Men han skriv ikkje om korleis eit hjarte berre kan slutta å slå, og han skriv ikkje om mamma. Han viser ikkje boka til nokon. Ingen får lesa Gunnars rekordbok.
Anders Totland
Gunnar har ei bok som er full av rekordar. Der skriv han om Sivert, som er verdas beste kamerat, om far til Sivert, som må vera verdas blidaste mann, om pappa, som berre ligg på sofaen og er den tristaste Gunnar veit om. Og om Vilde, som har verdas finaste smil.
Anders Totland
GUNNARS REKORDBOK ✩
✩
✩ RDB O ✩K GUNNARS REK O
2023_GUNNARS_REKORDBOK_OMSLAG_spot_v19.indd 3
11.12.2023 10.16
anders ToTland
Copyright © Vigmostad & Bjørke AS 2024 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsillustrasjon og -design: Åshild Irgens Papir: 90 g Lux Cream Boka er sett med 14/20 pkt. Sabon LT Pro 1. opplag 2024 ISBN: 978-82-419-6220-2 Spørsmål om denne boka kan du retta til Vigmostad & Bjørke AS Kanalveien 51 5068 Bergen Telefon 55 38 88 00 Eller e-post til post@vigmostadbjorke.no www.vigmostadbjorke.no Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtalar om kopiering som er gjorde med Kopinor. Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produsert i miljøsertifiserte trykkeri.
kaPITTel 1
Eg møter Sivert ved postkassane. Kvar dag, klokka åtte presis. Sivert er bestevenen min. Eg trur han må vera verdas beste ven. Så stille eg klarer, går eg gjennom huset om morgonen. Vil ikkje vekka pappa. Eg lukkar døra forsiktig bak meg og listar meg ut på grusen. Det knitrar under skoa, men det gjer ikkje noko. Pappa søv som regel ganske tungt, og no er eg uansett ute. Her kan han ikkje høyra meg. Eg går over graset, der tunge dropar heng frå dei høgaste stråa i plenen. Så kryp eg gjennom holet i hekken og klarer nesten å unngå å få skit på knea. 5
Det er eit hemmeleg hol. Heilt nede med bakken. Det var eg og Sivert som laga det, for mange år sidan. Men det er ingen andre som veit om holet i hekken. Og det siste året er det stort sett berre eg som har krope gjennom det. «Hei», seier Sivert. Han står og ventar på meg. Sivert har på seg dei nye skoa som han kjøpte sist han besøkte mora, før sommaren. Det er dei kvitaste skoa eg har sett. Far til Sivert svingar ut av garasjen. Den raude sportsbilen glinsar i sola. Han rullar ned ruta og stikk ut hovudet. «Hopp inn, så køyrer eg dykk til skulen», seier far til Sivert. Far til Sivert er veldig blid. Eg trur han er den blidaste mannen eg kjenner. Han smiler i alle fall mykje. «Det er lenge sidan eg har sett far din ute no», seier far til Sivert.
6
Han kikkar i spegelen, så eg kan sjå at han ser på meg. «Korleis går det eigentleg med han?» Eg trekker på skuldrene. Vil helst ikkje snakka om pappa. «Sikkert bra», seier eg. «Så bra», seier far til Sivert. Han smiler igjen, men no er det berre munnen som smiler. Det er rart å sjå verdas blidaste mann smila så trist. Men han spør i alle fall ikkje meir. Berre nynnar med til musikken på bilanlegget. Utanfor skulen ventar Birger på den faste plassen sin, på gjerdet attmed sykkelstativet. Det er alltid han som kjem først til skulen. Han sit berre der med eit av dei gamle teikneserieblada sine og ventar. Eg veit ikkje kvifor han går heimanfrå så tidleg, men han er der i alle fall før Sivert og meg, kvar einaste dag. «Neimen, er det ikkje Stivert og LoppeLars?» seier Birger.
7
Han er ganske dårleg til å laga kallenamn. Det er ingen av oss som heiter Lars. Ofte kallar han meg heilt andre ting òg. Sutre-Svein eller Fretex-Frode, det er alltid noko nytt. Men eg seier ikkje noko. Ikkje Sivert heller. Me går berre forbi, det er det same kvar dag. Så lenge me ikkje svarar, går det som regel over. Eg veit korleis det er. Far til Sivert tutar med bilen og køyrer ut på vegen igjen. I det same kjem Kim og Vilde syklande. Den gule sykkelen til Vilde, med rosa blomemønster, er den finaste sykkelen eg veit om. «Hei», seier Vilde. Ho smiler med heile ansiktet og får hjartet til å pumpa raskare i brystet mitt. Eg har lese ganske mykje om hjartet. Det er eigentleg berre ein muskel som pumpar blod ut i kroppen. Eller berre og berre, eg trur det må vera den viktigaste muskelen me har. Me hadde definitivt ikkje klart oss utan, så det
8
er bra at det pumpar. Pump, pump, pump, blod ut i kroppen. Så enkelt skal det liksom vera. Men eg veit jo at det ikkje er sånn. Og hos meg begynner hjartet å slå heilt ukontrollert når Vilde smiler. Det er nesten som om hjartet kjem ut av balanse, som ein sjukdom eller eit virus som kludrar til heile systemet. Viss nokon hadde visst kva som skjer med kroppen min, hadde dei garantert sett meg i isolasjon. To veker karantene, til hjartet blir normalt igjen. Minst. «Hei», seier Sivert. Eg prøver å smila, men det er ikkje så lett. Ikkje når Vilde står der og smiler. Sjølv om eg prøver, blir berre ansiktet mitt heilt rart. Og når eg seier «hei», blir det berre ein kort lyd frå langt nede i halsen. Vilde parkerer sykkelen i stativet og smiler igjen. Det er verdas finaste smil.
Men han skriv ikkje om korleis eit hjarte berre kan slutta å slå, og han skriv ikkje om mamma. Han viser ikkje boka til nokon. Ingen får lesa Gunnars rekordbok.
Anders Totland
Gunnar har ei bok som er full av rekordar. Der skriv han om Sivert, som er verdas beste kamerat, om far til Sivert, som må vera verdas blidaste mann, om pappa, som berre ligg på sofaen og er den tristaste Gunnar veit om. Og om Vilde, som har verdas finaste smil.
Anders Totland
GUNNARS REKORDBOK ✩
✩
✩ RDB O ✩K GUNNARS REK O
2023_GUNNARS_REKORDBOK_OMSLAG_spot_v19.indd 3
11.12.2023 10.16