1 minute read
Linefiskaren vert trekt fram i lyset
Rita Borgundvåg er stadig på jakt etter nye ting å lage. Linefiskarar er det siste.
Ho har ope galleriet sitt på Leikanger gjennom heile sommaren. Det gjeld onsdagar, fredagar og aurdagar, og litt innimellom.
– Det er berre å ringe, oppmuntrar ho. Galleriet hennar bognar over av alt frå veggbilete til smykke. Det siste nye er linefiskaren i keramikk.
– Eg har laga Staddamer, og så har eg hatt karar innom som har kommentert at dei har vorte gløymt. Vi kan sjølvsagt trekkjer fram linefiskaren, som vi har mange av her, og det er det eg har gjort no, smiler Borgundvåg.
INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no