du grøne, glitrande
oddgeir bruaset
DU GRØNE, GLITRANDE ei hyllest til juletreet
Copyright © Forlaget Vigmostad & Bjørke AS 2017 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Sats: Torill Stranger Omslagsdesign og layout: Torill Stranger Omslagsillustrasjon: Monica Almskår Heggset Papir: 130 g Arctic Volume White Boka er sett med Livory 1. opplag 2017 ISBN: 978-82-419-1513-0 Spørsmål om denne boka kan rettast til Forlaget Vigmostad & Bjørke AS Kanalveien 51 5068 Bergen Telefon 55 38 88 00 Eller e-post til post@vigmostadbjorke.no www.vigmostadbjorke.no Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtalar om kopiering som er inngått med Kopinor.
Omslagsfoto: Det finst dei som liker gamletida best, både i val av byggjeskikk og juletre. Folket i Oppistua i Jordalsgrenda på Nordmøre er blant desse. Foto: Monica Almskår Heggset. S. 2: Tenninga av lysa på treet var ei høgtidsstund, eit av høgdepunkta for julekvelden, og juletre med levande lys vart også eit vanleg julekortmotiv. Dette kortet frå 1912 er teikna av den svenske kunstnaren og illustratøren Jenny Nyström. Utlånt av Norsk Folkemuseum. S. 5: Sjølv om det finst fleire spor etter juletreet i ulike delar av Europa alt på 1400-talet, er det vanleg å seie at juletretradisjonen oppstod tidleg på 1500-talet i det som den gongen var tysk jord og vart kalla Elsass. No er det fransk område og best kjent som Alsace. Dette er den største byen i området, Strassburg (tysk) eller Strasbourg (fransk).
Det var handverkslauga som skapte juletretradisjonen. Dei reiste trea i laugslokala, eller ute på gater og torg, og saman med familiemedlemmene sine dansa dei rundt trea i fryd og glede. Foto: Jean Isenmann. S. 6: Med store auge og falda hender ser jenta eit juletre, kanskje for første gong. Somme har omtala det første møtet med treet som ei heilag stund. Biletet er kreditert Ludwik Szacinski, ein polsk flyktning som starta fotoforretning i Kristiania, og som i siste halvdel av 1800-talet gjorde stor suksess som portrettfotograf, mellom anna som kongeleg hoffotograf. Då Ludwik døydde i 1894, tok kona hans, Hulda, over drifta. Jenta på biletet var pleiedotter til Hulda og heitte Kalla Eriksen. Utan tvil var Hulda meister for dette blinkskotet, som er frå jula 1902. Utlånt av Oslo Museum.
du grøne, glitrande J Det første møtet
4|5
du grøne, glitrande J Det første møtet
innhald 9 13 23 39 49 57 61 93 99 119 139 155 167 187 201 213 229 253 261 271
føreord Juletreet – ei kongegåve frå vest Det første møtet Heilage tre og grøne greiner Det heidenske midtvinterblotet blir kristen høgtid Juletretradisjonen oppstår Treet har røter i heidendommen, men glans av kristendommen Julekrubbe eller juletre – katolisisme eller protestantisme Juletreet erobrar verda Treet møter motstand På juletreskogen «… og vi har pynte tre’ …» Julegrana «Her står vi nå i flokk og rad …» – eller gangen rundt treet Songen til treet Gåvene under treet På juletrefest Tid for å hauste Eit tre med meining kjelder
6|7
du grøne, glitrande J Det første møtet
føreord
J
uletreet er ikkje gammalt. Likevel er det blitt vårt mest samlande julesymbol. Tradisjonen oppstod i grenselandet mellom Tyskland og Frankrike tidleg på 1500-talet, og til oss kom det først for knapt 200 år tilbake. No lyser det i alle stover, i alle hagar og alle tun. Frå tidleg i november fyller det handlegatene og kjøpesentera. Det ville ikkje ha blitt ei retteleg jul utan juletreet. Men korleis begynte det? Kvar vart den første grana reist, og kvifor skjedde det? Korleis vart treet teke imot då det kryssa grensa til Noreg? Og korleis har det fått den posisjonen det har i dag? Det er slike spørsmål denne boka prøver å gje svar på. Og lat det vere sagt, historia om juletreet er spennande og full av overraskingar. Eg takkar forlaget Vigmostad & Bjørke som gav meg oppdraget med å skrive boka om juletreet. Særleg rettar eg ei varm takk til Anne Arnesen Mørch, som har vore redaktør for både teksten og bileta, og som med iver og entusiasme har lagt ned eit imponerande arbeid. Vidare takkar eg informantar og fotografar som utan unntak har møtt meg med velvilje. Takk vere mange gode medarbeidarar har eg fått høve til å fortelje om den strabasiøse vegen juletreet har hatt på si vandring, fram mot dei norske heimane. Eg håper boka fortel ei historie som er juletreet verdig. Ålesund, august 2017 Oddgeir Bruaset
8|9
◀ Å få bli med på juletreskogen og hente sitt eige tre står for mange som eit av dei kjæraste barndomsminna dei har. Dette er born frå Jordalsgrenda på Nordmøre. Biletet er lånt ut av Maria Høyvik. ▼ Neste bilete: Julegrana er tend, det er gammaldags julestemning i Gamle Fredrikstad. Foto: Walter Schøffthaler.
du grøne, glitrande J Det første møtet
10 | 11
du grøne, glitrande J Det første møtet
juletreet – ei kongegåve frå vest
D
esembermørket har lagt seg over land og hav. Sjøen går tung der ute, og skumsprøyten slår over båtane som baskar seg inn mot norskekysten, i farvatnet sørvest for Bergen. Ikkje eit lys, ikkje ein blenk er å sjå. Alle lykter er sløkte. Landet er okkupert, og mannskapet på dei to motortorpedobåtane er såre klår over at tyske vaktbåtar kan liggje bak neste nes. Men kanonstillingane på land bør dei vere trygge for, så stupande mørk som denne førjulskvelden i 1943 er. Hadde ikkje fleire av mennene om bord vore lokalkjende, hadde dei aldri greidd å åle seg fram gjennom dei tronge og grunne sunda. Mennene om bord tilhøyrer Shetlands-gjengen, denne gruppa av nordmenn som vågar livet sitt for å hjelpe andre, anten det er ungdommar som vil over Nordsjøen for å vere med i kampen mot naziveldet, eller det er flyktningar som har drive illegalt arbeid i heimlandet, og som no kjenner det for utrygt å bli verande. På denne turen har mannskapet dessutan eit oppdrag som skil seg frå alle andre. Historia begynte eitt år tidlegare – like før jul i 1942. Offiserane på motortorpedobåtane er godt orienterte om utviklinga av krigen. Det har vore mange tunge slag å døyve, ikkje minst for dei som sit i det norske eksilministeriet i London og kjenner på avmakta. Aller tyngst synest kongen å ha det. Kong Haakon
12 | 13
◀ Levande lys og raude kuler på grøne greiner, juletre framfor småruta glas med blondegardiner – vakkert og stemningsskapande, men farleg. Foto: Tor Sivertstøl.
du grøne, glitrande J Juletreet – ei kongegåve frå vest
VII lir med folket sitt. Det er ikkje mykje å gle seg over, sjølv om det har vore ei lysning no etter at USA kom med i krigen. Framfor den tredje julehøgtida i framandt land hadde nokon i Shetlands-gjengen fått ein idé: Kongen treng ei julegåve som kan lyse opp, ei helsing frå heimlandet. Kronprinsen har reist til USA for å feire jula saman med familien sin på Pooks Hill, slik han kom til å gjere kvar jul i krigsåra, og for majesteten vil det bli ei ny jul utan dei næraste rundt seg. Seint ein kveld oppunder jul legg ein motortorpedobåt frå Shetlands-flåten seg til ein stad på kysten av Vestlandet. Dei som ikkje er att for å halde vakt om bord, går i land, og i tillegg til våpena dei har i hendene, ber ein av mennene på ei øks. Medan løytnant Ragnvald Tamber og resten av dei ilandsette står vakt med kvar sin ladde maskinpistol, høgg ein mann ned eit lite grantre og tek det med om bord. Dei siste tre åra av London-opphaldet budde kongen og kronprinsen på Foliejon Park, nær Windsor, 3–4 mil vest for sentrum av London. Foliejon Park var frå gammalt eit kongeleg gods, men hadde i fleire hundre år vore på private hender med skiftande eigarar. Dei åra dei kongelege budde på residensen, var det familien Dormer som både stod som eigar, og som levde der. Saman med denne familien brukte kongen å feire jula på Foliejon, om vi ser bort frå dei gongene han var gjest hos den britiske kongefamilien første juledag.
14 | 15
Anders Merkesdal frå Austevoll var motstandsmann og var med i Shetlandsgjengen og kompani Linge. Oppunder jul i 1943 fekk han det ærefulle oppdraget med å hente juletre til kong Haakon. Faren hans tok det frå granhekken han hadde planta rundt huset sitt. Samstundes gav sonen dette passbiletet av seg til foreldra. Dei gøymde det under linoleumen på kjøkengolvet til krigen var over. Biletet er lånt ut av Mariann Andresen. ◀ Kong Haakon og kronprins Olav lyttar på BBC under krigen. Biletet er teke sommaren 1942, ikkje lenge etter at dei flytta inn på Foliejon Park. Foto: David E. Scherman, Life Magazine / NTB Scanpix.
Når han kjem inn i salongen der julekvelden skal feirast, står eit juletre og lyser mot han. Det er ikkje stort og staseleg, men viktigare er det han får høyre – granbusken er norsk, han er henta frå Vestlandet av folk frå Shetlands-gjengen og transportert vidare med sjøfly frå Shetland til London, der norske representantar har teke imot det og ført det til Foliejon Park. Treet er ei helsing frå kongens landsmenn. Det er grunn til å tru at kongen vart både rørt og glad over det han såg og høyrde. Og no er det snart jul på ny. Året er 1943. Så takksam som kongen vart over treet han fekk sist jul, lyt det hentast eit nytt tre frå gamlelandet til denne høgtida òg. 26 år gamle Anders Merkesdal frå Austevoll er ein av det trettitals store mannskapet som har kryssa Nordsjøen denne dagen. Dei la ut frå basen i Scalloway på Shetland tidleg om morgonen, og no når klokka nærmar seg midnatt, går dei for sakte fart gjennom Busepollen i Austevoll. Dei smyg seg inn i ein trong fjordarm og gøymer seg bak Hatleholmen. Etter avtale med mannskapet og sjefen om bord skal Anders få ta ein tur heimom. Staden ligg berre ein halvtime unna. Saman med ein kamerat, «Store-Gustav», set han seg i ei jolle og ror dei to–tre kilometrane søretter mot Hestavika, der barndomsheimen hans ligg. Han har ikkje vore heime sidan han rømde landet ein vårdag for snart tre år sidan. Han veit ikkje eingong om foreldra bur i huset, eller om tyskarane har jaga dei ut og teke over heimen hans. Han er spent på kva som vil møte han. Spenning har det elles vore nok av sidan sist han såg foreldra. Anders var blant dei første motstandsmennene som kryssa Nordsjøen, og han vart med på å byggje opp kompani Linge. Under eit forlis på nordmørskysten hausten 1941 var han nær ved å misse livet, og saman med ein annan motstandsmann
du grøne, glitrande J Juletreet – ei kongegåve frå vest
måtte han ta seg søretter den lange vegen mot Austevoll. Somtid gjekk dei til fots, andre gonger rende dei på ski, og stundom sat dei ved årane i robåtar dei hadde lånt. Ikkje sjeldan laut dei krysse vegar der tyskarane heldt vakt. Berre ein månads tid etter at han kom tilbake på Shetland, var han med på Måløy-raidet, tredje juledag 1941, der allierte gjekk til åtak mot tyske anlegg og forlegningar ytst i Nordfjord. Under raidet miste Anders sjefen sin, kaptein Martin Linge. Og første månaden av det året som no går mot slutten, var han med på Sagvåg-raidet på Stord. Der saboterte kommandosoldatar Stordø Kisgruber, for å hindre at svovelkisen vart brukt i tysk våpenindustri. Sjølv var Anders blant dei som kom i harde kampar mot tyskarane attmed festningsanlegga på Bjelland og Tittelsnes ved innløpet til Hardangerfjorden. Også denne gongen er han ute på farleg oppdrag. Utanom å hente juletre til kongen er målet å gjere skade på tyske skip lenger inne i fjordane. Jau, krigsåra har bydd på nok dramatikk, men sjeldan har han vore meir spent enn no når han er framme ved barndomsheimen. «Store-Gustav» finn seg ein strategisk stad i hagen og tek ladegrep med maskinpistolen. Anders trekkjer pistolen og listar seg fram mot inngangen. Døra er ulåst. Han tolkar det som eit godt teikn. Foreldra hans bruker ikkje å låse døra. Han famlar seg gjennom dei mørklagde romma, finn døra til soverommet og opnar ho på gløtt. Han kjenner att pusten til foreldra, den trygge, rolege pusten han hugsar frå barneåra, når han hadde vakna og ville krype opp i senga til dei. Ei kjensle av vemod veks fram i han. I det same høyrer han at mora vaknar. Ho aner kanskje at nokon er kommen inn i rommet. I desse urolege tidene søv ein lett. «Det er Anders», kviskrar han. «Å, er det du?» svarar ho, heller likesælt. Han skjøner ho
16 | 17
du grøne, glitrande J Juletreet – ei kongegåve frå vest
Det første norske juletreet på Trafalgar Square vart reist i 1947, og i alle dei 70 åra som sidan har gått, har ei ny julegran blitt sendt til London. Gåva uttrykkjer ei takk for den hjelpa Noreg fekk av britane under den andre verdskrigen. Biletet er henta frå arkivet til Landslaget for reiseliv i Norge / Riksarkivet.
trur det er søskenbarnet hans. Begge heiter Anders og er kalla opp att etter den same bestefaren. «Det er meg, Anders», seier han igjen, men høgre og meir inntrengjande. Johanne er med eitt lys vaken og reiser seg på olbogane. Det går eit sekund eller to. Det neste ho seier, kjem Anders aldri til å gløyme: «Har du kaffi?» Jau, Anders har kaffi, og han har brød baka av kvitt mjøl. Foreldra og dei to brørne til Anders kjem seg på beina. Det blir eit hjarteleg møte. Dei talar om det Anders har opplevd av krigens herjingar, og om korleis familien merkar krigen her heime. Utpå natta finn faren fram ei øks og går ut. For ein del år tilbake planta han ein granhekk rundt huset sitt, til vern mot havstormane, og han har stelt vel om han. No leitar han seg fram til det som må vere det finaste treet i heile hekken, og høgg det ned. «Du får ta det med til England og gje det til kong Haakon», seier Jørgen då far og son tek farvel med kvarandre. Dei to motortorpedobåtane blir
18 | 19
liggjande eit par–tre dagar. Om nettene er dei på oppdrag og sender velretta skyts mot tyske skip som har lagt seg til inne i Langenuen, den smale fjorden mellom Stord og Tysnesøya. Om dagane ligg dei i løynd attom Hatleholmen i Busepollen. Som dei gode nordmennene dei er, blir både far og eine bror til Anders bedne om bord, og når dei takkar for seg, får dei med seg rikeleg av både tobakk og kaffi. Visst skal Johanna få den julekaffien ho lengtar etter. På avreisedagen ser mennene på MTB-ane ein tysk vaktbåt komme sigande inn mot Hatleholmen. Dei er nok på utkik etter torpedobåtane som har gjort skade lenger inne i fjordane dei siste nettene. Det norske mannskapet forstår at dei er oppdaga. Situasjonen er farleg. Her kan det bli skotveksling. Tyskarane vil ha hemn. Pulsen stig medan motstandsmennene gjer seg klare til kamp. Men så blir den tyske båten med eitt liggjande still. Litt etter litt skjøner nordmennene at båten har gått på eit undervasskjer. Tyskarane har kanskje vore meir opptekne av å sjå i kikkertane sine enn å halde auge med kart og kompass. Ei fiskeskøyte som ligg og lossar materialar i nærleiken, blir tvinga til å prøve å slepe fartøyet av grunnen, men slepetauet ryk, og forsøket lyt gjevast opp. I staden bestemmer tyskarane seg for å vente på floda. Og på høgvatn utpå ettermiddagen kjem båten seg av skjeret for eiga hjelp. Straks stikk han av. Med det blir ein blodig batalje unngått. Etter at kveldsmørket har løynt landskapet, forlèt to norske motortorpedobåtar Austevoll. Om bord er tretti modige menn og eit norsk juletre. På vegen ut plukkar dei opp fleire karar som kjenner at det begynner å brenne under føtene deira. Hendingane dei siste døgna har ikkje gjort situasjonen tryggare. Det som hende nord i Telavåg, er ikkje gløymt. I dagane som følgjer, går tyskarane frå hus til hus i øysamfunnet for å finne ut kven som står bak øydeleggingane. Blant
du grøne, glitrande J Juletreet – ei kongegåve frå vest
dei som får besøk, er Johanna og Jørgen Merkesdal. Dei er førebudde og speler uskuldige. Julekaffien er godt gøymd, og eit bilete som Anders hadde gjeve mor si, eit foto av motstandsmannen i stram uniform, er heller ikkje å sjå. Det ligg under linoleumen på kjøkengolvet. * Historia om juletreet, kongegåva frå vest, har noko å seie oss. Ho fortel om eit folk som heldt kongen sin høgt, og om ein konge som elska folket og landet sitt. Men ho fortel også noko anna. Ho fortel at alt under krigen var juletreet blitt vårt kjæraste, mest håpefulle og samlande julesymbol. Eit halvt hundre år tidlegare visste ikkje alle nordmenn kva eit juletre retteleg var. I dag har meir enn 90 prosent av oss eit grønt og glitrande tre ståande i stova når året er på sitt mørkaste. Vi går i ring rundt det og syng. Vi gler oss over det, over glimande band og blenkjande kuler, over lys og klokker og «høgt i toppen den blanke stjerne … Velkommen, du som vi ser så gjerne!». Kva er det med dette treet?
Berre det vakraste er vakkert nok for juletreet. Foto: Erik Birkeland, Romsdals Budstikke.
20 | 21