Nye k ar t n år t er r e ? å jobbe m ed dei det ik k je h an dlar om Som sosionom har eg jobba mykje med miljøterapi i ulike institusjonar, tett på ungdomar og unge vaksne som anten hadde utvikla eit rusavhengighetsproblem eller ikkje kunne bu heime av ulike grunnar. Det undra meg korleis problem som hadde fått utvikle seg vart plassert på og fekk hefte ved eit menneske, eller ein familie, og korleis problemforståinga og ein heil del årsak-verknad-tenking fekk farge brilleglasa til oss hjelparane. Tek st : Gry Anette Øvstegård ? Klinisk sosionom. Familieterapeut, Stiftelsen Pårørendesenteret i Stavanger. Dette vart vegen inn i vidareutdanning som familieterapeut, noko som bidrog til sterk inspirasjon og grunnleggjande endring med tanke på korleis eg møter mennesker og korleis eg tenkjer om problem. Dette sette igong ein bevegelse mot etterutdanning i narrativ tilnærming som vidare førte meg frå behandlarstilling på ruspoliklinikk for unge vaksne til lågterskeljobbing med pårørande på Stiftelsen Pårørendesenteret. Pårørendesenteret er eit senter for dei som opplever at sjukdom hjå andre får virkning på korleis dei har det sjølv. Tilbodet er diagnoseuavhengig og gjev tilbod til personar i alle aldrar. Per i dag er det 10 tilsette ved senteret, og to av dei er familieterapeutar. Me plar seie her at me har fokus på dei det ikkje handlar om. Trass i Veileder om pårørende og eit auka fokus på pårørande og deira viktige rolle frå styresmaktene over tid, opplever altfor mange pårørande å ikkje bli sett og høyrt i helsetenestene. Derfor jobber me ôg inn mot
62
Metaforum - September 2020
ulike fagmiljø og helsetenester for å få ein auka kompetanse på pårørande ? dei det ikkje handlar om. Som familieterapeut ved senteret jobber eg med barn og unge, par- og ulike familiesamtalar. Eg er med å halde parkurs for pårørande og bidrar med familie- og relasjonsperspektivet på våre mestringskurs. I tillegg har eg ansvaret for Ungdomsgruppa vår, som er eit tilbod til unge mellom 13 og 18 år. Eg er også med på ein del oppdrag der me bidrar med pårørandeperspektivet til fagpersonar i ulike helse- og omsorgstenester i form av mellom anna kurs og fagdagar. Då eg begynte ved senteret var hovudansvaret mitt å utvikle ein nasjonal hjelpetelefon og chat for pårørande og fagpersonar som møter pårørande. Det var ei bratt læringskurve både teknisk og innhaldsmessig. Erfaringa er at sjølv utan augekontakt og mimikk kunne menneskemøta bli gode. Det krever kanskje