I 40 år har Kjartan Fløgstad reist i Russland. Frå Sibir til Austersjøen,
frå Svartehavet til Kolahalvøya har han sett stadig nye sider av eit
forunderleg naboland. No reiser han austover på ny - 100 år etter den
store revolusjonen.
I denne boka oppsøker Fløgstad restane av Sovjetunionen slik dei ser ut i dag
- arkitektur, byplanar og monument, både revolusjonære ruinar og fråflytta
luftslott, utopiar og mareritt. Både i dagens Russland og i andre delar av den
tidlegare Austblokka spør Fløgstad kva som står att av dette korte hundreåret
med sovjetsosialisme. Og ikkje minst: Kva betyr desse minna i dag? I mur og glas
og stål og betong og laminat er ein særegen arv framleis med oss, rett over grensa
til vårt største naboland mot aust, som minne om draumen om eit anna samfunn.
Dette er òg ei personleg reise gjennom fem tiår av historia til vårt store naboland
i aust. Boka er rikt illustrert.