3 minute read

Brev til Mr. B

Next Article
Min kreative reise

Min kreative reise

av Marianne Clementine Håheim, 2011

Kjære Mr. B,

Du er ein tjuv og ein kjeltring. Du har stole dei siste åtte åra frå meg utan å gi noko tilbake. Du smigra deg inn med løfte, du sa vi kom til å få det fint saman. Livet skulle bli enklare. Saman skulle vi ta kontroll.

No sit eg her heilt åleine, og det er ingen veg tilbake.

Eg pla tenkje på deg som ein venn. Du kraup inn under huda og vart min aller næraste. Den som var der i dei tunge, einsame stundene. Eg forstod ikkje kven du verkeleg var før det var for seint. Du er ein skugge som følgjer meg kvar enn eg går, eit skjold mellom meg og omverda. Eg veit at du ikkje vil meg godt, likevel lar eg meg lure kvar gong.

Du har dratt meg så langt inn i mørkeret at eg ikkje hugsar korleis det var å vere normal. Det burde ha gjort vondt, men eg kjenner eigentleg ikkje så mykje. Eg veit ikkje om eg er sint eller redd, eg veit ikkje om eg er bitter eller likegyldig, eg anar på ingen måte kven eg er. Jenta i spegelen er ein framand. Alt eg gjer er skodespel, og somme tider kjennest det så trongt og klaustrofobisk at eg vil skrike, men det klarer eg ikkje. Eg har ikkje noko språk eg kan bruke til å fortelje, så det finst ingen der ute som har høyrt historia mi enno, ingen som verkeleg kjenner meg, anna enn du. Det er eit stort hol i meg ein stad, og det er så einsamt.

Eg er så sliten.

Kjære Mr. B. Eg vil ikkje vere vennen din lenger. Eg vil ikkje ha hjelpa di. Eg vil ikkje døy slik. Eg vil tilbake i lyset, tilbake til menneska. Kan du ikkje snart la meg gå? Mr. B, av Marianne (2005)

BREV TIL MR. B

av Marianne Clementine Håheim, 2021

Kjære Mr. B,

Eg skulle ønske du kunne sjå meg no.

Du fekk meg til å tru at eg aldri ville kunne klare meg utan deg, men det var ikkje sant.

Eg pla drøyme om det livet som no er heilt kvardagsleg for meg. Eit liv fritt frå deg og dine rigide reglar, dine innsmigrande ord og tomme løfte. Eg trudde det aldri ville kunne skje for meg, at tida med deg hadde øydelagt meg fullstendig. Heldigvis tok eg feil.

Du gav meg nøkkelen til eit rom kor eg kunne vere heilt i fred. I selskap med deg var det ingen utmattande tankar eller vonde kjensler. I byrjinga var det godt, heilt til eg oppdaga at døra var låst bak meg.

Du fanga meg i det rommet. Eg var åleine der i mange år. Eg spann meg inn i eit nett av løgner, og mista etter kvart heilt kontakten både med meg sjølv og andre menneske. Snart var eg ikkje anna enn ein slave av deg. Du var den som kjente meg aller best, den som såg og aksepterte mine mest groteske sider. Det var vondt å leve saman med deg, men det var trygt også. Du var der alltid for å ta meg imot, utan forventningar eller krav. Eg var redd for å leve livet utan den tryggleiken. Om natta låg du inntil meg og kviskra: Bli her. Det er best slik. Ingen andre kjem til å ville ha deg.

Eg skulle ønske eg kunne sende ei melding bakover i tid, til den desperate jenta eg var, og seie: Ikkje høyr på han. Det er ikkje sant. Døra er ikkje eigentleg låst. Det er skummelt, eg forstår det, men viss du vågar å strekkje ut ei hand til menneska, vil dei ta deg imot.

Kjære Mr. B. Du var med meg i nesten ti år. Du tok frå meg så mykje tid og krefter, heldt meg tilbake frå opplevingar og prøvde å sabotere relasjonane mine. Du fekk meg til å tru at livet var svart/kvitt, og at eg måtte vere perfekt for at nokon skulle like meg. Slik heldt du meg tjora til deg i frykt.

Eg tilgir deg ikkje. Eg gløymer aldri kva du gjorde mot meg, og eg vil gjere så godt eg kan for å avsløre deg, så ikkje fleire skal gå i den same fella. Du er ingen venn. Det du kan tilby, vil aldri kunne måle seg med eit liv i fridom.

This article is from: