INTERVJU | Bodil E. Salomonsen, naturmedisinsk ernæringsterapeut MNNH
Mat er medisin på Senja Eg har alltid vore litt egenrådig og sjølv prøvd å finne ut av ting. Stoler ikkje blindt på det som blir fortalt frå autoritetshald. Etter kvart som eg blei eldre, kom det nokre helsemessige utfordringar som eg meinte hadde sin årsak i kosthaldet. Det blei ein del undersøkingar på sjukehus og utprøving av medisinar, utan at det blei noko betre. TEKST JOHN PETTER LINDELAND
Då blodtypedietten kom til Norge, ble dette den fyrste tilnærminga for utprøving av ulikt kosthald ut i frå eit meir persontilpassa perspektiv. Samstundes snubla eg over Tunsberg medisinske skole då eg søkte på nettet for å finna forklaring på mageproblema til mitt barne barn. Det tok 5 minutt å bestemme seg for å hoppa på og starta med studiet i kostveiledning, grunnmedisin, VEKS fag, naturmedsinsk grunnutdanning og ernæringsterapi. Og med kunnskapen kom også løysninga på eigne helseproblem. Det har vore ein oppstigande spiral som har medført at eg som 60 åring har betre helse enn eg hadde som 30 og 40 åring! Før eg starta med dette, hadde eg agronomutdanning og en bachelor i mat-teknologi. Og, som eg ofte poengterer, eg er udanna husmor frå husmorskulen.
Naturen gjev i overflod både mat og glede.
24
Naturterapeuten nr1 - 2021
ERNÆRING I ARKTISKE STRØK Ettersom kosthald og ernæring er ditt hjartebarn, hadde det vore fint å få litt innsikt i kva du meiner er optimal ernæring – uavhengig av dei mange retningane som er i marknaden. Eg meiner at den optimale ernæringa for folk flest er den maten som du er genetisk tilpassa å eta – og mat frå det området der du har dine røter. For oss som