Finna kyrkjedøra i meg (9788241915970)

Page 1

finna kyrkjedøra i meg er ei sterk og sår forteljing om å vekse opp på landsbygda i ei tid då det å vera homofil var enda meir skambelagt enn i dag. Det handlar om å vera vennelaus og om sosial skade. Det handlar om å vera seg sjølv der ein bur, og om å finna og få leva med den store kjærleiken. Det er ei forteljing gjennomsyra av bondens kjærleik til gard, jord og dyr, ein kjærleik like sterk alle dagar gjennom året.

Per Helge Genberg FINNA KYRKJEDØRA I MEG

Den tretten år gamle guten ser ein vaksen mann gå avkledd på ein varm dag. Det vekker ei spenning som er nok til å skjøne at tiltrekkinga går i «feil lei». Kva skal no skje med odelen, den ætteplikta som er planta så djupt i han, og kva med den nedervde omsorga for dyra? Alt kan slutte med han.

Per Helge Genberg ( f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han arbeider som byråkrat og bonde, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte i Signaler 2016. Familie: mannen Øystein, mor Oddbjørg og sauene Ømjer, Phèdre, Øyfrid, Terna, Eivør, Shabana, Aylar, Wilhelmina, Ragna, Ingeborg, Jakobine og Hrafnheidur.

Vigmostad & Bjørke



finna kyrkjedøra i meg



Per Helge Genberg

finna kyrkjedøra i meg


Copyright © Forlaget Vigmostad & Bjørke AS 2018 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsdesign: Trine + Kim designstudio Papir: 100 g Munken Print Cream 15 Boka er sett med 11,3/15 pkt. dobe A Garamond Pro 1. opplag 2018 ISBN: 978-82-419-1597-0 Sitatet på s. 10 er henta frå songen «Kommer nå» av Stein Ove Berg. Den vart utgjeven på albumet med same navn i 1974. Spørsmål om denne boka kan du rette til Forlaget Vigmostad & Bjørke AS Kanalveien 51 5068 Bergen Telefon 55 38 88 00 Eller send e-post til post@vigmostadbjorke.no www.vigmostadbjorke.no Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtalar om kopiering som er gjorde med Kopinor.


til ø ystein



I

som eit bilete du aldri kan gü inn i



Sommarnatt; eg ligg og ser innover i rommet. Livet, slik det skal bli, teiknar seg av i kubikkmetrane med luft mellom meg og den bortaste veggen. Eg har nett fylt tretten år og skulle ikkje måtta gå inn hit. Inn i vissa. Inn på vegen over fjell, varda med einsemd. Eit bilete av ein popsongar med open skjorte i eit vekeblad eller ein tilfeldig vaksen mann avkledd på ein varm dag var nok til å skjøne. Undrast, men etter eitpar liknande visuelle hendingar vera viss på at den nyfikne spenninga definitivt gjekk i feil lei. At løyndomen er ubryteleg, at mi vaknande kraft er utanfor ei kvar trygg ramme, og at eg ikkje kjem til å oppfylle ætteplikta dei har planta djupt i meg. Redsla: Eg kan ikkje vera åleine i dette. Redningsgåva: Trua. Du er elska.

9


Snart står hestehov og blåveis langs den veien jeg må gå kommer nå, nå, våren kommer nå. Røysta til Stein Ove Berg svarar på naudsignalet som ligg knebla i lag med dei andre samvitsfangane mine. Innanfor den bleike panna og det lange håret til niandeklassingen byrjar kapasiteten av låsbare celler og klausulerte arkiv bli for liten: Kategori Homofili Sosial utestenging / mobbing Stundom kjensle av å skulle misse medvitet

Gradering Hemmeleg for alle Hemmeleg heime Hemmeleg heime

Eg går på eit ansvarspreparat, det får meg til å skjemmast over alle nederlag. Nokon har gjevi meg det sidan den augustdagen eg vart eksponert for desse framande som blir kalla jamaldringar.

10


Der, nedanfor skoletrappa, vart noko openberra i heilage ritar berre dei andre kjende. Ni år og ingen barnebursdagar seinare søkjer eg framleis den løynde formelen, utsliten etter dei brutale leseprøvene til friminutta sitt kammerspel. Flyktar inn til sauemulen, til snøgge klask av klauver i snøbrånande vassikkel, lamma og søyene kring meg i snaufjellssommaren, vona som luktar gammalt treverk og friskt høy, og den nedervde omsorga som set alt anna til side når ei høgdrektig søye byrjar vandre i ring før veane.

11


finna kyrkjedøra i meg er ei sterk og sår forteljing om å vekse opp på landsbygda i ei tid då det å vera homofil var enda meir skambelagt enn i dag. Det handlar om å vera vennelaus og om sosial skade. Det handlar om å vera seg sjølv der ein bur, og om å finna og få leva med den store kjærleiken. Det er ei forteljing gjennomsyra av bondens kjærleik til gard, jord og dyr, ein kjærleik like sterk alle dagar gjennom året.

Per Helge Genberg FINNA KYRKJEDØRA I MEG

Den tretten år gamle guten ser ein vaksen mann gå avkledd på ein varm dag. Det vekker ei spenning som er nok til å skjøne at tiltrekkinga går i «feil lei». Kva skal no skje med odelen, den ætteplikta som er planta så djupt i han, og kva med den nedervde omsorga for dyra? Alt kan slutte med han.

Per Helge Genberg ( f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han arbeider som byråkrat og bonde, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte i Signaler 2016. Familie: mannen Øystein, mor Oddbjørg og sauene Ømjer, Phèdre, Øyfrid, Terna, Eivør, Shabana, Aylar, Wilhelmina, Ragna, Ingeborg, Jakobine og Hrafnheidur.

Vigmostad & Bjørke


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.