STOFF #51

Page 6

k o m m e n ta r s t o f f

rett skal vere rett

Kvar morgen startar kampen om lesesalplassar på HF–biblioteket. Studentar frå alle fakultet strømmer til og kaprar seg fyrste og beste pult. Men kven står igjen som taparen uten plass? Jo, nemleg HF–studenten. Tekst Brynjulf O. Borge (pseudonym) Fotokollasj Kaspara Stoltze

Kva assosierer du med den gjengse HF-studenten? Lang frakk, bustete hår, runde briller, laus skjorte og ein sigarett? Viss du ser for deg eit medlem av Kristiania‑bohemen anno 1880 no, har eg gjort ein dårleg skildringsjobb. Tenkjer du heller på pensumet HF‑studenten les? Du ser kanskje for deg ein artikkel om den hermeneutiske sirkel, ein utgreiing om post­ kolonial kjønns­ teori, eller eit føredrag om Ludvig Holbergs komediar? Uansett veit du, som eg, at når denne HF‑studenten kjem til det flotte, lyse HF‑biblioteket, får ho ikkje leseplass i det heile. Kanskje får ho ein øyrelappstol i eit hjørne, men ein leseplass med pult og stol kan ho berre gløyme. Kvifor? Ho er eit B‑menneske som kom til ­biblioteket i 11‑tida, medan jus­studenten som tok den siste lese­ plassen var på ­biblioteket ved slaget 9.

den mykje biologisk overlegne jus­ studenten. Men eg vil påpeike, kjære darwinist, at det trass alt er snakk om HF‑biblioteket, ikkje det juridiske biblioteket. Kva gjer jus­ studenten her i det heile?

Ein darwinist vil påpeike at dette er eit typisk survival of the fittest‑tilfelle, der HF‑studenten diverre taper mot

Jus­studentene, og alle dei andre som ikkje høyrer til på biblioteket, har altså ein biologisk fordel framfor

06 stoff

For det er nemleg dette synet som møter meg kvar gong eg skal lese på mitt kjære HF‑bibliotek: Jus­ studentar, medisin­ studentar, jau til og med NHH‑studentar. Desse framande sit plutseleg i mi stove, og dei tek ikkje av seg hua før dei kjem. Jus­ studentane sit der med kvar si store, raude utgåve av Noregs lover og svarar meg når eg spør kva dei eigentlig gjør her at «det er så fint og lyst med de store vinduene!» (Jau, jusstudenter er bokmåls­ brukarar, sjølv i ein nynorsktekst). Sjølvsagt er det lyst her! Me treng alt lyset for å ikkje sovne når me les.

HF‑studenten: Dei er alle saman A‑menneske. Dei har allereie under­ streka første del av pensum før HF‑studenten i det heile har bladd til første side av ­ Klassekampen ­eller slurka noko kaffi. Dei et lunsj medan HF‑studenten opnar notat­ boka. Korleis skal dette fungera? Og korleis kan rektor Margareth Hagen ikkje leggje til rette for at B‑menneska også skal få leseplass på deira eiget bibliotek? Eg skjønar at det hadde vorte problematisk dersom UiB skulle ­ innføra segregeringa att. Studentar skal omgåast på tvers av fakultet, men kvifor insisterer desse student­ ane å gjere dette på min lesesal, og ikkje på Hulen, til dømes? Den innleiande studentskildringa mi er sjølvsagt basert på stereo­typar me har bygd opp sidan Det humanistiske fakultet si spede byrjing i 1948. Me skal ikkje diskriminera ved å tildela ein student eit fakultet basert på kva ho

har på seg, derfor – og pga. manko på empiri – har eg utelatt ein skildring av dei andre studentane. Men me kan, og bør, diskriminera folk basert på søvn­rytmen deira. Sidan det er me (B–menneska) som vert diskri­minert systematisk, vil eg ta til orde for at me nyttar eld mot eld og finn ein måte å diskriminera A–menneska på. Eg skulle gjerne forhandla med uni­ versitets­ byråkratiet, og funne ei diplo­ matisk løysning. Kan hende kunne me gjort som Abraham og valt den gode veg ved å berre gje jussen eit betre bibliotek med store, lyse vindauge. Men til no har ikkje nokre forhandlingar lukkast – folk lenge før meg har freista utan lukke. Så, HF–kameratar – uavhengig av kva politisk tilhøyrsel de skulle ha – sei det med meg: Sous les pavés, la plage! La oss riva opp fortauet, laga oss ein god gammaldags barrikade, og ta biblioteket vårt att!

desember 2021


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.