1 minute read
Bubilparkering med utsikt
I Stad kommune er det bubilplass i Kaivegen – med utsikt over småbåthamna på Nordfjordeid.
Mange nyttar seg av bubilar for å reise rundt i regionen vår her i vest. Bubilplassen i Kaivegen har småbåthamna som nærmaste nabo, og her er det 13 plassar. Herifrå har ein gangavstand til alle aktivitetar i Nordfjordeid sentrum. For tømming av toalett og spillvatn kan ein nytte Cirkle K på Nordfjordeid, og i Selje sentrum og på Leikanger/Stadlandet er det også plass til dette.
INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no
UTSIKT: Frå bubilparkeringa på Nordfjordeid er det utsikt over småbåthamna.
Ladepunkt for elbilar
I Stad kommune er det fleire ladepunkt for elbilar.
På Nordfjordeid finn du dei her: Alti Nordfjord, Almenning 1, ved Nordfjord Hotell, Europris i Uldegrova, Hogatunet omsorgssenter, Nordfjordeid skule, Eid ungdomsskule, Eid idrettshus, Stad rådhus og ved Nordfjord sjukehus.
I tillegg er det ladepunkt på Leikanger på Stadlandet, og ved gamle kommunehuset i Selje.
BUA SELJE: Både i Selje og på Nordfjordeid kan du låne utstyr med BUA gjennom heile sommaren, her ved Maria Helgesen ved BUA Selje. BEGGE FOTO: INGEBJØRG NILSEN
Aktiv med gratis utstyr
Gjennom BUA Eid og BUA
Selje får du låne det meste innan sportsutstyr så du kna ha ein aktiv sommar. Det beste av alt – det er gratis.
I Stad kommune finn du to BUA ein kan låne gratis utstyr til sport, leik og friluftsliv. Dette er både for privatpersonar, barnehagar, skular, lag, organisasjonar og besøkande i Stad kommune.
BUA står for barn og unge i aktivitet. Hovudmålgruppa er barn og unge, men familiar og vaksne/eldre kan også nytte seg av dette tilbodet.
På BUA er det utstyr til både land- og sjøaktivitetar; til overnatting, fjelltur, sykling, padling, leik og moro! Den eine BUA er stasjonert ved LA-senteret på Nordfjordeid, medan den andre har Seljesanden som næraste nabo.
Og fordi BUA Selje er så nærme badeliv og vatn, er det naturleg at her er det stor interesse for utstyr til vassaktivitetar – enten det er SUP-brett eller kajakk.
Men i Selje er det også mykje utstyr i lokalet ved innbyggjartorget, mellom anna til friluftsliv og syklar i alle variantar.
INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no
MOTBAKKELØP: Trollenykjen Opp gir ei fantastisk utsikt over Nordfjordeid.