ROSinfo 4/21

Page 18

FOKUS

BREV TIL MR. B av Marianne Clementine Håheim,

2011 Kjære Mr. B, Du er ein tjuv og ein kjeltring. Du har stole dei siste åtte åra frå meg utan å gi noko tilbake. Du smigra deg inn med løfte, du sa vi kom til å få det fint saman. Livet skulle bli enklare. Saman skulle vi ta kontroll. No sit eg her heilt åleine, og det er ingen veg tilbake. Eg pla tenkje på deg som ein venn. Du kraup inn under huda og vart min aller næraste. Den som var der i dei tunge, einsame stundene. Eg forstod ikkje kven du verkeleg var før det var for seint. Du er ein skugge som følgjer meg kvar enn eg går, eit skjold mellom meg og omverda. Eg veit at du ikkje vil meg godt, likevel lar eg meg lure kvar gong. Du har dratt meg så langt inn i mørkeret at eg ikkje hugsar korleis det var å vere normal. Det burde ha gjort vondt, men eg kjenner eigentleg ikkje så mykje. Eg veit ikkje om eg er sint eller redd, eg veit ikkje om eg er bitter eller likegyldig, eg anar på ingen måte kven eg er. Jenta i spegelen er ein framand. Alt eg gjer er skodespel, og somme tider kjennest det så trongt og klaustrofobisk at eg vil skrike, men det klarer eg ikkje. Eg har ikkje noko språk eg kan bruke til å fortelje, så det finst ingen der ute som har høyrt historia mi enno, ingen som verkeleg kjenner meg, anna enn du. Det er eit stort hol i meg ein stad, og det er så einsamt. Eg er så sliten. Kjære Mr. B. Eg vil ikkje vere vennen din lenger. Eg vil ikkje ha hjelpa di. Eg vil ikkje døy slik. Eg vil tilbake i lyset, tilbake til menneska. Kan du ikkje snart la meg gå?

18

Mr. B, av Marianne (2005)


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.