ROSinfo 2/21

Page 24

BOKOMTALE – HUNGER, ROXANE GAY TEKST: MARIANNE CLEMENTINE HÅHEIM, ROS

Roxane Gay er ein amerikansk forfattar, professor, spaltist og redaktør. Hunger frå 2017, som foreløpig ikkje finst på norsk, er forteljinga om kroppen og svolten hennar. Det er ei gripande og brutalt ærleg forteljing som peikar på kor komplekse årsakene til overvekt og fedme kan vere, og korleis traume kan forme ein kropp og eit liv. Det er ei bok om korleis det er å leve i verda når du har sjukeleg overvekt.

«I have been silent about my story in a world where people assume they know the why of my body, or any fat body. And now, I am choosing to no longer be silent.» Roxane Gay lever i ein overvektig kropp. Det var ikkje alltid slik. Då ho er berre 12 år, blir ho utsett for gruppevaldtekt av ein gut ho er forelska i og vennene hans. Valdtekta knuser sjølvkjensla til den unge jenta. Ho tør ikkje å fortelje nokon kva som har skjedd, for ho trur det var hennar eigen feil. Ho klandrar seg sjølv og kroppen som ikkje kunne beskytte henne. Etter valdtekta treng ho ein annan kropp – ein som er usårleg, uattraktiv, trygg. Ho begynner å overspise for å skape avstand til andre menneske, og slik minimere risikoen for å bli skadd igjen.

«I began eating to change my body. I was willful in this. Some boys had destroyed me, and I barely survived it. I knew I wouldn’t be able to endure another such violation, and so I ate because I thought that if my body became repulsive, I could keep men away.» Maten gir trøyst og midlertidig lindring, men staggar ikkje svolten

24


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.