K ARI FAUSK ANGER
Quiz-general Jan Arild Breistein, redaktør Trine Eilertsen og stortingsrepresentant Helge André Njåstad, alle med røter på strilelandet, stiller også
OG ANNA GODTFOLK
SPØRJEBOK FOR STRILAR
med eigne quizbolkar.
Strilequiz
I Strilequiz – spørjebok for strilar og anna godtfolk finn du svara. Dei over 600 spørsmåla i boka utfordrar deg på ord og uttrykk, geografi, historie, litteratur, mat, kristenliv og Melodi Grand Prix – for å nemne noko. Boka er i tillegg krydra med sitat om og av strilar, og observante vegfarande får testa ut lokalkunnskapen på biletspørsmåla i boka.
K ARI FAUSK ANGER
Kva er du når du er håttalaus? Kva er den største øya på strilelandet? Og kjem kjendisstylisten Jan Thomas frå Storebø eller Litlelindås?
God strilequiz!
www.vigmostadbjorke.no ISBN 978-82-419-1378-5
,!7II2E1-jbdhif!
Strilequiz
SPØRJEBOK FOR STRILAR OG ANNA GODTFOLK
K A R I FAU S K A N G E R
er ekte stril. Ho er fødd på Askøy, gjorde unna barneåra i Fusa, men hadde ungdomstida på Askøy. Ho er gift med ein Arna-stril og har familie i fleire strilekommunar. Ho har jobba som kulturjournalist i Bergens Tidende og har farta mykje rundt på strilelandet. I BT var ho ein flittig quizleverandør både til papir- og nettutgåver. Kari Fauskanger er utdanna bibliotekar.
Strilequiz
K A R I FAU S K A N G E R
Strilequiz SPØRJEBOK FOR STRILAR OG ANNA GODTFOLK
Copyright © Forlaget Vigmostad & Bjørke AS 2017 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsdesign: Paulina Mingiacchi Omslagsillustrasjon: Paulina Mingiacchi Alle foto: Magne Reigstad Papir: G-print 115 g Boka er sett med Niveau Grotesk 9/12 pkt. 1. opplag 2017 ISBN: 978-82-419-1378-5 Forfattaren har fått tilskot frå Hordaland fylkeskommune. Spørsmål om denne boka kan du rette til Forlaget Vigmostad & Bjørke AS Kanalveien 51 5068 Bergen Telefon 55 38 88 00 Eller e-post til post@vigmostadbjorke.no www.vigmostadbjorke.no Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtalar om kopiering som er gjorde med Kopinor.
Forord Ei quizbok for og om strilar må naturlegvis stille det viktigaste spørsmålet av dei alle: Kva er ein stril? Helst skal det komme eit svar òg, eit presist og godt svar alle kan einast om. Men allereie her, på det mest grunnleggjande av alle spørsmål i boka, melder vanskane seg. For kva er eigentleg ein stril anno 2017? Er det eit omgrep det gjev meining i å bruke i ein urban og global tidsalder? Eller er det eit uttrykk som heng att frå gamalt, frå den tida strilen stod med «palehua» i handa og falbaud «fisk og pote» til rappkjefta bergensmadammer på torget? No for tida er vi alle verdsborgarar. Bymann og stril googlar, chattar og sender selfiar. Vi kjenner alle ein stril med «hytte» i Syden og arbeidsadresse utaskjers. Der det før var ølmonopol, er det no ølsal i alle butikkar. Ja, til og med Vinmonopolet er på plass i fleire av dei som her vert rekna som strilekommunar. Strilen er ein nordmann av i dag. Han fyller statskassa med oljepengar, forsyner Europa med energi og la fossar i røyr lenge før det vart politisk korrekt å snakke om fornybar energi. Laks og aure frå stilelandet er på matborda over heile verda. Det er min påstand at strilekulturen står sterkare enn på lenge.
5
Samstundes er strilelandet i endring. Gamle grenser vert fjerna og nye kommunekart teikna. Oljeverksemda som har prega utviklinga på strilelandet, er i omstilling. Dei neste åra blir eit tidsskifte for havstril, slostril, bondestril, bystril og alle andre som kjenner slektskap til strilelandet. Derfor er nettopp no tida for å setje seg ned og sjå attende på det som har vore, og på det som er. Som den franske filosofen Simone Weil har sagt det: Dersom ein ikkje kjenner fortida, forstår ein ikkje notida, og forstår ein ikkje notida, eignar ein seg ikkje til å forme framtida. Boka du held i hendene, tar ikkje mål av seg til å vere eit historieverk. Boka vil på uhøgtideleg vis avsløre kor lite eller kor mykje du veit om eiga og naboane si fortid og notid. Det er hendingar nok å ta av. Strilelandet har vore heimlandet for nordmenn sidan dei eldste tider. Strilar har markert seg i noregshistoria frå Steingrim Stryl (kanskje frå Askøy) til Erna Solberg (heilt sikkert frå Fana). Men strilen er som alltid på offensiven inn i ei ny tid. Det lovar vel for framtida – strilen vil stå han av, denne gongen òg. I mellomtida kan vi setje oss ned med spørjebok og godt selskap. God quiz!
Geografisk avgrensing Eg har valt å la boka omfatte dei 17 strilekommunane slik bokverket Strilesoga frå slutten av 1990-åra gjer det. Der er følgjande kommunar med: Askøy, Austevoll, Austrheim, Fedje, Fjell, Fusa, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Sund, Vaksdal og Øygarden. Dette er kommunane slik dei vart etter dei førre store kommunesamanslåingane i 1960-åra. I 1972 slukte Bergen mykje godt strileland. Kommunane Fana, Arna, Åsane og Laksevåg vart alle bydelar i Bergen, men det lever framleis strilar der. Jamvel i Bergen sentrum finst det
6
dei som har røter djupt planta i strilejorda. «Den aller første bergenser var sannsynligvis en stril», som forfattar Gunnar Staalesen seier. StrileBergen måtte derfor få ein raus plass i quizboka.
Kjelder I arbeidet med ei quizbok mest til løye er det ikkje litteraturlista eg har tenkt mest på. Informasjonen er henta litt her og litt der. Men nokre kjelder skal likevel nemnast. Mykje er henta frå internett. Kommunane sine nettstader har vore flittig besøkt. Andre nettstader som Kartverket, Språkrådet, SSB og Hordaland fylke har òg vore gode hjelpemiddel. Det har òg avisdatabasen Atekst. Eg har klikka på lenkjer og rota meg langt inn i verdsveven på jakt etter kunnskap og gode sitat. Av trykte kjelder har eg først og fremst støtta meg til Kulturhistorisk vegbok og Naturhistorisk vegbok og til det fabelaktige bokverket Strilesoga, særleg band 5. Kartbok for Vestlandet har vore uvurderleg. Nemnast må også nettstaden til Nasjonalbiblioteket: bokhylla.no. Når dette er sagt: Upresise opplysningar står fullt og heilt for quizforfattaren si rekning. Og sist, men ikkje minst, takk til strilane Jan Arild Breistein, Trine Eilertsen og Helge Andre Njåstad som alle har medverka i boka.
7
Innhald 11
Strilequiz – Oppvarming
79
Øygarden
13
Smakebitar frå tema som møter deg seinare i quizboka
83
Strilebyen Bergen
87
Temaquiz
15
Kommunequiz
87
Stril – heilt konge
15
Askøy
91
Kultur
19
Austevoll
95
Historie
23
Austrheim
99
Den andre verdskrigen
27
Fedje
103
Litteratur
31
Fjell
107
Fotball
35
Fusa
111
Natur
39
Lindås
115
Persilledusken og annan strilemat
43
Masfjorden
119
Politikk
47
Meland
123
Samferdsel
51
Modalen
127
Populærkultur
55
Os
131
Geografi
59
Osterøy
135
Grand Prix-spesial
63
Radøy
139
Kyrkje og kristenliv
67
Samnanger
143
Ord og uttrykk
71
Sund
147
Sport
75
Vaksdal
151
Næringsliv
9
155
Over kommunegrensene
159
Ulykker og katastrofar
163
Strilelandet i tal
167
Oppdikta strilar
171
Hurtigquiz
171
Kjent eller ukjent
175
Stadnamn
179
Innbyggjarnamn
183
For dei vegfarande
10
Gjestequiz 197
Gjestequizar Jan Arild Breistein, heimvendt stril, Bergens eigen quizmaster
201
Gjestequizar Trine Eilertsen, politisk redaktør i Aftenposten, frå Fjell
205
Gjestequizar Helge André Njåstad, stortingsrepresentant FrP, frå Austevoll
209
Etterord
Strilequiz – Oppvarming
«Det er vel kjent at strilene er stolte av sin bakgrunn og verner om sine lokale kulturtradisjoner.»
(Dronning Sonja i talen sin i Mongstadhallen i 2009)
Smakebitar frå tema som møter deg seinare i quizboka 1. Kultur: Glanstida var i 1960- og 1970-åra, og det skjedde i helgene på stader som Skogen, Sletta, Espelandshallen, Fjellheim og Nordre Haugland. Kva heitte fenomenet?
2. Samferdsel: Kva vart Nordhordlandsbrua kalla før brua fekk namnet ho har i dag?
3. Ord og uttrykk: Når ein stril snakkar om ein trave, meiner han då ein tysk fisketurist frå Travemünde?
4. Fotball: Fotballaget Nest-Sotra held til på Ågotnes i Fjell. Sotra seier seg sjølv, men kva tyder første delen av namnet, Nest?
5. Historie: I 1881 vart «Ulfsnesøens Opdragelsesanstalt i Nordhordland for vanartede og forvildede gutter» oppretta. Kva heiter institusjonen som held til på denne øya i Sørfjorden i dag?
6. «Stril – heilt konge»: Han var målkonge i Noreg i 1993 med 19 mål i eliteserien i fotball. Kva heiter han?
7. Næringsliv: Trikotasjeindustrien var viktig for bygdene rundt Bergen. Kvar vart underbuksene Krone «Makko» produserte?
8. Kultur: Kva vil det seie at ein robåt er ein færing? 9. Samferdsel: Kva er nummera på dei to europavegane som går gjennom strilekommunane?
Enten – eller 10. Strilekommunar: Kva heiter minikommunen som Forbrukarrådet i 2016 kåra til den beste kommunen i Noreg – var det Fedje eller Modalen?
11. Geografi: Kva heiter staden som har postnummer 5355 – er det Knarvik i Lindås eller Knarrevik i Fjell?
Fleip eller fakta? 12. Kultur: Eirik Søfteland frå Os er den einaste som har vunne både «Idol», «Skal vi danse» og «Stjernekamp».
13
Smakebitar frå tema som møter deg seinare i quizboka Svar: 1. Striladans 2. Salhusbrua 3. Nei. Han meiner ei ugagnskråke eller ein litt stakkarsleg person. 4. Nest er det engelske ordet for reir, og fotballaget skal vere eit reir eller eit vern for Sotra-ungdommen.
5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12.
Bergen fengsel, avd. Osterøy Mons Ivar Mjelde, gjerne kalla «Mål-Mons», frå Osterøy Salhus Tricotagefabrik i Åsane Båten har to par årar, altså fire årar. E16 og E39 Fedje Knarrevik i Fjell Fleip. Han vann «Skal vi danse», vart nummer 2 i «Idol» og ein av dei første som vart stemd ut i «Stjernekamp».
14
Kommunequiz ASKØY «Å sammenligne hva Golden Gate betyr for ansiktet til San Francisco, og hva Askøybroen vil bety for Bergen, er ikke uberettiget.»
(Tidlegare vegsjef Josef Martinsen, Vegkontoret i Hordaland)
1. Kva var namnet på Askøy i mellomalderen? 2. Ravnanger, Fauskanger, Davanger – mange stadnamn på Askøy endar på -anger. Kva tyder endinga -ang eller -anger?
3. Allereie i 1804 vart det sett opp eit møllebruk i Strusshamn. Kven grunnla kornmølla?
4. Seinare vart det etablert shoddyfabrikk i Strusshamn. No er sjoddien kultursenter. Men kva er eigentleg shoddy, eller sjoddi, som er den norske skrivemåten?
5. Kva heitte den bergenske skipsreiaren som tidleg i 1970-åra planla å byggje skipsverft på Hanøytangen?
6. Bergen kringkaster, eller Askøysenderen, som han òg vart kalla, på Erdal vart freda i 2000, men noko av anlegget er likevel borte. Kva var det som vart rive?
7. I 2016 var det 40 år sidan det første kjøpesenteret vart etablert på Askøy. Kva var namnet? Og kva heitte kafeen på senteret?
8. Sardinfabrikken i Hetlevik vart etablert i 1914 og lagd ned i 1975. Kva vert bygningen brukt til i dag?
9. No er Kollevågen friluftsområde. Kva vart området brukt til tidlegare?
Enten – eller 10. Kva år vart Herdla og dei nordlege områda på Askøy innlemma i Askøy kommune? Var det i 1952 eller i 1964?
11. Kva år vart Herdlabrua som knyter øya til resten av kommunen, opna? Var det i 1959 eller i 1969?
Fleip eller fakta? 12. Soga seier at Egill Skallagrimsson reiste nidstong på Herdla og sette eit hestehovud på stonga for å vise avsky mot kong Eirik. Om lag tusen år seinare, i 1975, drog islandske studentar til Herdla og reiste nidstong mot den islandske regjeringa. Hestehovudet var bytt ut med eit torskehovud.
17
Askøy Svar: 1. Fenring 2. Fjord eller vik 3. Lekpredikanten Hans Nielsen Hauge 4. Opprivne filler av ullmateriale – brukt til å spinne nytt garn eller som fyllmateriale i vatteppe, madrassar o.l.
5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12.
Hilmar Reksten Dei 150 meter høge radiomastene Kleppestø Torg, Trompeten Kulturhus under namnet «Kulturfabikken» Bossanlegg for Bergen 1964 1969 Fakta. Studentane protesterte mot lån som ikkje kom.
18
For dei vegfarande «Slogstril: Fisker fra distriktet. En fisker som fikk dette ‘skjellsordet’ slengt etter seg på Fisketorget i gamle dager. I dag er ordet neppe brukt. Ordet ‘stril’ er heller blitt en hedersbetegnelse, kanskje mest fordi ‘strilene’ selv har gjort ordet populært.»
(Niels Nielsen i Bergenske ord og vendinger fra 1979)
Kva kommune er du i når du …
1. … passerer dette skiltet?
2. … passerer dette skiltet?
185
16. … ser denne bygningen?
17. … ser denne bygningen?
192