HELGELAND som litterært landskap

Page 8

Takk Boka har ikkje vore mogleg å skrive utan hjelp frå mange ulike hald. Lista under er neppe heilt utfyllande, men eg håpar eg har fått med dei fleste som har bidrege. Først av alt vil eg takke Lydia og Berit som har gjeve meg rom til å gå inn i ein skrivetranse, og som har halde ut med det til tider fjerne blikket mitt. Denne boka har utspring i interreg-prosjektet «Vandringar i kulturlandskapet» (VIK), eit samarbeidsprosjekt mellom Västerbotten museum, Helgeland museum, Sijtijarnge (samisk språk- og kultursentrum i Hattfjelldal) og Nord universitet. Tusen takk til alle deltakarane i prosjektet for interessante samtalar om kulturminne og spor etter mennesket i landskapet. Takk til Marit L. Brekke, Knut Berntsen, Ole-Henrik Bjørkmo Lifjell, Tore Magnor Furuhatt, Frode Solbakken og Terje Solbakk og Ulf Kanon for velvillig hjelp og nyttig informasjon. Takk til Are Halse, Barbara Priesemann og Ann Kristin Klaussen ved Helgeland museum, Per Sjåvik og Alrunen antikvariat i Mosjøen og kollega ved Nord universitet Asbjørn Kolberg. Tusen takk til Vegard Johnsen, Kari Pettersen og Trude Gystad på universitetsbiblioteket si avdeling på Nesna, Erik Sandén ved Västerbotten museum for informasjon om odlingsgränsen, Bernhard Nordh-sällskapet ved Carina Strömberg, Nana Rise i Norsk Barneblad og Sverre Andreas Fekjan ved Spesialsamlingene ved UiB. Ein stor takk til Elisabeth Johansen og Marcus Bøhn ved Orkana forlag som hadde tru på prosjektet heilt frå starten av. Nord universitet har støtta prosjektet økonomisk og dermed gjort utgjevinga mogleg. Tusen takk til Rana historielag for støtte til prosjektet frå Iver Anker Heltzens minnefond. Takk til den anonyme fagfellen som gav meg fleire gode forslag til forbetringar. Sjølv om fleire har vore venlege og delt kunnskapen sin med meg, skuldast sjølvsagt alle feil og manglar i boka fullt og heilt forfattaren.

12


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.