3 minute read
Opplev sommarlivet i Stad
Eit utval arrangement juni-aug.
23.-25.6 - Elskhug & Eksis, lystspel Nordfjordeid
22.-24.6 - Barnas superhelg Alti og Eid handel
30.6-8.7 - Sommaraktive Stadt
9.7 - Seljumannamesse, Selje
15.7 - Eid gatematfestival
21.7 - Dødsekonkurranse, Nordfjordeid
20.-22.7 - Malakoff Rockfestival 2023
29.7-5.8 - Vestlandsk Sommarsymfoni, Nordfj.eid
12.8 - Selje Golfklubb, jubileumsturnering 25 år
26.8 - Innbyggjartreff i Operahuset Nordfj.
31.8 - Flygelbonanzakonser, Operahuset Nordfj.
Veke 26-32 - Eidsgata 9 og Nabben 80/BUA Selje, sommaraktivitet for born og unge, ma. til fr. Laurdagar i juli - Sommarshopping m/aktivitetar på Nordfjordeid
Vilt, vakkert og heilhjarta: Velkomen til sommareventyret i Stad!
I Stad kommune kan du oppleve dei store kontrastane. Frå stille vatn og høge fjell ved Europas djupaste innsjø Hornindalsvatnet - til kvite sandstrender, grøne landskap og det ville Stadhavet ytst ved Vestkapp.
I Stad finn du surfeparadiset Hoddevika, Vestkapp - det vestlegaste fjellplatået i Noreg, Fjordhesten - ein av verdas eldste hesteraser, Myklebustskipet - eitt av verdas største vikingskip og Selja kloster med Noregs einaste kvinnelege helgen Sankt Sunniva. - Eit mangfald av særeigne kultur- og naturopplevingar å oppleve og ta med seg i hjartet!
Midt i Stad kommune og Nordfjord finn du kommunesenteret Nordfjordeid – ein perfekt "basecamp" for ditt Nordfjord-eventyr. Om du vil ta ein pause frå aktive opplevingar og kjenne på kvilepulsen kan du bade og nyte livet i Sagaparken, handle og rusle rundt i den idylliske Eidsgata og finne alt du treng på éin stad – med kort veg til heile Nordfjord.
- Hjarteleg velkomen!
Meir info om attraksjonar, opplevingar og aktvitetar i Stad finn du på www.hjartestad.no og www.nordfjord.no
# hjartestad - del din stad
Fjordabladet
SUFFEFJÆRA: Denne finn du på Stårheim. Dette er ei steinstrand med berg. Her har ein flott utsikt til fjord og fjell. Denne er mykje besøkt av dei lokale frå Stårheim når temperaturen og sola er på plass.
This is where the locals in Stårheim go when its warm and sunny during summer. Suffefjæra is a rather small place, but very peaceful and nice.
ERVIKSANDEN: Lokalisert i Ervik. Dette er ei av dei aller flottaste strendene i Stad med sandstrand og blått hav. Her kan ein også surfe og bade. I tillegg kan ein ta seg ein fjelltur og sjekke ut den vakre kyrkjegarden. Vi anbefaler det spesielt for alle fotointeresserte. Tår- kiosk finn du også.
Erviksanden is the place to be if you enjoy surfing. There is a ship wreck close to land, so if you are new to surfing we recommend Hoddeviksanden instead. You can find a Tår kiosk here as well.
LODALEN: Ligg i Loen, Stryn. Det er mange fine badeplassar i både Olden og Loen. Dei siste åra har det grøne vatnet i spesielt Lodalen blitt særleg populært blant norske turistar. Trass i at det ser svært idyllisk og flott ut, er vatnet som regel svært kaldt. Sjekk også ut minnetavla om du tar turen.
The green water in Loen and Olden is very beautiful, but also very (ice) cold. While we would check out both places, Lodalen has become extremely popular in recent years. While you are here: check out the dramatic history.
REFVIKSANDEN: Denne 1,5 lange sandstranda finn du i bygda Refvik, utanfor Måløy. Refviksanden har vore på lister over dei flottaste strendene i landet fleire gongar. Nordfjord sitt svar på Syden. Her er gode campingmoglegheiter også.
This 1,5 km long beach is one of the nicest in Norway. Bring a tent, caravan or a camper van and enjoy the summer days here. WC and showers are nearby.
HODDEVIKSANDEN: I Hoddevik. Her er ei flott og stor sandstrand og du kan både bade og surfe. Her er også mange fine fotoplassar, og solnedgangen er ekstra flott. Tår -kiosk rett ved.
Here in Hoddevik you can surf and take a swim in the ocean. We highly recommend staying for the sunset as it can be quite beautiful. If you get hungry you can find a Tår kiosk by the beach.
GRYTA: Ligg på Stårheim. Vi anbefaler denne badeplassen når det er sol. Her kan det vere litt kaldt i vatnet, men det er ein god badeplass for dei som er på jakt etter hoppemoglegheiter og ferskvatn. Located in Stårheim. Gryta is a cool place for those who enjoy swimming in fresh water. We recommend going around noon, when the sun is shining.
FJORDSIGTH RESORT:
Ved Norane på Bryggja finn du denne badeplassen. Her er også sand. Her er gode bade – og fiskemoglegheiter. Det er også fint å campe her. I nærleiken finn du matbutikk.
You can go swimming and camping here in Fjordsight Resort. The beach is located in the middle of Nordfjord – Bryggja.
SAGAPARKEN: Denne finn du midt i sentrum på Nordfjordeid. Dette er ikkje den aller største stranda i området, men du finn benkar, trampoline, klatrepark, kafear, butikkar og restaurantar i nærleiken. Her er også laga til for grilling.
Bring your kids to Sagaparken, located in the middle of Nordfjordeid. You can find trampolines, a playground, WC and restaurants close by.
SELJESANDEN: Med blått hav og sandstrand er Seljesanden ei av dei flottaste badeperlene i Stad. På grunn av at det er langgrunt passar det ekstra godt for barnefamiliar. BUA og Tår kiosk ligg rett ved.
Seljesanden is around 500 metres long and is located in central Selje. This beach is perfect for families.
GROTLESANDEN: Lokalisert ved Grotle i Bremanger. I området er det også mange fleire må og store strender, men det er Grotlestanden som er størst og flottast. Her er toalett og dusj.
Located in Bremanger municipality, and very popular during summer. The beach is 700 metres long. You can find WC and showers here.