18 minute read

Mat er medisin på Senja Plaga med smerter i ryggjen? Då bør du lesa denne boka .....................................28

Mat er medisin på Senja

Eg har alltid vore litt egenrådig og sjølv prøvd å finne ut av ting. Stoler ikkje blindt på det som blir fortalt frå autoritetshald. Etter kvart som eg blei eldre, kom det nokre helsemessige utfordringar som eg meinte hadde sin årsak i kosthaldet. Det blei ein del undersøkingar på sjukehus og utprøving av medisinar, utan at det blei noko betre.

Advertisement

TEKST JOHN PETTER LINDELAND

Naturen gjev i overflod både mat og glede.

Då blodtypedietten kom til Norge, ble dette den fyrste tilnærminga for utprøving av ulikt kosthald ut i frå eit meir persontilpassa perspektiv. Samstundes snubla eg over Tunsberg medisinske skole då eg søkte på nettet for å finna forklaring på mageproblema til mitt barnebarn. Det tok 5 minutt å bestemme seg for å hoppa på og starta med studiet i kostveiledning, grunnmedisin, VEKS fag, naturmedsinsk grunnutdanning og ernæringsterapi. Og med kunnskapen kom også løysninga på eigne helseproblem. Det har vore ein oppstigande spiral som har medført at eg som 60 åring har betre helse enn eg hadde som 30 og 40 åring!

Før eg starta med dette, hadde eg agronomutdanning og en bachelor i mat-teknologi. Og, som eg ofte poengterer, eg er udanna husmor frå husmorskulen.

ERNÆRING I ARKTISKE STRØK Ettersom kosthald og ernæring er ditt hjartebarn, hadde det vore fint å få litt innsikt i kva du meiner er optimal ernæring – uavhengig av dei mange retningane som er i marknaden.

Eg meiner at den optimale ernæringa for folk flest er den maten som du er genetisk tilpassa å eta – og mat frå det området der du har dine røter. For oss som

Bodil i sitt rette element som sjarkfiskar. Rett utanfor småbruket på Senja ligg havet som eit enormt spiskammers.

bur i nord eller i arktiske strøk, er det næringstett og feit mat som gjeld. Vi har behov for kraftig kost som kjøtt, naturlig fett, fisk, sjømat, egg og kanskje naturlig syrna mjølkeprodukt og ost. Fiskelever inneheld viktige D-vitamin som vi sårt treng i mørketida. Grønsaker høyrer til, medan korn ikkje er naturleg i vårt klima - med unntak av kanskje havre og bygg. Det er også viktig at maten blir laga av så reine og enkle råvarer som mogleg, og gjerne knyta til sesongvariasjonane. Restaurantkokkane er blitt veldige gode på nettopp dette - mat i sesong og lokalprodusert.

Det er mange som meiner at kost- og ernæringsråda frå Helsedirektoratet er tilfredsstillande og gode nok for å oppretthalda ei god helse. Kva meiner du?

Mi meining er at norske helsestyresmaktene ikkje heng heilt med i timen og held seg for mykje til råda frå dei same gamle konservative «ekspertane». Persontilpassa kosthald er ei retning som er på full fart inn i Europa. Eit kosthald som er tilpassa det enkelte individ er noko naturterapeutar alltid har hatt fokus på. «Den enes brød er den annens død», er eit gamalt ordtak, og det kan vel kanskje passe her.

Eg meiner at den optimale ernæringa for folk flest er den maten som du er genetisk tilpassa å eta – og mat frå det området der du har dine røter.

NATURTERAPI OG AKADEMIA Du har blant anna ein bachelorgrad i mat-teknologi og har arbeida over 20 år i eit matforskingsinstitutt. Har denne bakgrunnen skapt utfordringar i høve å tileigna deg ny kunnskap i naturmedisinsk ernæringsterapi?

Tvert imot! Å jobba i eit forskingsmiljø er verdifullt på mange måtar. Eg jobbar som driftssjef kor eg legg til rette for den aktiviteten som skjer der. Det er ein stor fordel å ha ein fot i akademia og ein fot i naturterapien. Og det har blitt mange interessante diskusjonar opp gjennom åra - og mykje lærdom gjennom den forskinga som har vore gjort på fisk. Her kan mykje overførast til menneske, og dette er ofte kunnskap som er i forkant av det som skjer innan human forsking. Tilgang til å lesa artiklar og publikasjonar gjer at eg kan halda meg oppdatert. «Forsking viser», er eit omgrep som ofte blir nytta i debattar. Då er det greitt å vita at det berre er ei side av saka, og at andre publikasjonar seier noko anna. Å søkja kunnskap er viktig og avgjerande for å kunne ta eit bevisst val om eiga helse. Og så er det jo slik at forsking ofte gjev svar på detaljar og ikkje heilskapen, slik ein ofte gjer i

Eit drivhus må til for dei vekstane som treng ekstra varme og le for vinden.

naturterapien. Forskinga har difor avgrensa klinisk verdi.

Den største utfordringa mi som realist innan akademia i høve holistisk tankegang, var vel kanskje å leggja vekk behovet for heilt konkrete svar. Røynda er som regel ikkje svart heller kvitt, men har mange nyansar - og kanskje finn du svaret du leiter etter i deg sjølv.

HELSEKODEN På Instagram har du mange som fylgjer dine herlege forslag til gode matrettar under namnet Helsekoden, og ditt prosjekt på Senja. Fortel litt om dette prosjektet, og kva framtidsplanar du har.

Mat har alltid vore mi store interesse, og det å bu på Lysnes på Senja, har gjort

Å søkja kunnskap er viktig og avgjerande for å kunne ta eit bevisst val om eiga helse.

det enkelt å ha tilgang på fisk i alle sesongar. Havet er vårt spiskammers som vi kan hausta ulike fiskeslag til ulike årstider. Og med vår vesle sjark, har vi høve til å fiska når vêret tillét det. Å vera på havet ein vårdag når sola skin og måsene flokkar seg rundt båten, er sjelebot.

Det vesle småbruket, fiskebåten og fiskebruket har blitt min leikeplass og arbeidsplass opp gjennom åra. Arktisk jordbruk er litt krevjande i høve det å finna sortar og vekstar som kan veksa og trivast. Og når våronna er i gang sørpå, ligg ofte snøen fortsett her nord. Vekstsesongen er kort og hektisk, men lys og midnattsola gjev dei beste grønsakene og bær med høgare næringsinnhald. I Bestemorhuset på Senja prøver vi å utnytta det vi har av tilgjengelege ressursar. Til gjødsel, blir tang frå fjæra, kompost og vekstskifte nytta for å få fram gode råvarer. Vi aukar produksjonen gradvis, og håper å kunne bruka eigne produkt i mine kurs og kanskje selja litt på sikt. Gleda over å grava i molda, og sjå det veks og gro er rein terapi. Å dyrke sin eigen mat gjev meining, nokon ein også ser i urbane strøk med dyrking på blant anna balkongar. Det blir difor viktig å ta vare på kunnskap om dyrking og kordan ein tek vare på jorda og dei organismane som lever der. Ein inspirator har blant anna vore Jonny Laupsa Borge, som eg høyrte eit foredrag av om økologisk jordbruk tidleg på 90-talet – og som eg trefte igjen 20 år seinare som forelesar ved Tunsberg medisinske skole.

Det eg har fokus på gjennom Helsekoden, er kurs innan kosthald og ernæring. Eg har hatt kurs på Akinon i Spania, på Kreta og på Senja. Det siste året har det vore lite aktivitet, forståeleg nok. Nå er det Zoom som gjeld, og eg held foredrag om ernæring for ei lokal brystkreft-

Å vera på havet ein vårdag når sola skin og måsene flokkar seg rundt båten, er sjelebot.

På eit småbruk er det mange rollar som skal utøvast – også maskinkøyrar.

foreining og våre medsystrer i Russland. Folk til folk -samarbeidet med våre naboar er viktig for oss her nord. Dette er eit spennande prosjekt som har gått over nokre år og fortset i 2021.

INSPIRASJON Er det nokon som du spesielt vil framheva og som har betydd mykje for deg når det gjeld kunnskap om kosthald og ernæring.

Guruen fra Tunsberg medisinske skole er jo sjølvsagt Jens Veierstedt. Han hadde svar på det meste, og han var nok til tider ganske lei av kjerringa frå nord som stilte mange spørsmål. Dag Viljen Polezinsky kjem ein ikkje utanom, likeså Fedon Lindberg, Iver Mysterud, Stig Bruset, Andreas Eenfeldt med fleire. Må også trekke frem Merete Askim, som eg hadde som lektor i ernæring på høgskulen i Trondheim. Ho var forut for si tid på dette feltet. Eg fylgjer også fleire amerikanske legar og forskarar.

Du er også ein flittig deltakar på ulike kongressar. Kva er det generelle inntrykket og utbyttet ved slike arrangement?

For meg er det å treffa «stammen» kjempeviktig. Å møta folk som er oppteken av dei same tankane, er gull verd. Det å kunne diskutera fag, få oppdatering frå forskarar og legar, vera sosial og treffa nye folk, har ein stor verdi - både fagleg og personleg. For meg er det kjempeviktig å fylgja med i det som skjer på forskingsfronten og halda meg oppdatert innan kosthald og ernæring. Håper at vi kan samlast snart igjen. Det blir ikkje heilt det same med Zoom og Teams.

STRATEGIAR FRAMOVER Kva strategiar meiner du er viktigast for at naturterapi skal få større legitimitet i samfunnet?

Fyrst og fremst tenkjer eg at det er viktig å få gitt kunnskap om naturterapi og komplementær medisin til politikarane. Det er forståeleg at ein er skeptisk til det ein ikkje har kunnskap om eller forstår. Der har også NAFKAM ei viktig rolle når det gjeld kunnskapsformidling. Mange legar har også liten kunnskap om dette feltet. Dei såkalla «håplause» tilfella som oppsøker legen med mindre diffuse problem, kunne med fordel ha blitt vist til ein terapeut som har tid til å gå inn i problemstillinga – sjølvsagt med oppfylgjing og samarbeid med lege. Det ligg mykje hjelp i ein god lyttar og samtalepartnar.

Kva tykkjer du om regjeringa sitt forslag om meirverdiavgift på alternativ behandling?

Eg trur det vil ramma helsevesenet som en boomerang. Dersom alle som går til naturterapeutar skal over til fastlege og autorisert helsepersonell, vil det skape endå lengre helsekøar. Det vil ramme menneske som er avhengig av ulike terapiar for å fungera i jobb og privatliv. Dyrare behandlingar vil redusera høve for eit fritt helseval, og gje eit totalt dårlegare helsetilbod. Fleire land inkluderer naturterapi og KAM inn i det offentlege helsevesen fordi dei ser at vi må vende oss meir mot naturens visdom, spesielt når det gjeld førebyggjing, men også behandling. I Norge går vi baklengs inn i fremtida!

Plaga med smerter i ryggjen? Då bør du lesa denne boka

Dr. Sarno1) opnar boka si med fylgjande stadfesting: «Eg har aldri opplevd ein pasient med smerter i nakke, skulder, rygg eller seteområdet som ikkje har trudd at dette skuldast ein skade – eller er påført av ein eller annan fysisk aktivitet».

TEKST OG FOTO: JOHN PETTER LINDELAND

Dr. John E. Sarno

Healing back pain. The mind-body connection

Grand Central Life & Style ISBN 978-1-5387-1261-0 KOLLEKTIV FØRESTILLING Førestillinga om at smerter i slike kroppsområde utelukkande er forårsaka av skadar, slitasje eller kvesting – er djupt forankra hjå dei fleste. Dette er forståeleg, ettersom mange opplever at problema starta i samband med ein aktivitet, eller at diagnostiske funn blir kommunisert til pasientar utan andre perspektiv enn at dette er synonymt med smerte. Sarno karakteriserer dette som ein medisinsk katastrofe, fordi det fører millionar av menneske inn i eit åtferdsmønster som er svært avgrensande.

TEORI OG HYPOTESE Gjennom sitt kliniske arbeid med pasientar, opplevde Sarno etter kvart ei aukande grad av uro i høve at han ikkje fann samsvar mellom smertemønster hjå pasientane og dei kliniske funna. Erfaringa av at tilliten eller trua på han som terapeut såg ut til å ha større effekt enn dei fysiske behandlingane som blei administrert, skapte også ein tanke om at smertene hadde eit psykosomatisk opphav – ettersom dei fleste av pasientane hadde ein historie knyta til ein slik manifestasjon relatert til andre plager. Han kalla teorien eller hypotesen Tension Myositis Syndrome (TMS) – seinare justert til Tension Myoneural Syndrome.

Kort forklart, er TMS ein teori om korleis sinnet/hjernen og det umedvitne skapar smerter for å avleia eit menneske si merksemd bort frå ubehagelege og smertefulle emosjonar. Sinnet/hjernen prioriterer fysiske smerter framfor emosjonelle.

Sjølv om dette er grunnlaget for teorien, er Sarno tydeleg på at ei kvalifisert klinisk vurdering alltids skal liggja i botnen i høve når ein kan og skal bruka dette perspektivet. Det diagnostiske arbeidet må eliminera om det kan liggja meir alvorlege tilstandar bakom ubehaga, t.d. tumor – eller strukturelle endringar som logisk tilseier smerter. Han åtvarar om at boka ikkje er meint som ein gaid til sjølv-diagnostisering.

Om forfattaren:

John E. Sarno, MD (1923 – 2017) var professor ved Rehabilitation Medicine ved New York University School of Medicine. Han avla medisinsk embetseksamen ved Columbia University College of Physicians and Surgeons og blei sertifisert i Physical Medicine and Rehabilitation. Dr. Sarno tenestegjorde i U.S. Army Medical Department frå 1943 til 1946. Han praktiserte som familielege i ti år samstundes som han spesialiserte seg i rehabiliteringsmedisin. Tidleg på 1950-talet tok han initiativ til etablering av Mid-Hudson Medical Group i New York. Han tenestegjorde som direktør ved Rusk Institute of Rehabilitation Medicine under New York University Medical Center gjennom fleire tiår.

Førestillinga om at smerter i slike kroppsområde utelukkande er forårsaka av skadar, slitasje eller kvesting – er djupt forankra hjå dei fleste.

LOKALISERING I KROPPEN TMS kan oppstå i ulike kroppsvev, men er mest knyta til musklar og nervevev.

Hovudlokalisasjonane er nakke, rygg, setemuskel og skulder. Ettersom patofysiologien i høve TMS fører til minska blodstraum til det aktuelle vevet grunna kontraksjonar i blodkapillara, vil dette også kunne føra til perifere nervesmerter – lik det ein ser ved blant anna isjias.

DET AUTONOME NERVESYSTEMET OG TMS Det autonome nervesystemet har som hovudoppgåve å kontrollera alle autonome prosessar i organismen, som til dømes hjarterytme, sekresjon frå kjertlar osb. I samband med situasjonar som enten kan vera stressande eller traumatiske, vil det autonome nervesystemet koordinera kva organ og organsystem som bør prioriterast for å oppnå mest mogleg effektiv utnytting av ressursane. Dette kan føra til enten auka hjartefrekvens, vasodilasjon av kranspulsårene, avslapping av den bronkiale muskulaturen, rask pust, perifer vasokonstriksjon, hepatisk glykogenolyse, hyperglykemi osb. Dette er forsvarsreaksjonar som skjer automatisk.

Ved TMS skjer det tilsynelatande ein unormal autonom aktivitet. Prosessen har inga brukeleg føremål i vanleg forstand, slik som ved stressituasjonar. Det unormale fører likevel til ubehag og smerter, sannsynlegvis som ein respons på eit psykologisk behov – jfr. det teoretiske grunnlaget for TMS.

OKSYGENMANGEL Som nemnt tidlegare, vil ein autonom respons kunne omfatta kontrære dynamikkar – både auka blodstraum og det motsette. Ein meir langvarig ubehageleg og uløyst emosjonell tilstand, ser ut til å skapa redusert blodstraum til prioriterte vev og lokalitetar. Sarno sin teori er at det er dårleg oksygenmetting2) som er hovudårsaka til smerter, grunna kontraksjon av dei små blodkapillara - og ikkje hovudsakleg stramme musklar, slik mange trur.

Sarno referer til både klinisk praksis innan ulike terapitilnærmingar og forsking relatert til denne tilstanden. Både ultralyd og djup massasje gjev auka blodstraum og oksygen til vev, men berre temporært.

Forfattaren meiner også at fleire sjukdomskategoriar kan vera variantar av TMS: fibromyalgi, magesår, IBS, migrene osb. Når det gjeld fibromyalgi, er han si erfaring at mange av desse pasientane krev utvida psykoterapibehandling.

BEHANDLING Sarno legg fram to hovudpillarar som behandlinga byggjer på: 1. Tileigning av kunnskap når det gjeld patofysiologien som ligg til grunn for TMS. 2. Evna til å handla i samsvar med kunnskapen og dermed endra hjernen/sinnet sitt handlingsmønster.

Sinnet/hjernen prioriterer fysiske smerter framfor emosjonelle.

Grunnlaget for å gå inn på eit slikt behandlingsopplegg, er som nemnt tidlegare, at det er blitt gjort ein elimineringsdiagnose. Pasientane blir då oppmoda til å skifta fokus mot psykologiske forklaringar i møte med smerta: noko som bekymrar dei, vedvarande familie- eller økonomiske problem, forhold som irriterer. Eit slik fokus, vil føra til at hjernen - eller dei umedvitne/ubevisste laga av sinnet - etter kvart blir avleia til å skapa smerter. Dette vil ta tid, vanlegvis frå to til seks veker. For om lag 95 % av pasientane vil eit slikt behandlingsopplegg vera tilstrekkeleg for å oppnå eit godt resultat. Dei siste prosentane har behov for meir profesjonell psykoterapeutisk behandling og lengre behandlingstid. Ofte kan det dreia seg om overgrepsproblematikk. Han nemner i litt poetiske vendingar, at om ein erstattar nemninga det umedvitne sinnet til «hjarta», blir det meir forståeleg. Det medvitne sinnet har evne til å gripa og akseptera raske endringar. Det umedvitne er sein til å akseptera nye endringar, som utan tvil er ein god ting. Dersom det ikkje var slik, ville menneske vera rimeleg ustabile vesen.

FYSISK AKTIVITET OG GODE RÅD Den andre store utfordringa i behandlingsopplegget ved TMS, er å snu den meir eller mindre indoktrinerte haldninga om at fysisk aktivitet er farleg. Dette har sjølvsagt med at dei fleste legar/terapeutar meiner at ryggsmerter hovudsakleg har strukturell årsak. Gode råd om den rette måten å bøya på, sitja, løfta, stå, liggja i senga, hard eller mjuk madrass osb., har også har blitt ein industri av velmeinte råd og utstyr. Diverse behandlingstilbod er i same gata: manipulasjon, kiropraktikk, varme, korsett, massasje, trening, akupunktur – og andre alternativ medisinske tilnærmingar. Dei fleste av desse vil berre gje temporær effekt, fordi dei ikkje fokuserer på årsaka til smertene.

AKSEPT AV KJENSLER OG LIVET Det er spesielt to kjensler eller emosjonelle tilstandar som går igjen: angst/ bekymringar og irritasjon/sinne. Ein annan årsak kan vera stress, eller ein kombinasjon av desse faktorane. Ofte er TMS knyta til menneske som er ambisiøse, dyktige, samvitsfulle og som både er kritiske og forlangar meir av seg sjølv enn omverda rundt dei. Om dette er kombinert med låg sjølvkjensle, vil dette kunne føra til at ein overkompenserer ved å arbeida endå hardare – eller skapar ei framtoning som ikkje samsvarer med kven ein eigentleg er eller vil vera.

Å bli medvitne om både årsak og sin eigen personlegdom, krev at ein aksepterer ei slik vurdering. Mange vil i byrjinga stritta i mot. Mykje av årsaka er at både kjensler og personlegdom er umedvitne tilstandar, som ein enten ikkje vil ta tak i eller erkjenna. Andre årsaker kan vera kulturelle. Å telja til ti før ein reagerer, kan absolutt vera ein god eigenskap. Men å telja til tusen, eller gjera dette om til dagar eller år, kan få utilsikta negative konsekvensar seinare i livet.

Ofte kan aksept av at ting er som dei

Ved TMS skjer det tilsynelatande ein unormal autonom aktivitet.

Å bli medvitne om både årsak og sin eigen personlegdom, krev at ein aksepterer ei slik vurdering.

er, vera forløysande for mange. Det same gjeld overfor både kjensler ein har, og for sin eigen personlegdom. Slik sett handlar behandlingsprogrammet ikkje så mykje om å endra denne statusen, men å akseptera dei umedvitne kjenslene og den personlegdomen ein har.

TRANSLOKALISASJON Ikkje heilt ukjent erfaring innan naturterapeutisk forståing av sjukdomsutvikling, peikar også Sarno på faren med å behandla slike tilstandar utan å finna årsaka til plaga. Moderne behandlingsmetodar kan vera effektive, og gjer at dette ofte er fyrstevalet til både lege/terapeut og pasient. Kliniske erfaringar viser at resultatet av slike intervensjonar – enten medikamentelt eller kirurgisk – kan føra til at det umedvitne finn andre lokalitet å manifestera ubalansen på.

TRADISJONELLE DIAGNOSAR OG BEHANDLING Dr. Sarno tek for seg ei rekkje diagnosar og tilstandar som kan føra til smerter i rygg eller andre lokalitet. Etter han si erfaring, og understøtta av ein del forsking3), gjev dei fleste strukturelle anormale endringar ikkje automatisk opphav til smerte. Smerter oppstår når det i tillegg føreligg ein TMS-tilstand.

Som tidlegare nemnt, er det opp gjennom tidene blitt etablert ein betydeleg industri av velmeinte råd, behandling og utstyr i høve desse diagnosane. Sarno meiner at dei fleste gjev temporær lindring, og kan difor karakteriserast som placebo. At han sin metode er blitt karakterisert av nokre som det same, avfeiar han med fylgjande argument: placebo er basert på blind tru, medan TMS er eit utdanningsprogram der tilfriskning avheng av informasjon, bevisstgjering og aktiv deltaking. Innan etablert medisin, er det vel heller ikkje nokon som karakteriserer kognitiv terapi som placebo. TSM tangerer nok ein del prinsipp innan denne terapiforma.

KROPP OG SINN For Dr. Sarno er framtidig forsking når det gjeld forholdet mellom kropp og sinn/hjerne, eit felt som har stort potensiale i behandling av ei rekkje lidingar. Også innan norsk medisin, er det nokre som ser dette potensialet. Professor i samfunnsmedisin Linn Getz med fleire, har i artikkelen Helbredende nytenkning4) frå 2009, formulert interessante tankar: «Det som er nytt i dagens situasjon, er at kunnskapen om hvordan erfaring påvirker kroppen har eksplodert. Publikasjonene strømmer på fra prestisjetunge fagmiljøer forankret i avansert naturvitenskapelig metodologi. Det definerte skillet mellom sjel og kropp smuldrer hen, til fordel for en erkjennelse av at disse ikke bare henger sammen (i statistisk betydning), men hører sammen, de er samtidige fenomener. Dette må få konsekvenser for medisinen. Selv om dens avgrensing av kroppen som rent naturobjekt historisk har gitt mange suksesser, er paradigmet i dag til hinder for å forstå en rekke lidelser, så vel som ulike former for helbredelse.»

Sjølv opplevde Sarno liten interesse for sine kliniske erfaringar blant forskarar og helseforvaltninga i USA. Ein kan vona på at framtida vil koma han sine teoriar og erfaringar i møte. Klinisk erfaring frå ein aktør er sjølvsagt ikkje nok til endring av generell praksis, men burde gje grunnlag for ei forviten haldning – spesielt sidan slike lidingar har enorme samfunnsmessige og personlege kostnadar5) .

Sarno sine teoriar og hypotesar har også tangeringar mot naturterapeutiske prinsipp - slik som å tenkja heilskap, behandle årsaka, lege/terapeut som lærar og terapeutisk rekkefylgje. Å vera medviten om slike perspektiv og prinsipp, vil utvida vårt terapeutiske repertoar og spara mange for unødige lidingar.

1. 1https://en.wikipedia.org/wiki/John_E._Sarno 2. https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/3462905/ http://www.westvanphysio.com/mobile/Injuries-Conditions/Lower-Back/Research-Articles/The-Truth-About-Back-Pain/a~746/article.html 3. https://journals.lww.com/pain/citation/1984/01001/do_herniated_discs_produce_pain_.399.aspx 4. https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/M34Xm/helbredende-nytenkning 5. https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/24665116/

This article is from: