HELGELAND som litterært landskap

Page 13

gjevne ut i nye utgåver. Nordh har altså framleis mange lesarar, men få akademiske lesarar har fatta interesse for kioskveltarane hans. Strompdal sine ungdomsbøker skal visstnok vere vanskelege å få tak i på biblioteka ettersom dei er lesne i filler (Vonheim, 2001). Men «ingen», bortsett frå spesielt interesserte, les desse bøkene no. Ei innvending mot dette prosjektet kan seiast å vere at det er eit visst misforhold her mellom eit særs aktuelt tema (mennesket i landskapet, økologi, naturforståing) og «uaktuelle» tekstar. Men tekstane kan på den eine sida sjåast på som materielle avleiringar av ein breiare diskurs om naturen, menneska og landskapet som i seg sjølv kan vere verdt å undersøke nærmare. På den andre sida har i alle fall nokre av desse tekstane vore med på å forme den same diskursen. Samstundes er det ikkje i tvil om at alle tekstane eg har valt ut, toler ei (ny)lesing, og då ikkje minst med utgangspunkt i dei nye perspektiva som eit intensivert miljømedvit har ført med seg, også i den litterære verda.

Grenser og avgrensingar

I det følgjande prøver eg å setje lys på korleis eit landskap har vorte framstilt litterært i ein periode på i underkant av 200 år. Det er ikkje snakk om ei uttømmande framstilling på noko vis; her er det nokre få utvalde tekstar og forfattarskapar som skal undersøkast. Landskapet det er tale om, er avgrensa slik: Helgeland slik det er definert i dag, det vil seie området mellom Trøndelag i sør og Saltfjellet i nord samt grenseområda på svensk side. Landskapet er variert, her er ein kyst med tusenvis av øyar og djupe fjordar, og her er høgfjell og store innsjøar. Kysten er òg med i denne framstillinga, men dei indre stroka og grenseområda blir vigd særleg interesse. Omgrepet grense er òg heilt konkret tematisert i materialet. Nokre av tekstane som blir lesne her, handlar om og problematiserer grenser i fleire tydingar. Det er grenser teikna opp på kart, som nasjonalgrensa mellom Noreg og Sverige. I forhandlingane om kor grensene mellom Sverige og Danmark-Noreg skulle gå mellom Helgeland og Västerbotten, var fleire ulike prinsipp i spel. Danmark-Noreg argumenterte med at store område som i dag ligg i Sverige, burde høyre til Danmark-Noreg ettersom samar i Vapsten sameby tradisjonelt hadde betalt bygselavgift til 17


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.