1 minute read

Ei full veke

Sommaraktive Stad byr på ei veke full av aktivitetar på Stadlandet.

Årets aktivitetsveke går av stabelen 30. juni-8. juli.

– Her er det berre å sette av datoane og glede seg – for her vert det noko for ein kvar smak, lovar Tone Hoddevik Drage i Stadlandet IL.

Kjempesuksess Programmet er i skrivande stund ikkje heilt spikra, men ho lovar at det fyllast opp etter kvart.

– Det vert ala det same som tidlegare år. Det har vore ein kjempesuksess tidlegare, og vi treff så mange aldersgrupper. Dette er noko både dei små og store kan vere med på, for det vert litt av alt mogleg, seier Hoddevik Drage.

Det vert også i år vassdag –med surf og sup på Ferstad/ Hoddevik.

– Det vert tradisjonen tru jonsokfeiring i Hoddevik, og skyting på Dragseidet, fortel ho.

I Ervika drar ein på tur, medan ein i løpet av veka kan prøve seg både på tennis, volleyball

VOLLEYBALL: Aktivitetar på banene med volleyball, tennis og skating på Leikanger er også noko som høyrer med under Sommaraktive Stad. ARKIVFOTO: TORMOD FLATEBØ eller fotball.

– Det blir det meste, lovar Hoddevik Drage.

• Det blir det meste.

Dei heile vert avslutta med dans på Stad hotell.

– Det blir ikkje ein vanleg Korsadag, som folk er vande med, seier ho.

– I år har vi søkt støtte frå Gjensidigestiftelsen. Desse pen- gane gjer det mogleg å gi ungdom her ute sommarjobb, så dei kan hjelpe til med arrangementet og dei ulike aktivitetane. Dette er nytt i år, og gjer det mogleg for ungdom å tene seg nokre kroner for å hjelpe lit i forkant og under arrangement. Det er mykje god arbeidskraft i 15-17-åringar, påpeikar ho.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

Vestlandsk sommarsymfoni 05.08

Flygelbonanzakonsert 31.08

Nordfjord strikkefestival 01.–03.09

Familielaurdag 09.09

Soga om Sol 04.–15.10

Soul Children Gathering 22.10

Morten Krogvold 26.10

Anita Skorgan 27.10

Torn & Rose i Eventyrland 28.10

Den store kinodagen 04.11

Lars Saabye Christensen og Helge Iberg 07.11

Magnus Jackson Krogh 09.11

Bjørn Eidsvåg 17.11

Snøsystera 01.–03.12

Julesong 8.12

Nordic Tenors 10.12

Eva Weel Skram 18.12

This article is from: