6 minute read

Ingeborg Urke Myklebust

Next Article
Tiden

Tiden

Ingeborg Urke Myklebust

Å vere, no og for lenge sidan Laila Sognnæs Østhagen, I morgen forsvinner jeg litt til

Advertisement

Roman Forlaget Oktober, 2014

For demenssjuke Signe gir det gode augeblikket livet verdi. Saman med minna. Noet og barndomen vert miksa i hop i ein tidsdimensjon på sida av det vanlege. Sjølv om vanleg tid ikkje eksisterer lenger, må graset klippast, og mora må passast på. Det vert vanskeleg når kvitkledde personar stadig forsøker å stoppe henne.

Livet til ei eldre kvinne er utgangspunktet for Laila Sognnæs Østhagens andre roman, I morgen forsvinner jeg litt til. På ein sterk måte vert dagleglivet på institusjonen skildra gjennom Signe sine eigne auge. Tankane hennar skiftar stadig retning, då utgangspunktet forsvinn som sand mellom fingrane hennar. Institusjonen ho bur på er som ein båt ute på havet. Det kjenst som at båten er i stadig bevegelse, og at ein ikkje kan kome seg av han. Dessutan er servitørar og tenarar kledde i kvite uniformer. Langs dei lange korridorane ligg rom som minner om lugarar. Det er her Signe er, men eigentleg ynskjer ho å vere ein annan stad.

Den store mannen ser livredd ut. Hendene hans skjelver. Signe reiser seg og setter seg i stolen ved siden av ham. -Hold meg i hånden. Han gjør det, han gir henne en klam og stor hånd. -Denne båten tåler snart ikke mer, sier han. -Den tåler nok mer enn vi tror. -Bare det hadde sluttet å blåse. -Jeg liker ikke å være i båt jeg heller. Lukk øynene dine, så slipper du å være her.

Felles for mange av pasientane er at dei eigentleg ikkje ynskjer å vere der, dei vil heim. For Signe betyr heim eit hus i Tåsenveien som er omgitt av grønt gras. Romanen får fram både latter og tårar hjå underteikna. Signe kjenner ikkje igjen si eiga dotter, og vert forvirra av at ho vert kalla for mor. Det er frykteleg vondt. Samstundes oppstår komiske situasjonar som ein kan le av, sjølv om latteren då gjerne har noko sårt i seg. Det at vi får sjå alt som hender gjennom Signe sine tankar og tolking av situasjonar, gjer at ein forstår tankegangen hennar. Den bryt nemleg med logikken til dei rundt henne. Demens er ein brutal sjukdom: menneske får endra sin personlegdom, og mistar ikkje berre minne og tid, men også kontrollen over sitt eige liv. Østhagen skildrar dei små gode stundene som viser korleis eit slikt liv framleis kan ha verdi. Det er vanskeleg å vite kva som skjer inne i hovudet på ein demenssjuk person, men ut i frå sikre replikkar, som eg er sikker på svært mange vil kjenne seg igjen i, skriv Østhagen treffande. Som ei med fleire års arbeidserfaring frå ein tilsvarande institusjon, tok eg meg sjølv i å tenkje: «Akkurat slik er det!» fleire gonger. Signe er ei svært omsorgsfull og pliktoppfyllande kvinne, som har hatt ein vanskeleg barndom. Ho har teke vare på mor si gjennom store delar av oppveksten, og det er noko som har festa seg i

100 henne. Når det er natt på institusjonen og nattevaktene ynskjer fred og ro for alle pasientane, står det i konflikt med Signe sitt behov for å passe på mor si. At nattevaktene kan bli lei av å følgje henne tilbake til rommet sitt gong på gong er ikkje vanskeleg å forstå. Samstundes er det heilt forståeleg at Signe sitt behov for å sjå til mora slår inn på nytt, som om det er første gongen ho går ut døra kvar gong ho gjer det. Tida eksisterer ikkje på vanleg måte. Tida er akkurat her og no, men også prega av flyt, då fortida stadig innhentar Signe. Dette speglast i forteljestilen. Stadig skiftar målet til Signe, kor forteljinga er på veg, og kva tid ho er i. Notida vert ofte skildra som ein vanskeleg stad for Signe, med stygge skjørt og menneske rundt seg som ho ikkje forstår noko av. Gamle og slitne. Ho forstår ikkje kvifor ho sjølv eller dei andre berre sit der.

-DET ER PÅ tide å dra hjem. Det er hun selv som sier det. Men det er som om hun hører det mer enn at hun sier det. -Det er på tide å dra hjem. Hun gjentar det. Kanskje for å høre ordene en gang til, eller for å minne seg selv på noe, at det er noe mer, at det finnes noe annet enn bare denne dagen. Dagen som har begynt uten at hun husker hvordan hun gikk inn i den. Og her sitter hun. I et rutete skjørt. Grønne og røde ruter. Hun kan ikke skjønne at hun har kjøpt dette skjørtet, kan ikke tro at hun har gått inn i en butikk og ment at dette skjørtet var så fint at resten av skjørtene på stativet ikke fikk en sjanse.

Kven Signe er, er vanskeleg å få heilt tak i for ho sjølv. Ho har sine beste stunder når grensene mellom gode minne og notid vert viska ut. Og i musikken, i songen og i dansen, saman med pleiaren Lars, som minnee henne om ein mann frå fortida. Då er ho lukkeleg tilstade i eit no, som like mykje er eit før for henne. «-Dette er nå» er ein gjennomgangskommentar, saman med «-Signe, det er meg», som om ho må minne seg sjølv på både tida og at ho finst. Difor vert ein som lesar nokre gongar oppgitt på pleiepersonalet rundt henne, fordi dei ikkje er flinke nok til å møte henne på hennar premissar. Ein morgon ligg Signe i ein herleg døs der ho tenkjer på plenklipping, den meditative handlinga ho alltid har satt så stor pris på. Ho har det så godt inne i si eiga minneverd, men dei gode tankane vert avbrotne.

-Ligger du her og smiler, Signe? spør en dame i hvite klær. -Jeg klipper plenen. -Har du en plen i sengen din, du da?

Det er i partia som er tettast på Signe at forteljinga og den flytande tida er mest effektfull og unik. Det å forsøke å følgje med Signe i hennar univers, ei verd ho sjølv berre forstår korte stunder om gongen, er ei sterk oppleving. Det er noko skjørt og ekte over språket, som skapar eit intimt nærvær. Retninga setningane tek, skiftar i takt med at Signe gløymer kva ho tenkjer på. Saman med dei andre på institusjonen verkar Signe som eit menneske som stadig vert redusert til noko mindre enn kva ho har vore. Men som lesar får vi også bli kjend med fortida til Signe, barndomen saman med mora i Tåsenveien, møte med menn og kjærleik. Slik vert lesaren kjend med Signe som eit heilt menneske, eit menneske som har levd eit langt liv, og som framleis er levande. Signe får eit spesielt

forhold til pleieassistenten Lars, som gir henne den tida ho treng, og forstår kva som er viktig for henne. Ho kjenner seg trygg når ho får halde han i handa, og fliker av lukke dukkar opp i henne når dei dansar saman.

Rundt og rundt, bena går av seg selv, ordene går av seg selv, ingenting er borte, det er her alt sammen. -Dette er nå. sjølv, mistar ikkje livet hennar verdi. I morgen forsvinner jeg litt til viser kor viktig det er å ta vare på dei gode stundene. Når tida ikkje lenger finst på vanleg vis, så kan ein kjenne glede i minne eller i eit akkurat no. Det kan vere uendeleg mykje verdt for dei det gjelder.

Østhagen lukkast i å skildre denne livsfasa til Signe med verdigheit. Sjølv om Signe stadig forsvinner litt meir for seg

This article is from: