HELGELAND som litterært landskap

Page 4

FØREORD

Denne boka er skriven av to grunnar. Ein stor og ein liten grunn så å seie. Med fare for å bli noko pompøs skal eg seie litt om den store grunnen først. Når mediebiletet i skrivande stund er prega av dystre rapportar frå FN, store skogbrannar i Sibir, katastrofale flaumar i Tyskland og nye varmerekordar, er det vanskeleg å ikkje la seg påverke. Alle opplyste menneske veit etter kvart mykje om miljøproblema som verda står overfor. Det er vanskeleg å ikkje kjenne på eit ansvar, men det er samstundes vanskeleg å finne ut av korleis dette ansvaret kan munne ut i konkret handling. Miljø- og klimakrisa er globale problem av eit sånt omfang og med så enorme potensielle konsekvensar at det er vanskeleg å fatte. Kompleksiteten i dei prosessane som endrar økologi og klima, er ikkje mogleg å få fullstendig oversikt over for nokon einskildperson. Dei samfunnsmessige og politiske konsekvensane endringane kan få, let seg heller ikkje enkelt predikere. Som lekmann på naturvitskapen sitt område har eg ikkje dei faglege føresetnadane som trengst for å setje meg godt nok inn i problematikken, og må først og fremst danne meg eit bilete ved hjelp av populærvitskapelege og journalistiske framstillingar. Men det eg kan forsøke å seie noko om frå ein litteraturvitskapleg ståstad, er språk, mentalitet og kultur, forteljingar om mennesket i verda, om mennesket i landskapet, om menneske og det ikkje-menneskelege. Litterære framstillingar av menneske og landskap speglar dei breie kulturelle førestillingane, men er kan hende òg med på å forme dei. Som litteraturinteressert, som litteraturlærar og -forskar, må eg i alle fall tru på at forteljingane om menneske og natur har noko å seie for korleis vi forstår oss sjølve og verda vi bur i, og at desse forteljingane følgjeleg har noko å seie for korleis vi lever i verda, og for korleis vi oppfattar relasjonane våre til alt det andre som òg finst – til dyra, elva, skogen og fjella. Kanskje må ei reell endring, ei endring som vi må anta er heilt naudsynt, starte med ei forteljing? Men for ikkje å gje litteraturen og forteljingar krefter 8


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.