3 minute read
Gjev fleire skuleplassar
På få år har skulen vekst frå 60–70 elevar til over 600. Einskilde klassar må dele dagen seg i mellom og få undervisning på skift. Utdanning er det viktigaste me kan gje borna våre, seier viserektor ved skulen i Olesere, John Towett.
Advertisement
No leikar det mange born på skuleplassen til førskulen og barneskulen i Olesere. Men for få år sidan var dette ein skule med få elevar.
TEKST OG FOTO EGIL MONGSTAD I MASAI MARA, KENYA
Det er eit yrande liv på skuleplassen. Borna spring, leikar og spelar med ball i den kjølige morgonlufta. I aust vil sola snart ta skikkeleg tak, og varme opp både borna og landskapet. Etter at Basecamp Foundation, i samarbeid med Strømmestiftelsen, Skagerak Energi og Agder Energi, for få år sidan byrja arbei det med å ruste opp skulen, har fleire og fleire born begynt her. Frå å vere ein liten landsbyskule med 60–70 born for nokre få år sidan, er dette no ein førskule og barneskule med 600 elevar.
VIKTIG FOR LOKALSAMFUNNET.
–Støtta har vore svært viktig for oss. Utan utdanning vil me ikkje evne åendre dette samfunnet, seier viserektor John Towett. Han merkar ei stadig aukande interesse for skulen, og talet påelevar er no blitt så stort at i einskilde klassar må skuledagen delast og elevane gå på skift. – Det er ei gledeleg utfordring. Skulen er rett og slett blitt for liten, seier Towett.
Styreleiar for skulen, Dominique Koya, meiner det Basecamp Foundation og Strømmestiftelsen har gjort her har ført til betre skular, fleire born på skulen, betre helse og økonomisk vekst i området. – Utan gode skular vil det ikkje skje endring, utan meir merksemd på helse vil framleis enkle sjukdomar ta liv, og utan vatn ville veksten her vore mindre. Før brukte me mykje tid berre på å finne vatn. No, etter at det er bora etter vatn og bygd eit stort anlegg for å samle vatn, har folk fått det betre og på skulen kan dei hente vatn i springen. Dette samarbeidet endrar liv, seier Koya.
Skulen har også fått internat der borna som bur lengst unna kan bu.
ARBEIDSPLASSAR. – Det me har fått til her er gledeleg. Fleire born kjem på skulen og foreldra ser at det er viktig å være her, seier Towett.
Skulen har 17 lærarar, inkludert rektor. Samarbeidet gjer også at skulen blir godt utstyrt og lærarar utan formell utdan ning kan ta lærarutdanninga samstundes som dei er i arbeid. Åtte av lærarane får løn frå staten, dei andre må skulen syte for gjennom foreldrebetaling. Tre måna der kostar 1100 kenyanske shilling per elev (107 kroner), og for å bu på interna tet kostar det 5000 shilling (489 kroner).
ENDRAR SAMFUNNET. Dei fleste foreldra er også landeigarar og leiger bort jorda si til Naboisho Conservancey –som
JOHN TOWETT
trekk turistar til området og dermed også skaper arbeidsplassar. Den faste inntekta frå å leige bort jorda si gjer og at kvar familie gjerne sender fleire av borna sine på skulen. – Me vil at skulen skal spele ein viktig rolle i lokalsamfunnet. Med å byggje kunnskap og gje utdanning, er me med og endrar samfunnet vårt. Det borna lærer her, vil dei lære vidare til sine for eldre. Slik spreier me kunnskap om helse, hygiene, ernæring og menneskerettar, og fortel at barneekteskap og omskjering av jenter ikkje er riktig, seier Towett.
Kunnskapen borna tek med seg har òg stor ringverknad, til dømes i kampen mot augesjukdomen trakoma som er svært vanleg her. Det er ein smittsam sjukdom som ofte fører til at ein vert blind. – Augesjukdomen kan førebyggast med god hand- og ansiktsvask. Elevane lærer også om hygiene, kosthald og bruk av toalett, som også hindrar mange andre sjukdomar, seier viserektoren.
Han er særskild glad for at fleire jenter kjem til skulen. – Det betyr mykje. Sender du ei jente på skulen, utdannar du ikkje berre jenta, men heile familien hennar og heile lokal samfunnet, seier han.
Det er friminutt på skulen i Olesere. Borna strøymer ut frå klasseromma. Utdanning har fått eit nytt omdøme her i Masai Mara. – Det er borna som er framtida her. Den framtida skal me være med å gje dei, og det er det fint å være med på, seier viserektor John Towett.