3 minute read

Eg pleide å hate deg

Next Article
Rådgivers hjørne

Rådgivers hjørne

TEKST OG ILLUSTRASJON: EMMA HELGESTAD

Eg pleide å hate deg Hate at eg blei kjent med deg Hate at eg trang deg Hate at eg likte deg og at eg var avhengig av deg Hate at du var en så stor del av livet mitt At eg ikkje klarte å gje slepp på deg Hate at du var den viktigaste Den eg prioriterte ovenfor alt anna Hata meg sjølv for alt eg kasta til side for at du skulle få meir spelerom Hata alt du gav meg omsorg, trygghet, kontroll Og kva du tok

Du kom så snikande Frå då alt starta Du banka på og kom inn i livet mitt når stormen var som verst Du tok buplass Fyrst berre på gjesterommet Og fyri eg viste ordet av det var det eg som sov der På gjesterommet Dette var ikkje avtalen me hadde Ikkje den eg gikk med på Eg ville ikkje berre bli ein tilskodar Ein marionett der du drog i trådane

Eg ville ha deg vekk Pakke og dytte deg inn i nattbordsskuffen og aldri sjå deg igjen Men samtidig ikkje For det tok aldri lang tid Før eg henta deg fram igjen Eg hata det Hata meg sjølv for det Hata at du var løysinga At det var deg eg gjekk til Då tøffe tidar kom Då vold, terror og uro blei ein del av kvardagen Sa til meg sjølv «Dette er siste gong» Men eg viste likegodt som deg At du hadde kontrollen og at du bestemte At dette var ein kontrakt for livet til døden skilte oss ad Ein kontrakt eg ikkje husker eg skreiv under

Eg gav deg livet mitt Og til gjengjeld ga du det eg ikkje klarte å finne andre steder når kriser oppstod Ein fallskjerm slik at eg kunne lande trygt når eg falt i fritt fall Eg var i trygge hender For du hjalp meg gjennom dei Og eg overlevde dei alle Mennesker var ustabile Men ikkje du Det hadde eg erfart Du var der Enda sterkere for kvar gong Du svikta aldri

At dette var farlig forstod eg ikkje Korleis kunne noko som var skadelig opplevast så trygt og godt? Dette var det einaste eg hadde Trudde eg Det einaste som haldt meg på beina Det einaste som aldri forlot meg Det einaste som gav meg ein følelse av tilhøyrsle Om eg ikkje hadde deg Korleis skulle eg då takle livet?

Du var svaret på alt Kvar gong eg trang hjelp var det deg eg gjekk til Det gikk fint i begynninga Men desto fleire år som gikk begynte du å bli grådigare Tok meir og meir av meg til det kun var bein igjen Og likevel ville du ha meir Du begynte å gå på spiserøret Tennene

Eg begynna å falle i dusjen Fyrst berre ein gong Deretter fleire Når skulle det stoppe? Kor mykje måtte eg ofre? Fjeset som stirra tilbake frå speilet bak dodøra var så ukjent Tårevåte augo og eit påtent offerbål i halsen Ei eg ikkje kjente igjen Likevel viste eg kven det var Kven var eg? Kven hadde eg blitt?

Ingen fortalde meg at det var sånn det skulle bli At det var her eg skulle ende opp Men om nokon hadde prøvd å stoppe meg så hadde eg nok ikkje trudd dei Eg var nøyd til å erfare det sjølv Det var slik eg var Og eg skjønte at dette ikkje kunne fortsette Skjønte at du ikkje ville bli fornøgd Skjønte at du kom til å stadig kreve noko nytt Heilt til kontrakten vår var ferdig Eg var villig til å gå langt Men ikkje så langt

Eg pleide å hate deg Men ikkje no No vil eg takke deg Takke deg for at du tok deg av meg At du var der når eg trang deg At du passa på meg gjennom dei vanskelege tidane Eg er endeleg klar for å ta farvel For no har eg det eg ikkje før hadde Det eg eigentleg trang Det å ta farvel på ordentleg Og ta eit steg i riktig retning Er bittert og ein lengre og ujevnare veg enn eg nok trur Men eg er klar for det Det kan vere me hilser ein gong og kanskje slår av ein lita prat Men eg skal jobbe hardt mot ein framtid utan deg og la deg høyre fortida til

This article is from: