Å bera nakne nyklar (9788241919060)

Page 1

Om Finna kyrkjedøra i meg (2018):

«... forfatteren har lyktes svært godt med å åpne dører inn mot hverdagens hellige rom.» far te in hor gar , Adressa «Å dekke et helt liv i ei bok på noen og seksti sider i en lyrisk drakt, er ikke enkelt. Men Genberg klarer både å skape ei helhetlig fortelling og gjøre den spennende på samme tid.» tor mar ti n år s eth, Namdalsavisa

ISBN 978-8-241-91906-0

Å bera nakne nyklar

«Når siste side er vendt, går du straks tilbake til start og leser boka en gang til.» f r e dr i k wan dru p, Dagbladet

Guten og familien hans er bundne til garden, til landskapet, til slekta, til sauene. Boka handlar om desse banda, på godt og vondt. Livet og garden vert skildra som ei vakker gåve, og ei krevjande plikt. Men boka er òg ei forteljing om den etterlengta kjærleiken mannen får oppleve i vaksen alder. Og om kjærleiken til litteraturen, som går som ein raud tråd gjennom familien, og som vert forløyst med eg-personen i tekstane.

Per Helge Genberg

I Å bera nakne nyklar skriv Per Helge Genberg sanseleg og lyrisk om livet på garden. Det er ei livshistorie, slektshistorie og ein liten bit av noregshistoria, som mange vil kjenne seg igjen i. I denne sjølvbiografiske forteljinga vever Genberg saman guten sine opplevingar med den vaksne mannen si tolking av stad, hendingar og slektningar.

Å bera nakne nyklar Per Helge Genberg

pe r he lge genb erg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han arbeider som byråkrat og bonde, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte med boka Finna kyrkjedøra i meg i 2018. Familie: mannen Øystein, mor Oddbjørg og sauene Ømjer, Phèdre, Øyfrid, Terna, Eivør, Shabana, Aylar, Wilhelmina, Ragna, Ingeborg, Jakobine og Hrafnheidur.

ISBN 978-82-419-1906-0

9 788241 919060

genberg-9788241919060-trykklart.indd 1-5

fo r fat ta r p o r t r et t: Marius Langfjord oms lag sfo t o : Sonja / Adobe Stock oms lag : Øystein Vidnes

08.01.2019 15:25



ĂĽ bera nakne nyklar



Per Helge Genberg

ĂĽ bera nakne nyklar


Copyright © Forlaget Vigmostad & Bjørke AS 2019 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsdesign: Øystein Vidnes Omslagsfoto: Sonja / Adobe Stock Papir: 70 g Holmen Book Cream 1,8 Boka er sett med 11,3/15 pkt. Adobe Garamond Pro 1. opplag 2019 ISBN: 978-82-419-1906-0

Side 13: «Ut vil jeg! – over de høye fjelle». Or Bjørnstjerne Bjørnson: Arne Side 40: «Myrulla på Lomtjennmyrene». Dikt av Hans Børli Side 40: «snø og granskog er heimsleg». Or diktet Snø og granskog av Tarjei Vesaas Side 56: «stryka ut och gå vidare». Or August Strindberg: Dödsdansen Side 56: «Nordlandssommerens evige dag». Or Knut Hamsun: Pan Side 63: uti, fyrir orrustu – tyder «ute, før kampen»

Spørsmål om denne boka kan du rette til Forlaget Vigmostad & Bjørke AS Kanalveien 51 5068 Bergen Telefon 55 38 88 00 Eller e-post til post@vigmostadbjorke.no www.vigmostadbjorke.no Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtalar om kopiering som er gjorde med Kopinor.


kom til meg, alle de som slit og har tungt ĂĽ bera; eg vil gje dykk kvile! (Evangeliet etter Matteus, 11. kapitlet, 28. verset)



Eg er barnet som gruvlar. Eg er mannen som minnest. KjĂŚrleik og hemn og redsle er i meg. Fjella vil fortelje vakre historier. Skogane vil svara om tryggleik, bekken plystre ein varsam song, og stigen over tunet vil teie. Alle vil bera fram sitt minne. Og eg vil vera tornane mellom blada.

7



I heimen min fanst aldri fyll, utruskap eller vald. Matstell og reinhald var nøyaktig, alle husa vart vedlikehaldne, dyra stelte godt med, jordvegen og fjellhyttene skjøtta, og dei nyaste maskinene innkjøpte. Stundom kunne det komma gjester for å sjå nystuggu, enda hovudbygningen var jamgammal med meg; fire–fem år på den tida. Stolt fekk eg følgje omvisinga, første og andre høgda, kjellaren til slutt; matrom, praktisk vask-kjellar, og så må dåkk sjåo snikkar-romme: Benk til høgre, mange hyller med verkty og utstyr. Og sauebjøllene, trædde på lêrreimer, lagra i ei pappeske gjennom vinteren. Storbjella, heidersteiknet til den søya me tykte var best det året, hadde vakrast klang, dei andre òg song ulikt; djupt, fyldig, skarpt, ned til kakkelbjellan, små og spisse i ljoden, for gimrar og søyer med berre eitt lam. Før dei første sauene skulle sleppast på beite, sette goffa seg i snikkarrommet, leitte fram feittet, og dei sprukne hendene hans smurde sommaren inn i bjøllereimene, gjernast

9


den kvelden ljoset i vest steig ned til dei nygrøne jorda, og alle visste at no skjer forvandlinga. Gommo og goffa budde borti stuggun, saman med syster til gommo og oldemor mi. Mamma, pappa – som var borte på arbeid mykje av tida – og eg heldt til i den mindre, eldre øverstuggu. I tunet stod ikkje ein unødig gjenstand framme, innanfor veggane rådde kalde ekteskap og gammalt agg.

10



Om Finna kyrkjedøra i meg (2018):

«... forfatteren har lyktes svært godt med å åpne dører inn mot hverdagens hellige rom.» far te in hor gar , Adressa «Å dekke et helt liv i ei bok på noen og seksti sider i en lyrisk drakt, er ikke enkelt. Men Genberg klarer både å skape ei helhetlig fortelling og gjøre den spennende på samme tid.» tor mar ti n år s eth, Namdalsavisa

ISBN 978-8-241-91906-0

Å bera nakne nyklar

«Når siste side er vendt, går du straks tilbake til start og leser boka en gang til.» f r e dr i k wan dru p, Dagbladet

Guten og familien hans er bundne til garden, til landskapet, til slekta, til sauene. Boka handlar om desse banda, på godt og vondt. Livet og garden vert skildra som ei vakker gåve, og ei krevjande plikt. Men boka er òg ei forteljing om den etterlengta kjærleiken mannen får oppleve i vaksen alder. Og om kjærleiken til litteraturen, som går som ein raud tråd gjennom familien, og som vert forløyst med eg-personen i tekstane.

Per Helge Genberg

I Å bera nakne nyklar skriv Per Helge Genberg sanseleg og lyrisk om livet på garden. Det er ei livshistorie, slektshistorie og ein liten bit av noregshistoria, som mange vil kjenne seg igjen i. I denne sjølvbiografiske forteljinga vever Genberg saman guten sine opplevingar med den vaksne mannen si tolking av stad, hendingar og slektningar.

Å bera nakne nyklar Per Helge Genberg

pe r he lge genb erg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han arbeider som byråkrat og bonde, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte med boka Finna kyrkjedøra i meg i 2018. Familie: mannen Øystein, mor Oddbjørg og sauene Ømjer, Phèdre, Øyfrid, Terna, Eivør, Shabana, Aylar, Wilhelmina, Ragna, Ingeborg, Jakobine og Hrafnheidur.

ISBN 978-82-419-1906-0

9 788241 919060

genberg-9788241919060-trykklart.indd 1-5

fo r fat ta r p o r t r et t: Marius Langfjord oms lag sfo t o : Sonja / Adobe Stock oms lag : Øystein Vidnes

08.01.2019 15:25


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.