1 minute read

Ein av Nordfjord sine flottaste turar

Eit av Norges flottaste nærturområde finn du i Trivselsskogen rett ved Sandane sentrum.

Turen til Trivselsskogen startar frå vandrevarden midt i sentrum. Her fylgjer du hjarta i gangvegen som tar deg heilt opp til skogen. Etter 10 minutt er du oppe. Her kan du velje fritt kva tur du ynskjer i eit nettverk som består av 6 kilometer flott tilrettelagt sti. Sherpatrapper, flatt, barkesti eller grus. Her finn alle sin sti. I tillegg er Trivselsskogen ei vandreoppleving med element langs stien. Her finn du TIN-Camp med gapahukar, amfi og bakaromnar. I kjærleiksskogen han du

• Loen Skylift

henge opp hjarter som ei helsing til nokon du er litt ekstra gla i. Vidare kjem du til Draumekvila, den fyrste dagsturhytta med eige bibliotek tilgjengeleg for alle og open 24/7. Vidare oppover lia kjem du til sherpatrappene, eit handverk utført av tradisjonsberarar frå Nepal. Etter 374 trappetrinn er du opp på utkikspunktet Utsikten.

This article is from: