3 minute read
Lyspunkt på rekke og rad
Operahuset Nordfjord inviterer til varierte opplevingar for både tilreisande og fastbuande publikummarar komande sesong.
Sommartid inneber skuleavslutningar, bryllaupsfeiringar, Opera Nordfjord- sommarskule og Malakoff-øvingar og -produksjon i storstova.
Vestlandsk sommarsymfoni inntek Nordfjordeid for imponerande 45. gong til sommaren. Laurdag 5. august held dei symfonikonsert i Operahuset Nordfjord. Wagner, Grieg og Brahms står på programmet, med Trond Husebø som dirigent.
Dobbelflygel
Fazioli-flygelet i operahuset er unikt. Torsdag 31. august får publikum oppleve både det og det vesle Petrof-flygelet samstundes på operascena. Då er det duka for Flygelbonanza med både åttehendig og firhendig flygelspel frå dyktige pianistar. Mange av dei er lærarar i Stad kulturskule, som vanlegvis akkompagnerer elevar. No skal dei vere solistar.
Strikk og inspirasjon
Nordfjord strikkefestival går av stabelen 1.–3. september, med mellom anna marknad og strikkekino i Operahuset Nordfjord. Laurdag før er det Innbyggjartreff i regi av Stad kommune, samt inspirasjonssamling for lag og organisasjonar.
Laurdag 9. september er spesielt barnefamiliar hjarteleg velkomne til storstova på Nordfjordeid. Det blir flott barnekonsert i operasalen med Mandarinsaft, kino, ope bibliotek og aktivitetar i foajeen.
Dronninga kjem
Når teppet går opp for urpremieren på Soga om Sol onsdag
4. oktober, sit H. M. Dronning Sonja i salen.
Opera Nordfjord feirar 25-årsjubileum med ein splitter ny, vaskeekte utvandrarmusikal, skrive av Øystein Wiik og Gisle
Kverndokk. Hovudrollene blir spelt av Ingrid Tykhelle Kayser frå Nordfjordeid og dei to barndomskameratane Eirik Risholm Velle og Kim Helge Strømmen frå Ørsta.
Barn og ungdom
Helga etter musikalen samlast konfirmantane i Nordfjord til festival laurdagen, og søndag blir det Soul Children Gathering i regi av Acta–Barn og unge i Normisjon.
Morten Krogvold
Fotografen Morten Krogvold er inspirerande, arbeidsam, energisk og raus, med djup kunnskap om kunst og fotografihistoria. Torsdag 26. oktober kjem han til Operahuset Nordfjord for å halde foredrag, samt gå gjennom utvalde, innsende fotografi frå publikum.
Anita Skorgan
Fredag 27. oktober får publikum oppleve Anita Skorgan i storstova for aller første gong. Ho inviterer til eit nært og personleg foredrag med eigne musikkinnslag, med tittelen «Bare en mamma». Anita Skorgan er mor til to flotte tvillingjenter med cerebral parese. Begge brukar rullestol og begge budde heime til dei var 18 år gamle. No som Anita har fått tilbake kreftene, kjenner ho eit behov for å dele desse sterke opplevingane. Konsertforedraget handlar om smerte, prøvelsar og uventa gleder
Familieteater
Alle modige eventyrarar frå seks til 100 år er velkomne til «Torn & Rose i Eventyrland» laurdag 28. oktober. Familieframsyninga er ein samproduksjon mellom Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt. Dei eldste teatertriksa i boka blir blanda med den aller nyaste teknologien for å gi publikum ei unik teateroppleving.
Konsertperle
Beatles står på programmet tysdag 7. november. Pianist
Helge Iberg spelar sine tolkin- gar av ikoniske Beatles-låtar, og forfattar og Beatles-kjennar Lars Saabye Christensen les dikt og poetiske tekstar som er skreddarsydde til konserten «Nowhere Men».
Foredragsshow «Jævelunge» er den forrykande tittelen på foredragsshowet som Magnus Jackson Krogh kjem til Operahuset Nordfjord med torsdag 9. november. Magnus har gitt ut 14 bøker om psykisk helse, mobbing, sjølvbilete, draumar og om å vekse opp som «jævelunge» med ADHD. Han inspirerer og rører både liten og stor med si historie, og er ein av dei største stemmene i sosiale media.
Snart utseld
Bjørn Eidsvåg-konserten 17. november og Eva Weel Skramkonsert dagen etter har allereie samla over halvfull operasal. Meir julestemning blir det når sogningane i Julesong kjem fredag 8. desember, og Nordic Te- nors søndag 10. desember.
Magiske Snøsystera
Barneboka Snøsøsteren av Maja Lunde med illustrasjonar av Lisa Aisato er bakgrunnen for familieoperaen «Snøsystera», som Magnus Johansson og Anna Berg hadde urpremiere på i Opera Malmö i fjor. 25-årsjubilanten Opera Nordfjord skal 1.–3. desember ha noregspremiere på den vakre, triste og hjartevarme familieoperaen, og håpar den rørande forteljinga samlar heile slekta, frå dei yngste til dei aller eldste publikummarane.
Kari omset til nynorsk
Her får du oppleve Julian og Hedvig spelt av den svenske tenoren Conny Thimander og sopranen Kine Sandtrø frå Trøndelag, Trond Gudevold som faren og Gubben, Mari Askvik frå Leikanger i Sogn som mora, og Violetta Peschanskaya frå Oslo som veslesystera Augusta og Snøsystera. Fami- lieoperaen blir omsett til nynorsk av operasjef Kari Standal Pavelich.
Bratland og Nordstoga
Delar av 2024-programmet i Operahuset Nordfjord er også klart. 11. januar blir det flygelkonsert med Aage Lade, sjølvaste Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga kjem 14. januar og Ørsta og Volda ballettskule tek turen sør for fylkesgrensa med Nøtteknekkaren 27. og 28. januar.
Stor variasjon
Tollak til Ingeborg blir teater 6. februar, 16. februar kjem Killer Queen tributekonsert. Ingvard Wilhelmsen skal inspirere og informere 13. mars, og Siril Malmedal Hauge og Kjetil Mulelid held konsert 10. april. I tillegg blir det Barnefestival, vårkonsert, Sogn og Fjordanekappleik og mykje annan moro i Operahuset Nordfjord.
GALLERI: Gamlebanken er både galleri og turistinformasjon, her med turistvert Arve Espe. ARKIVFOTO. INGEBJØRG NILSEN
Huset fullt av kunst
I Gamlebanken i Eidsgata er det fullt av kunst i alle former. Her står turistvert og gallerist Arve Espe klar til å hjelpe deg.
Her ligg også turistinformasjonen, og den opnar torsdag 15.
juni, og har ope til 15. august.
Turistane som kjem innom spør om det meste: også kvar ein kan gå for å kome seg opp i høgda. Då viser Espe dei til Utsikten, Trollenykjen, Skårhaugsætra eller Ossætra.
For cruiseturistane vil ha gode opplevingar og sjå på fine ting.
I Gamlebanken er det i år kollektiv sommarutstilling med kunstnarane. Robert Steinnes, Sonja Reite, Ien Klaver og Helga Hjelmeland.
INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no