAG 500

ILLUSTRATØRAR Mikael Munz Bakketun Helene Rudler Balsvik FRAMSIDE Johanne Weum BLADBUNAD Geir Egil Eiksund Odin Hørthe Omdal OMBREKKING Ingeborg Storesund Nes Mathias Louis Sørbø Siril Borring Låstad KORREKTUR Vegard Storsul Opdahl Sindre Seim Gulbrandsen Jorunn Simonsen Thingnes Kine Gjertrud Svori Synnøve Sætre Håkon Remøy Vebjørn Sture SLUTTKORREKTUR Ingeborg Storesund Nes Vemund Olav Aukrust Mathias Louis Sørbø

UTGJEVAR Studentmållaget i Oslo. Forfattarane står sjølve ansvarlege for innhaldet i artiklane. ISSN 0332-7744 MÅL OG MAKT OG STUDENTMÅLLAGET I OSLO Lilletorget 1 0184 Oslo EPOST malogmakt@malogmakt.no INTERNETT smio.no malogmakt.no ÅRSTINGING Tre nummer, kr 200 LYSINGAR 2500 kroner for éi side KONTONUMMER 3450 35 12671

2


KORT OM BIDRAGSYTARANE

MATHIAS LOUIS SØRBØ (f. 1998) Kyrkjemusikkstudent frå Volda med ein spesiell kjærleik for Bach, mellomalderfilosofi og nynorsk. Sjølverklært altmogleg-nerd, men er faktisk ikkje spesielt god i realfag. Eller sjakk. Kan til gjengjeld bake kake. JØRN ØYREHAGEN SUNDE (f. 1972) Er professor i rettshistorie ved Universitetet i Bergen, aktiv nynorskbrukande jurist, og dyslektikar som framleis les bilistroestapisten i staden for bilstereospesialisten. FREDRIK HOPE (f. 1993) Har vore leiar i Norsk Målungdom frå juli 2017 fram til juli 2019. Når han ikkje nyttar tida si på å klaga på mållovsbrot og skriva meir eller mindre sinte lesarbrev om nynorsk, spelar han fele og drøymer om ei framtid som underbetalt kulturarbeidar i distrikts-Noreg. Han kjem frå Hyen i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane, og har planar om å verta ferdig med bibliotekarutdanninga på Oslomet når han er ferdig i Norsk Målungdom. SIRIL BORRING LÅSTAD (f. 1998) Frå Oslo. Studerer journalistikk på Oslomet. Gret av å høyre på Lorde, sjå cheesy rom-coms og drikke for mykje tequila. JAN INGE SØRBØ (f. 1954) Professor ved Høgskulen i Volda. Forbrukar av eldre nynorske salmar og nye nynorske rap-tekstar; soppsamlar og forgjengar.

KJELL HABBESTAD (f. 1955) Frå Bremnes på Bømlo, er professor i teori og komposisjon ved Norges musikkhøgskule og er utdanna i kyrkjemusikk og komposisjon ved same institusjon. Verklista tel 98 opus, og inkluderer orkesterverk og dramatiske verk, kammerverk for ulike besetningar, verk for orgel og piano og ei mengd korverk. TUVA IRENE SKARE (f. 1998) Frå Oslo. Studerer verdas beste studie, fotojournalistikk, ved Oslomet. Elles likar Tuva kattar, å trene, tindre og drikke raudvin. Du kan finne ut meir om (single) Tuva på 469 74 380. AASMUND NORDSTOGA (f. 1964) Kulturarbeidar, dvs gardbrukar og visesongar. Garden ligg i Vinje i Telemark, og den delar han med kjering og tre born. MAGNUS OLAV HJELLE (f. 1990) Er medievitar frå Universitetet i Oslo. Han er fødd og oppvaksen i Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Mellom 2015 og 2017 skreiv han masteroppgåve om norske humanitære organisasjonar sitt kommunikasjonsarbeid med fokus på retoriske strategiar. Hjelle har tidlegare jobba som deskjournalist i eHandel.com og digital storyteller og rådgjevar i Coxit, og er i dag driftskoordinator i Coop Norges datterselskap Norsk Butikkdrift for kjedene Coop Prix og Extra. ASSAD NASIR (f. 1985) Er norsk- og samfunnsfaglærar på Mailand vidaregåande skule, og forfattar av boka Kunsten å være pakkis.


INNHALDSLISTE

5 LEIAR Mathias Louis Sørbø 6 LANG KAMP, KORT SIGER Jørn Øyrehagen Sunde 11 NYNORSK TENESTEMÅL = MEIR NYNORSK I KVARDAGEN Fredrik Hope 16 HØGSKULE PÅ NYNORSK – EIN PRAT MED EIN TIDLEGARE REKTOR Siril Borring Låstad 18 SPRÅKSTRIDEN I NYNORSKEN: EIT SPØRSMÅL OM STIL Jan Inge Sørbø 24 NYNORSK SOM FAGSPRÅK – OG HJARTESPRÅK Kjell Habbestad 28 NYNORSK TINDER Redigert av skriftstyret 30 FOTOGRAFEN Tuva Irene Skare 36 FAVORITTEN Aasmund Nordstoga 38 MASTEROPPGÅVA Magnus Hjelle 42 DIKTET Assad Nasir

4

Mål og Makt 2019 – 1


LEIAR

av MATHIAS LOUIS

SØRBØ

Språkkamp «Du er vel ikkje herfrå?» Oppvaksen i Volda som eg er, har eg vel aldri trunge å kjempe noko særleg for nynorsken. Eg har derimot kjempa ein annan språkkamp, med meg sjølv som hovudmotstandar. Nemleg kampen om talemålet mitt. Sitatet ovanfor er slik mange samtalar startar for meg i Volda. Sjølv om eg altså er fødd og oppvaksen der, høyrest det kanskje ikkje slik ut for dei lokale. Kanskje fordi familien min ikkje er derfrå, kanskje av andre grunnar. Uansett har eg alltid slite litt med å forstå mitt eige talemål og korleis eg sjølv ønskjer at det skal vere. Det har alltid vore ein dragkamp mellom bygdemål og bymål, sunnmørsk og rogalandsk, skriftnært og dialektnært. Men når eg har strevd med å finne meg til rette i mitt lytefulle sunnmørske talemål, har nynorsken vore ein stabilisator for meg. Den identiteten mange legg i dialekta si, har for meg blitt meir naturleg å leggje i skriftspråket mitt. Når eg no har hamna i Oslo, ser eg at mange må kjempe for det språket som for meg har vore så sjølvsagt. Eg har gått frå å bu ein stad der så godt som alle skriv nynorsk, til å innsjå at mange ser på nynorskbrukarar som ein utdøyande art, ei gruppe sære, umoderne og lite tilpassingsdyktige bygdefolk. Litt som om eg skriv ein mindre prestisjefull variant av latin. Det er ein kamp å endre haldningar, å få folk til å skjønne at nynorsk er eit levande språk, brukt i alle samanhengar der andre språk blir brukt. Allereie frå starten har det blitt hevda at nynorsken ikkje eignar seg til «de høiere materier», som ein kan lese i teksten «Stil og Strid» i midten av bladet. Og framleis er det altfor sjeldan vi møter nynorsken på mange område, til dømes i faglitteraturen. Språkkamp kan handle om mykje, men det er ingen tvil om at det framleis er eit aktuelt tema. Vi håpar difor de vil setje pris på dette temanummeret. God lesnad!

5


av JØRN Ø YREHAGEN

SUNDE

Lang kamp, kort siger? Nynorsk som rettsspråk Nynorsk som rettsspråk er i ein paradoksal situasjon. Ein lang kamp for å verta respektert og tatt i bruk er krona med siger. Samstundes er talet på jusstudentar som nyttar nynorsk, så lågt at nynorsk kan forsvinna som rettsspråk i løpet av nokre tiår på grunn av mangel på brukarar. Kva har skjedd, og kva kan vera redninga? Kampen om nynorsk som rettsspråk byrja ikkje så lenge etter jamstillingsvedtaket i 1885, som gjorde at landsmål og riksmål – kalla nynorsk og bokmål frå 1929 – begge kunne nyttast som skulespråk. Dette var eit språkvedtak som gjorde at mange skuleelevar kunne nytta eit språk som i ordval, rettskriving og grammatikk låg tettare på talemålet enn det riksmål gjorde. Dermed fekk dei kortare veg til kunnskapen som dei skulle tileigna seg gjennom skulegangen. Men det var òg eit kulturvedtak

6

gjennom at den kunnskapen skuleelevane hadde med seg inn i skulerommet, vart løfta opp på same nivå som kunnskapen inne i skulerommet, fordi dei begge vart formidla og diskutert ved hjelp av same språkforma. Dermed var det òg eit vedtak som gjaldt styringsstrukturar og makt. I juridisk samanheng var jamstillingsvedtaket langt lettare å akseptera som språkvedtak enn som kulturvedtak. Dette ser ein tydeleg i diskusjonen rundt Log um sams normaltid fyr kongeriket Norig i

Mål og Makt 2019 – 1


Odels- og Lagtinget i 1894. Det var trønder og var det ein uformell regel om at bruk av landsmål venstremann Kristoffer Marius Hægstad som førte førte til stryk på eksamen. Ketil Skogen vart i 1909 lovforslaget i pennen. Han var professor i den fyrste som fekk juridisk embetseksamen etter landsmål på Universitetet i Oslo og valde å å ha skrive på landsmål, men han fekk dårlegaste formulera lovforslaget på landsmål. Sjølve karakter med tilbakemelding om at eksamenen ordninga med normaltid, som vil seia at heile hadde vore rett så god om den berre hadde vore Noreg skulle vera ei felles tidssone sjølv om sola skriven på menneskemål. stod opp på svært ulike tidspunkt frå lengst aust Kvifor denne nærast hatske haldninga til i landet til lengst vest, var ikkje omstridt. Det var landsmål? Fordi med språket kjem kunnskapen derimot språkforma lovforslaget var formulert på. som språket er nytta til å formulera. Skulle Ein argumenterte ikkje landsmål vera eit mot landsmål i seg sjølv. rettsspråk likeverdig med Landsmål kunne vera nyttig Kvifor denne nærast hatske riksmål, ville sedvanane til fordi elevar på landsbygda haldninga til landsmål? Fordi med bønder og fiskarar verta lettare kunne tileigna seg språket kjem kunnskapen som framført og få kunnskap, og det kunne språket er nytta til å formulera gjennomslag i rettssalen. særleg brukast til å snakka Sedvane – jus non om det som kom landsbygda scriptum – har i alle høve ved, som jordbruk, skogbruk sidan romarane si tid vore og fiske. Derimot var landsmål ueigna til å snakka ei kjelde til rett ved sida av lov – jus scriptum. om ting som kom statsstyret ved, slik som lov, Men det var ei kjelde til rett som vart filtrert og fordi det ikkje var berar av den kunnskapen, sensurert gjennom perspektivet og språket til dei innhenta gjennom erfaring, som låg nedfelt i som hadde den skrivne retten som sitt sjølve omgrepa og strukturane i språket. primærobjekt. Log um sams normaltid fyr kongeriket Norig vart Det var dette sensur- og filtreringssystemet som vedtatt på landsmål. Men det var einaste lova på kom under press med jamstillingsvedtaket. Det denne målforma fram til 1920. På Det juridiske var ikkje berre ein fordom blant juristar, men ein fakultetet i Oslo, der ein skulle utdanna dei realitet. Kristian Østberg fekk i 1903 stipend frå juristane som skulle formulera og bruka lover, Stortinget til å reisa rundt og samla inn sedvanane

7


Illustrasjon: Mikael Munz Bakketun

som var i bruk på landsbygda. Arbeidet resulterte i eit tolvbindsverk om «Norsk Bonderett», utgjeve mellom 1914 og 1939. Bak initiativet stod Absalon Taranger, professor i rettshistorie på Det juridiske fakultetet og opphaveleg frå Strilelandet utanfor Bergen. Slik viste han at det fanst sedvanar på landsbygda som fortente å verta dokumentert og brukt. Ein annan professor på Det juridiske fakultetet i Oslo på den tida var Nikolaus Gjelsvik frå Sunnfjord. Taranger var frå eit landsmålsdistrikt, men skreiv riksmål. Gjelsvik var neste generasjon jurist frå landsbygda. Han skreiv alle

8

kvalifiseringsarbeida sine på riksmål, men i motsetnad til Taranger skifta Gjelsvik til landsmål straks han hadde fått professoratet sitt. Førelesingane heldt han derimot på begge målformer, ved at han fyrst sa ei setning på landsmål og deretter same setninga på riksmål. Det var Knut Robberstad frå Sunnhordland som vart professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultetet i Oslo etter Taranger. Han var tredje generasjon jussprofessor med nynorskbakgrunn og skreiv på denne målforma både før og etter at han vart professor. Om lag samstundes vart den alt omtalte Ketil Skogen sorenskrivar i Vest-

Mål og Makt 2019 – 1


Telemark. Ikkje berre vart juss forska på og undervist i på nynorsk, og lover vart skrivne på nynorsk, no vart jussen òg brukt på nynorsk. Kampen for nynorsk som rettsspråk varte dermed om lag førti år før ein kunne kjenna på ei gryande sigerskjensle. Men det var ingen brå og total siger. For det tok lang tid før bruken av nynorsk vann om seg. Fyrst skjedde det som lovspråk, så som vitskapsspråk og til slutt som bruksspråk i dei høgare domstolane. Men det var fyrst på 1980-talet at ein hadde fleire nynorskbrukande dommarar i Gulating lagmannsrett, medan ein i andre lagmannsrettar berre har hatt einskilddommarar som har skrive dommane sine på nynorsk. Så seint som i 1999 vart Karl Arne Utgård fyrste nynorskbrukande dommar i Høgsterett. I 2016 vart Borgar Berg tilsett som den andre. Det er lett å sjå på denne langsame framveksten av nynorsk som rettsspråk som eit utslag av den ibuande konservatismen i jussen. Så enkelt er det ikkje. Konservatisme er eit forsvar for det eksisterande og motstand mot det nye. I dette tilfellet var bokmål, og ikkje nynorsk, den språkforma juristar tradisjonelt hadde nytta når dei skulle finna, diskutera og evaluera normer. Opna ein opp denne prosessen språkleg, opna ein

òg opp for at andre personar og andre rasjonalitetsformer kunne få gjennomslag. Så den langsame framveksten kom av kulturmotstand, som igjen var knytt til styringsstrukturar, og som til sjuande og sist dreidde seg om makt. Så sjølv om mykje var vunne på 1930-talet, var det nok fyrst på 1990-talet at motstand var nyttelaust. Men: Ifyou cannot beat them, join them. For det er på 1990-talet at bokmål som rettsspråk vert forvandla. Dei store fortrinna med nynorsk som rettsspråk er at realitetar står fram som viktigare enn omgrep. Ein snakkar ikkje om «eiendommens verdi» men om «verdien av eigedomen». Dei to uttrykka høyrest nesten like ut, men i fyrste tilfellet er det eigedomen som er det sentrale, i det andre er det verdien. Slik er det òg med og med «lovens ikrafttredelse» og «lova trer i kraft». Denne måten å bruka språket på går så frå det grunnleggjande uttrykket i setninga til sjølve setninga, og vidare til avsnittet. «Avtalens innhold er et resultat av partsenighet» vert «partane er samde om innhaldet i avtalen». Og «på grunn av manglende prosessforutsetninger har parten frafalt de tidligere fremsatte krav» vert til «parten gjer likevel ikkje krava gjeldande fordi ein ikkje kan vinna fram med dei i ei rettssak». Særleg på 1990-talet og utover arbeidde

9


lovavdelinga i Justisdepartementet medvite med å der ein finn fleirtalet av juristar. Og akkurat som gjera bokmål til eit tydelegare og meir tilgjengeleg fleirtalet av juristar til alle tider har skrive halvgodt rettsspråk etter modell av nynorsk. Framifrå stilistar bokmål, så vil fleirtalet av juristar skriva halvgod og lovskrivarar som dei alt nemnde Nikolaus nynorsk. Men det var det ikkje rom for når ein skulle Gjelsvik og Knut Robberstad hadde skapt eit nynorsk visa at nynorsk som rettsspråk var vel så godt som, rettsspråk, som så vart utvikla av personar som Olav og kanskje betre enn, bokmål. Av den grunn har Lid, Nils Nygård, Ernst Nordtveit, Ola Mestad, Karl nynorskbrukande juristar vorte språkleg strenge og Arne Utgård, og etter tusenårsskriftet ein heil serie slik jaga dei halvgode over til bokmål som eit med nynorskbrukande rettsspråk der det er plass juristar. Dei hadde vist til dei. Og når bokmål Det var dermed ikkje berre ein likevel har tatt over mange fortrinnet til eit likeframt språkkamp som vart vunnen då av nynorsken sine språk som fokuserer på bokmål tok etter nynorsk som realitetar og ikkje på føremoner som rettsspråk, språklege formular sentrert rettsspråk, men ein kulturkamp, og føler dei seg meir heime ein kamp om kva som gjev rundt omgrep. Men dei hadde der. òg vist at jussen sin autoritet statsstyring og makt autoritet. Men den strenge og legitimitet ikkje kviler i haldninga til nynorsk som språket i seg sjølv, men i dei rettsspråk har òg realitetane som språket formidlar. Det var dermed pervertert utgangspunktet for kampen. For ikkje berre ein språkkamp som vart vunnen då utgangspunktet var å opna opp jussen og slik spreia bokmål tok etter nynorsk som rettsspråk, men ein den juridiske makta. Men når språket verkar kulturkamp, og ein kamp om kva som gjev ekskluderande, så vert makta gjeven til dei få. Skal statsstyring og makt autoritet. ein snu utviklinga, må ein leggja bak seg kampen Men i sigeren låg òg nederlaget. For kampen for for aksept og akseptera det halvgode som godt nok. nynorsk som rettsspråk hadde eit stort offer, nemleg For berre slik kan ein styrkja rekrutteringa av det halvgode. Det å visa at nynorsk var eit dugande nynorskbrukande jusstudentar og sikra at nynorsk rettsspråk avla fram eit stort språkmedvit og stor vil overleva som rettsspråk. språkleg presisjon mellom universitets- og lovavdelingsjuristar, og dommarar. Men det er ikkje

10

Mål og Makt 2019 – 1


av FREDRIK HOPE

Nynorsk tenestemål = meir nynorsk i kvardagen Noregs Mållag og målrørsla har mykje ugjort, og ei av oppgåvene har stått att heilt sidan kommunesamanslåingane på 60-talet: Me må få fleire kommunar med lange nynorsktradisjonar og mange nynorskelevar til å krevja nynorsk frå staten – å vedta nynorsk tenestemål. Etter kommunevalet i 2019 bør målrørsla få slutt på at kommunar som Hå, Lesja og Etnedal er språknøytrale, og me må sikra at nye kommunar i nynorskland gjer fornuftige språkvedtak. I velferdsstaten Noreg er staten overalt. Han krev inn skatt, han driv sjukehus, han byggjer vegar, og han betalar ut pensjonen til bestemor. Sjølv dei raraste stadene dukkar staten opp: Han driv alkoholsal i Vinmonopolet, han eig Posten som driv Post i butikk, og han driv med spesialpedagogikk. Dette har språkpolitiske konsekvensar: Det språket staten nyttar seg av, vert synleg i kvardagen i kvar ein kommune. Portrettbilete: Anna Sofie Ekeland Valvatne

For målrørsla vert difor språket til staten ei viktig sak. Ei side er at me må få staten nasjonalt til å bruka og styrkja nynorsken, men vel so viktig er språkbruken lokalt og regionalt. Me må sikra at dei lokalsamfunna der me har vunne kampen med å få nynorsk inn i kommunen og inn i skulen, ikkje vert overfløymde med bokmål frå staten. Løysinga? Kommunen. Kommunen er det lægste folkevalde organet og styrer mykje sjølv. Men i mange saker er det kommunen som må retta seg etter kva staten avgjer. Staten kan ta oppgåver frå kommunen, han kan tvinga oppgåver på kommunen, slå kommunen saman med grannen og ta pengar frå kommunen. Men i minst ei sak kan kommunen styra over staten: språket. Det er her kommunalmålprinsippet kjem inn. I tråd med paragraf 5 i mållova kan kommunane styra kva språk staten skal bruka innanføre kommunegrensene. Staten får då eit tenestespråk i kommunen – det språket

11


kommunen har kravt. Om kommunen ikkje har valt språk, kan staten velja sjølv. Tenestespråket er altso ein rett kommunen har til å sikra at staten brukar det språket kommunen ynskjer i sitt område. Dette må me ikkje blanda med administrasjonsspråket til kommunen – det er det språket kommunen sjølv vel å bruka. Det er ei plikt kommunane legg på seg sjølv om å bruka – til dømes – nynorsk.

fleirtalsmålforma for kommunane nyttast. Ligg det ikkje føre noka fleirtalsmålform, står organet fritt i val av målform.

Fleirtalsmålforma er den målform som flest kommunar har kravt. Det er ikkje noka fleirtalsmålform dersom over halvparten av kommunane er språkleg nøytrale. Det same gjeld dersom like mange kommunar har kravt bokmål som nynorsk. § 5. Eit kommunestyre kan gjere vedtak om å For å seia det kort: Dersom fleirtalet av kommunane i eit krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan til område har valt anten nynorsk eller bokmål, får området kommunen, eller gjere vedtak om at kommunen det fleirtalstenestespråket som fleirtalet av kommunane er språkleg nøytral. Tilsvarande vedtak kan med eit språkvedtak har valt. Dersom fleirtalet av fylkestinget gjere for fylkeskommunen. kommunar ikkje har valt noko språk, eller dersom det er femti-femti nynorsk/bokmål, er det ikkje noko Så lenge ein kommune eller ein fylkeskommune fleirtalstenestemål – og dei regionale statsorgana kan ikkje har gjort vedtak som nemnt i denne velja fritt kva språk dei vil bruka. Desse reglane gjeld paragrafen, skal han reknast for å vere språkleg ikkje for nasjonale statsorgan som nøytral. Kunnskapsdepartementet, Universitetet i Oslo eller Statens pensjonskasse – desse skal veksla mellom nynorsk Kommunar og fylkeskommunar skal melde vedtak og bokmål i tråd med 25-prosentregelen. etter denne paragrafen til departementet, som Poenget er uansett overtydeleg: Målrørsla bør få flest syter for at vedtaka blir gjorde kjende i mogleg kommunar til å krevja nynorsk frå staten. Det vil statstenesta. i dei aller fleste tilfella føra til meir nynorsk i området rundt, og det vil alltid føra til meir nynorsk i kommunen Forvirra no? Det vert verre. Særleg når me skal sjå på kva det gjeld. Mange kommunar som vart slegne saman på som skjer om eit regionalt statsorgan skal venda seg til 60- og 70-talet, hadde slike språkvedtak før mange kommunar som har valt forskjellig tenestespråk. samanslåingane, men har det ikkje i dag. Nokre Då må me byrja å rekna. I paragraf sju i mållova står det kommunar, som Lesja og Hå, har ikkje gjort slike vedtak korleis me skal rekna: etter samanslåingane. Andre kommunar, som Sør-Fron, Etnedal og Fræna, har kvitta seg med språkvedtaket. § 7. Dersom statsorgan vender seg under eitt til Gjerne i samanheng med at dei ville ha nøytralt fleire kommunar i eit avgrensa område, skal administrasjonsspråk, trass i at dette eigentleg ikkje heng

12

Mål og Makt 2019 – 1


Foto: Tuva Irene Skare

saman. Dei nye kommunane etter kommunereforma er dessutan oppe og går i 2020. Reglane er slik at dei nye kommunane lyt gjera nye språkvedtak etter samanslåingane, elles vert dei rekna som språkleg nøytrale. Og dei to orda «språkleg nøytral» er i dei alle fleste tilfella det same som dei to orda «berre bokmål». Dette gjeld nye kommunar i mange viktige nynorskområde. Nokre av dei nye kommunane spring ut av område med berre nynorskkommunar i dag – til dømes nye Sunnfjord kommune, nye Bjørnafjorden kommune og nye Øygarden kommune. Andre er kommunesamanslåingar på tvers av språkvedtak – som nye Ålesund kommune, nye Ullensvang kommune og nye Molde kommune. Etter kommunevalet i haust er det med andre ord ein stor jobb som ventar. Nye politikarar er på plass både i

gamle og nye kommunar som ikkje har gjort vedtak om språk enno. Målrørsla bør nytta tida fram til dess til å kvessa argumenta og finna løysingane for å styrkja nynorsken. Å få kommunar til å krevja nynorsk frå staten er ein viktig del av dette, attåt tiltak som språkbruksplanar som styrer kommunane sitt administrasjonsspråk. Men å få lokalpolitikarane til å krevja nynorsk frå staten burde vera det enklaste: Det er eit språkpolitisk Kinderegg! Kommunane kan styrkja nynorsken utan at det kostar dei sjølv ei krone, ved at staten til dømes vert nøydd til å skilta på nynorsk, ha nynorsk på Vinmonopolet og Post i butikk og senda ut valkort til stortingsvalet på nynorsk. Dessutan kjem det meir nynorsk inn i kommuneadministrasjonen ved at statlege skriv kjem på nynorsk. Til sist vil det vonleg få det språklege medvitet i kommunen til å auka – og nynorskbruk vil avla nynorskbruk. Tre gode ting som legg eit grunnlag for å

13


styrkja nynorsk i lokalsamfunnet. Argumenta kan vera alt frå dei ikkje-eksisterande kostnadene, den lokale nynorsktradisjonen og argumentet om at kommunen bør vera med på å stø opp om nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka i Noreg. Å krevja nynorsk frå staten er likevel ikkje nok for å sikra ei nynorsk framtid i språklege grenseland. Eit døme på dette er kommunen Nesset, som har eit mindretal av nynorskelevar, og som vert ein del av nye Molde frå 2020. I Nesset har dei nøytralt administrasjonsspråk og krev nynorsk frå staten. Nynorskbruken i administrasjonen er liten, og politikarane har ikkje gjort mykje for å stå opp for nynorsk i samanslåingsprosessen med Molde og Midsund. I arbeidet med den nye kommunen har det ikkje kome nokon lovnader om nynorskbruk eller andre tiltak for å stø det nynorskbrukande mindretalet. Det er grunn til å tru og vona at effekten av å krevja nynorsk frå staten vil vera meir til stades i kommunar med ein sterkare nynorsktradisjon – som i Hå kommune i Rogaland. Hå vart til gjennom ei samanslåing av kommunane Varhaug, Ogna og Nærbø i 1964. Kommunen på Jæren var i 2017 kommunen med flest nynorskelevar, før dei i 2018 kom på andreplass bak hordalandskommunen Os. Med 2589 nynorskelevar er det fleire nynorskelevar i Hå enn i heile Telemark, og kommunen har 16 300 innbyggjarar. Hå er altso ekstremt viktig for nynorsken, men har ikkje vedtak om korkje

14

nynorsk tenestespråk eller administrasjonsspråk. Å få inn meir nynorsk i Hå er viktig i seg sjølv, men på grunn av kommunesamanslåingane i 2020 er eit nynorskvedtak ekstra prekært. I dag har Fylkesmannen i Rogaland og mange andre regionale statsorgan nynorsk tenestemål, sidan Rogaland har tre kommunar som har valt bokmål, 11 som har valt nynorsk og 12 som er språkleg nøytrale. I 2020 slår nynorskkommunen Finnøy seg saman med bokmålskommunen Stavanger og språkleg nøytrale Rennesøy, attåt at språknøytrale Sandnes sluker den vesle nynorskkommunen Forsand. Dei to nye kommunane, Stavanger og Sandnes, ser ut til å verta språknøytrale. Då står me att med to bokmålskommunar, ni nynorskkommunar og 12 språknøytrale kommunar i Rogaland – og med det er det 11 med språkvedtak og 12 utan, som gjer Rogaland til eit språknøytralt tenesteområde. Om me får Hå eller ein av dei andre språknøytrale kommunane med lange nynorsktradisjonar til å krevja nynorsk frå staten, vert tala 12 med og 11 utan språkvedtak – og Rogaland vert eit nynorsk tenesteområde att. Det er mykje å vinna og lite å tapa på å rydja opp i dei kommunale språkvedtaka, og 2019–2020 er rett tidspunkt å gjera det på. Lokale mållag og Noregs Mållag må gjera jobben som trengst for at flest mogleg kommunar krev nynorsk frå staten – slik at den nynorske framtida i mangt eit språkleg grenseland er sikrare.

Mål og Makt 2019 – 1


1. HÅ KOMMUNE

Har veldig mange nynorskelevar og brukar mykje nynorsk, til dømes på nettsida. 2. LESJA KOMMUNE

Har nesten berre nynorskelevar i skulen 3. DOVRE KOMMUNE

Har nesten berre nynorskelevar i skulen 4. ETNEDAL KOMMUNE

Har veldig mange nynorskelevar og brukar mykje nynorsk 5. SIRDAL KOMMUNE

Har nesten berre nynorskelevar i skulen 6. STRAND KOMMUNE

Har 50 prosent nynorsk i skulen, kjem til å få ein massiv folketalsvekst etter at vegsambandet Rygfast er ferdig 7. EVJE OG HORNNES KOMMUNE

Har nesten 70 prosent nynorskelevar i skulen 8. SUNNDAL KOMMUNE

Ein av få kommunar med nynorskelevar på Nordmøre 9. AURE KOMMUNE

Har nesten 70 prosent nynorskelevar i skulen 10. SØR­FRON KOMMUNE

Har nesten 90 prosent nynorskelevar i skulen, hadde nynorskvedtak frå 1977–2000 11. SØR­AURDAL KOMMUNE

Har nesten 50 prosent nynorskelevar i skulen 12. TYSVÆR KOMMUNE

Har hatt nynorskvedtak før og har vekst i talet nynorskelevar KJELDER Lilleholt, K., og Kihl, J. (2014). Rapport om kommunereforma – frå Askvoll til Åseral (Noregs mållag). Henta frå: http://files.zetta.no/www-nm-no/_filer/noregs_maallag_ rapport_om_kommunereforma_nett_enkeltsider.pdf Mållova. (1981). Lov om målbruk i offentleg teneste (LOV-1980-04-11-5). Henta frå: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1980-04-11-5/%C2%A77#%C2%A77 Hå kommune (2019, 07. april). Henta frå: https://www.ha.no/

13. GJEMNES KOMMUNE

Brukar mykje nynorsk på nettsida si, har nynorskelevar 14. RAUMA KOMMUNE

Har nynorskelevar og nynorskskuler 15. KARMØY KOMMUNE

Har mange nynorskelevar 16. GJESDAL KOMMUNE

Langåker, S. O. B. (2019, 07. april). Det tettar seg til i nynorsktoppen. Framtida.no. Henta frå: https://framtida.no/2017/12/14/os-er-snart-noregs-storste-nynorskkommune Målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. (2007). Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar (FOR-2007-04-01-378). Henta frå: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378#KAPITTEL_4 Språkrådet. (2019, 07. april). Fylkesmannen i Vestfold og Telemark og mållova. Henta frå: https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt/2019/fylkesmannen-i-vestfold-og-telemark-og-mallova/ Langåker, S. O. B. (2019, 07. april). No har Os kommune flest nynorskelevar i Noreg. Framtida.no. Henta frå: https://framtida.no/2018/12/14/nohar-os-kommune-flest-nynorskelevar-i-noreg

Har nynorskelevar og nynorskskuler 17. DRANGEDAL KOMMUNE

Har ein nynorskskule og nynorskelevar

Helleve, E. (2019, 07. april). Hå kommune, Rogaland. Allkunne. Henta frå: https://www.allkunne.no/framside/geografi/noreg/kommunar/ha-kommune-rogaland/23/1444/

15


av S IRIL B ORRING

LÅSTAD

Høgskule på nynorsk

– ein prat med ein tidlegare rektor Høgskulen på Vestlandet blei etablert i 2017, og er ein fusjon av høgskulane i Bergen, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane. Den nye høgskulen valde å ha nynorsk som hovudmålform, eit heller uvanleg val i universitetsog høgskulesektoren. I 2018 vedtok høgskulen «Språkpolitiske retningslinjer for Høgskulen på Vestlandet», eit dokument som skal konkretisere kva det inneber å ha nynorsk som hovudmålform. Ole-Gunnar Søgnen var rektor for Høgskolen i Bergen under fusjonsforhandlingane til å bli Høgskulen på Vestlandet. Mål og Makt har vore i kontakt med han for å høyre meir om fusjonsforhandlingane og avgjersla om hovudmålforma ved den nye høgskulen. – Kan du fortelje om di rolle i fusjonsforhandlingane?

– I perioden 2011 til 2016 var eg vald som rektor ved Høgskolen i Bergen. I juni 2016 enda ein opp med å vedta ein fusjon mellom dei tre høgskulane Stord/Haugesund, Sogn og Fjordane og Bergen. I fusjonsutvalet leia eg delegasjonen frå Høgskolen i Bergen. Den nye høgskulen bestemte tidleg i forhandlingane at hovudmålforma skulle vere nynorsk, noko som er slått fast i fusjonsavtalen.

16

– Var dette noko alle var samde om?

– Alle var ikkje samde, men dei fleste innsåg at i forhandlingar må ein både gje og ta. Ifølge Søgnen var delegasjonen frå Høgskulen i Sogn og Fjordane bestemt på at han ønskte nynorsk som hovudmålform. Høgskolen Stord/Haugesund var nøytral. – Då vart det opp til HiB å bestemme seg for målform. Høgskulen fekk det beste namnet han kunne få, Høgskulen på Vestlandet. Kvifor skulle ein ikkje då ha nynorsk som hovudmålform? SKILTA PÅ NYNORSK

Søgnen fortel at han skreiv doktoravhandlinga si på nynorsk, men at han etter det hadde jobbar der han stort sett berre skreiv bokmål. Det endra seg då han byrja å jobbe ved HiB. – Då eg kom til HiB i 2003 som leiar av ingeniørutdanninga, vart eg inspirert av dåverande rektor og direktør som var medvitne nynorskbrukarar. – Med ei leiargruppe ved høgskulen der dei fleste

Mål og Makt 2019 – 1


Foto: Falkeblikk AS brukte nynorsk, var det naturleg for meg som rektor å arbeide for meir nynorskbruk. Det var grunnlaget for at styret (til HiB, red.merk.) i 2013 fatta eit vedtak om å skilte det nye høgskulekomplekset på Kronstad på nynorsk. I dag ligg Høgskulen på Vestlandet sin største studiestad på Kronstad i Bergen, men då det stod ferdigbygd i 2014, var det ein del av Høgskolen i Bergen. Der er alt skilta på nynorsk, noko nynorskmiljøet sette pris på – bokstavelig talt. I 2013 fekk HiB målprisen frå Mållaget i Hordaland. GOD RESPONS

Søgnen fortel at valet om nynorsk som hovudmålform for Høgskulen på Vestlandet stort sett har fått god respons, særleg utanfor Bergen. – I Bergen har det vore blanda, men ein skal hugse

på at hos bergensarar er det svært mange som har nynorsk som morsmål, eller dialektar som ligg tett opp til nynorsk målform. – Kva trur du valet om nynorsk som hovudmålform vil ha å seie for høgskulen?

– Det er håpet mitt at målformvedtaket og retningslinjene vil styrke nynorsken på lengre sikt. Kanskje vil både skiltinga på campus og nynorskbruken elles verke oppmuntrande på alle nynorskstudentane som byrjar på HVL? Tidlegare rektor seier likevel at det er for tidleg å slå fast om valet har endra nynorskbruken generelt. – Førebels føreligg det ikkje evalueringar som kan vise om målformvedtaket har endra nynorskbruken og haldningar til nynorsk.

17


av JAN INGE S ØRBØ

Språkstriden i nynorsken: Eit spørsmål om stil Ej ekje vulgær, ej berre bur her Sirkelsag

Eg byggjer i tru ei skjelvande sjulita verbogebru fraa trongrømde rune i dalskuggen graa til himelen høge og heilage blaa Olav Nygard

Det nynorske språket er fødd i strid. Det kom som ei nasjonal utfordring til den rådande danske språknorma på attenhundretalet, og ville erstatta den med eit språk som folk kjende att som norsk. I og med at dansken var embetsverket sitt språk, kom språkstriden tidleg til å knyta seg til den sentrale politiske motsetnaden i siste halvdel av hundreåret, som stod mellom embetsverket og bøndene. Når den siste gruppa vann, var det med god hjelp av radikale element i embetsverket sjølv, som gjekk i allianse med dei folkelege rørslene. Men språkstriden i Noreg spela seg også ut innanfor kvar av dei to språkleirane. Motsetnaden mellom riksmål og radikalt bokmål/samnorsk og mellom

18

høgnorsk og bokmåls- eller talemålsnær nynorsk, har vore like intens i periodar. I stor grad handlar dette om stilnivå. Og dette sporet skal vi fylgja her. Og stil er, som sosiologen Pierre Bourdieu har lært oss, knytt til klasse og sosial posisjon. I den første nynorske litteraturen er det lett å sjå det sosiale motivet. Bøndene, som fekk æra for å ha teke vare på det nasjonale språket og kulturen gjennom dansketida, hadde ein svak politisk posisjon. Rike byfolk og embetsmenn retta på språket deira, til og med i namna, dei ville ikkje ha «målstrev i protokollen», som Kielland skriv. Eit av Ivar Aasens motiv for språkarbeidet, var det demokratiske. Alle skulle få delta på sitt eige språk. Å nekta dei å tala og

Mål og Makt 2019 – 1


Marcus Jacob Monrad (1816­1897)

Norsk filosof. Ein av dei viktigaste tenkarane i Noreg på 1800-talet, og ein tilhenger av den tyske filosofen Hegel. Fedraheimen

Ei av dei viktigaste avisene i Noreg på slutten av 1800-tallet, og ei av dei fyrste store nynorskavisene. Avisa skreiv om målsak og politikk og trykte dessutan skjønnlitterære tekstar. Fedraheimen vart gjeve ut frå 1877-1891. Arne Garborg var den fyrste redaktøren.

skriva på eige språk, var å ta frå dei politiske rettar. I Alt før 1870 kan ein altså sjå ei dobbel orientering i den første nynorske lyrikken er det også slåande kor nynorsken: På den eine sida mot folkeleg og frodig enkelt språket kan vera; nært kvardagstale og stundom språk, nært talemål og gjerne med bannskap og ordspråk. Vi kan sjå dette som ei politisk handling: sverting, på den andre sida ein iherdig innsats for å Her mobiliserer ein den dominerte klassa sitt språk, syna at også heilagtekstane kunne koma på målet. og brukar det som våpen mot overmakta. Aasmund Olavsson Vinje stod nærast det folkeleg Men det finst eit anna tildriv i den tidlege nynorsken. frodige, men vart andektig i mange av dikta, medan Då Aasen gav ut Prøver af Landsmaalet (1853) for å Blix dyrka opp andaktsspråket. Det var både politikk visa korleis språket såg ut, var han nøye med å ta med og livssyn involvert i denne spenninga. Arne Garborg omsetjingar av nokre verkeleg store leverte ein skarp religionskritikk, og tekstar: Bibelen, Shakespeare, Folkeleg språk var knytt til gav målet rykte for å vera farleg og Goethe og Schiller. Og då Det Norske opprør, både politisk og gudlaust. Det kosta han stillinga som Samlaget vart skipa i 1868 var noko religiøst. Høgspråket redaktør i Fedraheimen. Folkeleg av det første dei arbeidde med signaliserte større lojalitet til språk var knytt til opprør, både omsetjing av bibeldelar og utgjeving autoritetane. politisk og religiøst. Høgspråket av eit lite hefte med Nokre Salmar, signaliserte større lojalitet til som Elias Blix stod bak. Ein av grunnane til at dei la autoritetane. Men skiljet kunne gå tvers gjennom ein så stor vekt på det, var kanskje at filosofen Marcus og same person, det er Garborg eit godt døme på. Få Jacob Monrad hadde skrive at Aasens rekonstruerte har skrive flottare høgstil enn han, i dei seine norsk var eit godt arbeid – som foIkeminne og prosalyriske bøkene (Den burtkomne Faderen, språkhistorie, men at det nye språket naturlegvis ikkje Heimkomin Son). kunne brukast til «de høiere Materier». Filosofi, stor I nyare tid er det Pierre Bourdieu (1930 – 2002) som litteratur, religiøse skrifter og dramatiske tekstar måtte har knytt saman stil, smak og klasse, i det kjende verket koma på kulturen og danninga sitt språk – dansk, Distinksjonen. Men desse koplingane er langt frå nye. seinare riksmål. Difor opprørte det Monrad at ein skreiv Forfattaren og retorikkprofessoren Georg Johannesen nynorske tekstar for teateret. likte godt å visa til Vergils hjul – der ein førestiller seg

19


Johan Herman Wessel (1742­1785)

Norsk forfattar busett i København. Var med på å stifte Det Norske Selskab. Er kjend for humoristiske verseforteljingar og parodistykket Kierlighed uden Strømper. Mikhail Bakhtin (1895–1975)

Russisk litteraturforskar og filosof som fekk stort gjennomslag i vesten frå 1970-talet av. Han la vekt på at språket er dialogisk, og at alt språk er svar på tidlegare ytringar. I eit verk om Dostojevskij lagar han eit skilje mellom polyfon og monologisk litteratur. I den polyfone litteraturen får fleire røyster koma til orde og stå mot kvarandre, utan at forfattaren overstyrer dei.

språket som ein sirkel, del i tre som av eikene i eit hjul. idioti» (Marx) og inn i byens høge tårn og spir. Men Ein knytte dei tre stilartane til tre verk av Vergil (70 han oppdagar det Bourdieu peikar på: ein blir ikkje så – 19 f. Kr.), heltediktet Æneiden, det didaktiske verket fort kvitt den stilen ein er fødd inn i. På eit punkt Georgica og pastoralen Bucolica. (Tredelinga vart brukt konstaterer han at den eigentlege danninga til frå renessansen av.) Grovt sett kan ein knyta det bystudentane ikkje ligg i fag og kunnskap, men i den Æneiden til heltane i aristokratiet, krigarane, Georgica særlege «svipen» dei har når dei snakkar lett og ledig til byborgarskapet og Bucolica til landsbygda og saman. I stilen, med andre ord. Og denne stilen slit hyrdingane (bøndene). I klassisk lære delte ein både Daniel med å tileigna seg; forkledd bonde som han er. ord og gjenstandar inn i desse tre Eg trur ein må seia at høgstilen nivåa. Såleis var krigshesten høgstil, lenge hadde overtaket i nynorsken. arbeidshesten mellomstil medan Men han oppdagar det I mellomkrigstida kom det lyrikarar eselet var lågstilsdyret. Det same Bourdieu peikar på: ein blir som Olav Aukrust, Olav Nygard og gjaldt mat; vin og steikt kjøt er ikkje så fort kvitt den stilen Henrik Rytter som skapte eit sterkt høgstilsmat, medan hyrdingane må ein er fødd inn i. kunstferdig diktspråk, musikalsk og nøya seg med erter og belgfrukter. I retorisk som i barokken. Dei hadde Johan Herman Wessels Kjærlighed ein ideologi om folkeleg språk, og uden Strømper er det stort forbruk av erter på scenen; dei brukte alle tenkelege ord dei kunne finna i det er eit komisk grep for å visa at dei som prøver å dialektane, men dei laga barokke kunstverk av dei. agera som heltar, eigentleg høyrer heime i lågstilen. Det var meir i visetradisjonen og i humoren at ein Moderne tekstar i dei tre stilnivåa kan vera liturgiske fann frodig bruk av dialekt, og gjerne også grove tekstar som høgstil, departementsutgreiingar i historier og saftig språk. Endå Aukrust også tok desse mellomstil og rap i lågstil. «låge» språkelementa inn i sitt store litterære Eit sentralt verk i nynorsk litteratur, er Garborgs byggverk. Tanken var å lyfta folkespråket heilt opp i Bondestudentar (1883). Daniel Braut prøver å stiga den store stilen. Desse diktarane skapte også noko opp, både i stil og klasse. Han vil bort frå «landlivets heilt eineståande. Men visediktarar som Jakob Sande

20

Mål og Makt 2019 – 1


François Rabelais (1485­1553)

Fransk forfattar. Kjend for å skrive sarkastisk, groteskt og vulgært. Mest kjend for bokserien Gargantua og Pantagruel

og humoristar som Torvald Tu boltra seg i det folkelegbucoliske. Det store omslaget kom på slutten av sekstitalet, og den mest ambisiøse tolkinga av det, kom med Kjartan Fløgstad. Han knytte seg til Mikhail Bakhtins språkteoriar, og kontrasterte det høgtidlege språket med ein samanhengande, opprørsk og subversiv tradisjon med røter heilt frå antikken og gjennom mellomalderen. Den store helten var Rabelais (1483 – 1553), som skreiv om sex, rus og slagsmål og som omtala kroppsdeler som høgstilen aldri nemnde. (Høgstilsheltane hadde hovud og bryst, men ikkje mage og kjønn. Æneas kunne pr. definisjon ikkje ha spysykje). For Fløgstad var dette ein politisk tradisjon, og den brukte han i si eiga tolking av målrørsla. Slik kunne han knyta saman den nye marxistiske bølgja med målrørsla. Det verkelege innhaldet i målrørsla, var politisk opposisjon mot makta. Riksmål var kapitalisme, nynorsk var folkeleg opprør frå venstre. Men Fløgstad var ikkje åleine. Forståinga av nynorsken som eit sosialt opprør, frå distrikta og folkelege lag, slo også inn i målrørsla og erstatta mykje av den nasjonale argumentasjonen. Dei som skreiv høgstemt og andektig, som t.d. Åse-Marie Nesse, kom i minoritet, og kjende seg til tider isolerte. Dei som

gjekk inn i den nye bølgja, fann stor inspirasjon i dialektar og utkantproblematikkar frå landsende til landsende. Høgstilen vart sett i parantes. No har mange av dei typiske sekstitalsdebutantane nærma seg høgspråket etterkvart, som Paal-Helge Haugen i lyrikken og Edvard Hoem i prosaen. Men forståinga av nynorsken som eit folkeleg språk står framleis sterkt. Eit interessant unnatak er Lars Amund Vaage, som deler mykje av syttitalets politiske opprør, men som heile tida skriv fram eit høgspråk, knytt til kunst og musikk. I dag er rapparane i Side Brok og Sirkelsag truleg dei som med størst meisterskap brukar lågstilens potensiale poetisk. Oppgjera mellom høgspråk og lågspråk kunne vera harde, både på Vinje og Garborgs tid, og t.d. i vurderinga av ein diktar som Åse-Marie Nesse, som ufortent betalte for å skriva i ein annan tradisjon enn mange av dei andre. Ein kunne ynskja seg meir fred og forsoning mellom partane. Men det gjer ikkje eg. Som litteraturhistorikar og lesar ser eg at denne polariteten har vore produktiv. Spenninga har verka inspirerande for begge partane, og den har framfor alt gjort nynorsk litteratur til eit eksplosivt spenningsfelt, i staden for ein eintydig, pastoral idyll.

21


Språkstriden i nynorsken:

Aasmund Olavsson Vinje

Prøver af Landsmaalet

Den fyrste store nynorskforfattaren etter Aasen. Tok i bruk nynorsken som journalistspråk og starta avisa Dølen. Han gav òg ut reiseskildringar og ei rekke dikt.

Med denne boka testa Ivar Aasen ut den nye skriftnorma med folkediktning, ny dikting og omsetjingar av engelske og tyske tekstar.

1818-1870 1836-1902

22

1853 1868

Elias Blix

Det Norske Samlaget

Salmediktar, teologiprofessor og politikar. Blix har mykje av æra for nynorsk som kyrkjespråk, særleg gjennom sine mange nydikta og omsette salmar. Av dei mest kjende kan nemnast Fedrelandssalmen, "No Livnar det i lundar" og "Med Jesus vil eg fara"

Vert stifta. I byrjinga likna det ein bokklubb som spreidde utgjevnadane til medlemmene. Dei la størst vekt på sentrale tekstar som delar av bibelen på landsmål. Skjønnlitteratur vart først eit fokus på eit seinare tidspunkt. Dei litterære vurderinga vart mellom anna gjort av Aasen og Garborg

Mål og Makt 2019 – 1


ei tidsline Arne Garborg Dominerande nynorskforfattar på slutten av 1800-tallet. Skreiv romanar, dikt og essay med filosofiske og religiøse idéar. Grunnla fleire aviser og var ein aktiv skribent. Nokre kjende verk er romanane Bondestudenter og Fred og diktsyklusen Haugtussa.

1851-1924

Åse-Marie Nesse Lyrikar, gjendiktar og universitetslektor. Omsette og gjendikta ei rekke verk, særleg tyske og latin-amerikanske. Debuterte som lyrikar i 1970.

1934-2001

1883-1926

1944-

Olav Aukrust

Kjartan Fløgstad

Viktig lyrikar i mellomkrigstida. Skreiv om folkelege, nasjonale og mystisk-religiøse tema i ein høgromantisk stil.

Forfattar og gjendiktar. Blandar mange impulsar, som marxisme, latinamerikansk kultur og blanding av høgt og lågt. Vann Nordisk Råds Litteraturpris i 1978 for romanen Dalen Portland

23


av KJELL HABBESTAD

Nynorsk som fagspråk Vi tok kontakt med professor Kjell Habbestad for å høyre kva tankar han har rundt det å bruke nynorsk fagspråk i akademia. Her kjem svaret han sendte til oss: Mathias Sørbø bed meg skriva ein artikkel om mi røynsle med nynorsk som fagspråk i undervisninga. Han tek som utgangspunkt at eg er ein av ganske få som brukar nynorsk i musikkteoriundervisning på høgskulenivå. Endå eg ikkje har nokon empiri på dette, mistenkjer eg at han har rett. Musikkutdanning på høgare nivå finst, i tillegg til ved Noregs musikkhøgskule der eg er tilsett, i Bergen, Stavanger, Trondheim, Kristiansand og Tromsø. Men miljøa er små med få tilsette. Talet på nynorske musikkteoretikarar som finst der ute, vil nok vera endå lægre. Mathias spør etter moglege føremoner med å nytta nynorsk. Eg trur føremonen med å nytta sitt eige språk heilt generelt, er at ein då brukar seg sjølv som direkte talerøyr, talar rett or hjarta, og ikkje gjer freistnad på å dekka seg attom ein tilgjord identitet. Når eg sjølv lyttar til sentrale personar som har omgjort språket sitt, vert eg ofte opphengd i det inkonsistente ved språket deira, og gjennom dette lukkast eg kanskje i å spora adressatens heimstad. Språket — sjølve talemåten — vert då forstyrrande for bodskapet. Sjølv er eg oppflaska i ein dialekt som ligg nært opp til nynorsk, og klårare er han vel blitt gjennom mange år ved kateteret med høgste mål at alt eg seier, skal nå fram til bakarste benk. 24

Når føremonen er nemnd, er det vel forventa at eg òg bør inkludera ulempene. Frå min synsstad ser eg eigentleg ikkje desse. Høgst nokre få utmaningar. Enno er norske studentar i fleirtal, og overfor desse opplever eg det ikkje som noko problem at eg nyttar nynorsk både i tale og skrift. Frå tid til anna får eg spørsmål om eit ord eller to; det får ein no gjerne, same kva målføre som vert nytta. Men etterkvart stig jo talet på utanlandske studentar, og i slike tilfelle er undervisning på norsk i seg sjølv ei utfordring. Men mellom utanlandsstudentar på musikkhøgskulen er det framleis studentar frå Sverige som utgjer hovudtyngda. Eg merkar nok, årleg, ved dei første par timane det første året, at desse studentane ser litt forvirra ut, som om dei har tuna inn litt feil av di dei reknar norsk som bokmål. Det dei ikkje forstår der og då, er at det språket eg talar, er vesentleg nærare deira eige morsmål enn bokmålet. Sidan eg òg har to nære svenske kollegaer, den eine av dei er mykje språkinteressert og -medviten, har eg teke til å laga ei liste som eg med jamne mellomrom fyller opp for å overtyda han om den store nærleiken mellom våre språk: a-infintiv, kärlek-kjærleik, sommar-sommar, källa-kjelda, blommor-blomar, särskild-særskild, båge-boge, huvudhovud osb. Mitt inntrykk er at det ikkje går mange Mål og Makt 2019 – 1


- og hjartespråk undervisningstimar før eg har svenskane på lag. Så har ein dette med vitskaplege ord og faguttrykk som ikkje rakt kan omsetjast. Det same tilhøvet har ein jo med bokmålsord, der ein lyt ty til engelsk. Ein vil alltid koma dit. Soleis vil enkelte bokmålsord frå tid til anna sleppa gjennom, då gjerne i enkelsitatteikn. ‘Forholdning’ er eit ord eg har slite med, det tyske Vorhalt — ein spenningstone som er halden att frå før og so vert oppløyst. Nynorsk nyttar ikkje ‘forhold’, og atterhald tyder noko anna. Så blir det ‘forholdning’. Går det ikkje, så går det ikkje. Og når eg må ty til bokmål på eit hende ord, akkompagnerer eg gjerne utsegna med: ‘som det heiter på sidemål.’ Frå dei som i utgangspunktet ikkje kan norsk, har det hendt at nokon har kome og beklaga seg litevetta, men når dei så får ei ordforklaring eller to med på vegen, ser det ut til å gå seg til. Norske studentar kan eg faktisk ikkje hugsa å ha motteke mishagsytringar ifrå — dei ser ut til å fullt akseptera at dei får undervisninga på nynorsk. Ja, eg trur endå ein sekundærverknad kan vera at dei sjølve vert oppmoda til å nytta språket, både medvite og umedvite. Ikkje sjeldan høyrer eg ‘meg sjølv’ i korridorane i vendingar som ‘løynde parallellar’, ‘forbodne sprang’, ‘dominant-tilhøve’, ‘broten tolvtoneteknikk’, ‘røynsle’, ‘døme’ osb. Det syner seg òg ved innleveringar, og ikkje

minst ved eksamen, at ein stor del av studentkullet har bestemt seg for å levera dei reflekterande tekstdelane på nynorsk. Korleis dette er i andre fag, og kor vidt dei hadde gjort det same dersom undervisninga var på bokmål, veit eg ikkje, men vågar å tru at dette har ein innverknad. Vidare ser eg at studentmagasinet Donytt, som er av dei mest lesne publikasjonane på institusjonen (sidan han heng oppe framom kvar toalettskål), i stor grad presenterer sine humoristiske oppslag på nynorsk. I same Donytt ser eg òg, i ei av dei siste utgåvene, eit oppslag på leiarplass, der studenten krev eksamensoppgåva i satslære på nynorsk i tillegg til bokmål. Her møter eg eit interessant problemkompleks/paradoks. Det er gjerne underteikna som lagar eksamensoppgåvene i dette fagområdet, og eg gjer det på bokmål, som det einaste skrivet eg leverer frå meg på ei anna målform. Kvifor gjer eg det? Jo, for i dette tilfellet å avpersonifisera teksten. Dette er institusjonen sin offisielle ordlyd, som jo kunne vore nynorsk, om det ikkje var for meg! Nett her står eg altså i vegen for meg sjølv. Løysinga er sjølvsagt å gje oppgåva på begge målformer, men hittil har ikkje det vore praktisert. Då er det berre å byrje, kommenterer Mathias. Kva motiverer deg? spør han vidare. Og då er det som om han trykkjer på ein knapp. Eg må ta eit kort 25


tilbakeblikk. Vel, omlag 50 år. Av natur har eg alltid gått motstraums, aldri gjort det andre har gjort. Dannar det seg ein klikk, ryggar eg unna. Dei ulike farsottene opp gjennom oppveksten fekk gå frie for meg, aldri klinkekuler, jojo, kube, det som ‘alle’ hadde. Om folk klappar eller går i takt, gjer eg det ikkje, eller klappar heller ein motrytme. Blir for mange samde, er eg høgst skeptisk, osb. Fødd og oppvaksen på Bømlo var eg som skuleelev oppdregen i eit nynorsksamfunn. Her måtte eg vel òg merkja meg ut, slik at den første av fleire (upubliserte) diktsamlingar var på bokmål, med islett av gammal dansk etter Petter Dass-idealet. Eit av mine flauaste minne var då eg på veg inn i gymnaset søkte kontakt med komponisten Magnar Åm som var eit førebilete for meg. Han hadde gått musikklina på U. Pihls skole i Bergen, og eg ville spørja han om røynsla hans der. Så skreiv eg eit brev til han — fint skulle det vera til den karen — på eit snirklete og høgtidsamt riksmål. Eg hadde aldri møtt Magnar, berre høyrt om han og sett bilete i avisa. Han svara meg på klingande nynorsk i ein lettfatteleg og endefram stil. Eg kjenner eg raudnar den dag i dag. Men så skulle tida mi koma. Eg flytte ut or foreldreheimen 16 år gammal, fór til Bergen og tok til på nemnde gymnas. Og frå då var det nynorsk som gjaldt, for sjå: no var eg i mindretal! Og ikkje berre nynorsk, men eit landsmål som òg leitar fram ord som er ute av bruk. Til dømes la eg min elsk på Fyrebilsbibelen, Seippels

26

fyrste nynorske bibelomsetjing frå 1921. I den språklege ‘hjernestormen’, Kolbotnbrevet,[1] mitt årlege juleskriv til vener og slektningar med ein lesarkrins på omlag 200, er nettopp eit slikt forskingsarbeid i gang,[ der sporten er å konsekvent finna andre ord enn dei normale. Nederlaget melder seg når eg må nøya meg med eit ‘vanleg’ ord. Altså ei synonymjakt i landsmålet, med hjelp av Ivar Aasen og Hans Ross sine ordbøker, og ikkje minst Maalbunad, Aasen si forvitnelege synonymordbok (nedlastbar og søkbar som pdf-fil). Ofte støyter eg der på ein heil sverm av synonym som får sleppa laust i eitt eller fleire vers i Kolbotnbrevet, som dessutan er forma som Bibelen i kapittel og vers og med nemnde 1921rettskriving som norm. Soleis representerer gjerne denne språkvandringa det motsette av livsgjerninga, pedagogikken. Heller ei forvansking — med vit og vilje, men alltid med hjelpsame fotnotar merka med stjerner, opp til fem i kvart vers. Når det så gjeld å skildra fenomen frå den moderne tida, og Aasen og Ross ikkje lenger heng med, går eg til dei islandske og færøyske ordbøkene og ser korleis desse landa har stålsett seg mot framandgjeringa av eige språk. Heller enn å importera, konstruerer dei nydanningar for nymotens tøler. Ofte kan eg ikkje nytta orda deira direkte, av di dei ligg for langt frå det som er meiningsgjevande på norsk, men eg kan læra av metoden kva teknikk dei har nytta for å danna nye ord på t.d. instrument, computer, elektronikk, ja, alt det moderne.

Mål og Makt 2019 – 1


Om eksperimentet ovanfor gjer meg utilgjengeleg og sær, er det det motsette prinsippet eg tek med meg inn i undervisninga. Der freistar eg gjera alt så tydeleg og openbert som råd, lyd- og biletfylgt, med klåre oppslag (ikkje Powerpoint, men Keynote—) med eit minimum av ord på oppslaga. Då heller notebilete og andre bilete, figurar som byggjer seg gradvis opp, og eitt og anna nynorsk ord som forklårar, heller enn å gjera uklårt. Sjølv legg eg merke til at eg kan sitja ved tilsvarande presentasjonar og lesa og lesa, om og om igjen, utan å få med meg kva som står der, og særleg når førelesaren samstundes pratar om det same — eller om noko heilt anna. Motivasjonen er jo den at eg elskar dette språket, som fell meg så lett å lesa og uttrykkja, og som er så såre innhaldsrikt. Eg har sjølvsagt sikra meg Norsk Ordbok i alle band etter kvart som dei har kome, med sine 330 000 ordartiklar. Likeeins etymologiske ordbøker på kryss og

tvers. For ikkje å nemna diktinga, som er så framifrå heilskapleg og truverdig på målet, som gjev meg dei beste songtekstane i komposisjonane, ja, som òg gjev grunnlag for instrumentalmusikken. Av same grunn har eg berre ved få høve nytta anna enn nynorsk som utgangspunkt for musikken min. Nynorsken har blitt ein slags minoritet, noko utanfor mainstreamen, og eg opplever det som mitt ansvar å hegna om dette, motstraums. Slik heile vår kultur står i ei spaning når alt er tilgjengeleg, alt vert standardisert og forma etter algoritmar, midt i alle dei fantastiske ‘muligheter’[2] teknologien har gitt oss, blir vernet om elementa i kulturen vår som fleirtalet ikkje sluttar seg til, særleg viktig. Språket vårt er ein altoverbyggjande identitetsskapar og kulturarv me må halda fast ved, og varda og vakta med kjærleik og omsut!

[1] Ein Garborg-allusjon, men frimodig nytta sidan eg bur på Kolbotn. (Ikkje den Kolbotn, altså). [2] Atter eit bokmålslån, men som i dette høve ligg naturleg i dialekten.

27


redigert av S KRIFTSTYRET

Nynorsk Tinder I februar 2018 vart fyrste innlegg på instagramkontoen @nynorsk_tinder lagt ut. Innlegget var eit skjembilete av ein Tinder-samtale der ein nynorskbrukar skreiv noko vanleg og fekk som svar at nynorsk er lågstatus. Sidan den gong har det vorte lagt ut rundt 150 nye bilete av fæle, fine og humoristiske snuttar frå Tinder-chatten, ofte av folk som skriv før dei tenkjer eller manglar kunnskapen dei eigentleg burde hatt frå skulen om nynorsk og dialektar. No har kontoen over 2200 følgjarar, og vi har prata med ho som starta det heile: Anna Sofie Ekeland. – Kvifor starta du kontoen?

– Eg dreiv på og sendte skjermbilete til venane mine og dei oppfordra meg til å laga ein privat konto dedikert til tindersamtalar som handla om nynorsk. Det var eigentleg berre meininga at om lag 5-6 skulle følgja, men så fekk eg fleire hundre som ville følgja han. Då gjorde eg kontoen open for alle. – Er dei fleste innlegga sendt inn eller er det meldingar du sjølv har fått?

– No er det veldig lenge sidan eg har lagt ut noko eg har fått sjølv. Minst eit halvt år. Mesteparten av det eg legg ut har eg fått tilsendt frå folk som følgjer kontoen. – Korleis er det å vera nynorskbrukar på tinder?

– Det kjem litt an på kven ein snakkar med. Om ein er heldig så er det ikkje nokon forskjell på det å vera bokmålsbrukar på tinder og nynorskbrukar. Men veldig ofte får ein gjerne litt ekstra merksemd på språket ein skriv på. Nokre gongar positivt og andre gongar negativt. Eg vil jo aller helst at ingen skal bruka tid på å kommentera kva språk eg skriv på. Eg vil heller at folk skal kommentera det eg skriv. – Av dei kommentarane du får på målforma; er det mest positivt eller negativt?

– Eg har diverre fått mest negativt. Ikkje alt er sånn "er

28

du nazist sidan du skriv nynorsk", men det er veldig mange som ikkje er så medvitne. Dei trur gjerne at eg skriv på dialekt, og ber meg slutta med det sidan dei ikkje skjønar det eg skriv. Det ser eg at veldig mange av dei som sender meg ting får kommentarar på òg. – Er det forskjell på responsen i Oslo kontra resten av landet?

– Haha ja. Om eg er på Vestlandet og tindrar så får eg ikkje så mange negative kommentarar. Då skriv gjerne dei eg snakkar med på dialekt og fleire trur at eg gjer det same. Det er jo litt dumt, men eg får ikkje hatmeldingar liksom. Det skjer diverre i Oslo. – Kva er det sjukaste du har fått på melding?

– Eg trur det må vera då nokon lurte på om eg var nazist fordi eg skreiv nynorsk. Fordi hallo???? Kva i alle dagar liksom??? – Har du opplevd at nokon har kjend seg att på eit av skjermbileta?

– Nei, faktisk ikkje. Eg har aldri fått kommentarar på at dei har sett seg sjølv på Insta. Men det har hendt at eg har møtt ein nynorskbrukar på Tinder som har vore sånn "Wow! Du er jo nynorsk_tinder!" Det er litt merkeleg, men òg litt fint! – Kvifor trur du at nynorsk vert møtt med responsen den får når den vert brukt i kvardagen?

– Det er fordi mange tenkjer at nynorsk er eit språk ein nyttar på skulen, og når ein er ferdig der så sluttar ein å nytta språket. Slik er det jo openbert ikkje. Nynorsk kan brukast til alt frå dikt til tinder. Eg har gjort det til mi oppgåva å syna det fram for folk som ikkje veit det frå før! – Er nynorsk meir sexy enn bokmål?

– Ehh, kva for eit spørsmål er det. Openbert.

Mål og Makt 2019 – 1


29


FOTOGRAFEN Tuva Irene Skare

30

Mål og Makt 2019 – 1


31


FOTOGRAFEN Tuva Irene Skare

32

Mål og Makt 2019 – 1


FOTOGRAFEN Tuva Irene Skare

33


34

Mål og Makt 2019 – 1


Alle bileta er frĂĽ Naturvernforbundet sin debatt pĂĽ Litteraturhuset, tysdag 5. mars.

35


FAVORITTEN

av AASMUND NORDSTOGA

Favoritten til Aasmund Nordstoga Man tager: - Ei djup skål - Ei skei - Ein brødkniv - Ein kopp - Eit stk. heimebaka brød, helst av spelt - Syltetøy, eple, jordbær eller bringebær - Kulturmjølk - Havregryn - Kaffe laga på god, gammaldags espressokanne Skjer eit par skiver av brødet, om lag 2 cm tykke. Bryt opp brødet i bitar, og legg dei i skåla. Hell over ein halv kopp med havregryn og fyll heile skåla med kulturmjølk. Ei skei med syltetøy til slutt. Server retten med ein kopp nylaga espresso, og viola! - Du har min favorittfrukost!

Portrettbilete: Marcel Leliënhof 36

Illustrasjon: freepik.com Mål og Makt 2019 – 1


Illustrasjon: Mikael Munz Bakketun 37


MASTEROPPGÅVA

av MAGNUS HJELLE

Medlidenheitstrøyttheit og givarglede – norske humanitære organisasjonar sine retoriske strategiar I denne artikkelen tek eg for meg delar av funna i mi masteroppgåve, og diskuterer kvifor medlidenheitstrøyttheit er eit tema som bør løftast vidare. Masteroppgåva mi blei levert og vurdert våren 2017. Tragiske hendingar kjem og går i eit rasande tempo, og for mange trur eg det er vanskeleg å handtere korleis ei slik stor hending kan skje, medan verda durar vidare og andre saker gradvis tek over. Det blir ofte ein realitetssjekk når ein får det tett på seg – som når det skjer alvorlege hendingar i nærleiken av oss. På World Public Relations Forum, ein av verdas største konferansar for kommunikasjonsbransjen, som i fjor vart halden i Noreg, tok medgrunleggar av Gapminder Foundation, Anna Rosling Rönnlund, opp temaet om nyheiter som ofte inneheld eit overdramatisk verdsbilete. – Vi treng eit meir faktabasert rammeverk for å ta gode val, ikkje eit overdramatisk verdsbilete, sa ho. Når noko tragisk skjer som rammar oss på nært hald, blir tilnærminga til det dramatiske annleis. 22. julihendingane er ikkje overdramatiserte, men noko som hende og påverka heile landet, og som viste til faktiske hendingar og ein faktisk dramatikk. Realismen i det som skjedde, var så altoppslukande at det var naturleg

38

at norske medium brukte lang tid på å prate om det. No har gjerningsmannen blitt dømt og det har gått nokre år. Verda durar vidare, men vi sluttar ikkje å bry oss om dei som mista livet sitt, og kor urettferdig det var. Men når det kjem til andre hendingar rundt om i verda, ser det ut som at ei sak avløyser ei anna sak, utan at vi som lesarar, sjåarar eller lyttarar får særleg tid til å diskutere og fordøye nyheitene. I dag blir vi servert nyheiter i eit så stort tempo at det verkar som om media aldri går tomme for stoff. Konsekvensen er at vi blir trente til å stadig få påfyll av ei rekke meir eller mindre dramatiske saker, som burde bli diskuterte i mykje større grad enn dei blir i dag. Nokre forskarar peikar på at det er ikkje mangel på å bry seg om andre som gjer at vi vel å gå frå sak til sak, men fordi det er det mest hensiktsmessige og behagelege når ei ny sak dukkar opp. Vi vil gjerne ha påfyll av nye saker og gjer oss ferdige med store og små saker raskare enn før. Andre meiner at ein sluttar å bry seg om saker fordi hendingane har skjedd så langt unna. Ofte refererer ein då til medlidenheitstrøyttheit. I min master ville eg finne ut meir om korleis omgrepet medlidenheitstrøyttheit fungerer, omgrepet som seier at folk berre taklar å følgje med på liding og krig inntil eit visst punkt før

Mål og Makt 2019 – 1


dei blir lei av desse sakene og går over til noko meir komfortabelt. For å skrive om dette omgrepet trong eg noko spennande å utforske, og då valde eg å vende meg til humanitære organisasjonar. Dei jobbar med folk som er råka av krig, lidingar og urett. Dei må jo ha eit forhold til dette, tenkte eg. Til slutt enda eg opp med å undersøke kommunikasjonsarbeidet til fire utvalde organisasjonar: Norsk Folkehjelp, Kirkens Nødhjelp, Plan International Norge og Amnesty International Norge. Ved å gjere retoriske analysar, intervju og innsamling av datamateriale frå organisasjonane, undersøkte eg om det var mogleg å finne retoriske strategiar som dei nytta for å unngå den potensielle utfordringa med medlidenheitstrøyttheit. Teorien eg nytta som hovudrammeverk for oppgåva, var Moeller (1999) om medlidenheitstrøyttheit, Bitzer (1968) om den retoriske situasjonen, og Killingsworths (2005) appellperspektiv, i tillegg til ei rekke kjelder frå forsking på humanitære organisasjonar, som blant anna Cottle & Nolan (2007). For å forske på kva slags retoriske strategiar dei humanitære organisasjonane nyttar for å unngå medlidenheitstrøyttheit, blei det gjort analysar av kommunikasjonsarbeidet til organisasjonane som var valde ut – og spesielt ein utvald kampanje frå kvar av dei. For å analysere gjorde eg analysar av den retoriske situasjonen, og nytta meg av Killingsworths appelperspektiv til å tilnærme meg dei ulike tekstane.

Den overordna problemstillinga vart: Korleis brukar norske humanitære organisasjonar retoriske strategiar i kommunikasjonen for å handtere medlidenheitstrøyttheit? Funna eg gjorde, peikar mot at organisasjonane sine retoriske strategiar går ut på det følgjande: 1) Dei kommuniserer håp: Organisasjonane må klare å kommunisere håp uansett kor håplaus ein situasjon ser ut. Kvifor skal folk gi dersom dei ikkje ser håp? 2) Dei kommuniserer resultat: Utan at pengane som blir gitt, og arbeidet som blir gjort frå organisasjonane, gir resultat, er det heller ingen legitim grunn til å gi støtte til organisasjonane. 3) Dei må kommunisere enkelt. Dersom det er for komplisert, skapar det mindre engasjement og framstår mindre inspirerande. Ein kan sjå det igjen ved at kommunikasjonen ofte fokuserer på individ eller enkelttema, til dømes vatn. Håp speglar seg mellom anna att i det den unge barnebruda skal gifte seg med ein mykje eldre mann, fordi det mobiliserer til ein folkeaksjon der mengder av kjendisar engasjerer seg i at bryllaupet skal stoppast. Dette munnar ut i aksjonen «Stopp bryllupet», som skapar håp om at ein skal unngå at den unge jenta skal bli gift bort. Dette skjer igjen etter at den unge jenta over ein periode har prata på bloggen sin om at ho

39


Illustrasjon: Helene Rudler Balsvik

snart skal gifte seg. At organisasjonane kommuniserer resultat, syner seg mellom anna i at dei nyttar tidlegare resultat til å grunngje kvifor dei startar nye aksjonar. Dei nyttar òg avslutta aksjonar, som Kirkens Nødhjelp sine tidligare aksjonar om vatn, for å legitimere at det dei gjer, skapar reint vatn, og at det dermed har noko for seg å støtte organisasjonen. Dei fleste kampanjane som organisasjonane gjennomfører, og kommunikasjonen deira elles, har enkle fokus og enkle bodskap – noko som også blir bekrefta gjennom intervju. Det handlar ofte om at det er fokus på eit enkeltindivid og ei enkeltsak. Dette gjer at sakene blir lettare å fordøye – medan det er meir utfordrande å ta for seg større tema som krig og politikk. Ei svakheit ved studien er at ein ikkje får det fulle heilskapsbiletet av arbeidet organisasjonane gjer. Det kan vere fleire aspekt som er verde å vurdere vidare i ein seinare studie. I mi masteroppgåve gjennomførte eg intervju av kommunikasjonssjefane og kommunikasjonsrådgjevarar i organisasjonane, tekstanalyse og retorisk analyse, i tillegg til innsamling av data rundt kommunikasjonsarbeidet som hadde blitt gjort i forbindelse med kampanjane «Stopp bryllupet» frå Plan International Norge, «Folk i fare» frå Amnesty International Norge, kampanje for reint vatn frå Kirkens Nødhjelp, og kampanje for førstehjelp med Sophie Elise frå Norsk Folkehjelp.

40

Funna eg har gjort, kan mellom anna nyttast til å forske vidare på korleis tilsvarande problemstillingar blir handtert hjå andre humanitære organisasjonar. Eit anna element som kan vere interessant å sjå vidare på, er kvantitative studiar av kor godt eller kor lite godt kommunikasjonsarbeidet til organisasjonane lykkast hjå publikum. Det kan i tillegg vere interessant å sjå på eit større omfang av humanitære organisasjonar og gjere vidare kvalitative eller kvantitative studiar av kva slags haldningar organisasjonane har til det potensielle problemet med medlidenheitstrøyttheit. Det vil òg vere interessant med ein studie der ein ser på korleis dei retoriske strategiane fungerer på publikum. Det kan mellom anna undersøkast ved å bruke eksperiment, spørreundersøkingar, sjå på medieomtale av tekstane, og gjennomføre djupneinterju eller fokusgrupper for å finne ein effekt med retorikken. Etter å ha brukt ei tilnærming til humanitære organisasjonar i Noreg som ikkje har blitt gjort før, ved å vektlegge korleis organisasjonane kan kommunisere ved hjelp av retoriske strategiar for å unngå medlidenheitstrøyttheit, kan oppgåva bidra til å utvide forskinga på humanitære organisasjonar i Noreg. Hovedfunna eg gjorde om retoriske strategiar, var felles for organisasjonane eg forska på, men eg fann i tillegg at kvar organisasjon har retoriske strategiar som kan oppfattast som særeigne for den enkelte organisasjonen (Hjelle 2017:76).

Mål og Makt 2019 – 1


Illustrasjon: Helene Rudler Balsvik

Kanskje vil ein få eit betre debattklima om slike og liknande retoriske strategiar også blei nytta i større grad av journalistar og andre i mediebiletet? Ein treng ikkje å sjå lenger enn til VG og Dagbladet for å sjå at nyheiter nesten kjem like fort som dei går. Det skal ofte ei større og alt-omfattande sak til for at ho skal pågå lenger enn nokre timar. Det å sjå ei nyheit på nært hald gjer at vi blir meir realitetsorienterte og tilbøyelege til å bry oss meir, kan ein hevde. Medlidenheitstrøyttheit er eit tema som ikkje blir forska nok på i medievitskapeleg forstand. Det pågår mellom anna debattar om netthat og stengde kommentarfelt, men det burde òg vere ein debatt om korleis nyheiter blir presenterte. Vi blir trente opp til å få stadig påfyll av saker, og dermed blir vi utålmodige konsumentar. Kvifor skal vi bry oss om ei hending på den andre sida av verda når barn og unge klimastreikar utanfor Stortinget og i resten av landet? Det er ikkje rart at det blir stadig vanskelegare å produsere djupe gravesaker i staden for lette klikksaker. Vi har rett nok fleire

prisvinnande gravesaker hjå norske journalistar og mediehus dei siste åra – men ein merkar òg at presset på å vere først ute med saker blir stadig større, og sosiale medium og web 3.0 fører til at behovet for stadig påfyll blir større og større. Det er derfor kan hende ikkje berre humanitære organisasjonar, men òg media og folket, som bør ha medlidenheitstrøyttheit i eit medievitskapeleg perspektiv i bakhovudet når ein konsumerer innhald. Kanskje bør alle ta seg litt meir tid til å reflektere over kva som skjer i løpet av ei veke, kvifor nokre saker forsvinn, medan andre oppstår – og kvifor vi lar oss berøre, inspirere og engasjere av noko, medan andre ting forsvinn like fort som det kom? Vil du lese meir om medlidenheitstrøyttheit og korleis utvalde norske humanitære organisasjonar nyttar retoriske strategiar for å mellom anna unngå dette potensielle problemet? Då bør du lese Norske humanitære organisasjonar. Tru, håp og givarglede. Norske humanitære organisasjonar sine retoriske strategiar i møte med medlidenheitstrøttheit.

41


DIKTET

av ASSAD NASIR

Eit mislykka forsøk på å skrive eit liv Eg kom inn i stua og fann henne på golvet på ryggen hendene folda på magen auga festa i taket og eg la meg ved hennar side, armane langs kroppen handflata mot golvet. Eg trur ho såg meg men eg såg inn i det kvite i taket og ljoset fall inn gjennom glaset så skjoldane i målinga var tydelege som linjer i eit liv

42

Mål og Makt 2019 – 1


MÅL OG MAKT Mål og Makt er tidsskriftet til Studentmållaget i Oslo (SmiO). Mål og Makt kjem normalt sett med tre hefte i året, og bladet får stønad av Kulturstyret i Velferdstinget i Oslo og Akershus. STUDENTMÅLLAGET I OSLO Studentmållaget i Oslo er eit lokallag av Norsk Målungdom og Noregs Mållag på Universitetet i Oslo og Oslomet. Me arbeider for å få fleire til å skriva nynorsk, og for å tryggja rettane til dei studentane som alt skriv nynorsk. SmiO vart skipa i 1900 og har omkring 200 medlemar. Desse får Mål og Makt gratis i posten. VIL DU SKRIVA FOR MÅL OG MAKT? Me vil gjerne ha fleire skribentar. For at tekstane skal verta so gode som mogleg, plar me ha fleire runder med tekstkritikk på kvar tekst. Dette gjev skribentane gode høve til å utvikla seg. Me garanterer ikkje trykking av alt som kjem inn. Gå inn på heimesida vår eller send oss ein epost til malogmakt@malogmakt.no

Gje bort Mål og Makt i gåve! Gje bort ei årstinging på Mål og Makt. Gå inn på nettsida vår: http://malogmakt.no Mål og Makt er eit tidsskrift proppa fullt av målsak, politikk, kulturbitar og anna kjekt.

Stoffrist for Mål og Makt nr. 2 2019 er 1. juli. Tema for bladet er Bokåret 2019. Me vurderer alle manus, så lenge dei er på nynorsk.

Me set pris på alle attendemeldingar! VIL DU TINGA MÅL OG MAKT? For 200 kr får du, eller ein du synst fortener det, tre nummer i året tilsendt i posten. Send ein epost til malogmakt@malogmakt.no

BLADET ER GJEVE UT MED STØNAD FRÅ

43


Attende til: Mål og Makt Lilletorget 1 0184 Oslo

44

Mål og Makt 2019 – 1


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.