1 minute read

Lovar musikkglede

Malakoff23 er årets høgdepunkt for mange. Her får ein blanda musikkglede og god festivalstemning på Nordfjordeid.

– I fjor var som eit oppstartsår etter koronaen. Vi sit no med eit prøveår bak oss, og er verkeleg klar for ny festival. Vi gler oss stort, seier Arnt-Ivar Naustdal og Gunn Helene Guddal i festivalleiinga.

Dei lovar tre rå festivaldagar:

– Unike musikkopplevingar.

– Den råaste festivalcampen.

– Malakoff Waterfest.

– Alle dei fine folka.

Unike dagar

– Vi har ei blankpolert organisering. Det vert tre heilt unike dagar, ei spesiell helg for alle, seier Naustdal. Som festivalsjef er han stolt over programmet som står på plakaten.

– Heilskapen i programmet er så bra, og at vi kan tilby dette på Nordfjordeid er unikt, seier han.

Festivalsjefen viser til Kaleo, der Malakoff er den einaste spelestaden i Norge.

Det å ha fått Emire State Bastard og The HO er også spesielt.

– Men det er totaliteten i programmet som gjer festivalen vår unik, meiner dei.

– For fleire er artistane ukjente, men vi har gjennom mange år tatt på oss oppdragarrolla innan musikk. Fleire får ei aha-oppleving etter ha høyrt på ulike grupper på Malakoff. Det likar vi, for vi skal ikkje berre gi folk det dei vil ha, seier Naustdal.

– Vi legg til rette for at mange skal få ei god oppleving, fortel festivalleiinga.

Også i år vert det stor camp på

ENTUSIASME: Festivalleiinga med Arnt-Ivar Naustdal og Gunn Helene Guddal gler seg stort til nok ein Malakoff Rockfestival.

FOTO: INGEBJØRG NILSEN festivalområdet – med 1.000 telt og 4.000 personar. Malakoff er einaste festivalen i landet som har teltcamp.

Malakoff Waterfest

Nytt i år er at festivalen har berre to scener. Det vert ingen lavvoscene i år. Samarbeidet med Sommarlutt er heller ikkje i år.

– I år har vi satsa på «dødskonkurranse», der vi riggar opp stupetårn på 10 meter på Tot- landskaia. Dei beste hopparane innan dette kjem til Nordfjordeid. Dette er store stjerner på tiktok. I tillegg kan lokale og tilreisande melde seg på, fortel Naustdal.

– Dette vert nok ein folkefest, der mykje folk vil kome for å sjå. Dette arrangementet er gratis og vår gåve til lokalbefolkninga og Malakoff, seier festivalsjefen. INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

This article is from: